søndag 20. april 2008

Instruktørkurs første helg

Nå er hovudet fullt av habituering, sensitiering, operant læring, belønning og straff.......

Det har vore ei lærerik helg og eg ser jo at her må det arbeidast. Ikkje bare med hund, men med teori òg. Eg er jo ikkje akkurat heilt oppdatert på faguttrykka i atferdslæring. Vi bruker ikkje heilt dei same uttrykka i den pedagogiske verda kan ein seie, sjøl om mykje liknar. Men det er godt at ein praktikar får ord på arbeidet.

Vi har hatt ei god blanding med trening av eigen hund, så Ekko har måtta gjere ting han kan, på nye måtar. Han blei til tider litt frustrert kan ein seie :-). John (som eg trente saman med) var veldig flink til å gje meg tilbakemelding på det eg gjorde under treninga. Det var nyttig og gjorde meg merksam på små detaljar eg ikkje såg.

Eg gler meg allereie til neste kurshelg, men før den må eg jo gjennom ei lekse. I tillegg til teori skal eg lære Ekko:
  • 2 grunnferdigheiter ( trur det blir ein ny og ein som er påbegynt, men som treng ein del meir arbeid)
  • "Sitt" i to daglegdagse situasjonar. Situasjonar der hunden skal tilby sitt automatisk. Det kan vere før han skal ut av bilen, når vi får besøk, når eg stopper opp på gata for å prate med folk osv...
  • Trene "Kinderegg" i minst 3 ulike situasjonar.

I tillegg har eg gjeve meg sjøl ei ekstra lekse: Ekko skal gå frivillig inn i bilen. Han har no begynt å streike LANGT borte frå bilen. Dette er for slitsomt så eg må ta tak i det.

Eg må tenke litt over ka eg skal velge av grunnferdigheiter og "sitt"-situasjonar før eg skriv ned treningsoppdraget for veka som kjem. Når det gjeld "Kinderegg" er den eine klar (for den øver vi jamnt på): Møte med ukjente hundar.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det blir travelt framover for oss ja. Dei leksene så eg tenke eg komme te å slita mest med, e å finna ut ka eg ska trena kinderegg øvelsen på. Tenkte litt på kaninene til naboen, men trenge egentlig Faya å få vita at dei har kaniner? Eller kansje det hadde komt godt med om det plutselig dukte ei kanina opp i hagen vår?? Dei har jo og kaniner og andre dyr på dyrebutikken med babykos. Kansje det hadde vært bedre å tatt ein tur innom der??

Ikkje vett eg. Må tenke litt på dette altså.

Oi... der ringte det på. Kansje kinderegg på dørklokkå hadde vært noe. Men det blir vel kansje ikkje heit kinderegg???

Ja me har fått ein del å tenka på.

Anonym sa...

Ja det har me. du kan jo trene Kinderegg på katt. Tente på det på morgonturen i dag. Vi gjekk rett på ein katt som låg og sov. Slitsomt for armane mine...

I klikkerbibelen del 1 kap 2 kan vi repetere det Arne sa når det gjeld faguttrykka. Det treng eg. Snakkes i kveld?