fredag 17. august 2012
Ka skal ein eigentleg trene på?
Sjølvsagt kan Ekko få hoppe hinder, gå slalom, lære eit triks eller fem. Men er det viktig for meg å trene slik at han gjer det rett? Eller er bare noko eg trener på for at eg skal ha noko å gjere på?
Ingen andre som lurer på kvifor dei trener?
For nokre år sidan ville eg vel tenkt at det alltid var noko å trene på. Men no syns eg at han er ganske så grei den hunden eg har. Treng litt trening på velkomsthelsing og glede over at nokon snakkar med oss på tur, men det må trenast i kvardagen. Ikkje lett å få til med hundevante folk på treningsplassen.
Men ellers er jo ein 7 år gamal hund fredeleg og grei. Han står opp kl 6 (startar med å vekke matmor), går tur. Passar huset til eg kjem heim i 4-5tida. Så er vi ute på tur i 1-2 timar. Han går fredeleg i bandet og tar lett innspel frå meg. Etter det er det middag og kløing bak øyra. Han kunne sikkert tenkt seg trening (les: matservering) heile kvelden, men så var det den trøytte eigaren.
I helgene gjer vi det kjekkaste av alt: runderer/ spore. Like frydefullt for både tobeint og firbeint. Her kan eg sjå han treng trening og har idear om ka eg vil trene på. Kanskje det er difor eg er likar meg når vi i tillegg til trening på området, rekk å legge ut spor? For då han i alle fall gjort noko fornuftig den kvelden. Og då blir fort fokuset på å trene bruks (melding og andre detaljar) i pausetida. Eller bare trene fysikk.
Ka tenkjer de andre, som heller ikkje trener mot konkurranse, om trening etter at hunden er vaksen? Ka driv det med? Kvifor?
Innspel mottas med takk.
tirsdag 23. november 2010
Hunden kan han...
Men i går overraska vi treningskompisane våre ( sakna dei kjente eg då) med å stille opp på trening.
Eg hadde ikkje lagt ein einaste plan for kvelden. Bare at Ekko skulle kose seg. Men før eg begynte å trene, hadde hjernen kobla inn. Det skulle øvast på fastbitt.
Eg hengte på han bittet. Gro og eg starta. Trur du den der hunden bare hadde venta på at det skulle skje? Akkurat. Han tok det ganske så kjapt. Fann fort ut at det var viktig å leite etter det som hang rundt halsen for å få fiskekake. Flinke hunden! No er det bare å ta tak i dette og få han steget vidare. Må vel stille på trening på onsdag òg då :-)
lørdag 23. januar 2010
Fart i Sælandsskogen
Han starta dagen med at det ikkje hadde hast med å stå opp. Då vi skulle gå til bilen, nekta ha å kome. Men vi kom oss avgarde.
Planen var eit meldingsslag og eit blindslag.
Ekko var nest siste hund ut så eg fekk prøvd både å vere på midtlina og vere figurant. Hundane er etterkvart blitt ganske så flinke så det er kjekt å trene dei. I dag sleit dei ein del med djup og tung snø, men dei gav seg ikkje. Og det gjorde vi tobeinte med. Det var nokre varme kinn etter kampen med snø og tett skog.
Ekko var kjempeklar då det blei oss. Første slag skulle ver eit meldingsslag. Han sprang fint ut, henta bittet, kom fint tilbake MEN sprang forbi meg. Flying var kobla inn. Blei stoppa og kom seg inn. Heile tida med bittet i munnen. Slapp bittet då "vis"-kommandoen kom. Denne gongen minna Gro meg på at det var smart å ha framdrift på turen tilbake frå figurant då eg var ute og henta han.
Eg hadde ombestemt meg i forhold til blindslag då skogen var ny.
Neste slag gjekk veldig fint. Og slik fortsette han. Kjempefin fart. Eg ropte på han då han var på veg inn for å trene på framdriften. Og det funka veldig bra.
Han hadde så god fart i dag og snøen gjorde vel òg sitt til at han ikkje sprang rett ut frå meg. Han kom på skrått inn til meg (som rett er), og fortsatte på skrått over på den andre sida. Greidde å rette seg opp lenger inne. Men det førte til at han av og til fekk bakoversøk. For å rette på det prøvde eg å springe litt med han innover. Då gjekk det beint den eine gongen, men den andre gongen gjekk det så fort at han for over ein kvisthaug før eg hadde retta han opp. Då blei han ganske forvirra sjøl og stoppa litt.
På 3.siste slaget kom han inn til midtlina før vi var klar. Han hadde sprunge frå figuranten straks han trudde ho var passiv, mens ho bare skulle ordne litt. . Då måtte han vente på midtlina medan vi fekk Anne Lise på plass. For å vite kor ho var, måtte det klapping til. Og gjett om det tente den firbeinte. Han hadde ikkje tenkt å vente eit sekund lenger. Spant omtrent så han blei sendt ut.
Iveren var stor heile tida så freistinga var stor til å halde på lenge, men sjefen for midtlina, Gro, og eg blei einig at siste slag skulle vere på May Karin. Han kjem flott inn, spring fint ut, ser bare på May Karin og tar avgarde tilstørre freistingar (rådyrspor og lukter). Han var vanskeleg å få ut frå denne jakta, men vi fekk han no inn. Ut på ny og det same gjentok seg. "Han skal lukkast på det siste," sa Gro og fekk meg til ikkje å seie: "No er det nok". Inn til midtlina igjen. No kunne han skimte at May Karin kom springande inni skogen for å forsvinne. I tillegg kom det ein lyd. DÅ vakna runderingshunden. Rett på funn.
