Viser innlegg med etiketten grunnferdigheiter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten grunnferdigheiter. Vis alle innlegg

søndag 18. april 2010

Litt oppdatering.

Vi har trent i det siste sjølv om det bare ser ut som om eg har sett på kvelpar.

Dette får bli ei oppsummering og litt blikk på treninga.
Måndagstreningane:
Meldetrening. Ekko jobbar godt, men har for sakte tempo frå funn og inn til eigar. Han kan prestere å tisse på turen, snuse litt, men han er heile tida klar over at han må ha med seg  lausbittet. Eg må arbeide med farten i den delen og utgangsstillingen.
Slalåm. Han greier fleire om eg brukar fingeren som target, men tar eg den vekk har han tendens til å hoppe over eit par på vegen. Her må eg nok jobbe meir i detaljane. Spesielt kor og når eg premierar.

Hopp: Ekko hoppar med fryd. Eg må arbeide med avleveringa av godbit slik at ikkje det siste hoppet blir skrått inn mot meg. Han hoppa òg gjennom ein rokkering, men syns de tvar like greit å hoppe over den :)

Spor: Eg la ut eit langt spor på Sviland sist måndag. Det fekk ligge vel ein time før vi drog avgarde. Ekko var ivrig frå han skjønte ka vi var på veg til så her var det ein som ikkje var så veldig interessert i å vente på meg... God, men litt for ivrig start. Fulgte spora mine fint. Ser etterkvart ut som om han går på sida av sporet. Kom utav det i blant, men då blei nasen høg og han kom seg fort på sporet igjen. Han verkar til tider ganske så vimsete at eg lurer på om det er mitt spor, men han er tydeleg ikkje i tvil.
Vi møtte ein av redningshundane midt i sporet. Koss går dette tenkte eg. Dei snuste på kvarandre og Ekko kom tilbake til meg og fortsette å spora. Kjempebra. Han rota då vi skulle gå langs ein veg (her hadde det gått hundar før oss), men fann fort fram til kor vi skulle inn i skogen igjen. Fann enkelt slutten, men heile det siste stykket gjekk han eit stykke ved sida av sporet utan å verke forvirra av det.
Med sportreninga er det å jobbe meir med fart og nasen i sporet. Sjølv om eg ikkje kan ta han på å virre seg vekk. Han verkar sikker på seg sjølv :)

Laurdagen:
Rundering: Ekko har fin fart, kryssar fint og har driv framover. No er det arbeidet med detaljane, dvs lausbittet som må til. Og det går ganske greit framover. Løypa vi laga denne gongen med skikkeleg sving i, dvs at hunden måtte to gonger ut på same side. Det tok dei greit alle. Ekko var ikkje spesielt fokusert på lausbittet denne gongen så etter 3 slag stoppa vi og fortsette med flying.

---
Her er litt frå andre si trening. Eg kommenterer til det eg ser på bileta.

Først ut er Scotty. Elisabeth spring med Scotty. Han har fin kontakt med henne (ho har godbit i handa). Ka Anne Lise gjer med den handa ho har rett ut, veit eg ikkje heilt. Ser ut som om ho vil gje han eit ekstra hinder/ bjelke å gå på?
Ivrig i hoppet og flott over, men trenger litt ryggen som hjelp tilå sparke frå til nedslaget.
Dette kan bli ei flott øving, Anne Lise, men koffor den handa? Kjem ikkje den bare til å forvirre han? Er spent på ideen bak.



Silje og Pia jobba med slalåm. Då eg såg på bileta, gjekk der eit lite lys opp for meg. Slik går Ekko òg. Sjå på Pia. Ho har aldri blikket framover mot neste hinder, men mot Silje. Her er det ei som ventar godtbit/ støtte og oppmuntring på vegen. Både Silje og eg må nok gjere noko med premieringa.

Torhild og Era. Her er det tydeleg ka som skjer når vi ikkje får premiert framover, men hunden forventar å få det hjå matmor. Eigentleg øydelegg det heile hoppet hennar. Det blir betre når Torhild byrjar å kaste godbiten framover.

torsdag 1. april 2010

Trening på detaljar.

Måndag var Kari, Silje, Torhild og eg treninggsklare igjen. Eg måtte jobbe med baklengskjeding for det har eg slurva ein del med. Og så sjekke ut om kommandoane er på plass.

På plass, fot, snurr (venstre), bukk går veldig bra å setje saman. Flat dekk der eg skal gå over han går fint heime, men blei for vanskeeg ute (enno). Slalom/ åttetal liker han ikkje. Kan det vere at han såvidt får det til under mine korte bein :)? Å setje fleire av dei saman før han får godbiten på slutten går stort sett greit. Eg må bare tenke ut rekkefølge.

Så var det kommando. Kan hunden sit eller det noko han gjer automatisk når han kjem inn til meg? Ekko var ganske stødig på dei ulike kommandoane, men han liker ikkje å ta dei på avstand. Då vil han bort til matmor.

Pia syns baklengskjeding var kjedeleg så ho sette seg i ein stol for å få poeng for det. Det såg faktisk ut som om ho hadde tenkt å ta for seg dei fleste stolane for å vise triksa sine :).

Det er herleg å trene når det ikkje er snø, vi kan ha joggesko på og det er lyst ute. Etter påske kan vi nok tenkje på å flytte til retrieverklubben sitt område igjen. Gler meg til det.

GOD PÅSKE!

søndag 31. januar 2010

Innetrening

I helga har vi gått tur  snøen og trent inne.
Har konsentrert meg om øvingane frå torsdag.
Fotballstjerna - er det håp?
Det går framover med raske skritt. No har han fleire forsøk med å dytte ballen framover. Men når han blir ivrig kjem labben fram. Tenk om eg ein gong kjem så langt at eg kan sparke ballen til han og han dytte den i retning meg?

