torsdag 19. juni 2008

Ei kjempefin treningsøkt i plaskregn

I dag var det bare å finne fram regntøyet for no hadde Vårherre bestemt seg for at det var på tide å vaske Rogaland. Men ka gjer vel det når vi har hundar å trene?

Marit og eg møttest på klubbplassen. Her skulle våre to retriverar få kjørt seg litt hadde vi tenkt. Utfordringane i dag var: Feltsøk, opp-plukk av gjenstandar, ID-spor og vi hadde tenkt trening på lausbitt. Men det kutta vi ut.

Feltsøk:
Her er både Ekko og eg noviser så dette var spennande. Vi tråkka opp området.
1. Eg henta Ekko og Marit gjekk ut og la frå seg ein gjenstand. Ekko var så ivrig at eg verken fekk tatt av han båndet eller noko før han var ute og henta gjenstanden. Han kom inn med den, men ikkje i reserfart.
2. Neste var lik, men no skulle han sjå på meg før han fekk springe ut. Det tok litt tid for Marit var kjempespennande å sjå på. Sprang fint ut og fann gjenstanden. Kjem ikkje heilt inn.
3. Marit gøymer gjenstanden bak eit tre. Ekko treng kortare tid før han tek kontakt med meg og får kommandoen: "felt". Direkte til funn. Veldig bra.

Andre økt:
4. Ein lik dei vi hadde før pausen. Gjekk veldig fint.
5 og 6. No er gjenstandane gøymt i høgt gras. Han blir sendt ut. Og gjer fort funn. Kjempebra.

Opp-plukk undervegs på tur.
Marit gjekk i den delen av tomta som har høgt gras og er uoversiktleg. Her la ho ut 4 gjenstandar. Så kom Ekko og eg. Han gjekk fritt saman med oss inn i terrenget. Og det tok ikkje lang tid før han har ferten av noko. Funn! Han greier alle 4, men oppdagar den 4. før han har levert inn den 3. Dermed slepp han den tredje gjenstanden for å ta med seg den fjerde.

Eg likte det eg såg av arbeidsinnsatsen hans på begge desse oppgåvene. Der vi har ein liten jobb å gjere før vi går vidare, er levering av gjenstand. Målet er fart inn og avlevering ved beina eller i handa. Eg såg han kom fortare inn då eg hadde leike, men han hadde litt for mykje lyst til å sleppe for å springe inn for å leike. Punky hadde flott fart inn. Noko slikt må kjekkasen min òg klare. Og så må eg samle på ulike kjedeleg gjenstandar i bilen slik at eg har. Ikkje fullt så lett å springe inn med leika si....

Siste økt var ID-spor.
Nå begynte vi å bli ganske våte, men både Marit og eg var gira for det var så kjekt å trene. Utfordringen når vi lagar spor, er å hugse. Ikkje lett å vere tobeint og ha dårleg luktesans. Marit skulle gå tre spor for meg og då må ho altså hugse kor ho har tenkt å ha funnstadane (dvs kor ho skal ligge) og korleis ho skal kome ut utan å øydelegge spora. Eg hadde same utfordringen då eg skulle vere figurant for Punky. Det er rart at det skal vere så vanskeleg. Vi legg merke til og syns alt er så klart og så endrar skogen seg i mellomtida... Men vi greidde oss ganske bra og fann postane våre. Eg var det sporet som skulle forvirre i starten då Ekko gjekk og Marit det same med Punky.

1.spor:
Ved sporstart låg ein votte som tilhøyrte Marit. Ekko skjønte teikninga straks. Gjekk med nasen ned og rett i sporet. Ei lita stund rota han litt, det viste seg å vere akkurat der Marit hadde gått litt att og fram for å finne plassen sin. Ekko fann ut av det og var kjapt på sporet igjen. Eit flott spor der han ikkje brukte overvèret, kun nasen.
2.spor:
Nå hadde eg votten i lommen, men han visste tydeleg kven si lukt han skulle bry seg om. Hadde eg ikkje hatt vit nok til å stole på hunden så hadde eg sagt at løypa var annleis, men han gjekk rett på funn. Nasen i bakken denne gongen òg.
3.spor:
Her begynte han å bli trøytt, men var samstundes gira. Eg såg fort at han var på veg ut i mitt spor. Fekk han tilbake og slengte votten i bakken (hadde gløymt det). Eit sekund etterpå var han kobla på og gjekk direkte på Marit.

Tre kjempefine ID-spor. Han går i passe tempo, det vil seie eg følgjer han greit. Det beste var at han ikkje fekk bruke overvèret denne gongen, men fekk vist at han kunne med nasen òg.

Etter at Punky hadde gått sine ID-spor, var vi einige om at no var vi slitne alle så det var på tide å reise heim og tørke oss. Ekko og eg hadde ei lita økt med leik før heimturen. Vel heime var det bare å vri av seg. Fy så våt eg var i beina. Men så kjekt det var å trene.

Eit lite PS: Ekko holdt fast metallapporten for første gong i går!

6 kommentarer:

Gro sa...

Så mye kjekt dokker har holdt på med.
:)
Et par spørsmål. Merker dere sporet med markeringsbånd når dere går det ut? og hvor lange er spora ? Kan ikkje så mye om ID spor, men har lyst å prøve det selv.

Aud Venke sa...

Ja, vi merkar sporet. Først starten, så der vi deler oss og evt vinklar framover. Utfordringen denne gongen var at vi la alle Ekko/Punky sine spor på ein gong. Altså måtte vi finne igjen slutten av sporet slik at vi fekk lagt oss på plassen. Og det skulle vi gjere utan at vi tråkka i sporet på nytt. Utfordrande når vi innbiller oss at vi hugsar akkurat den steinen eller den tua.... lengden på spora er eg ikkje sikker på. Dei var ulike. 100-200 meter? Ikkje god på det der eg.

Eg trur Maja hadde likt ID spor. Ho er jo flink på vanleg spor og det er jo same teknikken. Bare at ho får eit lurespor ho ikkje skal følge... Og så får ho råkline med eit menneske på slutten ;-). Er du heime litt i sommar, kan vi jo trene litt på det.

Marit sa...

Er helt enig i at økten i dag var kjempegøy!
Vi glemte jo også at det regnet en periode. Ecco var kjempeflink!
Begynner å få varmen igjen:)

Aud Venke sa...

Skoa er framleis våte...
Eg har begynt å leite på nettet etter stoff om brukshund. Ser at Nidaros brukshundklubb lagar konkurransar uten lydnadsdelen. Dei har rundering og spor. Kunne tenkt meg å funne ut korleis dei jobbar.

Gro sa...

Høres ut som Ekko liker godt og er flink på ID-spor. Kjempekjekt!
Må få prøvd det med Maja og ja. Jeg er jo en del vekkreist i sommer, men i uke 31 regner jeg med å være tilbake. (reiser ikke vekk før uke 27 forresten)Men da er jo du reist bort eller hva?

Aud Venke sa...

Frå veke 31 høyres bra ut.