Viser innlegg med etiketten bringkobbelmelding. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bringkobbelmelding. Vis alle innlegg

søndag 12. august 2012

Då var vi i gang

Eg legg meg her. Vasking av bil er farleg.
Då er ein lang og god ferie over. Sola måtte eg til utlandet for å finne skikkeleg av, men Ekko er ikkje så oppteken av slikt så han syns sommarferie er å ha besøk og å besøke kjekke folk. Og bade! Det er utruleg kor sosial den hunden er. Aller helst skulle alle vere med på tur. Eller vere heime samstundes. På besøk i Bergen kunne ikkje han og eg gå tur viss dei andre var ute med bilen. I følge Ekko måtte vi vere ved huset då. Og lukka var stor då han kunne vere velkomstkomite kvar gong dei kom tilbake.

På besøk på Tau, der hagen var full av kjekke ungar, kunne han bare gå så langt som han trengte for å gjere sitt fornødne så måtte han snu. Han skulle vere der ungane var. Dermed basta. 
Opplevde ein fin episode. Etter middagen laga eg til restemat til han. Kjøtbein, saus og poteter. Han åt lukkeleg. Då kom ei lita tulle på 1 år og sette seg på huk ved matskåla. Før vi fekk sukk for oss, tok ho eit bein med kjøt og saus på. Ekko såg på henne og fortsette med å spise. (Pust). Jenta fekk beskjed om at det var hunden sin mat så ho la beinet fint ned igjen. Ekko åt. Gode hunden. Og glad er eg for at eg rotar meg borti matskåla hans i blant. Men eg er ikkje sikker om reaksjonen hadde vore lik om det var ein vaksen som tok maten. Eg ser han er veldig forsiktig når dei minste vil leike med han. 

Melding!
På laurdag var det heldigvis treningstid igjen. Etter planen på terminlista til bruksgruppa skulle vi til Sviland. Det var Gry og eg som var klar. Men der var jammen vegen til Sviland stengt av eit stort tre.
Vi parkerte på området, lot hundane lufte seg og surre litt saman før Gry og eg la kvar vårt spor i skogen. 

Først var begge ute og vi trente kvar for oss. Ekko trente på fot, bli verande i ein kommando medan eg gjekk vidare osb.
Etterpå var det meldetrening på begge hundane. Tydeleg at dei òg var klar for jobbing for begge stod på og gjennomførte fine meldingar.

Så var det sporet. Eg hadde lagt ut fire gjenstandar og laga nokre luresvingar i sporet. Var spent. Men det var ikkje Ekko. Han gjekk til gullmedalje. Alle gjenstandane blei markert. I alle vegkryss, tok han rette vegen. Skikkeleg godt spor. Og så glad han var då han kom til slutten!
Fellesdekk

Vi avslutta med fellesdekk. Hadde god avstand for å sikre oss at ingen av dei spratt opp for å helse på den andre. Dei låg fint og fellesdekket blei gjennomført med glans.

Deilig å vere i gang igjen!

mandag 9. januar 2012

Fullmåne og stjerneklart.. vi måtte bare trene

No overgår vi oss sjølve. Trening laurdag og trening i dag.

I kveld var vi fire ekvipasjar som syntes at fullmåne og stjerner er noko å feire og drog til Sviland for å trene.

Ekko og Sita sprang og varma opp medan Gro Anita og eg prata. Så kom Gry og Kristin og vi var klar.

Kontakt ein mørk kveld. (med svart hund). Ekko var så klar til å trene at han gjorde alt eg bad om. Tren, tren... Så kontaktreninga gjekk veldig bra. Innkomst på kommando og.

Så var det meldetrening med kyllingstykke som premie. Det gjorde susen. Kjapt ut til Gry for melding, inn til meg for å melde. Då har han det så travelt at han set seg framfor meg, men sit i ro med bittet i munnen til eg har "kladda" ferdig. Og full firsprang ut til premien. I dag var det ikkje leik. Han har ein fot som han har klynka på eit par gonger. Meldingane var veldig fine. Eg kan pirke på detaljen om at han kan stoppe eit steg før, nemleg ved sida av meg, men i dag var det farten og tolmodet (å vente på kommando: vis) eg ville ha tak i. Han kom i fint driv inn til meg òg. Han har til vanleg ein tendens til å dempe farten på veg mot meg, men det hjelper med oppmuntrande tilrop.

Etter dette hjelpte eg Gry med meldetreninga. Silja er jo ein fryd! For ein fart og iver. Og i dag oppdaga eg at ho ikkje trengte mange godbitane. Når figurant blei jaktleika, var det heilt topp. Må teste det ut på runderinga.

No ligg Ekko og søv. Det er eit eller anna gale med foten for den blir slikka og han er forsiktig når han trør. Ikkje lett å sjå ka det er. Alt er jo svart på den der bajasen. Vi får sjå i morgon.

søndag 6. november 2011

Vi er her enno. Og vi trener

Det blir litt lite blogging, men sånn er det når matmor jobbar for mykje, reiser for mykje og Ekko byrjar bli ein moden mann.

Men i går var det bare å pakke snippsekken og dra til Sælandsskogen. Der venta Silja, Kira og Scott med matmødre. Alle like klar til å trene.

Det var litt vind i dag, men som alltid på Jæren, kjem den frå dei fleste kantar. På midtlina frå ei retning og i skogen frå motsett. Ja, ja. Hundane fiksar slik på sitt vis dei.

Ekko var 4.hund ut. Han var kjempeivrig på veg mot startpunktet. Visste godt ka som skulle skje og dette er kjekt! Det er forresten ein egen fryd å trene rundering når ein ser på hundane. Så ivrige, så glade. Dei elskar det.