Høyrer han på ka eg seier eller er det handa som snakkar?
På torsdag såg Arne klart at Ekko ikkje forstod ordet takk når han sit med apporten i munnen. Han reagerer på handa mi, ikkje språket. Eg har difor trent på å seie takk med handa under hovudet, halde handa der utan å seie takk, seie takk utan å ha handa under hovudet hans. Det går framover, men må drillast meir.

Labbane på musematta, ikkje musematta i munnen
Her slit eg. Ekko spring fram, labbane smell på matta, men det gjer snuten òg. Så ser han opp. Eg har klikka når han ser opp med det resultatet at han trur det er slik: "labb og snute i matta og så ser eg opp". Korleis eg skal få stoppa den, er ei utfordring for tida.

Eg legg meg flat for deg
Ekko gav meg presang på sin eigen bursdag. Nemleg å vise meg ein kunst: Flat dekk. Denne har eg dyrka vidare. Han er flink når eg står framfor han, men no har eg begynt å bevege meg litt. Det er ikkje lett å ligg i ro då. Han vil jo sjå.... Arbeider vidare med den

torsdag 21. januar 2010

Fantastiske, flotte meg

Takkar alle for gratulasjonane. Eg blei nesten litt blyg, men bare nesten... Matmor forstod at ein måtte starte natta slik ein ville morgonen skulle vere, så eg fekk lurt meg opp i senga. Eg ville jo vakne i senga hennar. Den madrassen er 100 gonger betre enn min.
Morgonruten var ganske sløv, frukosten var , som alltid, god. Så forsvann ho...


Så kom ho att. No blei det meir fres over dagen. Eg fekk hundepate med 5 lys. Koffor det skulle vere lys på, er ei gåte for meg. Eg prøvde å la vere å sjå på heile greia. Men pateen var veldig god!


Etter festmåltidet var det til trening. Nå tar den tobeinte over:

I dag ville Arne at vi skulle trene på fot på høgre side.

Men først fot på venstre med vendingar. Vi trengte ikkje militante vendingar, men trene på å halde kontakten lenger enn vi hadde gjort før. Ekko gjekk fint (bare gamla heldt farten oppe). No må eg trene på at eg ser rett fram, at godbitane kan henge i handa rett ved sida av snuten UTAN å t han bli opphengt i det.

Eg starta øvinga fot på høgre side ved å gå bakover og vende meg slik at eg fekk meg på høgre side. Det gjekk greit. Men at han skal fortsette å gå sånn rart etter ein sving... Det var ganske vanskeleg.

Frivillig stå medan matmor går bakover. Strevde litt med å få til å bli ståande. Han ville stadig setje seg. Men etterkvart gjekk det betre.

Frivillig sitt medan matmor går bakover. No ville han bare stå same kor mykje eg trente på sitt før eg begynte å gå. Arne såg på og til slutt sa han: "Dette er ikkje 80% regelen i alle fall. Men kanskje meir Fanny???" . Det skal han ha, han held ut.... Heldigvis dukkar Arne opp innimellom og reddar oss.
Tilbake til start sa Arne sjef. Og som alltid. Dei enkle løysningane er dei beste. Vi trente nokre sitt, eg begynte å gå medan Ekko åt ein godbit.Han sette seg på ny, blei premiert. Eg fortsatte å gå og  han setje seg.

Etter treninga gjekk 4 av oss tur. Dei to som sov i timen då kompasset blei delt ut, er brått borte for Silje og meg. Vi roper på dei og får det glupe svaret: " Ka gjer dokker der?"  Vi svarer "Vi går den vegen vi har gått før". Dei to som burde hatt GPS for å gå ut med søpla, trur vi er på villspor og fortset vidare framover. Toppen på optimisme??? Silje og eg kjem tilbake til bilane og finn fort ut at vi ikkje kan reise frå galningane. Vi trener hund ei stund til, pratar og ventar. Omsider kom dei. Ikkje fullt så skråsikre, men dei hadde jo telefonnummeret til redningstenesta..... Eg tipsa om at Clas Ohlson hadde salg på GPS for bil. Kunne jo vere kjekt å ha...

Då vi kom heim var det videokonferanse med Bergen. Ekko blei heilt forvirra. Lyden av bestevenene kom frå skrivebordet, men han fann dei ikkje. Han sprang ut på gangen. Ingen der. Til slutt blei matmor overfalt. Trur han trudde eg var alle tre røystene. Dette var over valnøtthjernen hans...

søndag 17. januar 2010

Veka som gjekk

Vi har trent litt denne veka òg, sjølv om det i følge den firbeinte er i minste laget.

Arne gav oss i lekse å få fram frivillige sitt, dekk, stå framfor oss. I utgangspunktet enkelt skulle ein tru, men eg har jo altfor lenge hatt kommando på dette. Det tok litt tid og litt frustrasjon, men så kom i alle fall sitt og stå ganske greit. Dekk var treigare å få fram.
Ellers har vi trent bitte litt på å sitje bamse. Den er ikkje enkel syns Ekko, men han er blitt mykje flinkare til å halde rompa i bakken.

På aktiviseringskurset på torsdag jobba eg saman med Kari L og Gro Anita. Fokuset mitt var å få fram dekk. Etter litt frustrasjon med bjeffing kom tilbodet om dekk ganske så ofte. Vi har trent det etterpå òg og no kjem dekk som ein av dei forsøka han bruker (men helst vil han tilby bukk :)).
Etter pausen så var det fri ved fot. Eg trudde eg sleit med bakparten til Ekko og fokuset, men etter ordre frå sjefen sette eg opp farten og hunden gjekk som ein gud. Eg må bare ta meg tid til å vente på fokus før vi begynner å gå og etter at han har fått godbit.

