søndag 27. april 2008

Treige dekk og den dumme bilen

Torsdag trente vi på dekk frå sitt. Det var ikkje akkurat sprut over dekka. Hjelpte ikkje med drakamp. Men då pipeballen kom fram, blei det meir fart. Det var som om Ekko var prega av at eg mangla piff. Han var ikkje i treningsmodus han heller. Det blei betre på slutten då vi trente apport.


Nå må eg trene alvorleg på det å gå i bilen. Det er lite kjekt å ha ein hund som, langt frå bilen, byrjar å streike. Eg begynte å kaste godbitar framfor han. Jo, då beveger han seg til neste godbit, men så stopp. Kontrasten er når han blir henta på kennelen. Då spring han fram til bildøra og står klar til å hoppe inn. Har du gode tips så kom med dei!

Her er vakre Deah i eit par sekund ro...

Faya og Elisabeth trent vendingar (etter at Elisabeth trødde to gonger på Faya - nå er hundane sikre på at vi lærte dette på kurset forrige helg :-)). Dei er blitt kjempeflinke! Faya vender så det er ein fryd. Sjå filmen ( litt dårleg kvalitet, men dei gjekk så fort...)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Du verden for ein god bakpart ja :-)Hadde glømt ut at det va så bra, så nå når eg såg filmen ennå ein gong så blei eg imponert av Faya nok ein gong. :-)

Når det gjelde bil trening. Ka med om at me drive aktivt med det på mandag. Ka om eg holde han igjen og så bare kjøre du et lite stykke uten han. Komme det unda straff det kansje?? Eller har me lov te å prøva på noe sånn. Og så må me jo og øve på den vanlige måten. Ka syns du???

Anonym sa...

Me snakte litt om det at Faya må komme tettere inntil meg. Men nå har jeg lest igjennom regelverket, og det står ingenting om hvor langt inntil hunden må være. Står kunn at hodet eller skulderen skal være på høyde med førerens venstre ben. Så må hunden da på dødelig komme så nærme at vi snofler i beina på hverandre???

Aud Venke sa...

Er einig med deg der. Vi stresser ikkje med den klistringa!