søndag 8. juni 2008

Eg er glad Canis ikkje kjem kvar veke.

Kvar gong bladet kjem, blir eg inspirert til å trene på noko nytt. Og når ein ikkje driv med hundetrening på full tid, kan ein jo bli ganske frustrert over alt ein skulle ha gjort og kor lite ein fekk gjort.

Eg har ikkje lese heile bladet enno, men har stoppa opp ved den første artikkelen. "Trening med forstyrrelser". Morten Egtvedt stiller spørsmål ved om det er forstyrringane som er problemet. Vi burde heller flytte fokus over på det å få flyt på så mange åtferder som mogleg. Har hunden fått flyt på dei i rolege omgjevnader, vil han lettare automatisere dei i nye omgjevnader. Altså kan vi trene mykje heime samstundes som vi miljøtrener hunden utan å tenkje på øvingane. Og bruk gjerne andre til å trene inn forstyrringar.

Nå er jo Ekko ganske flink til å fokusere sjølv på nye plassar, så det var ikkje den delen som opptok meg mest, men alt han skriv om flyt. Her ser eg at vi kan ta mange økter på stovegolvet framover. Kor mange ferdigheiter har Ekko på flytnivå? Definisjonen til Morten er: åtferda er ikkje innlært grundig nok før du har nådd eit ambisiøst flytmål. Td 20 ligg på 60 sekund. Greier eg bare 5-6 repetisjonar på eit minutt, eller hunden er avhengig av lokking i større eller mindre grad eller manglar flyt på andre måtar så kan han ikkje øvinga flytande.
Gjett om Ekko har pest i dag? Eg tok ikkje tida, men det blei mange sitt på kort tid i alle fall. Det var ingen vits i å prøve på dei andre øvingane for der er det ikkje flyt. Men no er eg altså på nytt minna om kor dumt det er å slurve og kor smart det er å bruke tid på dei enkelte grunnferdigheitene. Vårt problem er at altfor mykje skal innom den vesle hjernen til Ekko. Det er som om han må tenkje gjennom ka eg sa før han gjennomfører det. Og poenget er jo å få det som ein refleks.

Kvifor er det så viktig?
  • Er åtferda flytande blir den lettare generalisert i nye situasjonar.
  • Åtferda er lettare å hugse sjølv om det er ei stund sidan vi trente på den (hugs hjernen deira er ikkje så stor)
  • Åtferda krev mindre energi å utføre, både fysisk og mentalt
  • Åtferda er lettare å kombinere med andre åtferder
  • Åtferda er meir motstandsdyktig mot fråver av forsterking.

Måtte jo tenkje på kor flink Ekko er heime til å legge seg i ro og la oss spise i fred og kor vanskeleg det var då vi grilla og folk sat rundt på bakken og åt. Kan vel seie at han greidde det halvveges. Må nok trene endå meir på å ikkje forstyrre eit måltid (og trene dei tobeinte på å ikkje servere undervegs..) Det er jo eigentleg trening av bli liggande over lengre tid utan godbit før det er over.

No er det altså fram med grunnferdigheitsskjemaet og skrive ned kor mange repetisjonar pr minutt Ekko greier på kvar åtferd. Og då skal eg vere nøye med ikkje å bruke hjelp i det heile ( ekstrakommando, lokking...). Det er kun korrekt utførte åtferder som skal teljast. Kan bli ineressant det.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja det e masse å lera og masse å ha kontroll på. Kansje me klare å gjør alt perfekt og riktig med neste hund.

Anonym sa...

Ja, stakkars neste hund :-)