Generelt er eg veldig nøgd med utviklinga til Ekko i det siste. Det eg denne våren må utvikle er blindslag og meldetrening.
----
Arne meinte det mangla repetisjonskloke hundar sist torsdag. Hm. Kan ikkje skjøne det: Vi lærer dei jo å repetere same feil om igjen og om igjen :-)
Neste veke skal vi shape. Det blir kjekt. Må tenkje ut ka eg har lyst til å shape fram.
mandag 4. januar 2010
Den første treninga i 2010.
- Meldetrening med snø som utfordring. Ekko sprang fint ut, helsa på Anne Lise og tok seg ein tissetur. Blei ropt inn igjen. Då gjekk det fint. Så hadde han ei kaninjakt, men alle dei andre øktene var fine. Scotty var òg ivrig og flink.
- Innkalling. Første gongene var det utan forstyrrande element. Han kom som ei kula. Etter pausen fekk han to økter med Scotty og Faya som forstyrringar på sidelinja. Han oversåg dei heilt og hadde god fart mot meg.
Att närma sig målet?
• Vad har du idag som hjälper digs att nå dit du vill?
· Vilka delar behöver förbättras?
· Vilka nya moment behöver jag lära min hund/ eller vilka nya saker behöver jag själv lära mig?
· Vilka delmål kan jag ha på vägen?
Strukturera upp dina planer, kortfattat eller omfattande beroende på vad som känns bäst för dig. Det viktiga är att du uttrycker dig tydligt. Behöver du tillexempel ha ett bättre kryp för att lyckas med målet, skriv vad i krypet som behöver bli bättre. Tillexempel din hund behöver lära sig krypa med korta bakbenssteg för att få en teknik där han blir låg. Precis som vid ett kriterium är det viktigt att kunna tala om exakt vad jag ska lära min hund. Konkret och kortfattat. Skriver du bara att jag ska ha ett bättre kryp är det mycket svårare att hitta rätt träningsdelar och helt omöjligt att utvärdera . Var tydlig även när du sätter attitydsmål. Hur vill du att hunden ska se ut i olika delar, precisera!
Samma sak med dig själv- precisera vilka delar du behöver tillexempel för att bli en bättre tävlingsförare. Lika konkret och i delar som går att utvärdera och följa upp.
När du vet vad du behöver göra för att börja röra dig i målets riktning är det dags att göra en taktik.
•Vad ska du träna på och när?
•Vilka delar är prioriterade?
•Hur ser tidsplanen ut för mål och delmål?
•Hur och vid vilka tidpunkter ska du utvärdera?
Från och med nu är allt viktigt som du gör på träningen- fråga dig efter varje träningspass om just detta träningspass lett dig framåt! Om inte - ny taktik!
Vil du lese heile så finn du det her.
søndag 22. februar 2009
Hundtränaren veke 8 (16-22/2)
Denne veka har vi arbeidd med:
- Fri ved foten/lineføring. Det går framover, men eg slit med at eg ikkje får han tett nok inntil meg. Han startar fint med å sjå opp, men tar eit kjapt blikk utover etter eit par steg. Eg må fortsetje arbeidet med det.
- Omvendt lokking. Må jo bli kvitt dette at fokuset er på handa mi i staden for på meg. Går framover.
- Stå. Han er blitt flink. Eg har begynt med kommando litt forsiktig.
- Utgangsstilling. Bruker å trene på det når maten serveres. Færre feilmeldingar i løpet av veka.
- Innkalling. Det går fint på treningsplanen, men då vi endra på "reglane" sprakk han fullstendig. Han skal kome inn så dette må vi arbeide vidare med.
- Snutetarget. Har prøvd å halde fokuset litt oppe her. Ekko syns det er kjekt, særleg når han må springe litt for å få tak i handa mi.
- Rundering. Målet denne veka var å få til bein linje 50 meter ut. Gjekk stort sett greit, men han måtte ha lydpåverknad. Eg liker ikkje heilt det som skjer i runderinga for tida. Ekko verkar bare passe interessert. Kor er den hunden som trippar for å kome avgarde? Ka har skjedd undervegs her? Hm.
- Håndtering. Dette går for sakte. Det skal så altfor lite til før han trekkjer seg unna.
Som eg har skrive før, eg syns Ekko er litt utanfor for tida. Han verkar rett og slett litt lei seg. Eg nistirrar på hoftene hans for å sjå om det er negativ utvikling der. Og av og til syns eg han ser stiv ut (men kven gjer ikkje det i det veret vi har hatt), men eg trur det er mest innbilning frå mi side. Når vi skal ut, står han litt skeptisk utfor døra og må lokkast vidare. Dette er så lite han. Det går nok over. Eg får heller tenkje ut ka som gjev gnist og la han oppleve det.
---
Tillegg:
Etter at eg hadde skrive innlegget, gjekk vi på tur saman med 3 Rhodesian Ridgeback. Ungjenta der var akkurat noko for Ekko. Det var full fart og ingen vonde hofter på heile turen. Dei sprang og sprang. Endeleg ein hund med fart og lyst til å springe saman med han. No søv han ganske så sliten.
søndag 8. februar 2009
Evaluering av veke 6
Avlevere leike.
Den går ganske fint etterkvart.
Stå under marsj
Måtte gå litt tilbake. La kommando på for tidleg. Men han greier å stå frivillig lenger no.
Kloklipp
Her er eg sløv for dette liker eg ikkje å trene på.
Fellesdekk
Er flink under forstyrringane.