På laurdag blei det ikkje rundering på oss då eg har det såpass hektisk på jobb at eg må bruke deler av helga til å jobbe.

No er det i glattaste laget rundt oss. Torhild ho var sur på Era og meinte ho var gått tilbake i treninga. Ho drog i tauet, heiv seg etter gourmetrettane (les kattedrit) langs vegen. Då måtte vi andre og innrømme at det hadde vel våre hundar òg... Eg trur ikkje akkkurat dei har gløymt fine manerer, men godluktene ligg rett oppi dagen og aldri har eg visst at det var så mykje kattedrit overalt. Ikkje hundedrit heller.... (Ekko et ikkje det). Eg er flau over hundefolket. Fy søren, kor mykje dritt det ligg etter hundane. Trur ein at det forsvinn i snøen??? Til og med her på Tjensvoll der vi har Plutostasjonar og søppeldunkar på alle hjørner omtrent, flyt det av hundedritt.

Målet neste veke: Få fram frivillig sitt, dekk, stå medan eg går bakover. Og fleire forsøk med lausbitt.

torsdag 7. januar 2010

Friskusane trener

I dag fekk eg SMS om at det var for kaldt for hundane å trene i dag. Pyser tenkte eg, dei har nok gløymt å spørje hunden. 3 av oss har barske hundar så vi møttest for trening kl 1830. Maja, Era og Ekko var dei firbeinte tøffingane. Torhild jobba aleine med Era. Eg la ut eit teppe som hundane kunne bruke når vi skulle ha bli sitjande eller bli liggande..

Gro og eg ville trene ei økt med melding. Ekko sprang fint ut, henta bittet, men forsvann mot barnehagen. Eg fekk han inn igjen. Vi starta på nytt. Etter det fekk vi 3 gode meldingar.Bra! Likeeins med Maja. Godt jobba.

Etter det trente vikvar for oss. Eg litt på at han skal tilby sit, dekk og stå frivillig. Deretter fri ved foten. Ekko jobba ivrig. Til slutt gjekk Gro og eg ein liten tur. Vi kom heim kl 2050. Kaldt? Jo, men hundane greidde seg fint. Maja hadde fått seg fine sokkar og Ekko ville ha litt kos på ein baklabb ei lita stund. Men ellers så dei ut til å kose seg.

lørdag 12. september 2009

Kursstart og rundering

Denne torsdagen begynte aktivitetskurset til Siddis hundeskole igjen. Arne lurte på kor langt vi var komne med grunnferdigheitene sidan sist. Eg var så fjern at eg trengte hjelp til ka det var han tenkte på. Heldigvis skriv mannen notat :).

Eg trente saman med Silje og skulle ha fokus på å gå bakover og vende mot høgre, dvs at hunden kom opp på høgre side. Dette for å lære han å gå fot på både venstre og høgre side. Ekko jobba godt. Eg starta godt. Gjekk beint til stor overrasking for tilskodarane (og litt skuffelse òg, kanskje..). Det eg fekk problem med denne gongen, var å snu meg effektivt. Eg lagde nokre ekstrasteg som gjorde hunden forvirra. Heimeleksa mi er å tørrtrene utan hund. På slutten av kvelden var det tydeleg at Ekko var trøytt for han kom seg opp på venstre side av meg ganske fort.

Gler meg til torsdagane framover. Det er mykje latter og Arne er flink til å sjå detaljar og tar oss på fersken.

I dag har det vore rundering på Sviland. Vi var 6 ekvipasjar. Det var sol og det var regn. 5 av ekvipasjane ville vere i valpeskogen. Ekko og eg tok løypa der vegen var midtlina. Eg var spent på koss det ville gå med Ekko. Han er ikkje heilt pigg enno og er prega av at han går på kraftig pencillin, Kari og Gro Anita var figurantar. Gro på midtlina.

Først tok vi ei klapperekke. Stiller han opp mot figurant 2. Ekko er klar til å springe, men blir halden tilbake. Vi går tilbake til der figurant 1 skal vere ein stad i skogen. Ekko høyrer eit klapp her òg. No vil han i alle fall avgarde, men blir geleida mot bilen. Nede på parkeringsplassen snur vi, går tilbake til der vi stod då klappet frå figurant 1 kom. Nå var ikkje hunden vanskeleg å be. Straks kommandoen "runder" kom, sprang han ut i eit vanskeleg terreng. Då figurant 1 fekk melding om å bli passiv, kom Ekko i full fart og kryssa linja fint over til figurant 2. Den gjorde det same og Ekko hadde fin framdrift i neste kryssing òg. På tredje kryssing kjem han inn på midtlina litt for langt nede. Det kan vere på grunn av at terrenget er svært vanskeleg (tett skog, myr, store hol), men eg vel på dei neste å rope når han er på veg inn slik at han får framdrift.

På eit av slaga slit han med å finne Kari, kjem nesten tilbake, men er tydeleg i arbeid. Finn henne. På eit slag krysser han fint, men akkurat då han krysser kjem det ein mann med hund. Og då stopper jo Ekko og blir opphengt i det. Heldigvis løyste det seg greit og han kunne fortsetje.