Gry og Marina var figurantar. Dei sit klar uti skogen med leiker (Ekko er blitt heilt gira på å leike), godbitar og lausbitt. Første slag er direkte i leik. Full fart rett ut. Figurant blir passiv når ho får beskjed og Ekko kjem i fullt firsprang. Får eit lite rop frå meg når han nærmar seg slik at kryssinga foregår like ved meg. Flott kryssing. Og rett i leik hjå neste figurant..
Så er det direkte over til neste figurant. No skal han hente lausbittet. Inn  kjem han i full fart og har så vidt tid til å vente på at eg skal seie vis. Men han ventar. Skikkeleg ivrig. Eg er imponert over kor kjapt han tar overgangen frå rett i leik til full melding.
Han får to slag til med full melding. Farten og iveren er stor. Har eit tenkjeslag. Dvs han stoppar opp etter å ha sprunge nokre meter for så å sette opp farten igjen.  Så tar vi to slag med rett i leik og sluttar 1.økt med ein hund som ikkje verkar trøytt (hm. har han begynt å kome i form?).

2.økt blir med kortare avstand og utan leik. Rett i matfatet i staden. Men korte økter hjå figurant. Her er det bare vedlikehald av kondisjon som skal trenast. Flotte slag denne gongen òg.

Eg er veldig nøgd med treninga denne laurdagen. Fryden frå flyingen har gått over på meldetreninga og det var akkurat det eg hadde håpa på då eg starta med å blande desse to. No gjeld det å auke meldeøktene. Og lure inn eit blindslag i ny og ne.

Då vi kom heim oppdaga eg ein hund som halta. Kjente på foten, men den verka ok. Reknar med at han bare har trødd forkjært i iveren. Etter litt omsorg og pleie, var han klar for å sove seg frisk.

søndag 9. oktober 2011

Solskindag på Sviland

Tenk å trene i sol! Det gjev jo energi bare å tenkje på det.

Vi var 6 ekvipasjar denne laurdagen. Gro&Maja, Gry&Silja, Kathrine&Max, Lise&Scott og Kari&Tammie. Ja, så oss då. Ekstra kjekt var det at Kari dukka opp. Tammie jobba som ein helt så eg håpar matmor ikkje ligg på latsida på laurdagen, men dukkar opp. Hunden har garantert lyst :).

Ekko var siste hund ut. Han var ganske gira på lufteturen så humøret var det ikkje noko å seie på. Figurantar var Lise og Gry. Kathrine gjorde ein god jobb på midtlina. 
Programmet var som før: Først direkte i leik, så full melding etterkvart. 

Det gjekk så det suste med flyingen. Han holdt eit flott tempo, kryssar fint og jobbar godt. Langt om lenge kom eg på at eg hadde gløymt meldetreninga. Ka gjer eg no? Han byrja bli trøytt og det var bratt på den eine sida og tildels på den andre òg. Lever jo stort sett etter "Ekko klarer det meste" så her var det bare å melde frå om at det blei melding hjå Gry. Ekko sprang som før. Han blei litt forfjamsa hjå figuranten. Hæ ingen leik? Men tok bittet og eg fekk melding om å rope på han. Der kom han med lausbittet flott i munnen. Det er så vidt han har tid til å stoppe hjå meg for han må ut for å leike. Flott. Sendte ut på Lise òg. Fekk eit lite kvistknekk som lydhjelp (ville ikkje miste fart og interesse sjølv om han var trøytt). Ut og perfekt melding. Avslutta på Gry. Veldig nøgd med innsatsen til den firbeinte. Det var visst han og for han sov i bilen heim, noko han sjeldan gjer.

På måndag blir det visst trening på området. Er spent på det for eg har hatt så lite fokus på detaljtrening av det slaget det siste året. Men kjenner eg Ekko rett, så er det sikkert kjekt det òg.

Vidare arbeid:
Kondisen er betre, men kan med fordel for både tobeint og firbeint blir endå betre.
Meir av meldetreninga.
Trene på detaljar (så mange som eg vil ha) når han kjem inn med melding
Reparere fastbittet. Det løsnar altfor lett.

tirsdag 4. oktober 2011

Mørkerundering

Måndag 26.9. var det tid for litt kveldsrundering igjen. Vi var såpass mange denne gongen at det tok tid og mørkret kom springande på oss. Då det var Ekko sin tur, var det ganske mørkt. Svart hund i svart skog....

Figurantar var Gry og Kristin. Dei jobba som heltar med å finne fram. Eg gjorde som dei siste gongene. Nokre rett i leik og nokre med melding. Ekko tar skillet godt. Det var spennande å vente på han no når eg ingenting såg. Men meldinga var fint i munnen :). På det eine slaget måtte eg bare la han springe ut og få premie utan meg. Eg brukte ikkje line og han sprang så fort og eg såg ingenting ;). Men Ekko fann tilbake til figurant og fekk seg ein liten fest.

Ei god treningsøkt. Det blir truleg lite av slikt i oktober, men vi får ta dei stundene vi får. Eg fortset trening på kondisjon og meldingar.

søndag 4. september 2011

Trening i veke 35

Måndag var vi 5 ekvipasjar på runderingstreninga. Kjempekjekt! Eg fortsette med det gode innspelet frå forrige veke. Og det funkar perfekt.
Først 2 flying, rett i belønning. Figurantane er blitt dyktige til å arbeide med han. Ekko elskar jaktleiken og det krev fart og engasjement. Så full melding med lausbitt. Han fiksar veldig bra overgangen. Etter 4 slike, er dei 3 siste rett i leik igjen. Tunga heng som eit slips, men farten er på plass. Veldig godt jobba.

