tirsdag 14. april 2009

Nå e verden blitt rar!

I dag forstod eg ingenting. Matmor satt (som alltid) ved datamaskinen. Brått begynte ho å snakke og så svarte den kjekkaste tenåringen eg veit om. Eg sprang rundt for å finne han. Så brått høyrde eg: "Heia, Bajas. Kor e du?" Det er bare eit menneske som kallar meg det. Og ho er kjekk. Men kor er ho? Eg blei heilt vill. Grein ved utgangsdøra for å få mor til å lukke opp. Kanskje dei stod på utsida. Fann ein dummy og sprang ut på terrassen for å sjekke om eg kunne sjå dei på vegen. Men dei var ingenplass. Og matmor sat bare der og snakka inn i datamaskinen. Eg blei heilt forvirra, men så var det som om det blei ganske nære viss eg stod ved maskinen saman med matmor. Eg syns til og med eg såg dei der. Men nei, dei kan jo ikkje vere inni den flate skjermen?!! Eg tok meg ein runde til, men fann dei ikkje. Lurer på kor dei har gøymt seg?

Eg har vore ute ei stund i kveld. Matmor trener sånne problemhundar og eg ser på. Lærer ingenting av det for eg er jo ikkje sånn. Trur eg... Dei var ikkje kome ut av dataskjermen nå heller. Rart.

Matmor har forresten gjort det litt enkelt for dykk. No kan de trykke på boka til Arne når de vil kjøpe den - og vips kjem du til bestillinga. Og så kjem du til Canis og kan handle, diskutere osv viss du trykker på den reklamen som står der. Var ikkje det smart? Eg trur ho har tenkt å gjere noko liknande med dei bøkene ho syns er bra. De får vente og sjå :).

Dama det er bilde av, er mor mi, Alpha. Ho var ganske søt då ho var litt yngre...

Kveldsbjeff frå ein undrande Ekko

2 kommentarer:

Faya sa...

Ja den datten e rar sånn ekko. Den kan spise folk slik at de kommer inn i maskinen. Og av og te så spytte han dei ut sånn at me kan leka med dei og spisa maten deiras.

Det e masse sånn her i huset. Eg har lert å leva med det. Og ittekvart så vil du hørra forskjellene på stemmene sånn at du skille ut når dei e spist og når dei e spytta ut.

Faya

Ekko sa...

Det der hørres nifst ut. Ingen får spisa dei beste vennene mine. Eg trur eg må få slutt på det der.