Viser innlegg med etiketten atferdstrening. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten atferdstrening. Vis alle innlegg

lørdag 20. desember 2008

Nordavind frå alle kantar på Sviland

I dag var det rundering på Sviland. Eg kom litt seint så eg fekk ikkje med meg alle hundane, men etter det eg skjønte var det mykje bra jobbing av alle firbeinte i dag.

Eg hadde bestemt meg for at Ekko skulle ha enkeltslag og gå rett i belønning. Det starta veldig bra. Han spring rett ut. Etterkvart ser eg at han spring litt skrått ut på den eine sida for å bråsnu når han kjem langt nok ut. Då får han figuranten i nasen (vinden var akkurat då sånn). Eg skal prøve å utnytte vinden, men som ein eller annan har sagt: På Sviland kjem nordavinden frå alle kantar. Vindretningen skifta i eitt sett og eg greidde aldri å nytte meg skikkeleg av det. Eit slag sprang han ut og leitte voldsomt, men lenger nede enn eg hadde sendt han. Fekk han inn gjen, bad om lyd. Då Kari skreik, begynte vi alle å lure for det kom jo frå ein heilt annan kant enn der vi trudde ho var. Ekko meinte det same og sprang i den retningen vi syns vi høyrte hylet. Omsider fann han henne. Ho låg heilt rett i forhold til der vi sendte han ut. Lyden og vinden lurte på hund og menneske. Ekko skal ha ros for at han arbeidde og arbeidde for å finne henne. På siste slaget begynte han å snuse, leike med pinne osv. Fekk eit oppdukk og då blei slaget flott.

Eg kan nok kjøre enkeltslag og rett i belønning ei stund til. Han har ikkje beine slag stabilt. Det som er positivt er at han jobbar godt, heilt til han er trøytt. Greier eg å lese det betre, kan eg få figurantane nærmare på slutten slik at vi får fleire slag. I dag blei det dei tradisjonelle juleslaga, nemleg 7 :).

Evita og Ekko møttes litt i skogen i dag. Kari og eg fekk sett på koss begge reagerte. Ekko inviterte til spring etter pinne, Evita syns han var litt nifs. Begge var flinke til å kome innom matmødrene for sjekk. Vi gjorde ikkje mykje av det, ville bare prøve oss litt fram.

søndag 14. september 2008

Brukstrening

Denne laurdagen var det spor og runderingstrening på Ekko.

Spor
Eg hadde litt lita tid så eg la eit langt spor straks eg kom opp til Sviland. Bestemte meg at han skulle få gå det medan det var ferskt. Eg la karbonadebitar i ein del av sporet og ein stor premie på slutten. Grunnen til at eg la mat i sporet, var at han i det siste har hatt det vel travelt fram til målet. Tenkte godbitane skulle gjere at han senka tempo. Det såg strålande ut i starten, då gjekk han roleg og tok seg tid til godbitane. Men så var det som om sjølve sporet blei mykje viktigare enn godbitane. Farten auka og godbitane var ikkje alltid like viktige. Sjølve sporet gjekk han kjempebra. Eg greidde ikkje å lure han ein einaste gong ;-).

Rundering.
Målet mitt denne hausten er å få bringkobbelmeldingen på plass. Det har eg ikkje fåt begynt på ennå....
Sist vi runderte, trengte Ekko tid før han kobla ka han skulle gjere. Eg bestemte meg difor at det blei flying i dag òg. Kanskje med enkeltslag i siste økt (det blei det ikkje noko av). Denne gongen kobla han flott. Drivet framover var godt. Han kryssa nær meg og holdt eit strålande tempo. I første runde hjå Kari DM tok han med seg leika over til Gro. Eg lot det skje for han holdt flyten direkte til Gro og der blei den lagt igjen.

Nå må eg bare få begynt skikkeleg på meldingstreninga for han er eigentleg veldig klar for steget vidare.

Det gode med å pese han ut i dag, var jo at huset var fullt av gjester og han skulle vere aleine heime i mange timar på kvelden....

Atferdstrening
Seinare på dagen gjekk eg tur med Ekko. Brått kom det ein Cavalier ut av buskane. Den var flink i helsinga si og fekk lukte på Ekko. Ekko oppførte seg eksemplarisk.
I helsinga på gjester og når det ringer på døra, er han framleis vill, men landar fort (særleg på gjester som kjem inn - dørklokka er verre).

tirsdag 17. juni 2008

Fellesdekk, kryp, frivillig sitt og biltrening

Så var det måndag igjen og radioen meldte at det blei siste solskinsdag på ei stund. Då var det bare å ta på seg og kome seg ut.