Han har hatt eit par turar fritt i skogen denne veka. Fann ikkje fløyta på den siste turen så etter den første panikken, måtte eg teste den andre lyden ;). Og vi hadde fleire kjempefine innkallingar der han kom i fullt firsprang då eg ropte "Jihaaa!!" (fann ut at den ber mykje betre enn namnet). Han bleipremiert med drakamp.
Triks
Eg trur bare eg seier at eg gler meg til triksekurset til Christin og Siri for her er eg så lite uthaldande. Blir hunden frustrert, blir eg det òg.
Det blei ikkje rundering denne veka. Vi har brukt ein del tid på leik i snøen. Drakamp i snøen er kjekkast syns Ekko.
Veke 7 er måla:
- Avlevere leike - ute på feltet ( teste ut om ballen framleis er for sterk)
- Innkallingstrening. Blei inspirert av Canis (bladet som kom forrige veke) og har lyst å teste ut den måten å trene det inn på. Men no har eg eit spørsmål til lesarane. Eg bruker handflata til levering av leike, bør eg bruke noko anna ved innkalling. Eg vil jo eigentleg det same, nemleg at snuten skal inn i handa. Ka tenkjer de? Bør eg ha to ulike signal eller kan eg bruke det same?
- Kroppshåndtering. Ja, det er klotrening, men eg tar med meir.
- Kjede deler av ei øving (jmf forrige innlegg)
- Fellesdekk. No er utfordringa ligg i ro og ingenting skjer.
- For meg er målet: Halde fokus og sjekke utviklingen melom kvar økt.
Det kan jo sjå mykje ut, men fleire av punkta er meir vedlikehald enn nye.
lørdag 7. februar 2009
Kan eg hente nokre treningstips, mon tru?
Kjed saman delmomenta
Eg har fått noko å tenkje på og arbeide vidare med etter denne blogglesinga ser eg.
tirsdag 3. februar 2009
Hundtränaren veke 5 26/1-1/2
- Stå under marsj. Eg har fått vekk dei feila eg lærte inn ved å bruke leverposteituba i premie, sette på kommando, men har tatt den av igjen. No lar eg han rygge bakover og tilby frivillig stå, prøver òg å dra ut tida før eg klikkar. Videosnuttane til Elisabeth viser litt koss eg arbeider. Ekko blir veldig gira av ballen og har problem med å stå i ro, men det skal vi vel fikse snarast muleg...
- Kloklipp. Har klippa eit par, men er sløv med dette arbeidet.
- Fellesdekk. For tida blir han frista med tennisballar og liknande. Ikkje lett syns han, men han blir stødigare. Vi gjennomførte ein fellesdekk saman med andre hundar på laurdag. Det gjekk veldig fint (når vi ser bort frå det vi ikkje trente på, nemleg sitt opp, ligg beint osv)
- Avlevere leike. Det er ikkje problem i treningsmodus, men vanskelegare om han får ballen i leikmodus.
- Sleppe Ekko laus/ dvs utan band. Bare eit par gonger denne veka, må bli flittigare til å dra til skogs med han i veke 6.
- Triks. Her labbane i ei eske. Det er ei utfordring å få til for kvar gong framlabbane er oppi, vil anten Ekko ha premie eller så begynner han å styre som om det var klossen vi trente på. Fekk ikkje til å avlevere godbiten strategisk, dvs bak han. Han putta ikkje baklabben oppi eska, han gjekk utav... Men eg har fått eit par der eg har klikka akkurt då han går ut av eska på veg vidar. Då hender det at bakbeina er oppi..... At triks skal vere så vaskeleg å få til.
Konklusjonen er altså at vi arbeider i veg. Framover no skal vi halde på med det same, men legg til fri ved foten.
søndag 25. januar 2009
Notater i Hundtränaren for veke 4
Eg sette i starten av veka opp nokre mål. No var det evalueringa av veka. Eg har vore flink til å notere i boka og ser at bare det er med på å halde fokuset oppe. Godt for meg når eg brått vil så mykje anna.
Halve veka har vi vore bortreist. Det betyr at brukstrening har det blitt lite av, men til gjengjeld er det mykje trening på å få kommandoar frå andre folk. Og å vente på at dei skal kome heim frå jobb/skole eller stå opp. Det er visst ganske slitsomt å ligge klar ved trappa med leika/skoen klar. Det er kjempeviktig å ha noko i munnen når det store velkomst/godmorgonritualet skal gjennomførast. Han har allereie vore å lukta ved dørene og med den halen han har, høyres det jo ut som om det blir banka hardt på døra. Så at dei framleis er i senga, er jo eit under :).
Men tilbake til evalueringa.
Finpuss av stå under marsj (delen om å få til stå) går framover. Han er hekta på å trene på det, men eg syns det er vanskeleg å få inn kommandoen. Han bråstoppar på "klikk", men ikkje på "stå", men i går syns eg det såg ut til å sige inn.
Avlevere leike: Det går seinare enn eg tenkte. Nokre leiker kan han avlevere i flat hand (til og med til andre), men ball er vanskeleg. Då står han lenge ved handa og tygg på ballen før han greier å levere. Aller helst vil han levere den på bakken nær meg slik at eg kan sparke den i gang. Men han er blitt betre og det skal inn.
Fellesdekk med ulike uromoment. Her har han blitt veldig flink. Kan ligge lenge og vente, toler å bli lokka på osv. Sidan han var så flink, tenkte eg at vi skulle teste noko av det verste for han, nemlig leik med ball. Vi dabba ein tennisball mellom oss, like ved snuten hans. Eit dabb gjekk, på andre dabbet kom rykningen og så sprakk han. Dette var for vanskeleg. Altså blir det fleire ballutfordringar i veka som kjem.