I går var det trening i Sælandsskogen. Vi var fire ekvipasjar. Fascinerande kor ulike hundane er og måten dei jobbar på, men du og du for ein innsats av alle fire. Kira som endeleg var på trening etter fleire månader, var så ivrig at matmor nok må tidleg opp kvar laurdag framover ;). Maja som syntes det var så kjekt å få rundere at ho ikkje brydde seg så mykje om ka matmor ville, men sprang frå side til side og jobba som ein helt. Det blei eit godt samarbeid ut av det ganske fort. Men for ein fryd å sjå henne vere så glad for å rundere og vise at ho kunne systemet. Måtte tenkje på den forsiktige, redde hunden vi jobba med for nokre år sidan.
Silja er som alltid ein jetmotor. Denne dagen skulle det trenast på bein linje ut og framdrift. Det gjekk så det suste. Herleg energi i den labradoren.

Så var det bajasen min då. Figurantane blei lagt ut slik at vi kunne utnytte vinden. Ekko sprang langt ut og jobba godt der han ikkje gjorde funn med ein gong. Brukte same metode som måndag, men denne gongen bare 2 fulle meldingar. På den eine såg eg at han kom til å springe rett i elva (tunga var omtrent i bakken) så figurant fekk beskjed om å sitje heilt stille og la han plukke opp meldinga når vasspausen var over. Og det gjekk som smurt. Han hugsa ka jobben var. Avslutta med fleire flyingar. Økt to var bare flying. Dette som del av opptrening av kondisjonen igjen.

Ekko oppførte seg som ein overtrøytt unge resten av ettermiddagen. Begynte å lure på om han verka i kroppen for han fann ikkje roen.  Eg som tenkte han var sliten etter treningsøkta.

torsdag 25. august 2011

Det går opp det går ned

Denne veka har vi fått trent litt. Først måndag. Ekko fekk ein god tur før treninga. Han var ganske gira der han sprang i skogen, så eg burde kanskje lukta lunta..
Eg hadde bestemt meg for at han skulle bruke fastbittet. Det hadde gått greit forrige trening. Men denne gongen blei det bare tull. Ekko gadd så vidt springe ut til figurant. Det einaste positive var at han sprang fortare inn til meg for å kome seg ut att. Det har han ikkje gjort kvar gong. Han slapp bittet når det passa han og eg begynte å bli frustrert. Gjekk over til flying og direkte i leik. Tenkte at det fekk vere kondistrening. Då vakna guten. Fullt firsprang og han sprang til han spydde.

Etter slik ein måndag, var eg spent på om eg kunne stille krav til han i dag. På parkeringsplassen stod vi og diskuterte, Isabelle, Lise og eg. Isabelle kom med tips om å kjøre flying først og kaste inn ei fullmelding før han blei trøytt. Hm. Eg hadde ikkje heilt trua, men hadde ikkje betre forslag sjølv. Ekko fekk ligge i bilen og vente for å vere sist ut. Då hadde han jo roa seg etter luftegiret og var kanskje klar?

Aksel (son til Lise) gira Ekko litt opp på parkeringsplassen med leika. Det førte til at hunden stod gira på startlina. Fullt firsprang ut til Aksel og rett i leik. Så i resertempo over til Lise. 3.slag er framleis flying, men no skal han hente lausbitt. Eg er spent. Men der kom faktisk kjekkasen i god fart inn med melding og har så vidt tid til å kome seg rundt meg før han spring ut på vis.
4.slag er enkeltslag rett i leik for Lise har ikkje lausbitt. Går veldig fint. 5.slag er enkeltslag med full melding. 6.slag er full melding. Likeeins 7. og 8.slag. No heng tunga som eit slips, men farten er framleis fin. Siste er rett ut i leik hjå Aksel.
Ein sliten hund og ei stornøgd matmor. Ekko har fint driv framover og blir meir og meir glad i jaktleiken hjå figurantane.
Altså var ideen til Isabelle glimrande. Takk skal du ha.

På laurdag blir det vel spor, men neste veke er det meir rundering. Det er kjempegodt å vere i gang.

onsdag 8. juni 2011

Meldetrening og medlemsmøte

I dag var eg trøytt etter jobb og det varmt på terrassen. Ekko fekk ein tur som absolutt kunne vore lenger. Kjente at samvitet ikkje var det beste og Ekko var uroleg. Han hadde ei celle til som kunne brukast. Ka gjer ein då? Vi skulle trent på innkomst på meldinga i rundering. Men det var jo bare Ekko og meg i heimen.

Ok, men her får eg ta det eg har. Eit lausbitt, ein boks med solid lokk, ein hund og meg.

Først tok eg to rundar der eg la lausbittet nokre meter framføre meg. Ekko i utgangsstilling, får kommando "runder", hentar bittet, kjem i retur og eg får tid til å få han til å setje seg og avlevere bittet før eg spring saman med han til staden han henta lausbittet og gjer han godbit. Blei ikkje heilt gira av det, så eg fann ein boks, lot han sjå at eg la godbitar oppi. Lot han bli sitjande igjen inne medan eg la boksen i terrassekassen og lausbittet ved sida. Gjorde som eg skulle. Han sprang ut i fullt firsprang. Høyrte han var borti boksen, men gav den fort opp og kom inn med meldinga. No var han ivrigare til at vi skulle springe ut igjen. Men rolegare enn i skogen der han ikkje rekk å sitje. Eg fekk trent på innkomst og avlevering av bittet. Dette fungerte så bra at vi tok 5-6 etter kvarandre. Eg la boksen rundt i kring på terrassen og bittet anten oppå eller ved sida av. Han slutta å røre boksen. Henta kun bittet og kom inn for å melde slik at han kunne få meg ut igjen for å opne boksen. Dette var kjekt, syntes den firbeinte!