Sidan vi skulle trene på kvelden, tenkte eg at ein rask tur i skogen var tingen. Vi hadde ikkje gått langt før det kom ein ungeflokk mot oss. Bare dei ikkje spring rett på oss, tenkte eg. Halen til Ekko går, og han tripper når han ser ungar. Brått seier ein av ungane: "Det er jo Ekko". Eg kjente ikkje ungen, men det viste seg at det var dei eldste ungane i nabobarnehagen som var ute på tur. Dei var veldig flinke. Kom roleg mot han, såg og snakka til han.

I skogen trente vi på "gå bak". Ekko er blitt flink, han til og med stilte seg klar til å gå bak eit par gonger. Som før skrive, eg syns det er ein nyttig kommando å lære hunden.

På heimvegen oppdaga han ein ny barnehage. Gjett om halen gjekk?! Det einaste var at vi kom på baksida og han høyrte bare lyden av ungane. Då ein unge omsider dukka opp, blei han så glad at han måtte bjeffe. Akkurat det må eg prøve å stoppe. Vil jo helst ikkje at dei skal bli møtt slik. Men den ungen var kjempegrei. Ho spurte om ho kunne klappe ha. Vi ned til gjerdet og ho inn mellom buskar for å få det til. Ho klødde han på øyra og fekk gje han fiskepudding frå flat hand. Slike ting skulle eg gjort mykje meir av då han var liten.


På kvelden var det tid for trening igjen. Vi starta som vanleg med litt hundeprat. I dag samla vi oss rundt sjokoladeposen. Vi måtte jo markere at det er den siste måndagen før feriane set i gang. Ikkje det at det ikkje blir trening i sommar, men...

Vi starta med fellesdekk. Eg gjekk ikkje langt frå Ekko, trente mest på dekk og sitt. Vi slit med at han legg seg skeivt. Vil liksom i ein halvmåne rundt meg. Må finne ei løysing på det. Når han skal sitje opp, har han framleis tendens til å sprette tilsides. Tok difor mest trening på å bare ta dei to kommandoane. Eg sette foten fram på dekk slik at han blei pressa til å legge seg beint. Dei sitt-oppane han hadde då, var kjempefine. Må arbeide vidare med det.

Så var det å få meir fart på frivillig sitt. Det blei det. Han tilbaud ikkje mange andre ting mellom kvart sitt og han sette seg fortare og fortare mellom kvar gong eg kasta godbiten slik at han måtte reise seg. Men reserfort.... nei. Må passe meg og stoppe før han kjeder seg.
Kryp gjekk bra. Spesielt då leverposteituba dukka opp. Då blei han så kjapp at eg ikkje rakk å skjule den mellom kvart kryp så han toucha nesten den i staden for fingen. Han har eit lite løft på bakenden når han skal få beina fram igjen etter at dei er strekt ut bak. Eg veit ikkje kor høgt løft dei har lov til å ha. Noen som kan gje meg eit tips?

Vi tok òg ein kort runde med touch på ulike gjenstandar. Mest for at Ekko skulle få halde på med noko det var meir fart i.

I ein periode mista han heilt fokus. Det var då Faya fekk bruke eit pipedyr som doggie zen. Då måtte eg ta ut ballen, men det hjelpte bare litt. "På plass" blei heile tida i den retninga der han kunne sjå Faya (same ka retning eg stod i). Eit godt døme på at kommandoen ikkje er heilt under stimuluskontroll...?

På slutten av kvelden trente vi vel nesten ein time på å gå inn og ut av bilen. Eg sat på kanten og Ekko tok alle variantar av å vere halvveges inni bilen, heilt inne og til og med la hna seg ned i buret ein gong. Det gjekk vel nærmare ei tube leverpostei, fantastiske kyllinggodbitar frå Silje og ein del kos av Torhild, Anne Lise og Silje som var så kjempegreie at dei stilte seg ved bilen og prata lenge. Det gjorde meg avslappa og Ekko trygg på at her var det ingen som hadde tenkt å kaste han inn i bilen. Takk skal de ha. Han hoppa faktisk frivillig inn i bilen etter ein kjapp tissetur etter treningsøkta. Så få vi sjå kor flink eg er til å fortsetje arbeidet.


Modellane i dette innlegget er Scotty, Pia, Faya og Era.

