På treninga i går skulle eg fortsetje med vendingar og begynte som Karin forklarte sist ( altså å få hunden til å ligge som ein C rundt meg) og det blei bare tull. Marit var med og skulle følge med på det eg gjorde. Både ho og Karin kom med ein del innspel og det hjelpte. Vi bestemte oss for å gå mot hindring og snu like ved sida av den. Blei litt rotete det heile, men Ekko hadde fleire gode forsøk.
Vi trente litt på å ha framlabbane på ei eske. Kom så langt som at dei av og til var der, men mest for å grave. Det har eg lyst til å prøve vidare. Kan vere til hjelp når eg skal få han til å følge sida mi.
Eg var litt frustrert i går og gjekk på turen i solskinnet i dag og tenkte på ka det er eg held på med. Det er ikkje så lenge sidan eg ville vere kjempeglad bare Ekko gjekk fint i bandet, hadde litt elementær lydnad og ikkje var så aggressiv. Har eg lyst til å stille i konkurranse? Tja, det veit eg ikkje, men det er kjekt å trene så får eg heller ta nokre rundar med meg sjøl kor pirkete eg skal vere. I alle fall må eg gå nokre trinn tilbake når det gjeld vendingar. Dvs kutte dei litt ut og konsentrere meg om lineføring og fri ved fot. Ja så må eg hugse å bruke leik. Ekko får for lite leik i kvardagen.
Må altså tenkje meg litt grundig om før eg set måla for den neste perioden. Karin har utfordra oss på å sette opp ein plan for det vi vil trene på,dvs vi kan ha ulike mål i gruppa. Så skal ho kome med innspel i arbeidet vidare.
3 kommentarer:
Selvfølgelig ska du og Ekko konkurere. Med god planlegging så ska me klara å nå målå våre :-)
Uff, ja det kan være frustrerende å ikke få ting helt til slik en kanskje hadde sett for seg at det skulle være.(egne forventninger) Men husk, Ekko har lært myyye på relativt kort tid... noen hunder (og førere) trenger også mer tid enn andre. Selv ser jeg av og til at jeg kan gå litt for fort frem i treningen. At kanskje ikke grunnferdighetene ikke sitter godt nok enda til å få øvelsen godt nok til. Ser også at ja, jeg har jo trent bakpartskontroll, men ikke kommet langt nok på å rygge i vinkler. Og kanskje ikke utgangsstillingen ikke er trent inn nok frivillig før kommando er satt på??? osv, osv
Lurt å gjøre som du selv sier tror jeg, å ta noen "skritt tilbake" og bruke mer tid... senke egne forventninger og kriterier og sette små små mål slik at en kan oppleve å nå målene etterhvert. (gir mer motivasjon)
Og det viktigste er jo som du sier å ha det kjekt når en trener!!!
Så einig med deg, Gro. Eg trur eg må begynne litt med dei sundagsettermiddagane ved OD som eg dreiv på med ei stund. Der fekk eg trent ganske mykje i fred og ro. Bakpartskontroll er ikkje det mest spennande og dermed har eg slurva ein del.
Ekko er nok ein hund som trives best i bruksdelen og blir fort lei i lydighetspirket. Men eg får leite etter noko som pirrer. Og så får eg vere flink tilå setje smarte mål som det så fint heiter.
Legg inn en kommentar