fredag 30. november 2007

Doggie-Zen

Ja så måtte eg til pers og trene litt meir på denne Doggie-Zenen som eg ikkje likte. Eg trudde instruktør Karin og eg var gode vener, men dei to siste torsdagane har ho slått til med heilt teite ting. Ho burde skjerpe seg. Først var det å sitje mens eg gjekk og no dette her. Det første gjekk forresten ganske greit når eg bare fekk sove på det eit par dagar. Men dette her. Matmor seier det er kjempegod fokustrening.
Vi har altså øvd i bitte litt til idag, men eg trur at mor ville hatt hjelpar for det hadde utfordra meir. Så på måndag, folkens, må de nok i gang.
I dag har vi øvd på dette viset:
Eg sit framfor matmor, ho har godbitar på ryggen. Fram kjem det ei hand som luktar godt. Sjølvsagt ser eg etter handa. Då forsvinn ho. Så må eg stirre på matmor igjen, handa kjem fram igjen og eg kastar meg mot maten, men ho var raskare. Eg tok ein kjapp på plass - det plar bli suksess og godbitar. Og når sant skal seiast var dette ein av dei beste og kjappaste på plass eg har imponert med på lenge, men hjelpte det? Ho overser meg og stiller seg istaden framfor meg. Eg ser henne djupt inn i augene. Der kjem handa, eg kjenner musklane er klare og leer litt på pupillen, men greier å holde fokus. Og jippi! Endeleg er maten min! Dette greier eg faktisk opp til fleire gonger, men då må eg ha pause for dette er krevjande hjernearbeid.

I morgon er det runderingstrening. Det er mykje kjekkare enn dette tullet her. Kva er eigentleg poenget? Fokustrening liksom. Eg blei heilt tussete i hovudet av det eg. Men eg skal vise Karin eg. Viss ho trur ho skal psyke meg ut med alle desse dumme oppgåvene, må ho tru om igjen. Eg skal nok få det til. Så lett slepp ho ikkje unna. Men Karin - er det sant at du har sagt at vi skal trene på dekk mens vi går òg? Ka blir det neste??

Vi har forresten sett på ein filmsnutt om klasse 1 i lydnad. Den hunden var flink. Kan eg verkeleg kome dit? Filmen finn du her. Faya er flink til å gå og sjå på føraren. Eg liker ikkje det. Eg vil sjå på alt rundt meg. Men så har ikkje matmor trent på det heller då. Eg er klar for trening mange timar til dagen eg, men ho heng etter gett.

torsdag 29. november 2007

Avspaseringen er over


Men du og du kor deilig den var..... Litt travelt å ha så mange menneske eg skal passe på, mange som roper "Ligg!" kan nå enn det er. Trur det har med mat å gjere for det var stadig eit slikt rop viss eg var i nærleiken av bordet. Er det noko godt dei et?


Eg måtte sjekke mange etasjar før eg kunne legge meg til ro om kvelden, pluss at eg kjente eit behov for å ta ein ekstra runde i løpet av natta. Blei litt sliten av det, men ka gjer det når avspasering betyr at ei av menneskesengene var i passande hundehøgde?
I dag har eg vore på trening og øvd på doggie-zen. Eg syns til vanleg at dette er superkjekt, men denne varianten var bare frustrerande. Må la den synke ned og kanskje tillate litt trening på den i morgon før eg skriv om denne terginga som eg syns det var.

mandag 26. november 2007

Grunnferdigheiter

I dag har det vore fantastisk vintervér. Snø er spennande. Eg måtte ut for å spise, snuse og leike. Eg trur luktene er ekstra sterke i sånt vér.

Eg har oppnådd mange av måla mine for denne veka allereie: Matmor har laga kjempegode godbitar, eg har fått ein del, men sjølvsagt ikkje nok. Eg har fått henne med på fotballkamp og leike i snøen. Det har vore lite doggie-zen, men veka er lang.