Til slutt måtte eg bare ha med Era. Sånn er det å vente i bilen. Bare så vi veit det.

onsdag 11. juni 2008

Ein opptur!... og ein nedtur

Sidan eg har vore frustrert over utfallet til Ekko på måndag, og vi ikkje fekk trent på møte med andre hundar, må eg ta med dagens opptur.

Vi var ute og gjekk i nabolaget. Her er det jo fullt av hundar så eg hadde med kalkunkarbonadar i tillegg til vanlege godbitar. Vi hadde ikkje gått mange metrane før eg såg ein hund som kom i mot oss. Den var i fleksiline og då seier erfaring meg at det er best å ha god avstand. Vi gjekk ut på ei mark før Ekko oppdaga hunden. Kroppen blei stiv og halen høg. Oppgåva mi var å halde bandet slakt samstundes som eg er parat til å ta det når han ruser ut. Eg serverte Ekko karbonadebitar medan han såg hunden. Han åt og ingen lyd. Og ikkje eit einaste rykk i bandet. Avstanden var tydeleg viktig for den andre hunden fekk gå mykje av lina ut. Men Ekko hadde nokre meter for det så det gjekk fint. Det tok ikkje lange stunda før han heller snudde seg mot meg for å bli servert. Vi kunne fort gå roleg vidare.

Vi møtte òg hundar som gneldra bak hagegjerda sine. Då kjem det ein liten lyd frå Ekko og han ser på meg. Ein godbit og alt er OK. Det einaste rykket i bandet eg fekk på turen, var eit utfall mot ein katt...

Brått ser eg at Ekko har fått stirra utan at eg ser kva det er. Men så oppdagar eg òg ein av dei lause hundane i området (har framleis til gode å sjå eigaren..). Eg gjer som i forrige runde: Gjev godbit og snakkar roleg med Ekko. Avstanden er stor. Den andre hunden forsvinn og vi fortset på turen vår. Vi møter ein syklist, nokre ungar og ut av ingenting står brått laushunden rett framfor oss. Kva gjer eg no? Dei er for nære kvarandre til at eg kan begynne å mate Ekko. Snusinga begynner med ein gong. På Ekko er halen høg og han trippar. På den andre har busta reist seg litt. Eg vel å slakke bandet til Ekko og skryte roleg av han medan den andre snuser på han og dei begge begynner å gå rundt kvarandre. Så spring den andre, som er ein hannhund, for å markere i nærleiken og Ekko får MANGE godbitar. Den andre kjem nære igjen, men denne gongen bare for å gå forbi. Ekko landar veldig fort og vi kan gå roleg vidare. Eg er heilt i hundre og trur vi kan møte ka som helst resten av turen :-).

Vi ser ein rottweiler rett etterpå, men er på god avstand og så er det ein katt på endå lengre avstand som er meir interessant, syns Ekko. Han blei litt forvirra på kven han skulle satse på, men bestemte seg for å stirre katten i senk.

Heilt på slutten av turen, møte vi ein redd liten hund. Dei stoppa på god avstand då dei såg oss. Vi gjorde vårt rituale (sjå på hund, få godbit) og Ekko gjekk roleg vidare med meg.

Fleire sånne oppturar takk!

-----
Og kor lenge var Eva i Paradis?
Eg hadde ikkje meir enn skrive dette før nedturen kom. Vi skulle bare ut ein liten tur. Rekk så vidt ut døra og får tenkt at nå må naboen snart klippe hekken for vi ser ingenting, før Ekko fauk ut. Ut av hekken kom ei eldre dame med ein liten dusk. Fullt utfall og den andre ikkje verre enn at den bjeffer i veg. Eg treng to-tre meter før eg får stoppa Ekko. Dama ser heller forvirra ut og eg får mumla beklager før det går opp for henne at det kanskje er smart å gå vidare. Søren og! Ikkje var eg klar med godbitar, ikkje var eg sekundet før Ekko, ikkje var eg noko. Men til trøyst: han fekk ikkje gjort den andre noko. Men dette skulle vi ikkje hatt i dag.

tirsdag 10. juni 2008

Skogstur

Overgangane er brå. Frå steikande sol og helst for varmt for hundane, til kuling og regn. Det gode med det, er jo at dette er perfekt vér for ein skikkeleg tur for både tobeinte og firbeinte. Fram med regntøy og gode sko, no skulle vi ut og gå i godt tempo.