Gro gjorde ein kjempejobb på midtlina, Gro Anita hadde ein spesielt utfordrande jobb med å kome seg framover i eit vanskeleg terreng. Ho løyste det med glans. Kari måtte stadig vandre frå den eine sida til den andre sida av elva, noko ho tok med eit smil. Ekko har nok fått inn at figurantar skal ligge lengre ute så vi såg fleire slag der han sprang forbi for så å snu. Han kommer inn mot midtlina straks figurant blir passiv. Kjempebra. Det var ingen systematikk i at han sprang baksporet tilbake, verka heller som ei praktisk løysing i terrenget av og til. Men det er eg ikkje sikker på, så det må eg følge med på framover.

Etter pausen gjekk dei andre heim. Gro og eg ville gå spor. Eg trengte å trene på bruk av GPS i tillegg. Vi la ut spora for kvarandre. Det er spennande å gå eit spor som ikkje er merka. Det einaste svaret du har på at du har gått rett veg, er at hunden finn sluttpremien. I dag gjekk Ekko med nasen vel høgt syntes eg. Var stadig usikker på om han gjekk feil. Men kunen eg rette han opp? Nei, eg visst jo ikkje kor vi skulle. Måtte bare stole på den firbeinte. Midt inni skogen forsvinn satelittkontakten så eg er usikker på om GPS tar opp sporet mitt. Vi gjekk i alle fall litt feil på slutten, men Ekko tok baksporet og fann premien.
Nasen var meir i bakken då vi kom inn i skogen. Var ferten meir konsentrert der? Gro syntes Maja og hadde gått med nasen høgt. Kanskje det at sporet er ferskt gjer at luktene ligg høgt oppe?

No søv Ekko som ein arbeidskar så det har tydeleg vore ein arbeidsdag for han.

torsdag 13. august 2009

Trening med ung forstyrrelse

På måndag trente vi på Austrått. Hadde tenkt å trene på apport, target med snute og labb og melding. Det blei ikkje heilt slik for ungane var begynt å lengte tilbake til skolen. Og då var det veldig spennande at rektor var der med hund. Og det ein stor hund!

Ekko syntes det var kjempekjekt. Fekk kos og prøvde seg på eit par kyss, men utover det var han veldig grei med ungane. Sita fekk tent seg på unge syklistar som viste sykkelkunster rett ved buret hennar.

Apporttreninga går veldig bra. Han fekk trent på at eg kasta apporten, at ein unge gjorde det osv. Leverte fint.

Target med labb på musematte krev rask klikking frå meg. Det blir fort at snuten er nedi. Ser han blir fort heit av denne treninga

Target med snute mot fingeren min/ targetstick går ganske greit, men blir fort heit der òg. Eg får han ikkje til å snurre rundt. Ei utfordring det.

Plusset denne kvelden var at han greidde å jobbe sjølv med ungane tilstades. Han er veldig glad i ungar.

mandag 22. juni 2009

Fin treningsøkt i sommarsol

I kveld var det strålande sol på området. Vi skulle trene på:
  • bli liggande på teppet
  • luktdiskriminering
  • apport

Det blei det som var planlagt pluss "på plass". Ekko var begynt å slurve veldig på den. Dekka istaden for å sitje.

Først var det teppet. Denne tok han fort og gjekk og la seg då eg sa teppe. Greidde å vente på "fri". Det var leik som var premien. Innimellom sette eg meg slik at det blei pausetid for begge.

Apporttreninga starta elendig. Han tøffa avgarde og henta apporten, beit på den, kom inn og la seg fint i eit dekk... Gjekk over til å trene kun sitt og på plass. Dette blei premiert med leik. Etterkvart tok eg fram apporten igjen, gøymte den og sende han avgarde. No var det fart og fine innkomstar. Veldig bra.

Luktidiskriminering slit eg med. Det går fint dei første momenta, men når det blir avstand har han lett for å ta det i munnen og apportere. Fekk trent litt, men ikkje nok. Han toucher egget, set seg mot meg osv. Eg skal ha bort koss han sitt difor trente eg på sjølve nasenkontakten med egget. Litt pirkearbeid, men det går vel bra til slutt ;)

Etter treninga gjekk vi ein fin tur med hundane. Ekko fekk her trent på å gå fint i band.

fredag 12. juni 2009

Tapt apport og luktdiskriminering

I går var det endeleg akrivitetskurs igjen. Eg har ikkje vore med sidan midten av april så dei andre var komne langt på område eg ikkje hadde begynt på.

Eg arbeidde saman med Gro og Maja. Maja var blitt ein reser til å plukke opp tapt apport og legge seg ved sida av gjenstand med den lukta ho hadde trent på. Spesielt på dette med å markere på funn var ho veldig interessert i.

Ekko og eg var på bar bakke. Vi starta med å trene på tapt apport på asfalten. Ekko har ingen problem med å plukke opp og kome inn med det han finn, men det er ikkje fart over sakene. Vi gjekk ut i naturen, men der mista eg all kontakten med hunden. han tok "stand" og det var visst gevær og ikkje godbitar eg skulle stille opp med.
Dette må vi trene meir på.

Så var det første trening med te-egget. Ekko fekk klikk for all kontakt med egget. Etterkvart la eg det på bakken. Han markerte det fint. Så skulle eg trene på sitt. Det var frustrerande syns Ekko. Han tilbaud rygging og stå, men sitt var ikkje på lista han kom med. Etter ein del frustrasjon, måtte eg kommandere sitt. etter det kom det fleire sitt. Eg må få med meg stega etter det...