Kloklipptrening. Trente i byrjinga av veka, men gløymte klotanga då vi reiste, så den treninga står stille. Det eg ser at har utvikla seg, er tolmodet med at eg styrer med labbane hans. Når eg skal tørke av labbane hans før han får kome inn, tillet han mykje meir tørking mellom putene enn før. Det er bra.
Å våge å sleppe hunden laus med andre. Vi har vore i eit miljø der vi ikkje har truffe andre hundar lause denne veka. Utanom på måndag då Punky og han leika med ei rottweilertispe.
Måla for neste veke blir nok utvikling av det vi held på med. Pluss at eg har tenkt å finne på eit triks han skal lære seg.
tirsdag 20. januar 2009
Trening denne veka
- å finpusse Stå under marsj del 2, dvs sjølve ståen. Truleg få på kommando. Viss eg er nøgd
- å jobbe vidare med klotangprosjektet
- fellesdekk med stadig fleire uromoment
- avlevering av leike
- for meg: å våge å la han treffe fleire hundar laus.
I helga har det vore så surt vêr at det har blitt innetrening. Derfor blei det litt trening på punkt 1 og 3.
Vi fortsette med det på treninga i går. Eg hadde med meg litt dum premie, leverpostei. Det dumme var at den kunne eg ikkje kaste mellom beina hans. Og då blei ståen ikkje så god. Han var heile tida klar for å trø framover for å hente premien. Altså var det tydeleg at det var effekt å kaste premien mellom beina på han. Eg prøvde eit par med kommando.
Fellesdekk (aleine) gjekk veldig fint, men han likte seg ikkje heilt på våt asfalt. reiste seg fortare. Kari trødde over han, lokka han og gjekk rundt han. Ekko låg.
Vi tok òg eit par innkallingar i går. Dei gjekk kjempefint. Faya var freisting i midten. Først litt på avstand og passiv, så nærmare og aktiv. Men Ekko kom til meg.
Punkt 2. Klotangprosjektet går seint, men framover. Han aksepterer at eg held labben mellom hendene og tar mellom klørne og på dei. Eg tar òg klotanga borti. Dette foregår kvar kveld før maten.
Punkt 4: Dette er førebels innearbeid. Eg har gått tilbake til start. Først snutetarget i handa og så meir og meir spennande leike som skal leverast. Er ikkje på plass enno.
Punkt 5 er mest til meg. Eg er for redd for sure folk og for at Ekko skal få trøbbel at eg hindrar han i utviklinga. I det siste har han vore saman med Faya og Punky laus. Det har gått kjempefint. I går trefte Marit og eg på ei rottweilertispe på 3 år. Ho, Punky og Ekko storkoste seg i lag. Ekko strålar når han får lov til å springe saman med dei.
lørdag 6. desember 2008
Klar for 2009 måla.
Fredag kveld var alle i måndag/torsdagsgjengen invitert til meg for å setje mål for hundane for våren 2009 og for å feste litt :).
Mange ville kome og skravla gjekk på alle så her reknar eg med at det kom mykje bra fram både av mål og utfordringar. Takk til alle for at de var med å gjorde kvelden så triveleg!
Vi fekk forresten julenissen Arne på besøk. I sekken hadde han den nye boka: "100% positiv hverdagslydighet". Skikkeleg kjekt å sitje med ei heilt fersk bok der vi kjenner forfattaren. Og når fleire av oss (både tobeinte og firbeinte) er avbilda inni så kan det vel neppe bli betre.....
Men ka kom så ekvipasjen Aud Venke og Ekko fram til:
Mine mål:
- Ikkje la hunden shape meg så mykje som han gjer. Det er eg som skal shape han!
- Fortsette med å føre treningslogg i tillegg til bloggen. "Hundtränaren" skal hjelpe meg der.
- Ha plan for treningsøktene
Ekko:
- Grunnferdigheitene.
- Vere medviten dei når vi trener og utvikle dei som ikkje er klare.
- Kvardagslydnad:
- Rolegare når gjester kjem på besøk.
- Gå forbi andre hundar. Fortsetje med det vi held på med.
- Helsetrening
- Burleiken. Aller først skaffe eit bur som er større og deretter begynne på burtrening i bil
- Brukslydnad:
- Lineføring
- Gå framfor i line
- fri ved foten
- Bruks:
- Bringkobbelmelding på plass og solid
- Feltsøk. Få inn systemet
- Spor: Arbeide med tempo. Lære å plukke pinanr i sporet: Blodspor?
Helsa mi og jobben min vil påverke kor mykje eg får gjennomført. Men eg har tenkt å trene fast på måndagen, kurs/ trene torsdagen og brukstrening på laurdagen. Blir det meir trening, er det bonus.
Kort evaluering av måla denne hausten
Mine mål:
- Arbeide med kriteria: Her har eg blitt flinkare
- arbeide med timingen: Har mykje å lære, men syns det går framover
- Korte treningsøkter: Dei har blitt kortare. Og dei er meir effektive
- Skrive treningslogg: Bloggen er til god hjelp. Prøver å skrive litt utanom, men det er ikkje så gjennomført.
- Vere førbudd når eg kjem på trening: Der har eg blitt mykje betre
- Meir klikkarklok: Arbeider med saka
- Lære meir om shaping: Ja det har eg
Ekko sine mål:
Grunnferdigheiter:
- Alle områda skal vere godt i gang. Ja
Lydnad:
- Fellesdekk. Den låg litt død, men etter kurset med Fanny har eg begynt å trene på "bli liggande" med fleire utfordringar til han. Dette meiner ho er til god hjelp i øvinga fellesdekk. Han skal lære å ligge same ka som skjer.