Hovudmål for turen var at alle møter med andre hundar skulle trenast etter tipsa frå foredraga til Sdao (eg har jo kun lese bloggar så her bruker eg det eg oppfattar). Vanlege godbitar i ein lomme og resergode i den andre lommen.
Mindre mål var å jobbe vidare med "gå bak", halde tempo og kunne småjogge ved sida av meg utan å begynne med leik.

Tempoet på turen kan eg ikkje klage på. Ekko tok fort teikninga med at dette ikkje var snuse- og vimsetur, men trimtur. Ikkje det at vi bare gjekk fort, han fekk snuse òg i blant.
Småjogging gjekk òg fint. Han har ein uvane (som eg i leik lærte han som kvelp) med å biteleike i bandet når vi spring. I de siste har han fort oppfatta ein liten lyd eg lagar når han skal til å begynne. Då er han kjapp til å fokusere framover og bli med på jogginga.
"Gå bak" er kjempesmart å lære hunden, syns eg. Eg har stor nytte av det når vi går på ein smal sti og eg vil møte utfordringane først. Eller når vi går nedover fjellsider, lier, bratte bakkar ol. Då er det eg som bestemmer tempoet og han går bak meg. I desse tider når båndtvangen er (stortsett) overalt, kan det ver nyttig at eg ikkje heng som eit fortvila slips bak han nedover fjellsidene.... I dag opplevde eg at Ekko to gonger bestemte seg for å gå bak sjølv. Eg legg kommando på omtrent med det same han frivillig er bak. Reknar ikkje med at han kan den enno, men gjentek kommandoen og serverer godbiten bak ryggen min.

Eit mål eg ikkje tenkte på då turen starta var kontakt når hunden er laus. Ekko fekk gå laus 1/3 av turen. Eg hadde same tempo som tidlegare og var dermed heile tida i fart framover. Han sprang rundt og snuste, men det var tydeleg at han sjekka kor eg var for han var i nærleiken og bortom meg ofte. Nå trefte vi ingen hundar her så eg lurer jo på om han ville hatt like god kontroll på kor eg var viss det var hundar å leike med rundt han.

Så var det hovudmålet for turen. Tja det blei det heller skralt med. Vi trefte 3-4 hundar, men dei var på så stor avstand at det var enkelt å premiere Ekko. Men jo ei trening for meg. Eg gjorde ingenting før Ekko stoppa opp og såg på den andre hunden. Då gav eg han dei ekstra gode godbitane. Han var då kjapp til å vende seg mot meg for kontakt. Det er han jo trent på så hunden var ikkje farlegare enn det. Eg får arbeide vidare med det målet framover.

onsdag 21. mai 2008

Kjekk hund på tur

I dag skulle vi gå ein tur og nyte sola og den intense grønfargen. Samstundes ville eg arbeide med Ekko som turkamerat.

Målet var Mosvatnet og turområdet der. I tillegg til at dette er eit nydeleg område så er det stor sjanse for å møte andre hundar, fugleliv, barn, vaksne, motoriserte rullestolar, syklistar og joggarar. Altså perfekt område for turtrening.

Resultat:
Bandtrening:
Ekko går veldig fint i bandet når han er ferdig med dei første 200m med lukting og tissing. Han er lett å få kontakt med, oppsøkjer ofte kontakt og dreg ikkje i bandet. Unnatak er når han luktar noko veldig, veldig spennande, men til og med då opplever eg at ein kontaktlyd får han til å kome til meg.
Møte med menneske:
Vi møtte mange folk. Når ungar skal forbi, går halen ivrig. Då er det vanskeleg å sjå på meg, men han greidde det i to av tre gonger. Når vaksne går forbi, tek han kontakt med meg. Veldig bra.


Vi møtte òg hundar.
Eg var spent for han har hatt fleire utfall i det siste. Det var så lenge sidan så eg var så overraska då det skjedde. Altså bestemte eg meg for å gå langt ut og trene Kinderegg.

Første hund: Vi går til sides og stiller oss opp. Men det kom jo aldri ein hund... Det viste seg at hunden hadde bestemt seg for å ha eit stort toalettbesøk akkurat då og det tok visst tid med innsirkling av plassen osv. Men omsider kom han. Ekko såg bort, men var jo så gira på maten etter denne ventinga at det var ingen reaksjon.

Hund nr 2 kom like etterpå så vi var ikkje komne ut frå plassen vår ein gong. Denne var Ekko litt meir interessert i, men godbitane var betre. Han var roleg sjøl om vi gjekk tidleg ut på vegen igjen.