--
Ekko har i det siste hatt fine møte med andre hundar. Eg kan sjå på han når eg bør lage avstand og når han er venleg interessert. Han har fiksa forskjellige hundar i forskjellig alder. I går var han avslappa nær Scotty. Utruleg. e
Eg tør nesten ikkje skrive om det for då tek det vel slutt.
---
I kveld har vi trent på te-egget. Ekko begynner å forstå at han skal setje seg ved sida av egget, Men når eg legg egget eit stykke unna og seier søk, apporterar han. Ordet søk har eg brukt på det å leite etter godbitar og mykje anna. Må visst bli meir bevisst bruken av ord.

mandag 25. mai 2009

Burtrening

Tida går så altfor fort. Vi har vore i Bergen på ferie og Ekko ville som alltid ikkje heim. Toppen av lukke er visst å vere der. Han nektar faktisk å gå ut når eg pakkar i bilen. Eg kan visst bare dra min veg...

Men vi kom oss i alle fall heim og i dag var det trening på området. Sist trente eg på at han skulle ligge på teppet, i dag hadde eg med tøyburet. Han sprang villig inn i buret og låg på plassen sin medan eg lokka med "kom", "Ekko" leiker osv. Diverre drog eg strikken for langt, eg stengde døra. Etter det var det å starte på botn igjen. Han ville ikkje inn i buret. Fekk han til slutt inn og då slutta eg av.
Mesteparten av tida trente eg på buret med litt "på plass", tunnel, fri ved foten som uteoppgåvene. På slutten fekk han springe fritt saman med Faya på nederste del av området.

Ekko jobba godt i dag. Eg skulle bare ha stoppa i tide. Men på an igjen.

onsdag 25. februar 2009

Tur, trening og spor

I dag fekk Ekko seg ein flott dag på Bråstein. 2 timar vandra Hildegunn og eg rundt i "hundeskogen". Ekko gjorde utfall mot ein leonberger(?), men det var ein sindig kar så han sto han av.

Så drog vi rett til området og litt trening. Her er det ikkje bare beina som skal trenast ;). Vi trente saman med Marit & Jan Inge m/ Punky og Silje m/ Pia. Vi starta treninga med at Jan Inge la ut eit spor med 3 pinnar til Punky og eg la blodspor til Pia og Ekko.
Pia plar vere ein reser til å springe ut i felt og hente ting for å springe inn igjen. I dag var det litt slappare. Men det låg ein spennande dummy der. Det hadde ikkje ho hatt før. Kanskje noko å hente inn til matmor?

Eg slit jo med lineføringa. I dag viste Marit og Punky meg eit tips dei hadde fått av Thomas Stokke. Eg gjekk bortover ein planke og Ekko skulle følge tett inntil. Det gjekk veldig bra. Skal trene meir på det. Og som Marit sa så må eg nok trene som eige moment at Ekko kjenner handa som beveger seg like ved skuldra hans. Han er jo så høg og eg så liten...

Trente òg litt på at han skulle ligge roleg ved meg medan Punky og Pia trente. Han gjorde det, men slappar ikkje av, er på jobb og syns han fortener godbitar. Ei god trening som eg bør gjere oftare.

Ei lita økt med sitt- dekk -stå fekk vi òg tid til.

Så var det blodsporet. Pia skulle gå sitt første. Eg var litt distrahert og gløymte å be Silje om å la henne lukte grundig ved oppsparket. Trur ho var litt forvirra over at det var blod og ikkje menneskespor ho skulle gå etter. Ho lukta veldig på eit blad eg hadde sølt blod på. Virra litt, men fann slutten.

Med Ekko rota vi litt med starten. Vi greidde faktisk å gå inn i sporet utan å begynne der vi skulle. Fy oss! Gjekk tilbake til start. Ekko jobba ivrig, men i dag trur eg det var eit viltspor og kanskje litt mine spor han var på søk etter. Det blei litt rotete. Neste gong eg går eit så ferskt spor, skal eg merke betre slik at eg får stoppa han.

Her er litt film frå dagen. Først Punky trener budføring:



Punky startar på eit langt spor med 3 pinnar (og som ho plukkar perfekt!).
Og her har jenta funne slutten. Marit og Jan Inge har jobba kjempegodt med Punky. Ho er blitt SÅ flink! Går roleg, kjem og leverer pinnane ho skal finne osv. Eg er imponert!

Så var det av ein annan arbeidande hund, nemleg Pia, og litt av det første blodsporet. Lukta var spennande:



På laurdag er det sportrening igjen. Gler meg til det. Har lyst til å jobbe meir med spor.

mandag 23. februar 2009

Sol, grøne jorder og litt trening

I dag var vi på tur saman med Elisabeth og Faya i finveret. Elisabeth hadde med seg kameraet så eg håper ho fekk tatt nokre fine bilete av dei firbeinte. Eg hadde bare med mobilen så eg fekk til desse :). Det var deilig å gå i sola og la hundane springe og leike rundt oss. Faya tør meir og meir bli med Ekko i leiken. Veldig kjekt.

Etter turen var det ein liten pause før det var trening. I dag var det Sander, Pia, Dea og Ekko som skulle bruke hjernen. Ekko fekk trent på melding med lausbitt. Gjekk fint. Han hadde til og med eit par der han sette seg ved sida av meg i staden for framfor. Bra!

Vi prøvde og på lineføring. Eg får ikkje Ekko nær meg. Lurer på om det har med storleiken på hunden å gjere. Ingeborg gav meg eit tips, no skal eg teste ut det. Elles nærmar eg meg at eg seier at godt nok, er godt nok :(.

Vi avslutta kvelden med innkallingsleiken. I dag var guten veldig flink. Han lot seg ikkje lure ein einaste gong.

torsdag 19. februar 2009

Fri ved foten og innkalling


Nå er det slaps og tett tåke ute. Ka er betre enn eit sommarbilete? Her Alpha og Ekko sommaren 2005.