På kvelden drog eg til TU Dyreklinikk på medlemskurs i Retrieverklubben. Tema: Førstehjelp på hund. Veldig interessant.
Eg filma då det blei vist koss vi kunne legge bandasje på labben, men eg får ikkje fram filmen her. Skal prøve med ein annan maskin.
Men i alle fall:
  • Sjekk pulsen til hunden ein normal dag. Enklast på innsida av låret.
  • Finn hjarta. Greit å vite kor det er.
  • Hundar toler ikkje sjokolade, lauk, nøtter, druer....
  • Ikkje krydder heller, forresten. Så laurdagspizzaen bør ikkje hamne hjå den. Krydderet har salt i seg mellom anna og går på nyrene.
  • Og så lærte eg ka eg skulle gjere i nauda om hunden fekk magedreiing og var skikkeleg oppblåst, men det håpar eg aldri at eg opplever.
  • Mistar hunden pusten. Munn til snute 3 sek pust x10.
  • Hundar skal ikkje vere i bilen om  sommaren (når du går frå bilen). Det er ikkje nok med litt lufting. Er det for varmt for ungen, er det for varmt for hunden. Det tar ikkje mange minutt før den får heteslag. Under 20 minutt kan det vere for seint. La heller hunden vere heime.
Dette og mykje meir. Veldig bra! Og på veg heim var klokka nærmare 22, men kvelden ville ikkje legge seg.


Hunden min har bestemt seg for at i natt er det best å sove under skrivebordet. Ventar han torevêr?

lørdag 4. juni 2011

Gourmethund med framgang


Heisan, der var jo Isabelle.

I natt blei eg vekt kl 4 av gourmethunden. Han var bekymra for om margbeinet han hadde lagt til modning i terrassekassen, var tatt av dei ubedne gjestene (fuglane). Så den som måtte opne opp til terrassen og sleppe hunden ut, var meg. Gjekk og la meg med ein gong. Slokna. Trur ikkje Ekko la seg før etter ein time. Margbeinet var visst perfekt til å nytast.... Han har eit griseøyre som har lege til modning i 2 døgn...  Ser eg det, flyttar han på det.

I dag skulle eg vere ute i god tid til bruksgruppa si laurdagstrening for eg har kome for seint fleire gonger i det siste. Gløymer alltid at det tar tid å få Ekko inn i bilen. I dag såg planen perfekt ut, men eg rekna ikkje med at vi skulle møte ein hund som Ekko reagerte på. Dermed gjekk det tid til å roe han ned.. Seint, men godt kom vi oss til Sæland og der var Isabelle&Balder og Gry&Silja.
Gry er funnen.

  Eg ville utnytte vinden i dag. Gry og Isabelle la seg ut og Ekko fekk i oppdrag å "følge med". 2 sekund etterpå hadde han Isabelle i nasen. Fantastisk å sjå kor sikker han er. Så var det opp til midtlina igjen for å leite etter Gry. her fekk vi problem for eg gjekk forbi før eg fekk han til å fokusere, men ved å gå litt tilbake, fekk han ferten. Bra.

Dei la seg ut ein runde til og no var ikkje Ekko i tvil om noen. Fann begge fort og jobba godt.

Han gjekk rett i leik på desse. Eg ville ikkje bruke lausbitt då eg var usikker på om han ville koble.


Her sit eg i skogen med viktige remedier. Leike og del av walkie.

Eg er klar. Kor skal eg begynne?
I økt nr 2 kjørte vi rundering med full melding. Ekko har jo slitt litt med å fullføre ei heil meldingsøkt med stil. Denne gongen kjørte eg full melding, men med meg som aktiv på midtlina. Eg begynte å springe framover midtlina når han var på veg inn med melding. God fart og strålande runding rundt meg. Eg lar han ikkje sitje, men sender han ut med ein gong. Dette for at eg såg han ikkje fiksa å bli feila på det. Vil skilje det ut og terpe det for seg.

Dette gjekk fint fleire gonger, men på slutten var han sliten. Ganske bratt på den eine sida og kondisen til både matmor og firbeint kunne vore betre... Men han gav ikkje opp og stod på. Trengte lydpåverknad på dei to siste slaga.


Eg er godt nøgd med treningsøkta i dag. Må no byrje å terpe på detaljar. Inn på plass, vente på kommando og så må fastbittet snart inn. Ei spennande tid. Vil ikkje at han skal miste gleda i alle detaljane, men trur det skal gå greit.

Etter treninga var både Ekko og eg trøytte. Han gjekk rett ut på terrassen og la seg. Eg planka (deilig nytt uttrykk): eg låg langflat på terrassegolvet. Slokna. Og vakna glovarm og med melding på Iphonen om at mobilen måtte kjølast ned. Då var vi i alle fall to.

Resten av dagen har det vore sommarsol og terrasseliv. Akkurat slik to trøytte ville ha det.
 

Etterpå var det lett å nyte sola.
   

mandag 23. mai 2011

Trening i veka som gjekk

I veka som gjekk har vi trent to dagar. Onsdag var det kun Gro og eg som møtte på området. Vi fekk trent litt agility. Ekko er heilt i hundre på instrumenta. Han klarar til og med vippa utan hjelp, men må trenast til å gå heile løpet. Han blir for ivrig.