Hund nr 3 var utruleg vakker syns Ekko. Og eg trur at den andre syns like eins. Eg fekk Ekko lett ut av vegen, men ikkje i godbitstilling for kindereggøvinga. Dette måtte han bare sjå på. Fekk mata han frå sida. Kroppen stod parat, men ingen lyd, ingen rykk. Den andre hunden såg og såg etter Ekko. Og Ekko såg.... Men like etter er han lett å få med seg vidare og ikkje stressa.

Hund nr 4 kjem vi mot bakfrå. Dei går sakte og vi nærmar oss. Ekko er veldig klar over hunden. Eg byrjar trene på kontakt mens vi går. Han ser på meg kvar gong kontaktlyden kjem, men er fort stirrande framover. Etter kort tid er det Ekko som tar kontakt for godbit. Han ser stadig bort på den hunden vi nærmar oss sakte, men vel å sjå ofte opp på meg. Eg går så sakte at eg er sikker på at vi ikkje kjem for nære hunden framfor. Den vimsar i veg i fleksilina med matmor i mobilen, så her er eg ikkje trygg på at vi bør gå forbi. Eg hadde òg mobil, men den blei brukt til fotoapparat.

Hund nr 5 møter vi på eit smalt område og vi må snu og gå tilbake. Ekko kjem villig med og vil meir enn gjerne snuse på ny plass. Eg får han til å sitje. Han observerer den andre, men søkjer stadig kontakt med meg.

Sitt når eg stoppar opp.
Dette er vanskeleg. Ekko strever med å forstå at han skal gjere det når vi går og luftar oss. Han har tidlegare lært at han då skal stoppe og la bandet bli hengande slapt. Og det er jo godt at han kan. Men no vil eg altså at han skal setje seg når eg stoppar opp. Øvde kvar gong vi kryssa ei gate i dag, men det er ikkje lett for bilførarane er kjappe til å sleppe oss fram :-) . Når han har tenkt seg om bitte litt, er sitt faktisk forslag tre. Først stoppe opp, så sjå på meg og så .. sitt.

Når vi møter folk vi kjenner, er det mange andre ting han vil FØR sitt og kontakt kjem, men det går sakte framover. Det kjem i alle fall som eit tilbod.
Fuglelivet.
Ender er kjempespennande syns Ekko. Kontaktlyd var nok til å få han vekk frå det fokuset. Minus ein gong. Då skulle eg fotografere og tar hunden med meg ut i eit ormåde der fuglane bare låg og venta på oss... Gjett om eg fekk brannsår i handa då bandet stramde? Men ingen fugl skada og Ekko var lett å få i modus som fotoobjekt.
På slutten var vi så blide begge to at det blei drakamp med bandet og lov til å bere kong-en heim.

lørdag 3. mai 2008

Hagedag

I dag har eg arbeidd i hagen. Eg har hjelpt dei tobeinte med å grave hol til planter. Merkeleg nok får eg stadig kjeft for eg lagar visst hol der det ikkje skal vere. Eg skjønar ingenting. Ingen av dei tobeinte får kjeft. Ka er det som er galt med mine hol?

Elles har eg desse dagane trent mykje på daglegdagse situasjonar (vanleg kvardagslydnad seier matmor). Til dømes:
  • å kunne styre meg når folk står opp. Eg syns jo det er så kjekt med mange menneske i huset. Koffor vil ikkje dei ha kyss om morgonen?? Men eg har lært meg eit triks: Ta ein sko i munnen. Det hjelper.
  • å kunne ligge fint under bordet/ ved sida av når dei tobeinte et maten sin(Det er vanskeleg. Dei et ofte og det luktar så godt)
  • å setje meg når ungar vil klappe meg
  • å setje meg når mor opnar døra for gjester
  • å kunne gå fint i band på tur
  • å ikkje forstyrre når dei tobeinte vil vere i fred
  • å sove lenge (Det får eg ikkje til. Eg vaknar tidleg og går rundt og tripper. Heile hjernen er full av "Når står dei opp?")

Eg syns eg får ganske godt til mange av oppgåvene, men dei fire første er ganske utfordrande så mor må ut med ein del godbitar undervegs. Men eg prøver verkeleg og får det til innimellom.

Når det gjeld turgåing har eg faktisk fått trent ein del for dei vil vere med meg på tur både titt og ofte. Eg har møtt andre hundar og har gått til sides utan problem. Har faktisk av og til sendt matmor eit blikk og eit klynk om at her må eg få noko for nå er det nifst. Eg har ikkje kjefta på noen. Trur matmor er veldig nøgd med meg.