Denne veka er skral på treningsfronten, men i kveld blei det heldigvis litt trening igjen. Aktivitetskurset vårt blei avlyst, men treningsfantoma slo til for det ;). Torhild, Silje, Gro N., Anne Lise og eg stilte sterkt.

Eg trente aleine deler av kvelden. Det blei fri ved foten. Slit med å få Ekko til å gå tett inntil meg. Syns han er blitt betre i forhold til fokus på godbithanda, men kan nok trene meir på det.
Hadde òg ein runde med snutetarget i handa. Det syntes Ekko var kjekt. Men at han skulle ta snutetarget når handa mi var på ryggen, var merkelege greier.

Gro og Silje var med på ei innkallingsøkt. Den var kjempebra. Men så tok vi ei kjekk innkallingstrening med Pia og dermed ville vi andre òg det. Så Ekko fekk ei ny innkallingsøkt. Den var ikkje så bra. Det visste eg jo, for når freistinga er like framfor nasen, er matmor gløymt. Dei andre frista med godbitar og leike. Og hunden skulle altså velge matmor. Ikkje lett. Era og Pia tok den kjappast. Vi andre må nok innsjå at ryggmargrefleksen ikkje er heilt innebygd i hundane våre enno .....

Til slutt vandra vi på kveldsturen vår og no ser eg ikkje snurten av Ekko. Det var visst nok hjernearbeid på han i dag.

mandag 16. februar 2009

Effektiv trening og litt fri ved foten av ein meister

Så var det slutt på skikkeleg vinter. Slaps, glatt og regn/ slush var det som møtte oss ved idrettsanlegget på Sola i kveld. Vi var ikkje mange, men spreke ;).

Ekko og eg starta litt trening på grusbanen før dei andre kom, deretter tok Era ein runde der medan dei andre forflytta seg til ein grusbane der snøen/slapset var fjerna. Vi kjørte dit vi òg. Det var Torhild og eg som jobba i lag. Veldig effektiv kveld. Mange og korte økter. Til slutt var vi tobeinte ganske surrete i hovudet. (ikkje bare måtte vi tenke på treninga, men vi forflytta oss ein gong til i løpet av kvelden. Det kom folk på grusbanen. Då kjørte vi til parkeringsplassen vi var på før. No var det 2 (!) lykter på heile området som verka. Det var altså ganske mørkt der).

Ekko trente på fri ved foten. Først var hovudfokus på å sjå på meg i staden for handa mi, så var det "attituden" og til slutt overgangen til å gå framover.

Ekko ser på meg medan han går (og ser ein del ned), men straks klikket kjem, ser han på handa. Vi prøvde andre variantar. Eg sa bra og premierte ved å ta godbiten frå den eine handa over i den andre. Eg drog ut tida mellom klikk og belønning osv. Det som verka best, var å premiere utan å klikke.

Attituden til Ekko var veldig fin i kveld. Han gjekk fint ogdå eg fekk opp farten var holdningen vakker. ;).

Torhild klikka då vi trente på at eg skulle vende og gå framover. Vi fekk ein del fine overgangar der han var tett inntil. Det tar ikkje mange stega før han er litt for langt frå meg. Men altså overgangen var fin.

Ekko fekk vise seg litt fram for Torhild. Han imponerte med å bli ståande medan eg gjekk rundt han, dansa litt og drog i bandet. Flink gut!

På slutten hadde eg tenkt å trene på utgangsstilling. Det blei mest tøys. Då ville Ekko bare sjå på Caos og han var tydeleg ufokusert. Alle lydar frå den andre gruppa var nok til å vippe han av pinnen. Då fann eg ut at det var nok trening. Og når eg ser han som søv på saccosekken no, trur eg at det var rett. Han har heilt tatt natta.

Til slutt vil eg vise litt fri ved foten, dekk under marsj, stå under marsj og sitt under marsj. Sjå og lær, seier bare eg :). Linken er frå Maria Hagström sin blogg.

torsdag 12. februar 2009

Hm! I kveld måtte matmor lære seg ein del.

Medan snøen dalte ned, var vi ein gjeng som begynte på kurs med Arne som instruktør. Vi hadde ulike ønske så han får seg ei utfordring der ;).
Vi skal vere 9 ekvipasjar, i dag var vi 7. (Scotty var til dømes sjukemeldt. Han hadde hatt seg eit grundig eventyr i dag ... Faya fekk vel heller ikkje lov til å kome aleine)

Marit og eg jobba saman. Vi var dei to einaste som hadde konkurranselydnad som mål. Først utfordring var lineføring. Sukk. Eg kjem visst ikkje vidare i den øvinga :(. Vi prøvde at eg såg framover og Marit klikka når alt var ok, men det var det så sjeldan at Ekko blei lei heile treninga. Etter råd frå Arne gjekk eg over til å gå bakover for å starte på nytt igjen. Her fekk eg fleire fine, men så kom jo Arne med desse skarpe augo sine. "Hunden din går etter handa di. Fy deg... " Heldigvis har han jo råd å gje meg òg, så no skal det trenast omvendt lokking med stengt hand. Dvs. ha godbitar i handa og ha den som ein knytteneve. Ekko må lære at den handa er uinteressant. Det er fokus på meg som opnar handa. Han er jo flink på omvendt lokking med opa hand. Har jo ikkje tenkt på den andre varianten... Og i denne treninga treng eg å ha godbitane i handa.

Siste økte var ein konkurranse. Alle hadde hundane ute og så fekk vi ei utfordring av sidekvinna. Medan vi utførte utfordringa skulle hunden sitje fint heile tida. Eg blei utfordra til å hoppe og slå ut med armar og bein, til å gå bak Ekko og setje meg med knea i bakken og gå fram igjen og til slutt rulle rundt, først ein veg så tilbake framfor han.. Då rauk vi ut. Men vi kom på 2.plass. Kun slått av Gro Anita og Sita. Dei var resergode i dag! Ikkje dumt med slike utfordringar.