- Lineføring/ fri ved foten: Her er vi i gang og eg fekk fleire innspel på Fannykurset og under instruktørkurset
Bruks:
- Bringkobbelmeldinga på plass: Nei, det er den ikkje
- Enkeltslag: Vi har begynt
- Spor (tempo, ID-spor): Denne hausten har vi gått fleire gode lange spor. Tempoet er betre ( eg ligg ikkje heilt sprengt bak lenger). ID-spor har vi ikkje gjort så mykje av.
Gode vanar:
- Gå forbi andre hundar med viss avstand utan utfall. Her får vi trent ein del på rundane våre rundt Mosvatnet. Eg syns han er blitt betre, men treng ein del avstand enno for utfallet ligg nære..
- Helse fint på folk: Er framleis for ivrig. Eg har brukt lite tid på det
- Burtrening: Går fint heime, men må trene meir i bil
- Setje seg når eg stoppar opp: Her har vi kome altfor kort.
Konklusjonen blir at det har gått framover. Eg har blitt meir medviten ka det er eg held på med.
lørdag 8. november 2008
Ei god runderingsøkt
Medan vi venta på at det skulle bli vår tur, trente Marit og eg med Punky og Ekko på lausbittmelding. Ekko held bittet godt. Han får til baklengskjedinga. MEN det er så kjekt med figuranten at han set seg framfor meg når han kjem på plass (altså nærmare figuranten). Eg må trene det som ei eiga øving. Vi trener det synleg med liten avstand til figurant. Skal auke lengde, men må få inn utgangsstillingen. Det vi gjer no er at han blir sendt ut, plukker opp meldingsbittet, kjem inn på plass, får på seg lina (når matmor hugsar det) og spring ut for å bli premiert.
1. runderingsøkt.
Eg kjørte flying. Trur det er like mykje for at eg skal nyte synet av ein vakker hund som spring målmedviten mellom figurantar som at han elskar det, at eg held på flyingen lenge.
Han er flink her. Held eit godt tempo, men er av og til ikkje tett nok inntil meg. I dag måtte han tre av for "nødvendig ærend" undervegs, men det tok ikkje bort fokuset. Han fortsette løpet straks han var ferdig. Bra. Han skal vel ikkje gjere slikt undervegs...... Men slikt blir det når ikkje matmor lufta han skikkeleg på morgonen ;-).
2. økt.
I pausen kom det ein del vind. Eg blei frista til å utnytte den. Veit det er eit sjansespel for vinden har ein tendens til å variere veldig her inne i skogen. Men eg ville nå prøve eit overvêrssøk. Vi var fem personar igjen så eg la alle fire figurantane ut. Straks eg tok av Ekko lina, var det i fullt firsprang. Rett på figurant nr 2. Vi gjekk litt tilbake for å la han søke mot figurant nr 1, men her strevde han. Det var lite vind, men etter ei stund fekk han henne i nasen. Ho låg nede i ein dump.
Vi gjekk vidare. Han verka veldig lite interessert i anna enn å gå med nasen i bakken. Verkar som om han ikkje er med i det heile. Vinden har skifta såpass retning at eg går forbi siste figurant for å snu slik at han kan få ferten i nasen. Då viste det seg at den nasen som var i bakken, hadde ein luktesans sikta oppover òg. Figurant fire var funnen. Figurant tre fann han greit, men han måtte på motsett side av elva for å få ferten av henne. Godt jobba i svært varierande vind. Trur eg skal prøve dette på Bore neste gong. Det er litt for mykje eit sjansespel på Sviland.
----
I går gjekk eg gjennom måla for denne hausten. Og eg grublar på ka som skal ha fokus til våren. Ser at det er brukshunden eg koser meg med, så eg må tenkje ein del på ka som må til for å ha ein stabil brukshund og ka som må til for å få han kvardagslydig på dei områda eg treng.
----
I dag kom "Hundtränaren 2009"! Spennande.
søndag 26. oktober 2008
TPT -tenk, planlegg, tren
Så for å gje meg litt betre samvit og litt start på å tenke litt på leksene, kjem det her litt meir frå Eva Bodfäldt ("Kontakt- samspillet mellom deg og hunden din"):
"Som med alt annet får du et bedre resultat hvis du planlegger treningen. En effektiv måte er TPT - tenk, planlegg, tren.Tenk: Hvordan vil jeg at det ferdige resultat skal se ut? Hvilken målsetning har jeg? Skal innkallingen av hunden for eksempel "bare" fungere til hverdags, eller skal den også gjelde i konkurranser?
Planlegg: Hvordan skal jeg legge opp treningen? Hvilke belønninger er best i akkurat denne situasjonen? Akkurat hva skal jeg trene på? I hvilket miljø skal vi begynne?
Tren: Sett i gang og tren - og hold deg til planen.
(---)
Tenk deg at du trener på at hunden skal komme raskt når du roper. Du forsterker farten ved hjelp av en klikker, og samtidig gjør du en armbevegelse for å ta frem ballen som du har tenkt å belønne hunden med. Hvilke konsekvenser får dette?
Du risikerer at hunden kobler klikket med armbevegelsen din, og ikke med sin egen fart. Ubevisst lærer du hunden å bli mer oppmerksom på armen din - i stedet for å løpe fort. Du tror du trener på innkalling, mens hunden i stedet lærer seg å bli mer oppmerksom på ditt kroppsspråk. Resultatet kan bli at hunden løper langsommere ettersom den passer mer på om du har tenkt å bevege armen.