Men no må eg sove. Det tar på å vere ute i hagen heile dagen i tillegg til nokre turar i nærmiljøet.

Eg lurer på koss det går med Faya denne helga. Ho er på utstilling. Det syns eg høyres vanskeleg ut. Men dei må visst det viss dei vil bli sjampinjong.

søndag 27. april 2008

Lausbitt, ID-spor og ro

I dag var gråveret her, men det blei ei fin trening i Skjævelandsskogen. Det er stort sett lunt der. KL 0930 møtte Ingeborg m/ Sander, Anne Lise m/Scotty, Silje m/ Pia og vi til ei variert treningsøkt. Vi brukte litt tid til å diskutere ka kvar enkelt ville med treninga. Det var smart for då kunne vi òg gje gode tilbakemeldingar.

Vi starta med rundering. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle trene på lausbitt. I utgangspunktet var jo planen å følge skjemaet for baklengskjeding av lausbitt, men så får eg jo brått lyst til å ta to ting om gongen. Altså blir han sendt ut på enkeltslag, henter lausbittet, kjem tilbake ( men spring vidare til neste figurant (flying slår inn). Han kjem tilbake på innkalling. Set seg , får på seg ei langline og spring fint ut og viser funn. Dei to neste rundane har han forstått teikninga. Spring og hentar lausbitt, kjem inn og blir sendt ut på nytt. Men etter det byrjar rotet. Figurant går for langt ut (typisk at vi går for fort fram..). Første del går fint. Han hentar, kjem inn, men syns det er heilt uinteressant å springe ut til figurant igjen. Luktene i skogen er meir interessante. Dumme meg. Nå må eg snart lære. Eg skal følge planen eg har sett opp, nemleg trinn 3 i baklengskjeding av lausbitt/fastbitt ( så artikkel i margen).

Neste utfordring var eit vanleg spor med litt pølser i starten, litt i kvar vinkel og mange på slutten. Han var lite interessert i pølsene, men fulgte sporet greit.

Utfordring 3 var ID-spor. Vi prøvde denne gongen å legge spora i medvind, men bomma litt på Ekko. Han fekk litt sidevind så vi blei diskuterande om han gjekk litt nedanfor sporet og tok det på ferten eller om han gjekk i sporet. Det er nok truleg ein blanding, men eg må jobbe med å få eit godt medvindsspor.
Alle hundane tok ID-sporet kjempebra. Dei var aldri i tvil om ka lukt dei skulle følge. Dette må vi gjere meir!

Utfordring 4 var å ha alle hundane ute på same tid og i band. Her var målet å kunne spasere forbi kvarandre med slakk line og ein hund som tar kontakt med oss. For Silje og meg var det viktig for vi har altfor mykje trent på dette på faste plassar, altså går dei i treningsmodus.
Det gjekk kjempefint. Vi gjekk deretter inn i skogen med dei. No kunne dei risikere at det var ein hund bak, framfor, på sida osv. Etter kvart kom vi nærmare og stod stille og premierte rolege hundar som tok kontakt med førar. Kjempefin økt. Nå kjenner jo desse hundane til kvarandre, men eg trur det er smart å trene litt slik for å få dei vane med at andre hundar kan vere nær overalt utan at hundane treng ta kontakt med kvarandre.

Siste utfordring i dag var bilen. Ekko var roleg etter denne økta i skogen og kom med ned til bilen. Eg opna døra og sette meg der. La ein godbit i bilen. Ekko tok to labbar inn i bilen, fekk klikk og ein godbit til. Hoppa ned og eg gjentok det same. I blant var godbiten langt inne og han måtte inn med heile seg. Fekk stor premie og nytt klikk før han hoppa ut. Slik dreiv vi på ei lita stund, så fekk han mange godbitar og eg stengte bildøra med hunden inni. Fin avslutning på ei god trening.

torsdag 13. mars 2008

Atferdstrening

Tysdag var dag med sol. Ein perfekt dag for atferdstrening fann eg ut. Lommane fulle av kjempegode godbitar og radarblikket på. Tid for å gå rundt Mosvatnet. Og eg hadde tenkt rett. Vi møtte mange hundar. Ved kvart møte gjekk vi tilsides og trente "kinderegg". Eg trur nok at det er mest for min del at vi går langt ut til sides. Ekko reagerte lite på dei fleste hundane. Men nokre kribla tydeleg litt så akkurat då var eg glad eg hadde gått så langt ut. Og skravlande damer med hund i flexibånd er ikkje heilt til å stole på. Dei oppfatta lite av det eg dreiv på med, dei skravla og hunden kom nærmare og nærmare....