Gro og eg rydda stein og greiner på graset. Hundane gjekk rundt og gjorde det dei hadde lyst til og syntes visst livet var ganske greit.

På laurdag var det rundering igjen. Denne gongen i Sælandsskogen. Eg ville trene på innspurt til meg frå figurant og ut igjen.
Treninga gjekk veldig bra. Eg blei med hunden ut, forlot han der og sprang inn. Ekko rett bak med bittet i munnen, runda meg Eg tok òg nokre variantar der eg ser ut som om det er travelt å runde meg for eg er på veg ut igjen. Det gira Ekko ekstra. Koss eg skal minke ned på dette og bli meir passiv, veit eg ikkje heilt, men det kjem vel :). No er det å få opp farten på transportetappen inn til meg.

I siste økta fekk han heile meldeløpet, men med meg aktiv på midtlina. Dvs at det blei viktig for han å runde meg for då kunne vi springe ut i lag. Det gjekk veldig bra.
Vi holdt koken til kl 16 så det var tid for å nyte laurdagskvelden då vi kom heim.

Rundering er kjekt! Eg må forresten hugse å trene på overvêrssøk ein dag med litt vind. Lenge sidan no.

søndag 15. mai 2011

Blei litt fuktig rundering

Endeleg var vi på runderingstrening igjen. Nyinnkjøpte walkiar (naboen og sonen kosar seg med dei gamle) skulle testast.
Vi har hatt finvêr lenge så regnty var ikkje plagget som eg hadde lyst å ha på meg. Det blir sikkert bare nokre dråpar og akkurat då vi drog var det opphald og gløtt av sol... I følge yr.no skulle det ikkje regne før kl 12. Så med t-skjorte, fleecejakke, fjellbukse og låge sko bar det avgarde.

På Sviland møtte vi 3 andre ekvipasjar (Lise&Scott, Gro&Maja, Isabell og Tom Ove&Balder).

Vi blei litt våte....

Ekko blei sistemann ut. Det småregna litt, men pytt. Før han skulle til pers, leika vi og han sprang fritt rundt i skogen. Brått høyrde eg ein lyd frå han. Ikkje dei vanlege lydane, men ein som fekk meg til å vere på vakt. Han kom ikkje då eg ropte. Ka var dette? Fløyta plar vere sterk lokkelyd. Eg gjekk slik at eg kunne sjå han frå grusvegen og der stod han og omtrent venta på meg. Ville ikkje kome ut, men trippa og ville ha kontakt. Eg inn. Såg ikkje noko, men fekk han med meg ut. Han verka slapp, ville legge seg ned. Raske tankar om hoggormbitt for gjennom hovudet. Fekk meldt inn til dei som venta som figurantar at vi blei forsinka og Isabelle reagerte raskt og praktisk. Fekk meg til å gå att og fram med han. Vi kjente på kroppen og oppdaga at han hadde mista litt pels på eine foten. Det kunne vere at han hadde sett seg fast i noko eller eit forsøk på bitt frå eit lite dyr som er blitt forstyrra av snushanen. Men elles såg han betre ut og vi stilte til rundering.

 Full melding var programmet i begge øktene. Gjekk greit, men litt liten fart, særleg inn til meg med meldinga. Etter tips frå Isabelle haldt vi Ekko igjen medan eg stod ved linja. Då var han mykje meir på hogget då ho slapp han. Vi oppdaga og at han dempa på veg inn til meg med bittet. Gjekk med han ut til figurant. Gjekk frå han og begynte å springe inn. Figurant slapp han straks han tok bittet og Ekko kom i full fart bak meg. Eg snudde meg raskt, han runda meg og i fullt firsprang ut til figurant igjen. Det vil eg prøve meir. Det er tydeleg ikkje sterkt nok i han at å kome inn til meg fort, gjer òg fortare sjansen til å kome ut til premien (figuranten).
Figurantane (Tom Ove og Gro) fekk han i god leik så dei var skikkeleg kjekke å springe ut til. Vi har altså våre detaljar å jobbe vidare med, men nøgd med treningsdagen.
 
Etter hardt arbeid er det tid for kvile

I pausen mellom øktene sette vi oss under nokre tre for å innbille oss at det ikkje regna. Etterkvart var eg så våt at eg ikkje greidde å innbille meg det lenger. Vi sette i gang med økt nr 2. Då det var min tur til å lufte Ekko før sjølve treninga, sette eg meg i bilen med varmen på. Var våt og kald på hendene. Men gje oss, nei det ville ingen. Og hundane våre bryr seg lite om at dei blir våte, bare dei får trene.

Det gode med trening, er at både hund og eigar unnar seg ein liten høneblund (eigar ein varm dusj i tillegg) etterpå. Hunden sin blund varer forresten resten av dagen...



lørdag 2. april 2011

Varm vind, ivrige hundar og god trening

I dag var vi 5 ekvipasjar i Skjævelandskogen. Gro&Maja, Gry&Silja, May Karin&Molly, Lise&Scott og eg&Ekko. Det var over 10 grader og til tider skikkeleg god vind. Hundane jobba godt på dei ulike oppgåvene dei fekk.

Første økt:
Treningsplan for Ekko: Full melding med lausbitt.

Figurantane var Gry og Gro. Ekko starta ivrig. God fart ut til figurant, hentar bittet, god fart inn og reserfart ut til premien. Ordet "Vis" er magisk, trur eg. Neste slag like godt. 3.slag byrjar han å springe rolegare inn til meg med meldinga, men første og siste del har god fart. Slik held han på til eg stoppar.
Konklusjon: Ingen problem med å halde på bittet, arbeidet med å få opp farten på strekket inn med melding må fortsetje. God fart på han på alt det resterande.