Uansett om du går, løper eller står stille, er det viktig at du ikke forandrer kroppsspråket i det sekundet du klikker. Først når hunden har hørt klikket, forandrer du stilling og gir belønning.
Shaping
Shaping er trinnvis å forme en ønsket atferd hos hunden. Ved å forsterke små responsar i riktig retning, og overse de som er uønskede, skjer det en gradvis utvikling mot den endelige atferden.
Det er vanskelig å si hvem som trener hvem når vi arbeider med shaping. Hunden viser atferd, og jeg forsterker responser i riktig retning.
(----)
Noen av de mest effektive læringsprosessene inntreffer når hunden får anledning til å tenke selv. Med shaping får hunden aktivt prøve seg frem for å finne ut hvilken atferd som blir forsterket. Til å begynne med kan det være vanskelig, ettersom mange hunder ikke har noen erfaring i å få ta eget initiativ i en læresituasjon, men er vant til at vi hele tiden viser dem hva vi vil. "
Men no må eg vel setje meg ned og skrive noko glubt om kvifor straff (positiv straff) og belønning (positiv forsterkning) ikkje fungerar saman. Det er lange debattar om det i Canis, og det verkar jo som om det er ganske mykje rot i omgrepa. Ja, ja. Eg har jo fasiten så ka bryr eg meg om debatten ;-). For dei som er litt forvirra over omgrepet positiv i forhold til straff så betyr ordet positiv å tilføre noko. Og då betyr altså negativ å fjerne noko. Vil de ha meir teori om det, får de melde frå..... Lettaste veg er å gå til den nye boka til Arne. Reknar med at den har med seg litt om saka.
mandag 15. september 2008
Nå er det haust
- Håndtering
- Klossen. Her skulle han kome heilt inn til meg utan å nøle.
- Veggen. Vi skal stå 180 grader frå veggen og snu oss slik at han set seg inn til veggen.
- Lineføring
Eg arbeidde saman med Anne Lise og Elisabeth.
Håndtering. I første økt blei hundane håndtert. Vi starta med tannvisning og gjekk vidare til at dei blei tatt på. et gjekk veldig fint. Men vi kan nok vere hardare i håndteringa.
Faya skulle arbeide med fri ved foten i ulikt tempo og pangdekk. Scotty trengte fokus og ro.
Utgangsstilling/klossen. Ekko elskar klossen. Han blir heilt gira når han skal stå på den. Og jammen hadde han sove godt og tenkt glupe tankar for det var bare å stille seg opp så var han tett inntil meg. Så målet for dagen på klossen var nådd før eg fekk tenkt meg om. Då prøvde vi med å vente å sjå om det kom eit sitt. Det blei frustrerande. Eg må innrømme at det kom litt hjelp frå meg. Den må vi øve på her heime. Eg vil jo beholde så tette sitt som det eg fekk på å stå inntil.
Utgangsstilling/veggen. Første runde var rar. Han forstod ikkje ka han skulle, ville bare leike. Han hadde tatt med seg Kvakki ut og den forstyrra tankane voldsomt. Elisabeth prøvde å dytte han inn til veggen. Det var visst ikkje slik Ekko ville ha det i livet så då var det ein som hoppa på matmor og sette seg så det suste bare han fekk vere ved sida av meg ;-). Etter fleire fine sitt hamna han i bilen. Vi kom aldri så langt som det eg hadde tenkt. Får nok ha det målet til neste veke.
Etter dette tok vi ein pause. Det hadde vore intens for fleire av oss og hundane i gruppa mi strevde med konsentrasjonen (til og med Faya). Av og til er det godt å ha dei andre til å snakke om treningsfrustrasjon med. Det kjem gode råd og ein del latter som hjelper.
I dag har vi vel konkludert med at Ekko er og forblir kvelp om han er aldri så stor. Han hopper og spretter som ein kvelp. Han må ha med seg kosedyr i buret og går rundt og viser kosedyra sine til andre. Kvakkien som hadde budd i Bergen sidan mai, måtte til dømes ligge i senga hans i fleire dagar.
Åtferd. Lufteturen i dag var med ein gira hund. Han skulle anten gå perfekt å få premie heile tida eller leike med bandet. Og på grusbanen skulle han leike. Dermed basta. ( Kor var Pia - ho er jo like gira akkurat der...) Faya fekk snuse på han, det same fekk Era. Dei to stod til og med og snuste på same grasstrå utan at det såg ut til å bry dei. Like kjekt kvar gong når eg ser at snutane er rett ved sida av kvarandre og kroppen er heilt roleg.
Lineføring. Det blei det ikkje tid til i dag.
---
Når det gjeld treninga og målfokus generelt, ser er at eg må jobbe heile tida. Det er så lett å miste fokus og kaste seg på det dei andre trener på.
Her er ein filmsnutt av Elisabeth og Faya. Elisabeth ville sjå kva som er galt og rett under fri ved foten. Eg ser mykje bra, men òg saker og ting som må arbeidast med. Dei har kome langt og det er herleg å sjå kor ivrig Faya er etter å jobbe.
onsdag 3. september 2008
Ein treningsglad hund
Dei to siste dagane har eg hatt det travelt og har vore trøytt - altså har eg hatt lite overskot tilå trene med Ekko. Eg syns han burde vere glad for ein god tur ut og eit griseøyre, men nei då. Han masar og tilbyr. Så den som må finne fram klikkaren og godbitar, er meg. Då er det ein hale som går....
Eg prøver å skrive logg og skal liksom notere kor mange forsøk som er korrekte og kor mange som er feil. Det er ikkje lett. Men her kjem i alle fall kort oppsummert tilstanden pr i kveld.
