onsdag 11. juni 2008

Ein opptur!... og ein nedtur

Sidan eg har vore frustrert over utfallet til Ekko på måndag, og vi ikkje fekk trent på møte med andre hundar, må eg ta med dagens opptur.

Vi var ute og gjekk i nabolaget. Her er det jo fullt av hundar så eg hadde med kalkunkarbonadar i tillegg til vanlege godbitar. Vi hadde ikkje gått mange metrane før eg såg ein hund som kom i mot oss. Den var i fleksiline og då seier erfaring meg at det er best å ha god avstand. Vi gjekk ut på ei mark før Ekko oppdaga hunden. Kroppen blei stiv og halen høg. Oppgåva mi var å halde bandet slakt samstundes som eg er parat til å ta det når han ruser ut. Eg serverte Ekko karbonadebitar medan han såg hunden. Han åt og ingen lyd. Og ikkje eit einaste rykk i bandet. Avstanden var tydeleg viktig for den andre hunden fekk gå mykje av lina ut. Men Ekko hadde nokre meter for det så det gjekk fint. Det tok ikkje lange stunda før han heller snudde seg mot meg for å bli servert. Vi kunne fort gå roleg vidare.

Vi møtte òg hundar som gneldra bak hagegjerda sine. Då kjem det ein liten lyd frå Ekko og han ser på meg. Ein godbit og alt er OK. Det einaste rykket i bandet eg fekk på turen, var eit utfall mot ein katt...

Brått ser eg at Ekko har fått stirra utan at eg ser kva det er. Men så oppdagar eg òg ein av dei lause hundane i området (har framleis til gode å sjå eigaren..). Eg gjer som i forrige runde: Gjev godbit og snakkar roleg med Ekko. Avstanden er stor. Den andre hunden forsvinn og vi fortset på turen vår. Vi møter ein syklist, nokre ungar og ut av ingenting står brått laushunden rett framfor oss. Kva gjer eg no? Dei er for nære kvarandre til at eg kan begynne å mate Ekko. Snusinga begynner med ein gong. På Ekko er halen høg og han trippar. På den andre har busta reist seg litt. Eg vel å slakke bandet til Ekko og skryte roleg av han medan den andre snuser på han og dei begge begynner å gå rundt kvarandre. Så spring den andre, som er ein hannhund, for å markere i nærleiken og Ekko får MANGE godbitar. Den andre kjem nære igjen, men denne gongen bare for å gå forbi. Ekko landar veldig fort og vi kan gå roleg vidare. Eg er heilt i hundre og trur vi kan møte ka som helst resten av turen :-).

Vi ser ein rottweiler rett etterpå, men er på god avstand og så er det ein katt på endå lengre avstand som er meir interessant, syns Ekko. Han blei litt forvirra på kven han skulle satse på, men bestemte seg for å stirre katten i senk.

Heilt på slutten av turen, møte vi ein redd liten hund. Dei stoppa på god avstand då dei såg oss. Vi gjorde vårt rituale (sjå på hund, få godbit) og Ekko gjekk roleg vidare med meg.

Fleire sånne oppturar takk!

-----
Og kor lenge var Eva i Paradis?
Eg hadde ikkje meir enn skrive dette før nedturen kom. Vi skulle bare ut ein liten tur. Rekk så vidt ut døra og får tenkt at nå må naboen snart klippe hekken for vi ser ingenting, før Ekko fauk ut. Ut av hekken kom ei eldre dame med ein liten dusk. Fullt utfall og den andre ikkje verre enn at den bjeffer i veg. Eg treng to-tre meter før eg får stoppa Ekko. Dama ser heller forvirra ut og eg får mumla beklager før det går opp for henne at det kanskje er smart å gå vidare. Søren og! Ikkje var eg klar med godbitar, ikkje var eg sekundet før Ekko, ikkje var eg noko. Men til trøyst: han fekk ikkje gjort den andre noko. Men dette skulle vi ikkje hatt i dag.

1 kommentar:

Anonym sa...

E det ikkje typisk vel. Utfall komme nesten alltid når ein ikkje vente det, og selvfølgelig når me ska bare et eller annet fullfart.