Matmor sine mål er det litt skralare med om eg skal seie det eg meiner.
Nr 1. Fokus - her er eg med
Nr 2. Eg imponerte henne med å hugse alt frå treninga på torsdag. Sette meg stadig vekk medan ho rygga og eg gjekk framover. Nå kan ho krysse av på godt i gang på punkt 3.2 i skjemaet for grunnferdigheiter.
Nr 3. Gå i band. Her gjer eg det vanskeleg for henne. Eg har det så travelt, må fort fram. Og når eg veg ein del kilo, skjønar eg at det er ei utfordring for henne. Men førebels har ho ikkje funne nøkkelen til å få meg til å forstå at vi alltid går med slakt band. Og eg er ikkje imponert over metodane hennar, få av dei ville eg påstå er klikkarvenlege. Ho byrjar alltid med å stoppe når eg dreg, gje frå seg ein grei lyd og eg plar slakke litt. Men ikkje alltid. Når freistingane blir for store, fiksar eg ikkje det. Og då blir det fort at ho dreg meg bakover, og av og til kjem det noe i røysta hennar som fortel at ho er lei seg. Det er dumt, men eg greier liksom ikkje å la det vere. Er det noen som har tips til matmor eller meg? Skriv ein kommentar ( sjå nedanfor).
Nr 4. Eg har gått forbi få hundar i dag. Det gjekk godt, men ein gong fekk matmor panikk. Eg fann holet i gjerdet og kom meg ut for å helse. Eg var på eit treningsområde matmor trudde ho hadde kontroll over, men eg visste om eit hol i gjerdet ho ikkje visste om. Då fekk eg gjort det tydeleg for henne at innkallingstrening må det meir til av. Eg såg panikken i augo hennar, men ho greidde å lokke meg inn igjen. Utan at eg fekk gjort utfall. Godt var det.
Nr 5. Tja "sitt" har det vore lite mas om. Litt "På plass", litt "Dekk", men du og du for eit mas på "stå" og "stopp". Vi har vore på skogstur med mange små bekkar og liknande vi måtte hoppe over. Og eg låg jo først i løypa og hoppa. Då brølte ho stopp. For ho er jo ei sinka, ho hoppa jo ikkje når eg gjorde det. Men eg stoppa stadig vekk eg, så eg trur ho blei passe nøgd. Det var forresten kjekkare når ho hoppa først og ropte "hopp" rett etterpå eller samtidig med at ho hoppa.
Nr 6. Innkalling, sjå over
Nr 7. Viss dette er treningslogg, så ja, men ikkje viss det skulle vere i boka.....

Elles har matmor tenkt mykje på at vi ikkje må gløyme å trene på grunnferdigheitene i vår iver etter å få til dei ulike øvingane i klasse 1. Eg trur eg er einig med henne. Det er ganske kjekt når ho blir imponert over det eg får til, og det er jo lettare når vi held på med noko eg kan litt og må justere litt. Men vi skal nok greie alle øvingane i klasse 1. Men om vi tør stille på konkurranse..... tja vi får sjå. Eg trur ho har lese ein artikkel som konkurransetrening, som minna henne på det ho faktisk meiner er viktig. Vil du lese den du òg, trykk her. Alle artiklane ho viser til, finn du òg under artiklar i høgre marg ( i tillegg til at du kan trykke på dei undervegs i innlegget).

Sidan eg gjorde det så bra på sitt under marsj baklengs, trur eg ho utvider med sitt på avstand. Vi får sjå om den går like bra.

søndag 25. november 2007

Treningsplan veke 48


Ei ny veke står for døra og med den store planar for treninga. Matmor har avspasering - det betyr at vi kan trene mens det er lyst ute og at ho kan utsette litt jobb til det blir mørkt. Eg trudde at avspasering var at vi gjorde det vi hadde mest lyst til heile dagen? Men det betyr i alle fall at ho ikkje skal avgarde på jobb og la meg vere aleine heime i mange timar. Så for meg kan ho kalle det ka ho vil, bare vi er i lag mesteparten av dagen.

Matmor har sine mål, og eg har mine:

Matmor sine:
  1. Fokus

  2. Sitt under marsj baklengs

  3. Gå finare i band

  4. Gå forbi andre hundar ( med avstand) utan utfall

  5. La kommandoane sitt og dekk få pause.

  6. Innkalling

  7. Føre treningslogg

Altfor mange mål meiner eg. Her er mine:

  1. Matmor har kjempegode godbitar

  2. Eg får ofte smake på dei

  3. Eg får leike - ofte

  4. At ho bruker Doggie-zen på treninga for det er tøft syns eg

torsdag 22. november 2007

Vi satt mens vi gjekk

Merkelege greier på kurset i dag. Eg er litt usikker på ka matmor ville, men eg fekk i alle fall godbitar viss eg sette meg mens vi gjekk. Det skulle skje utan kommando. Strevde litt med den der, gett. Men tok sakte teikninga. Eg får skulda på plaskregn og vind. Mor sa at det var kurssjefen som sa at vi skulle trene på det og då går eg ut frå at det var nyttig. Stoler meir på henne enn på mor når det gjeld smarte treningstips.

Men over til viktigare saker. Godbitane mine! Skjønte du likte dei Skotti. Til dei tobeinte: Ta ein pakke grillpølser (eller andre). Kutt opp i terningar. Matmor delte kvar pølse på langs i fire og kutta deretter i små terningar. Legg alt på eit steikebrett ( bruk gjerne bakepapir), dryss kvitlaukspulver over ( det gjer susen, syns eg). Inn i omnen. Den skal vere 250 grader. Steik i ein halvtime sånn cirka, så set den tobeinte ein rørepinne eller noko anna i omnsdøra slik at godluktene kjem ut og plagar livet av deg. Samtidig skrur ho omnen ned til ca 80 grader. Så lot matmor meg pinast i ca 45 minutt til før ho skrudde av omnen ( først sjekka om dei verkar tørre) og lot alle godsakene ligge i omnen med døra på gløtt til dei var avkjølte. Forstår de at eg grein? Det var lenge å ligge framfor omnen og vente på å få smake.