Onsdag gjentok vi det same, men gjekk ein annan tur. Vi møtte færre hundar, men hestar og folk. Dei største utfordringane var to søte jenter som ville klappe, men som hadde finkjolen på for dei skulle i selskap. Det blei mykje mjukost i premie på Ekko den stunda. Og møtet med ein katt.... Då blei det liv i hunden. Eg registrerer òg at han er flinkare til å ta kontakt med meg når vi møter noko (menneske og dyr). Det liker eg og han blir premiert for det.

I dag har vi vore på trening.Vi har trent på bakpartskontroll (rygging). Ekko er blitt kjempeflink til å rygge. Til stor frustrasjon begynte vi òg på eit lite triks. Ekko ville bare rygge, ikkje noko anna. Men så smått fekk vi begynte på trikset "vinke". Vi ser for oss kongeleg vinking frå altanen 17. mai....:-)
Karin hadde med seg rotta "Ludolf"(?) til miljøtrening/atferdstrening/ sosialisering. Eg var spent på Ekko og ei rotte. Men guten viser talent. Han snuste, dunka litt borti i håp om å få litt leik i gang. Kom bort til meg for å kose, prøvde seg med dempande signal og ville ha litt kontakt med rotta igjen. Veldig positiv oppleving.

Litt oppsummering etter fokusdagar på atferd:
- det er eg som er den mest usikre av oss to. Eg stoler lite på han ( og har kanskje grunn for det?)
- han blir stadig enklare å gå tur med. Drar lite i bandet, tek kontakt
- vi må gjere dette oftare slik at eg får trent på raske reaksjonar. Og kanskje våge meg litt nærmare det farlege.

onsdag 20. februar 2008

Baklengskjeding av bringkobbelmelding 2

I dag har vi trent litt meir på å baklengskjede bringkobbelmeldingen.
Vi er på trinn 2: Holde fast lausbittet - påvisning.

Ekko sit klar med lausbittet i munnen og ser på Jan Inge som har ei kjekk leike der framme. Det er viktig at ein får hunden til å ta bittet og halde på det når ein gjev kommandoen. Eg bruker kommandoen "Vis mann". Ekko må sitje med lausbittet i munnen til eg har tatt av han kobbelet.

"Vis mann!"
Ekko slapp lausbittet halveges eit par gonger og sprang omtrent heilt inn med det siste gongen. Det er ikkje viktig i starten at han har med bittet heilt fram, bare at han har det ved start.

Førar skal gå ut til figurant og hente hunden. Ta den i kobbelet og gå tilbake til der vi skal sende hunden ut frå.


Ekko blei sliten av dette. Det skulle ikkje mange gjentakingar til før han mista farten. tydeleg at hjernen arbeider hardt.



Marit sender Punky ut på søk etter figurant. Hunden sette nasen i veret og kryssa eit vått, ulent område og ein veg utan å la det hindre jakta på figurant Kari.













Atferdstrening.
Før vi begynte treninga, gjekk vi ein liten tur saman både tobeinte og firbeinte. Eg var spent på korleis Ekko kom til å fikse det. Han har eit "brulte" språk. Punky syns at han var nifs og spennande. Ho gøymte seg under bilen, men måtte fram for å sjekke. Deah syns òg dette var i nifsaste laget, men begge var interessert. Det var tydeleg at Ekko var meir hersande på Deah enn Punky. Eg tok han i band slik at dei andre skulle få leike.

Etter treninga gjekk vi ny tur med Ekko og Punky. Det var ei fasinerande oppleving. Punky er ikkje skuggeredd. Eit par rundar under bilen og fram igjen, så var ho klar til å prøve seg på han. La seg på rygg, slikka han rundt munnen. Og Ekko han hoppa rundt og hadde bråkestemme, men ville tydeleg leike. Han prøvde den kjekkaste leiken han veit: Springe med pinne i munnen. Punky var med. På resten av turen var det mange herlege episodar. Til mi store glede såg eg opp til fleire forsøk frå Ekko til å vise dempande signal.
Takk til Marit og Jan Inge som kom med forslaget og tok sjansen på at at det skulle gå bra. Eg var jo i utgangspunktet veldig redd for korleis Ekko skulle takle ein kvelp og dei han.

onsdag 30. januar 2008

Apporteringstrening og litt atferdstrening

Vi trener for tida ein del på å apportere då med tanke på lausbitt/ fastbitt i melding ved rundering.