Vi har trent på target på fingeren. Det går faktisk veldig bra. No nærmar det seg 80% snute og ikkje munnen.
Å følge target gjekk så det suste i dag. Eg blei så inspirert at eg begynte med sitt inntil vegg. Og alle sitt inntil vegg gjekk som ein draum, men straks eg var utan vegg, blei dei skeive. Så eg får fortsetje arbeidet med bakpartskontrollen. Hadde forresten ei morsom oppleving då Ekko blei kjempefrustrert for han skjønte ikkje ka eg ville. Han hatt sett seg skeivt og prøvde alle andre forsøk på å få godbit. Til slutt kjem bjeffinga. Eg snudde ryggen til og stod stille. Denne gongen skulle han finne løysinga hadde eg bestemt meg for. Og jammen kom det ein stor svart hund og sette seg ved mi venstre side! Gjett om det blei storpremiering?!
Eg bruker ein treklosse til å trene bakpartskontroll og til å trene på utgangsstilling. Ekko elskar klossen. Nå arbeider eg etter Morten E sitt forslag. Ekko er kjempefrustrert når han ikkje heilt forstår ka eg vil når eg stoppar opp. Han vil at vi skal gå som ei kompassnål rundt og rundt. Eg er nå på trinn to i det blogginnlegget eg viser til. Sidan eg ikkje kjem på trening torsdag, har eg tenkt å bruke helga på klossen og target på fingeren. Og skulle overskotet kome så kanskje vi leiker litt med apporten ;-).
Elles møtte vi Torhild og Era i dag. Deilig å sjå Ekko bare glad når han ser ein hund. Det er ingen signal i kroppen hans på at han er utrygg og vil angripe. Dei fekk ikkje kome heilt bort til kvarandre sjøl om begge ville, men dei fekk godbitar for å vere i ro nær kvarandre. Og det greidde dei fint.
mandag 1. september 2008
Utgangsstilling -target på fingeren
Måla var:
- Target på fingeren utan å ville ha fingeren i munnen
- Å kunne bevege seg etter target
- Halde fast på ein gjenstand (dette for å løyse opp i ei øving som kunne bli vel pirkete)
Vi var veldig flinke og kom i gang kl 1730. Torhild og eg jobba saman. Første økt skulle Ekko kun ta snuten borti fingeren. Torhild skulle klikke. Det blei mange gode der han brukte nasen og ikkje munnen. Verka som om treninga eg hadde gjort litt tidlegare på dagen, hadde gjort susen.
Neste økt flyttar eg fingeren litt. Han følgjer, men no kjem munnen oftare fram. Når han har toucha fingeren stopper Ekko. Blei usikker der for skal dei ikkje følge etter så langt eg vil? Eller må eg alltid halde fingeren så langt framme at han ikkje kjem borti? Må sjekke ut den der (tar gjerne i mot kloke råd). Ekko blei meir frustrert i denne økta.
Tredje økt var likeeins. No ein del gode, men òg fleire der han vil ha heile handa mi i munnen sin.
Etter pausen opna slusene på himmelen seg og det blei litt surt å trene. No tok eg apportbukken fram. Ville trene på at han skulle halde. Her var han flink. Og morsom då apporten ramla framover i munnen (men han greidde å halde den fast) då eg frista med godbitar rett framfor nasen hans.
Siste del av treninga fekk han prøve target på ein gjenstand som Torhild holdt høgt og lågt. No var det for meg å klikke dei gongene han ikkje var borti med tennene. Ser at det er ei utfordring eg må trene mykje på.
Og kvifor står det utgangsstilling som overskrift når eg bare har skrive om target? Jo dette er første skritt for å lære utgangsstillingen igjen. Neste steg er inn til veggen med hunden bak og føre han fram og til å setje seg ved sida mi. Eg vil samstundes trene på bakpartskontroll med klossen. Har lese om att det som Morten E skriv i bloggen sin. Gode tips der.
Eg har til og med greidd å skrive treningslogg idag. Ikkje verst. Der ser eg at Ekko ikkje er 80% på target på fingeren så her må eg ikkje setje kravet for høgt enno.
søndag 31. august 2008
Planar for hausten
I går kveld var det noen av oss treningsglade som både åt, drakk og skravla (her er vi verkeleg i flytsonen) grundig og godt. No skulle vi planlegge litt ka vi ville for hundane våre fram til jul. Ekko var ivrig tilhøyrar. Han prøvde å vise at han var svært glad for besøk, at han kunne ligge litt i buret og at han er så høfleg at han står opp og følgjer gjestene til døra same kor seine dei er når dei bestemmer seg for å gå heim.
Mål for meg er:
- arbeide med kriteriene
- arbeide med timing
- vere medviten korte økter
- skrive treningslogg
- å vere førbudd når eg kjem på trening
Eg treng å bli meir klikkarklok og lære meir om shaping.
Ekko får mange fleire mål :-). Eg har i hovudet mitt delt det i fire, men i treningssamanheng kjem jo grunnferdigheiter inn overalt. Eg har altså tenkt: grunnferdigheiter, lydnad, gode vanar og bruks. Så ka vil eg han skal kunne innan for desse områda når jula ringjer inn?
- Grunnferdigheiter: Alle områda skal vere godt i gang
- Lydnad: Fellesdekk, lineføring/ fri ved foten
- Bruks: Bringkobbelmelding på plass, enkeltslag og spor (tempoet udner søk. ID-spor)
- Gode vanar: Gå forbi andre hundar med viss avstand utan utfall, helse fint på folk, burtrening, setje seg når eg stoppar opp (gangfelt, møte med folk osv)
Ser eg på desse måla så handlar dei jo om grunnferdigheiter som må kome i flyt og om å baklengskjede noe som er i gang.