Det var bra å begynne på kurs. Det er noko med at drevne augo ser ting vi andre ikkje ser. Arne var flink til å vere overalt og til å sjå detaljar. Eg skal jammen ha trent på den stengte handa og fri ved foten til neste veke ;)

tirsdag 10. februar 2009

Ekko står for harde livet.

I desse vakre vinterdagane burde eg tatt mange fine treningsbilete, men eg gløymer stadig kamera.

I dag har eg trent med Marit og Jan Inge. Og denne gongen hadde eg med meg kamera. Men hugsa eg å bruke det... Nei. Så motiva er frå terrassen. Og sjå bare på rosmarinplanta: Den gjev blaffen i frosten, og struttar og luktar like godt som om sommaren!

Målet var i dag å trene på ståen og meldetreninga.

Ekko stod som ein påle! Eg gjekk til og med rundt han. Då begynte eg å setje på kommando..
I siste økt fekk eg han i utgangsposisjon, vi begynte på fri ved foten. Han tilbaud stå under marsj (!). Eg gjekk vidare, gjekk tilbake og stilte meg ved sida av han. Og jammen stod han der heile tida. Imponerande.

På meldetreninga har eg gått eit trinn tilbake for eg oppdaga at eg hadde rast litt fort forbi eit trinn. Nemleg treninga på å springe frå figurant til førar og tilbake igjen.
I dag var Jan Inge figurant og han var kjempekjekk syns Ekko så giret for å springe tilbake til figurant var høgt.

Ekko starta ute hjå Jan Inge. Han la bare lausbittet i snøen. Eg stod 20m lenger borte og såg på han. Ekko plukka opp bittet, kom i stor fart inn, sette seg i utgangsposisjon ein halv meter framfor meg (kvar gong gjer han det. Full fart inn, rundar meg og set seg i flott utgangsstilling han halv meter for langt framme). Han blir feila, rettar seg opp, framleis med bittet i munnen og spring som ei kule ut igjen straks han får kommandoen. Siste gong sette eg på han line og klikket i låsen var tydeleg eit sterkt signal for då venta han ikkje på min kommando. Klikket i låsen var kommandoen :).

Vi diskuterte det å trene og trene utan å konkurrere. Eg er einig i at ein konkurranse hadde puffa oss litt. Eg trur ikkje eg kan stille med Ekko på grunn av at eg er så usikker på reaksjonane han vil få når han skal ha ukjente hundar nær seg. Men eg vil gjerne trene som om eg skal konkurrere. Det skal vere brukskonkurranse både på Kverneland og på Sviland i mars. Det hadde vore kjekt å filme for å sjå korleis det er.

Trening i kulde og snø

Vi er nokre sprekingar som meiner at måndag er perfekt treningskveld same ka vèr det er :). I går var det KALDT og snø. Men det går mot vår folkens. Det var ikkje mørkt då vi begynte å trene...

Eg trente aleine med Ekko denne gongen. Det blei to lange økter med mykje leik i. Mesteparten av tida trente vi på frivillig stå. Målet var å dra ut tida før han blei premiert. Det gjekk fint. Eg begynte til og med å bevege meg og han stod. Veldig bra.

Siste delen hadde vi fellesdekk (aleine) der har låg i snøen medan eg bare stod der. Det var aktivitet i dei andre hundane som var på banen, men han låg fint.

Er veldig nøgd med treninga.

lørdag 7. februar 2009

Kan eg hente nokre treningstips, mon tru?

I dei bloggane eg har eit auga på, begynte det denne veka å dukke opp mykje om Maria Hagström. Spennande, tenkte eg og begynte å sjekke det ut. Konklusjonen er vel at ein gong vil eg òg på kurs med den dama!

Men altså er det noko å lære av å lese bloggar til folk som har vore på kurs? Både ja og nei. Det eg skriv her er jo 3.håndsinformasjon. Det vil seie at først har Maria sagt noko, så har bloggforfattaren tolka noko og så kjem eg og tolkar det som bloggforfattaren har skrive... Men eg tek sjansen på at eg har forstått litt.
Bloggane eg har hatt som utgangspunkt er Klickerklok, Kreativ hundetrening og Kreativ trening
Via den siste bloggen, kom eg borti Hundehjørnet og Svipp og Sejer sin hjemmeside. Altså fem bloggar som skriv om det same kurset.
Ro/passivitet.
Alle skriv om kor viktig det er å bygge verdien for ro/passivitet. Fanny er innom kor dyktige vi klikkartrenarar er til å ha aktivitet, men at vi ikkje er så oppmerksame på balansen mellom desse. Vi er blitt flinkare til å bruke omvent lokkande og forstyrringar når vi trener passivitet. Men vi må vere merksam på at omvendt lokkande lett blir ei hjelp. Det å sitje/ ligge i ro med mange forstyrringar og omvendt lokkande, er ikkje passivt, men ei svært aktiv oppgåve for hunden. Omvendt lokkande er viktig for hunden i starten og til stor hjelp, men det må bort fort. Når vi trener på at dei skal sitje og ligge i ro (bli-øving), gløymer vi eit viktig element: at vi kan stå stille! Og at ingenting skjer på eit minutt eller to. Og så kjem forstyrringa.... Eg kjenner ei som hadde gått i den fella i alle fall ;).
Hundane våre er vane med å få belønning for å vere stille, Kor lenge kan han halde posisjonen utan å få godbitar? (ja ja, Ekko. Det blir litt annleis på fellesdekktreninga på måndag ...)

