I dag har vi trent litt på leksene. Vi var mange denne måndagen ( 9 ekvipasjer trur eg). Eg trente saman med Silje. Målet vårt var å begynne med delmomentet "sitt på avstand" (s344 i klikkerbibelen..). Pia tok det ganske fort. Ekko sleit meir. Han ville helst gå mot meg før han sette seg. Heldigvis var dei små grå hjå Silje i aktivitet, så ho kom på at vi burde halde hunden. Og då kom det nokre avstandsitt. Du og du kor sjuk og elendig Ekko såg ut. Han til og med grein litt undervegs. Fleire har sagt at han er blitt så tynn i det siste, så det var rett før eg trudde at han var alvorleg sjuk. Etter kvart forstod eg at det var interessa for øvinga som var på det nivået. Etter to økter slutta vi av med det. Vi kom ikkje så veldig langt, må nok pine han gjennom dette nokre gonger til.
Neste lekse var bakpartskontroll. Ekko og eg rygga medan Silje klikka. Kjempegreit. Han rygga perfekt, framlabbane var ved mine bein. Dette var tydeleg litt kjekkare enn sitt på avstand...
I den siste perioden trengte vi litt meir futt. Silje trente levering av apport ved bruk av Doggie Zen. Det vil seie at ho kasta apporten, sette seg på huk med ei hand klar til å ta i mot apporten og ei hand open med godbitar i. Pia trengte litt tid før ho tok den. Ho prøvde å stirre Silje i hjel. Kanskje kom premien då? Men etterkvart tok ho det og fekk fart på seg.
Eg ville ha litt liv i treninga eg òg så Ekko måtte gjennom det same. Eg kasta dummyen og sat og venta. Og no var det fart i guten. Dette var visst kjekkare enn alle dei andre øvingane. Han presterte til og med å halde dummyen til eg sa takk eit par gonger! Og han venta med å forsyne seg til han fekk lov.
Innimellom dette trente vi jo sjølvsagt på inn og ut av bilen. Det gjekk over all forventning. Eg bestemte meg for ikkje å stresse. Plusset var nok at vi trente like ved bilane slik at vegen til bilen var kort.
Alt i alt ei god treningsøkt for matmor, men Ekko syns nok at eg bør finne på noko meir spennande i blant. Ja forresten, eg brukte jo ein liten ball for å løyse opp. Då Ekko skjønte at den var premien, fekk eg nokre raske "på plass". Eg må bare lære meg å premiere oftare med leik.
4 kommentarer:
Stakkars Ekko. Måtte han sitte på avstand. Hørtes ikke ut som om du drev med positiv trening der. Kan mer hørras ut som om det va ein form for negativ forsterkning. Ekko føle det som et ubehag å stå der med Silje. Han vil heller varra med deg. Så for å bli ferdig med denne øvelsen sånn at han sleppe å gå igjennom dette forferdelige greiene alt for lenge så sette han seg heller. Eller ka syns du???
Ikkje vær lei deg Silje. Ekko lika deg godt, for du e jo så kjekk, men eg tror han likar mor så mye mer.
Eg bare lurte på en ting. Var det frivillig sitt eller på kommando dokker holdt på med? og hvor langt vekk var hunden fra fører? Har ikke trent så mye på dette selv, så derfor lurer jeg på hvordan begynne. Jeg startet med dette sikkert helt feil for jeg begynte med håndtegn til Maja.(pekefing rett opp i lufta) Plukket dette opp fra kurset jeg gikk på hos jaktfolka i retriverklubben da Maja var yngre. De driver med mye håndtegn og fløytesignal.(dirigering på avstand) (altså dobbeltkommando egentlig) og det blir jo feil, iallefall i forhold til lydighet/konkurransetrening.
Håndteikn kan du sikkert ha, må bare bestemme deg for det eine eller det andre. Vi får visst ikkje ha begge deler.... Eg stod lenger vekke enn det båndet rakk, stod og venta og til slutt kom det ein sitt. Prøvde å hugse å gje godbiten slik at han reiste seg igjen ( men det var ikkje lett for eg er jo vanedyr...). I følge boka kan ein òg binde hunden til eit tre el. Ein skal ikkje gje sitt kommando før dei frivillig kjem med slikt på avstand (du kan ha kommando på det i andre situasjonar for det). Start heilt nære fr å få til ein sitt, så litt og litt lenger vekk. Det visst ein fordel å setje på kommando medan hunden er bunden. Målet er å få han til å setje seg rett ned straks kommandoen kjem same kor langt vekke du er :-). Blir lagt arbeid for meg.... det var jo forferdeleg i følge Ekko.
Ok. Takk for info, får etterhvert prøve meg på dette også. Jeg holder fortsatt på med frivillige utgangsstillinger. På tur i dag stilte eg meg opp ved et utebord, men vips så satt Maja oppå bordet i stedenfor. Om igjen og om igjen gjorde hun det. He he, ikke så rart forresten for det hadde jeg belønnet tidligere på turen når hun frivillig hoppet opp på steiner og bord vi gikk forbi. Så eg måtte bruke en utegrill i stedenfor, da gikk det bedre. Hun setter seg fortsatt ofte skjevt hvis jeg ikke står inntil noe, så derfor er det best å ha noe å stå inntil.
Legg inn en kommentar