--
Vi blei på fellesen einig i at treninga begynte på klokkeslettet og var i 45 minutt før 15 minutt pause. Oss som liker å snakke hund og filosofere litt saman, møter før og får unnagjort litt snakk før treninga begynner. På kvar trening skal vi ha håndtering og ofte innkallingstrening. Vi blei òg einig om at vi måtte ha eit nytt møte undervegs for å justere kursen og ta for oss den enkelte hund. På treningane er det viktig at vi i kritiske vener.
Det er litt nifst å skrive dette her for eg kjenner meg veldig forplikta og reknar med at eg får spørsmål undervegs...
søndag 6. april 2008
Evaluering av måla for veke 14 og mål for veke 15
- Bli ferdig med trinn to i baklengskjeding av bringkobbelmelding. Vi er omtrent ferdig med trinn 2 og kan fint begynne med trinn3 samstundes som vi held trinn 2 ved like
- Gå 2 turar rundt Mosvatnet (atferdstrening). Rakk bare ein tur for ryggen og hofta mi slo seg vrang denne veka. Vi var figurantar på atferdstreninga til Arne. Det hjelper òg. Særleg då vi gjekk utanfor treningsområdet.
- Target med finger. Vi trener på det innimellom. Diverre syns han framleis at fingeren min bør vere i munnen hans. Kvifor han skal gå etter den utan å ta i fingeren min forstår han ikkje. Dermed blir targetoverføinga òg vanskeleg.
- Halde apporteringsrteninga ved like. Fekk gjort litt. Hadde fokus på avleveringa.
Neste veke:
- Lydnad:, fri ved fot, holdt og på plass
- Atferd: To turar rundt vatnet eller andre hunderike område
- Grunnferdigheit: Target på finger må vi halde på med. Vil ha han til å følge den lenge
- Grunnferdigheit: Apporteringstrening og avlevering.
Vi får neppe tid til å trene ID-spor neste veke så eg set ikkje opp treningsmål der.
Eit lite tips til oss som trener på innkalling - sjå bloggen til Morten i Canis og linkane han viser til. Ein spennande blogg er Håkon Groven sin. Eg hadde slutta å følge med i den for han skreiv jo aldri. Men no er han i full gang igjen. Og når eg først er i modus for gode bloggtips så er ikkje den andre linken Morten reklamerer for dum den heller. Marianne konkurrerer på høgt nivå i lydnad. Mykje interessant å hente der òg.
tirsdag 15. januar 2008
Trening veke 3
Eg er litt seint ute med å skrive treningsplan for veka. Men betre seint enn aldri....
Aller først så må eg innrømme at hovudet har vore fullt av Chico og Elisabeth (begge to på bilete). Chico skada foten på tur for ei stund sidan. Han blei aldri god og no meinte dei at leddbåndet var gått. Dyredoktoren meinte det var dårlege prognoser for operasjon på ein hund som er 10 år. Han anbefalte avliving.
Elisabeth stilte på trening i går. Chico var med og fekk lufte seg litt. Vi snakka og diskuterte, ka nå? Silje meinte at ho ikkje skulle høyre bare på ein dyrlege, men sjekke fleire. Og i dag kom gladmeldinga. Elisabeth hadde sjekka med veterinær Lande på Karmøy. Han forstod ikkje at det kunne vere eit problem og ville sjå på Chico. Fekk melding i kveld om at Chico blir operert i morgon. Så no kryssar vi fingrar og labbar og sender tusen helbredande tankar til Chico i morgon. Måtte dette gå godt! Lande er forresten den dyrlegen som tok i mot Ekko og dei 16 søskena hans.
Nå har eg tørka litt tårer og er klar for planen for veka:
Grunnferdigheiter:
- Targeting. Vi har gløymt det litt i det siste, men Karin minna oss på det så no er det på programmet igjen. Targetpinnen går bra, pekefinger òg. Det einaste med begge, er at han av og til lurer på kvifor pinnen/fingeren forsvinn vidare. Han lurer på om det er ein ny test... Eg skal ha han til å følge etter, men det er han ikkje alltid like med på. Utfordring i denne veka.
- Sitt. Sitt på avstand begynte vi på denne veka. Det var vanskeleg. Han vil springe bort til meg før han gjennomfører det.
- Bakpartskontroll. Vi fortset med vinklar
- Utgangsstilling. Den kjem automatisk inn som treningselement i løpet av vekene.
- Galopp mot fører. Eg begynte på den i forrige veke og ser at det trengs. Han lar seg altfor mykje forstyrre på vegen inn. Eg er passe interessant. Og det vil eg jo ikkje vere.
- Holde fast. Denne er ein del av grunnferdigheitene og eg trener på den i forhold til brukshund. Eg vil ha sikker apportering.
Bruks:
- Apportering. Eg har no lese artikkelen om bringkobbelmelding. (Du finn den i høgre marg under "Gode artiklar"). Her stod det mykje fornuftig. Mellom anna må hunden apportere sikkert før eg set i gang med innlæringen av brinkobbelmelding. I tillegg må han synast at det å leike med figurant er noko i nærleiken av himmelriket på jord..... Akkurat den delen kan vi lære fort :-).
- Blindslag. Nå er det kanskje på tide å prøve blindslag? Ekko runderer svært godt, men har til no alltid funne nokon når han fyk ut. Kanskje eg skulle ta ein test på laurdag? Må få nokon til å hjelpe meg med korleis dette skal gjerast.
Nå ut og trene atferd.