søndag 12. april 2009

Påskeferie er kjekt!

I dag ville eg ikkje heim. Dei andre gjekk til bilen, men eg stakk inn og såg så vidt ut. Ikkje bilen. Ikkje reise. Eg vil vere på ferie! Men eg tapte. Måtte ut i bilen og så kjørte matmor. Eg veit ikkje om eg er heilt ven med henne lenger. Vi som hadde det så kjekt.

Eg har altså vore på ferie. Og ferie er for meg å vakne tidleg og vente i spenning på ka tid dei andre vaknar. Og når dei gjer det, er det fest og kos. Kvar morgon. Så er det masse god mat, god soveplass under spisebordet og turar stadig vekk. Spesielt likte eg lang tur seint på kveldane saman med matmor og tenåringen. Det var spennande.

Vi har ikkje bare kost oss. Vi har nemleg arbeidd òg. Blant anna skulle dei ruske opp i eit bed. Og der var det ei stor rot som ingen fekk opp. Både einball og tullball hadde hjelpt til. Heldigvis fekk eg sleppe til. Og eg drog og drog - og då fekk eg opp rota ;). Gjett om eg var stolt? Endeleg fekk eg lov til det eg hadde mest lyst til.

Eg skulle hjelpe til med å grave i jorda òg, men same kor eg gravde, var det feil. Det var visst bare lovleg på eit lite område. Eg lukta på den jorda, men den var det ikkje interessant å grave opp. Det burde dei tobeinte vite, men dei bruker altfor lite nasen før dei begynner å grave.

Som eg fortalde sist så måtte dei tobeinte rydde vekk masse skrap. Eg var arbeidsleiar og her er kontoret mitt :). Etterpå skulle dei spyle og bruke kost. Eg ELSKAR kostar. Dei er til å tygge på. Matmor er ikkje einig med meg så eg fekk ikkje lov til det eg hadde mest lyst til. Ja, ja, men eg blei i alle fall veldig trøytt av å passe på at dei gjorde det dei skulle.

I morgon er det trening igjen. I alle fall noko å gle seg til sjøl om eg heller vil ha ferie. Ja så er det jo deiligt å koma heim til saccosenga mi òg. Har sakna den.
Godnatt bjeff frå Ekko

3 kommentarer:

Faya sa...

Velkommen hjem Ekko. Det ska bli veldig gøy å treffa deg i ittemiddag. Har ikkje treft deg på lenge nå.

Eg og har vært på ferie, og trengtes. Det e deilig med ferie, og eg håpa me reise på ferie igjen snart.

Masse kos og slikker fra Faya

Marit og Punky sa...

Godt du er hjemme igjen Ecco. Var redd jeg måtte dra alene på trening i dag.
Husk, jeg har mye nytt å lære deg!!
Hilsen Punky

Gro sa...

Bra jobba Ekko med rota og gravinga, du er nok en god arbeidsleder skjønner eg.

Eg har hatt det travelt i påsken med å ropa på de der folka mine som stadig vekk forsvinner inn i den der hytta. Kan kje forstå koffer de ikkje vil vera ute heller??

Ellers har eg sprunge møje itte hu der galna Safi. Men hu lige visst trillebårhjul bedre enn meg, for kver gang den kom frem va hu bare opptatt av å bita i det der hjulet. Kan kje skjønna ka så e vitsen med det eg??

hilsen Maja