Andre økt:
Planen var å fortsetje som i første økt, men så var det den flotte vinden vi hadde... Skulle eg ta sjansen på å ha overvêrssøk med melding? Han hadde aldri gjort det, men erfaringa seier at Ekko kan ta ting på sparket.
Ok. Vi la ut 3 figurantar med god avstand. Ekko og eg gjekk. Han fekk fort fert av første. Slapp han og såg han forsvinne innover i skogen. Såg tydeleg når han slår inn på sterkt overvêr. Får beskjed om melding og går nærmare. Ropar slik at han veit kor eg er. Inn kjem Ekko med bittet. Flinke guten! Sender han på vis. Hentar han og tar han med meg igjen. Så var det å finne nr 2. Ekko ser ut som han går og snusar, men så byrjar han å bli interessert. Bare passe. Eg slepp han. Han er passe interessert på å gå. Men så ser det ut til at han innimellom får fert for då går farten opp. Og brått snur han og set opp farten. No er han sikker på at det er noko der ute. Og igjen inn med melding. Blir sendt ut på "Vis" og i fullt firsprang for å leike med Lise.

Så var det 3. May Karin. Gro ber meg la han gå laus sjølv om han ikkje verkar interessert i anna enn eit spor i bakken. Vi går sakte. Ekko vimsar og verkar fjern eit stykke framfor meg. Men så skjer det som er like fasinerande kvar gong: Brått er nasen høg og farten aukar. Her er det noko. Og der var May Karin. Hentar melding. Reagerar på walkielyd og vil tilbake til henne. Men held bittet og kjem mot meg straks eg ropar. Fin innkomst og påvisning denne gongen òg.

Eg er skikkeleg nøgd med begge rundane. Det er visst bajasen òg for han har stort sett sove det meste av tida etter at vi kom heim. Deilig for oss begge :).

På Skjæveland har mauren begynt å bygge hus så det går mot slutten av sesongen for oss tobeinte her, men det gjekk fint i dag.

fredag 1. april 2011

Endeleg onsdagstrening

Ja, endeleg var vi på området ein onsdagskveld saman med andre i bruks. Ekko var i storform. Endeleg trening på skikkeleg vis.
Eg hadde 2 mål: trening på bli på kommando og meldetrening.

1. Bli-kommandoen
Eg tok med meg 4 kjegler og stilte dei opp slik det blei ein firkant. Ekko og eg gjekk fot rundt. Så gav eg han kommandoen "Sitt". Då skal han sitje til eg er tilbake frå min runde rundt firkanten. Han sat. Slik fortsatte det med "sitt", "Dekk", "Stå" i fleire omganger. Ekko var kjempeflink. Vi skal øve på at han ligg og står i retningen. Han er veldig på skeiva, men det hadde eg ikkje fokus på. Han tok kommandoen og låg i ro.

2. Meldetrening.
Etter kurset med Tone har eg tenkt at eg skal gå eit trinn tilbake på treninga på lausbittmelding. Likar ikkje farten han har frå figurant og inn. Altså trente vi på det. Gro er perfekt figurant. Ho får fram skikkeleg iver i leiken. Ekko blei heilt gira. Stor fart ut, ok fart inn og ekspress fart tilbake til Gro :). Gode økter. Her er artikkel om innlæring av bringkobbelmelding

3. Agilityhund?
Bonus i kveld var litt trening på agilitybanen. Skulle prøve han på å gå opp stigen, så bortover flata og ned igjen. Ka var problemet, sa Ekko og gjorde det utan at det trengtes trening. Han tok til og med vippa. Eg burde ha stoppa han før sjølve vippet, men han var så snar. Må trene på den. Kjempegøy. Kanskje han er agilityhund i tillegg til brukshund? Godguten.

Når vi ikkje trener så er han på jobb i kontrolltårnet eller koser seg i heimen:
Full kontroll

Er det nye folk som går der?

Morgonkos er tingen. Koffor må matmor på jobb?

søndag 27. mars 2011

Solskin, rundering og varme kinn


Vakker dag på Sviland
Vi vakna til sol og knallblå himmel. Fantastisk dag å reise til Sviland å rundere under Tone Larsens kloke leiing. Dette var andre dag av motivasjonskurset vårt. Eg hadde omtrent ikkje fått trent i perioden i mellom. Reiser og instruering på runderingskurs gjorde sitt.



Eg fekk tid til å lufte Ekko. La han springe og leike litt før vi sette i gang. Denne gongen skulle vi fortsetje med å gøyme lausbittet litt slik at han måtte leite. Første slaget gjekk greit, så begynte han å tulle. Ville springe over på andre sida med lausbittet, tok seg tissepausar på veg inn, daffa ut til figurantane og inn at. Ingenting var direkte spennande. Eg begynte å hente han ute hjå figurantane. Då beit han i bandet og ville leike på vegen innover. Tone tipsa meg om å gje han noko å ha i munnen. Det gjekk betre. Men heile økta var daff.
Ut for å finne figurant

Ekko på veg inn med melding
Betre fart på veg ut
Ute av fokus...
Etter pause, fekk vi to figurantar som er gode på jaktleiken med han. Eg skulle gå ut og hente og han skulle få påvirkning både når han skulle ut og hente bittet og når han skulle påvise. Det gav betre fart ut, ingen tulling med bandet på veg inn. Men han er sein frå figurant og inn. Tone lurte på om eg òg hadde slurva med den delen av baklengskjedinga. I utgangspunktet meiner eg ikkje det, men han var ikkje glødande i alle fall så det vil nok ikkje skade med å gå litt tilbake og repetere.