Er det utvikling i treningsøkten mine?
Maria har poengtert "3-regelen". har det skjedd ei utvikling på dei tre siste øktene? Viss ikkje, ka må eg endre på? Har eg for høge eller for låge kriterie? Fungerer ikkje belønningen optimalt? Skal eg belønne på ein annan måte? Altså eg må evaluere øktene og finne nøkkelen vidare.

Rett og feil
Blir det hunden gjer bare rett, er det for enkelt. Men skal eg feile hunden er det viktig at eg har rutine for det. Det er viktig å lære inn feilsignal og gjere det til ei godt innarbeida og positiv rutine. Så lenge belønningen er meir verd, kan feilsignalet vere positivt lada for hunden.

Kjed saman delmomenta
Det er viktig at vi startar med små kjeder allereie medan hunden er kvelp. Ekko er fire han, men eg er ikkje flink til å kjede saman. Blir ståande og trener på delmoment og når eg prøver å kjede saman så blir det fort heile øvinga. Og då er det jo lett å kjenne at dette kan vi ikkje. Startar vi med små kjeder, byggjer vi òg opp til ein uthaldande hund. Høg belønningskvalitet i slutten av kjeden!
Å arbeide i dei små kjedane gjer oss òg merksame på kor det skortar i dei enkelte moment.

Er hunden kroppsklok eller ordklok?
Sist helg skreiv eg om eit tips Maria Hagström hadde i bloggen sin. Nemleg å sjekke ut øvingar i uvante omgjevnader. Til dømes når hunden ligg som på fellesdekk og du er på avstand, kan du då få han til å krype? Osv. Kan hunden eigentleg kommando-ordet eller er det kroppsspråket mitt som gjer at han veit ka han skal?
----

Eg har fått noko å tenkje på og arbeide vidare med etter denne blogglesinga ser eg.

lørdag 31. januar 2009

Spor og trening i skinnande sol.

I dag blei det den store treningsdagen. Godt det var ein vakker vinterdag. Temperaturen låg under null i skuggen, men i sola var det deilig!

Marit og Jan Inge var i Melsheia i går kl 13 for å legge blodspor til Punky. Og samstundes la dei eitt til Ekko. Eg var spent kl 915 då vi skulle gå eit blodspor som hadde godgjort seg i 20 timar i frosten. Dette hadde vi aldri gjort før. Dei få blodspora han har gått før, har ikkje vore eldre enn eit par timar.

Men her var det ein hund som visste ka jobben gjekk ut på. Eg viste han starten og etter det gjekk han kjempefint. Hadde eit par svingar feil, men tok seg kjapt inn. Sporet hadde avhopp og sårleie. Han stoppa fint ved sårleiet og snuste ekstra. Og stor fryd då han fann skanken.

Vi var delt i to grupper i dag. Gruppa mi var Marit, Jan Inge, Silje og meg. Vi var veldig effektive. Punky gjekk eit lang blodspor, Pia fekk prøve Punky sitt. Ho har aldri gått blodspor så det kan vere like mykje Punky sine fotefar ho gjekk i, men fryden var visst stor for det.

Neste spor var ID-spor. Hundane burde vore filma. Dei er heilt yre av iver etter å kome i gang. Ekko skulle gå med bjølle på ryggen for første gong. Det brydde han seg ikkje om. Marit var det falske sporet. Ho stod ute i løypa. Ekko lukta kort på votten til Jan Inge. Han gjekk fort, men såg Marit og sprang lukkeleg bort. Då han ikkje fekk respons, var det tilbake på sporet igjen. No var han ikkje i tvil om kor han skulle. Eg strevde med å følge alle svingane i det tette terrenget. Han går ganske fort. Registrerte at det ikkje var overvèr han brukte. Nasen var i bakken (litt over). Jan Inge blei funnen til stor glede for finnaren! Eit veldig godt utført ID-spor. Hadde sjølsagt gløymt GPSen.
Vi diskuterte i pausen at vi må tenke ut utfordringar i sporet slik at det ikkje blir at dei går på rutinen i staden for lukta. Til dømes så går ofte det falske sporet til venstre og det rette vidare rett fram. Det må ikkje bli til fast rutine.

----
Klokka 13 skulle instruktørane på Siddis hundeskole samle seg for å trene og gje kvarandre råd.
Eg fekk eit tips om kassetreninga til Ekko (trikset vårt). Skal skrive om det når eg har prøvd det ut.

Vi starta med fellesdekk. Faya, Ekko, Punky, Mikkel og Robin. Gjekk veldig bra. Ekko la seg skeivt, men det retta eg ikkje i dag. Første gongen eg kom opp på sida av han, sette han seg opp. Eg premierte ikkje, gjentok bare prosessen og no venta han til kommandoen kom.

Etter det delte vi oss. Eg arbeidde med Elisabeth. Faya trente på dekk der haka skal vere i bakken mellom beina. Ganske stilig. Nederst er det ein filmsnutt av treninga på akkurat det.

Ekko trente på stå og på å ligge med store forstyrringar. Gjekk tilbake til å vente ut stå-en. Han stoppar, men har blitt premiert veldig fort så eg blei påminna at eg må vente han ut litt.

På dekk (bli liggande) frista vi han med tennisballen. Den var ikkje bare lett. No begynte nok både eg og hunden å bli trøytte.

Her har vi dei andre (Arne og Mikkel, Marit, Punky og Christin og til slutt Robin):












Faya trener dekk med haka i bakken:



Nå søv Ekko under skrivebordet. Ikkje akkurat til å undrast over.