På fellesdekken var han veldig merksam på at Punky låg ved sida av seg, men han låg fint heile tida. Eg må fokusere på overgangane frå sitt til dekk (han legg seg på skrått over beina mine (nesten)) og frå dekk til sitt.
Tannvising, som vanleg, bankers.
Hopp går fint, men vi må øve på kontakten mot hoppet.
I tillegg bytta vi hund. Det var kjekt. Kari L. trente Ekko og eg Evita. Evita og eg dreiv på med hopp. Ho var veldig klar over kor matmor var og ville helst dit, men blei med meg på jobbinga. Kari trente target på fing med Ekko. Det treng vi å trene på for han blir fort utolmodig.
I dag har vi vore på Bore og rundert. Det starta med plaskregn, men letta fort og på slutten var det faktisk sol :-).
Planen var å begynne med enkeltslag. Og deretter trene på baklengskjeding av bringkobbelmelding.
Enkeltslaga skulle vere slik at eg sender hunden rett ut på den sida eg bestemmer. Hjå figurant får han godbitar som premie. Eg hentar han der og følger han inn til midtlina igjen for å sende han over på motsett side.
Enkeltslaga gjekk veldig fint. Han bruker tydeleg overvèret, for kvar gong han blei sendt ut på den sida vinden kom frå, kunne vi nesten sjå at han tok inn lukta. Han trengte litt hjelp på første slag der han ikkje hadde vinden til hjelp. Ein gong snudde han og sprang der ferten av Gro var. Heldigvis fekk Gro melding om å stå heilt stille. Då slo all treninga med flying inn. Han snudde og kryssa midtlina og fòr over på andre sida. På den sida han ikkje hadde vind, var det spennande å sjå korleis han sprang ut og forbi figurant for brått å snu straks ferten av figurant er i lufta.
Figurantane leika med godbitane og det var tydeleg noko han likte.
Treninga blei avslutta med at vi trente på trinn to på baklengskjeding av bringkobbelmelding. Gro viste leika og gjekk ca 50 meter bort. Ekko ville springe til henne, men måtte vente til han tok lausbittet. Så sprang han. Slapp lausbittet halveges. Ved neste forsøk hadde han mest ikkje tid til å setje seg før han tok lausbittet. Eg sa "vis mann" og han sprang direkte til Gro med lausbittet i munnen. På siste forsøk ville han ha lausbittet før han kom på plass og holdt på det til han kom fram til Gro. Kjempebra!
Eg er altså veldig nøgd med treninga! Måla for dagen blei nådd og det på den aller beste måte.
I går sette eg meg ned og bestemte meg for 4 mål for neste veke og bare det å ha bestemt seg har jo gjeve meg eit god hopp:
Mål:
- Bli ferdig med trinn 2 på baklengskjeding av bringkobbelmelding
- Trene på target på finger
- Halde apporttreninga ved like
- Gå minst to turar rundt Mosvatnet for å trene møte med andre hundar i band
4 kommentarer:
Dåkke har jo komt kjempe långt i runderingå. Så godt dåkke har jobba. Om ikkje så lenge så kan eg gå tur aleina i skogen. For då trenge eg ikkje bekymra meg lenger for at eg går meg vill. For om eg gjør det så ringe eg bare dåkke og så komme Ekko og finne meg. Så bra at dåkke gjør skogsturane mine i framtidå tryggare. :-)
Eg ska redda deg eg vett du. Spesielt viss du spandere gobitar!
Ja det var ei god trening på lørdag. Kjekt å se Ekko jobbe så bra.
Eg har tenkt litt på det med å gå over til neste trinn i meldingstreningen.
Hvis du har tenkt å ha Ekko inn på plass når han kommer inn med melding (sånn litt frem i tid) så hadde det kanskje vært en ide å starte nå med å gi han løsbittet foran deg, så få han rundt på plass, og så si "vis mann" og sende ham på påvisning.
Det gjøres jo litt forskjellig det der, noen vil ha dem på plass, andre vil at de skal avlevere bittet foran seg.
Så blir jo det neste sånn som vi snakket om på lørdag, at figurant holder Ekko, gir ham bittet, og han skal springe til deg med det, før han får påvise.
Kanskje det på denne måten blir greiere for ham å på forhånd vite hva han skal gjøre når han kommer inn til deg med bittet? (dvs gå rundt på plass)
Bare en tanke, kanskje det ikke er nødvendig heller for du har jo trenet i apportsammenheng at han skal komme rundt og på plass med bittet. Men trening i skogen er jo annerledes enn på appellplassen...??
Du er veldig flink å sette deg mål å jobbe mot, lurt!!!
Ja,eg har tenkt på det med å komme på plass. Han var like ivrig etter å ta bittet på runde to og tre på sundag og då gav eg han det på vegen rundt meg. Eg trur eg skal bli litt meir merksam på det med at han skal på plass framover.
Mål for veka er jo greit for då får eg sjå om eg har greidd å halde fokus :-)
Legg inn en kommentar