Vi fekk ulike problemstillingar med dei ulike hundane. Sjå Gro og Majas blogg og Its a Dogs World (Isabelle). Dei var der og kjem nok til å skrive om ka dei hadde fokus på.

Det nyttige med timane med Tone, er at vi får tid til å sjå på detaljane. Får stoppe opp og finne alternative måtar å kome fram til ei løysing på. Og så mykje det er å lære frå andre hundar. Og vinden. Kor kom no den i frå? Eg må bli flinkare til å teste vindretning ute hjå figurant. Den er ofte heilt annleis enn på midtlina. Det vil jo påverke kor vi sender hundane frå.

Fleire bilete frå dagen:
Ganske bra å vere figurant
Balder har funne meg.
Gry sender Silja ut for å finne meg
Molly i arbeid
Gro er figurant

---
Forrige helg hadde vi kurs med håpefulle hundeekvipasjar. Kjempespennande og så flinke hundar. Håpar vi ser dei på treningane framover. Skal skrive litt om det seinare

søndag 13. februar 2011

Flinke hundar

Kjedeleg å vente
Iskald og flott laurdag på Sviland. Vi er 8 ekvipasjar som vil trene. Vi delte oss i 2. Eg jobba saman med Lise&Scott, Cecilie&Myra, Jan Inge&Punky.

Eg er imponert kor flinke dei nye bruksmedlemmene er med hundane sine. Hundane jobbar ivrig og er ein fryd å sjå på :).

Punky imponerte i dag med å vere uthaldande. Ho stod på og hadde sikkert halde på i det uendelege om ho ikkje var blitt stoppa.

 Ekko skulle ha ei minirundering, men med lengre avstand enn sist. I dag imponerte han. Farten var god, han tok lausbittet hjå figurant, kom ivrig inn og sprang like ivrig ut. UTAN å rote med bittet ein einaste gong. 7-8 slag i godt tempo. Han hadde eit stopp på midtlina. Då hadde eg stilt meg ved ein pytt og han var tørst. Ellers gode løp.

Etter ein god pause var det 5 som ville jobbe vidare. Gry&Silja, Gro&Maja, Cecilie&Myra, Marina&Kira og oss.
Denne økta skulle vi bare ha flying med Ekko. Kjempegod fart på han. Fine kryssingar. Eg brukte vegen som midtline og skogen på begge sider er tett slik at eg brukte stemmen min litt til å få han til å krysse ved sida av meg. Det fungerte veldig bra.

No må fastbitt-treninga starte skikkeleg igjen for Ekko er på mange måtar klar.


Maja i flott driv
 

lørdag 5. februar 2011

Minirundering og melding

Leik med meg!
Det var meldt om kuling og kraftig nedbør, men slikt hindrar ikkje hundefolket. Vi var så mange at vi delte oss i to i dag.
Eg var saman med May Karin&Molly, Marina&Kira, Cecilie&Myra og Gry&Silja.

Ekko var høg frå han kom ut av bilen og skulle varmast opp. Han hoppa og spratt rundt ikring. Her var det ein som gleda seg!

Vi skulle ha minirundering med lausbitt. Figurantar var Marina og May Karin. På første slag var han såpass høg at han ikkje greidde å krysse linja etter at han var ferdig med første slag. Men etter det jobba han veldig godt. Fint driv framover, henta lausbittet, hadde det med inn. Eg bad ikkje om at han skulle sleppe så han hadde det stort sett i munnen fram til visning. Reknar med det at det blei ca 10 gode meldingar.

Molly - eller fart :)
Minirunderinga føregjekk slik: To figurantar ute med lommane fulle av lausbitt, godbitar og leike. Midtlinesjefen har kontroll på kor dei er. Eg sender hunden ut: Medan han er ute og hentar lausbittet, forflyttar eg meg framover. Ekko kjem inn, skal i utgangsstilling, men det krev ikkje eg. Han får stå, bare han står ved sida av meg. Etter kommandoen "Vis" spring han ut og blir premiert. Eg blir ikkje med ut. Når figurant er blitt passiv, skal Ekko passere meg og spring i rett ut til neste figurant.

Molly har fått kommandoen vis
Etter pause var vi ein gjeng som ville trene litt til. Då skulle eg ha flying. Ekko var tydeleg trøytt. Det var litt meir: Eg får vel arbeide litt sidan du vil. Han greier å halde framdrift og rett ut frå meg, men ikkje i resertempo. 
Alt i alt ein god arbeidsdag i skogen. 

No kviler han og etter sukka å bedømme, er han trøytt og sliten :) 



Endeleg litt badeliv.

"Ropte, du? Eg komme!"

lørdag 15. januar 2011

Har de sakna oss?

Vi er i live og lever godt, om nokon lurar. Ekko får for lite hjernejogg, men vi har kost oss med turar og familie. Når tida strekk til, er Ekko ute i skogen i fri fart :)

Jula var fin for både tobeint og firbeint. Nyttårsaftan feira matmora bursdag og rakettane for til vers. Det gjekk av i likaste laget, heilt til eg skulle vere smart å smelle litt innomhus. Ikkje spør meg kvifor, men Ekko blei heilt fortørna.