Eg har halde desse øvingane vekke frå runderinga førebels. Han er nå blitt ganske stødig i deler av runderinga og eg ønskjer no å utvikle det vidare. Skal prøve ut nokre tankar i helga. Men samstundes som dette foregår, trener vi på apportering.
Nå held Ekko fast i gjenstanden han har i munnen til eg seier takk. Han kan gå og hente den, komme på plass og vente til eg seier takk. Bra. Men eg ser at straks eg tar fram lausbittet, blir det lett tatt i den eine enden, ikkje midt på slik han gjer det med apportbukken. Det må finjusterast.

I kveld har eg hatt Ekko i utgangsstilling, gått bort til ein sekk, lagt lausbittet der, gått tilbake igjen og bede hunden rundere. Han spring ut, hentar lausbittet, kjem tilbake på plass, leverer lausbittet på kommando. Får ny kommando "vis mann", spring saman med meg ut til sekken og får premie der. Dette gjorde han i 4 vellukka repetisjonar. Nå har ikkje utfordringen vore særleg stor då dette har foregått innandørs og med kort avstand. Eg reknar med å trene apportering med andre gjenstandar framover slik at sjølve apporteringa sit godt. Det kan hende eg prøver på metoden som er skriven om i artikkelen: "Innlæring av bringkobbelmelding med baklengskjeding" i løpet av helga. Men så er det jo at han bør prøve blindslag òg snart.

Vi har òg trent litt på targeting. Og det treng vi! Eg får ikkje til å lære Ekko å overføre frå target til gjenstanden. Han er bare targetfiksert. Når eg står og ventar, blir han til slutt kjempefrustrert og byrjar å øydelegge det han skulle setje snuten på. Rart at eg ikkje finn nøkkelen inn der, men vi får bare fortsetje og satse på at "øving gjer meister"


Atferdstrening:
Bak all treninga ligg jo alltid "problemet" vårt: Atferden til Ekko. Kronprinsessa dreiv med utagerande festing i ungdommen, Ekko driv med utagering han òg, men om eg skal kalle det festleg er vel å overdrive litt.....

Det at eg aldri er trygg på om han går til fullt angrep på andre hundar, gjer at han får eit liv i band alt for mykje. Men av og til får han litt fridom. I går var ein sånn dag. Elisabeth og eg gjekk tur i sanddynene saman med hundane Faya og Ekko. Dei leiker ikkje i lag. Ekko har stor respekt for henne. Vi hadde prøvd å ha dei fri i lag ein gong før, Då hoppa Ekko opp på meg. Dette var nesten over grensa for kva han vågde.... Han fann fort ut at den vesle bestemte tollertispa ikkje kom til å spise han opp, men ho ville ikkje leike. I går gjekk dei lenge i lag. Begge sprang, men kvar for seg. Ekko inviterte stadig til leik, helst det å springe etter kvarandre. På slutten var ho litt med. Ekko hadde ingen problem med å lese språket hennar. Han stoppa straks ho gav melding.
Han kom inn på innkalling dei få gongen vi såg hundar i det fjerne. Men så dukka det opp ein hund (det var blitt mørkt og vi såg lite) som Ekko oppdaga og møtte før eg i det heile såg situasjonen. Då hjelpte ingen innkalling - ingenting. Det kom eit bjeff og Ekko kom tilbake. Eg var først redd, men truleg var det ei tispe som bare trengte å melde frå om at han fekk kome seg vekk. Flaks. Eg likte ikkje den. Opplever utviklinga i forhold til møta andre hundar som stilleståande.

Så dreg vi på atferdstrening ein time etterpå. No skal han vere figuranthund for andre usikre hundar. Og svisj er guten på jobb! Han bryr seg lite om dei andre, kan passere, ser på dei og på meg. Litt godsnakk og premie og livet er flott.

Neste morgon: Han ser ein hund på andre sida av ein brei veg: Full utagering.
Eg undrar meg over min firbeinte ven. Ka foregår inne i koblingane hans? Han var heldigvis i band, og eg har etterkvart fått litt trening i å håndtere 50kg utagering. Eg vakna i alle fall.....

PS bilete er ikkje Faya og Ekko (det fins ikkje svarte tollerar?), men kun for illustrasjon. Det er Ekko og ei anna bestemt dame, Kita.