Etter nyttår har vi vore med på runderingstreninga. Forrige laurdag var det på Skjæveland. Ekko var skikkeleg høg og trengte tid til å finne ut at han skulle arbeide og ikkje bare hoppe rundt i kring. Vi fekk ikkje tid til å la hundane få skikkeleg oppvarming, noko som min firbeinte tok igjen i sporet. Men etterkvart vakna han og sprang ivrig. Eg prøvde med meldetrening, men den kanalen hadde framleis ferie.
Etter treninga var det ein hund som var sliten. Ikkje bare han forresten, eg somna i stolen. 

I denne veka har vi bare gått tur og trent litt på "gå på teppet"= legg deg på teppet.
Men i dag var det trening på Sviland. Det viste seg at parkeringsplassen var likna på isbanen i ishallen, så eg blei vinka tilbake då eg ville kjøre heilt opp. Der oppe stod Isabelle i grøfta. Ho skulle bare ta ein sving...
Inne i skogen var det ikkje is så vi fekk brukt spaserturen frå bilane til treningsplassen som godt oppvarmingsområde.

Eg kjørte flying og ingen forsøk på melding. Det handla mest om at eg ikkje var konsentrert og at eg var mest opptatt av å ha ein trøytt hund med heim.Målet i dag var framdrift.

Ekko var høg då han kom ut av bilen så eg brukte litt tid på å leike og la han springe. Så var det rundering. Marina var på midtlina, Tom Ove og Gry figurantar. Ekko jobba som ein helt. Det eg såg tydeleg i dag er at han rettar seg opp når han kjem inn til midtlina og skal ut. Han har faktisk 90 graders vinkelen i topplokket. Eg blei imponert då eg såg det så tydeleg som det var i dag. Han jobba godt og han jobba lenge.

Framover må eg jobbe med meldetreninga. Får drille ein del utanfor sjølve runderinga igjen. Han mistar litt piffen når han må melde. 

Det blir ikkje trening neste veke. Matmor har for mykje anna å tenkje på og jobben krev sitt, men vi får ta det igjen etter det.

Alle hundane jobba godt i dag. Dei er ivrige og lærelystne. Veldig kjekt.

Nå står 3 foccaciabrød i omnen og livet er ikkje det verste ein har :)

tirsdag 23. november 2010

Hunden kan han...

Stakkars Ekko. Matmor har bestemt at denne hausten skal ho ha tid til overs. For han betyr det altfor lite trening....

Men i går overraska vi treningskompisane våre ( sakna dei kjente eg då) med å stille opp på trening.
Eg hadde ikkje lagt ein einaste plan for kvelden. Bare at Ekko skulle kose seg. Men før eg begynte å trene, hadde hjernen kobla inn. Det skulle øvast på fastbitt.

Eg hengte på han bittet. Gro og eg starta. Trur du den der hunden bare hadde venta på at det skulle skje? Akkurat. Han tok det ganske så kjapt. Fann fort ut at det var viktig å leite etter det som hang rundt halsen for å få fiskekake. Flinke hunden! No er det bare å ta tak i dette og få han steget vidare. Må vel stille på trening på onsdag òg då :-)

søndag 3. oktober 2010

Runderingskurs

 Denne helga har Gro og eg hatt grunnkurs i rundering i regi av retrieverklubben.
Vi skulle etter planen ha ei gruppe på maks 8 ekvipasjar, men greidde ikkje å seie nei til nr 9,10 og 11. "Heldigvis" måtte nr 11 trekke seg slik at vi kunne dele dei i to like store grupper. Marina og May Karin kunne bli med og hjelpe til begge dagane. Takk til dei. Kari L og Evita viste korleis ei feridg melding såg ut på laurdagen. Og eg og Ekko viste ei minirundering.

På torsdag hadde vi teori. Ikkje enkelt å halde seg på det enklaste når vi så gjerne vil fortelje alt :).

Vi skulle vere på Skjæveland. Eit kjempebra område når det skulle bli masse regn og vind. Inni skogen var det både lunt og lite regn.

Eg må innrømme at den gjengen vi hadde på dette kurset var imponerande gode. Lenge sidan eg har hatt ei gruppe der hundane tok systemet så enkelt som desse. Nå gjeld det bare at dei står på vidare framover for her var det hundar som verkeleg kan bli gode runderingshundar. Dei får jo sjå etterkvart om dette er noko dei vil konkurrere i eller om det er noko dei vil gjere på hobbybasis.

 Vi starta med sosialiseringsring. Det var spennande å sjå kor ulikt hundane reagerte på den gjengen som sat i ring i skogen. Vi fekk eit godt bilete av ka dei likte og ka dei syntes var nifst.

Deretter var det å prøve seg på flying. Og her viste talenta seg fort. Det tok ikkje lang tid før alle hadde forstått teikninga. Og så glade hundane var der dei sprang frå ein figurant til ein annan via matmor/far.

Vi fekk òg sjekka at nasen var på plass då vi testa dei i overversøk. Særleg søket på sundag viste hundar som det sa klikk hjå då dei fekk ferten av menneske i skogen. Kjempebra!

På slutten av helga fekk dei trent litt på apport. Det er ikkje bare enkelt å lære inn så eg lenkjer til artiklane som ein òg finn i høgre marg her i bloggen.

Nå håpar eg bare at dei vaknar tidleg på laurdagane og vågar å stille opp. Vågar dei det, så får dei i alle fall all hjelp dei treng frå folk som tek hundelivet lite alvorleg og der latteren sit laust. Vi har til og med festar der vi set opp seriøse mål for neste periode. Evalueringa av måloppnåinga er det i periodar verre med....

Her kjem artiklane og lenkjer til filmsnutt:

Bileta som illustrerar teksten kjem i tilfeldig rekkefølge, men er alle frå denne helga.