Viser innlegg med etiketten triks. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten triks. Vis alle innlegg

mandag 16. april 2012

Trø matmor på foten


I kveld var det første kurskveld i aktivitetskurset vi i bruks har sett i gang. Instruktør er Ghita Fossum.

Først skulle vi begynne på eit triks slik at Ghita kunne sjå korleis vi lærte inn ei øving og korleis vi premierte rett atferd.
Siste delen var lydnadsøving.

Gry og eg jobba i hop. Silja skulle lære 8-tal. Det tok litt tid før det gjekk opp for oss at det var slalom vi dreiv på med. Men etterkvart var vi inne på det. Silja er jo kjempeivrig. 

Eg hadde fått ein fiks idé om at eg skulle lære Ekko å stå på føtene mine. Ein del frustrasjon blei det, men jammen kom labben etterkvart ganske ofte. Han ville helst ta sin venstre på min venstre, men tok teikninga sakte, men sikkert. Var glad eg hadde tjukk dress på meg for labben starta langt oppe på leggen i blant. Målet er å få han til å stå med begge beina på føtene mine og så skal eg gå framover og bakover.... Vi får no sjå kor langt eg kjem. 

Siste del var lydnad. Eg ville jobbe med stå. Dvs at vi går og han får kommandoen stå og eg går vidare. Gjekk tilbake til start. Der eg går føre og han kjem etter. Det funka flott med avstandsbelønning så eg kunne gå fort over til neste steg.

Nå er det bare å trene, særleg på trikset til neste gong. Kjekt å ha eit mål igjen.

fredag 5. februar 2010

Fotballtalenta stig fram..

På aktiviseringskurset trente vi shaping. Eg skulle vidareutvikle fotballspelaren Ekko, frys på musematte og halde apporten og sjekke kommando. Trente saman med Gro og Maja og Elisabeth og Faya.

Faya hadde ikkje vore her på ei stund og treng litt tid til å kome i treningsmodus. Men etterkvart gjekk det veldig bra. Kan bli ein habil fotballspelar den dama der.

Maja prøvde seg òg som fotballspelar. Ikkje like kvass på ballen, men hadde eit talent etter det vi såg.

Ekko viste at vi hadde trent litt. Han fekk fleire snutepass med fart. Trente på at han skulle få fart på ballen og touche to goner før klikket. Eg sleit litt med å klikke på rett tid. Det blei fort rett etterpå. Men med sylskarpe blikk frå Gro og Elisabeth fekk eg fart på klikket og han fart på ballen.

Å få Ekko til å fryse på musematta, er i grunnen ikkje det vanskelegaste, men å få han til å endre måten han landar på matta er utfordringen. Det er labbar og snute på same tid. Slit med å få vekk snuten. Førebels går det dårleg.

Apporten er ok, men stakkars godguten. Han blei ledd av. Eg skulle teste om kommandoen "takk" var inne. Den måten han avleverte apporten på var visst ganske så morsom. Verka nesten som han kasta opp. Helst ville han gjere det heilt inntil meg. Kommandoen er altså ikkje på plass, men kvifor denne brekkøvinga? Er det ein måte å prøve å levere den i handa mi? Må få det vekk, men underhaldande var det.

Konklusjonen på treninga: Vi skulle kanskje satse på eit hundefotball-lag?

lørdag 21. november 2009

Luktdiskriminering og musematte

Torsdag måtte vi rømme under tak. Himmelen hadde opna seg og Vårherre hadde bestemt seg for at det var på tide med storvask før jul. Heldigvis har vi Austrått skole.

Gro Anita og eg trente i lag. Vi skulle ta fram øvingar som omtrent var gått i gløymeboka mi. Nemleg "egget" dvs luktdiskriminering og frys på musematte. Skjønar ikkje at eg gløymer slike ting for dette er jo øvingar som er perfekte å trene på heime.

Luktdiskriminering.
Ekko tok fort at snuten skulle borti egget. Gjekk fint då egget låg på bakken òg. Så trente eg på nokre sitt. Det gjekk fint. Men så skulle eg setje dette saman. Då var det ikkje enklet syns Ekko. Då egget var i handa, kunne han saktens spandere eit sitt, men på bakken - nei då måtte det bli bukk! Heldigvis kom det eit par vellukka òg. Men her er det utviklingspotensiale kan ein seie.

Musematte.
Tja. Eg måtte klikke fort for Ekko er kjapt framme med labben, så snuten og til slutt har han heile musematta i munnen. Her gjeld det å premiere rett atferd fort!. Etterkvart forsvann bitinga, men at han skulle stå på matta? Sånt tull. Han er jo ekspert i å bukke og det har matmor alltid likt..... Fram til musematte og bukk. Premie, takk! Har litt å jobbe med det `og :)

Ekko har forlengst lært at Anne Lise har så mykje i bilen at ho ikkje oppdagar at han forsyner seg. Då Anne Lise hadde kjørt heim og vi skulle ut i mørkret og regnet for å lufte hundane, tok han fram tjuvgodset sitt: Kvakkungen i tau blei med på heile lufteturen. Du skal snart få den igjen Scotty...

torsdag 12. november 2009

Meldetrening

I dag skulle vi trene i staden for å kursast.

Først tok vi ein runde der alle hundane var ute. Vi trente snurr, bukk, bamse osv. Scotty gjorde eit forsøk på å stikke bort til Faya, men blei stoppa av Ekko. Scotty viste eit imponerande språk og demping. Eg hadde litt hjartebank, men dei to løyste opp i problematikken sjølv. Etterpå skulle vi ha fellesdekk. Dei to ved sida av kvarandre. Scotty gjorde ingen forsøk på å springe forbi Ekko for å kome seg til Faya (ikkje så galt at det ikkje er godt for noko..) så alle tre låg fint på rad og rekke. Både Elisabeth og eg ser at dei er flinke til å ligge lenge, men at dei reiser seg før kommandoen "sitt opp" kjem. Vi blei einige om at det var smartast å trene dei som to delelement. Trene på å ligge lenge for seg og trene på å ligge i dekk medan vi kjem bakfrå og opp på sida. Og så få ein sitt opp.

Gro og eg bestemte oss for å kjøre meldetrening på Maja og Ekko. Og det var to hundar som gjorde det strålande. Blei rett og slett litt imponert over dei. Ekko hadde flott fart heile runden. Han sat med bittet i munnen til eg sa takk. På eit av forsøka forstod vi før eg slapp han at kom til å stikke til Faya og Scotty. Dei trente på innkalling og der var det fart og lyd. På veg tilbake frå besøket hjå dei måtte han jo ha med seg fangst til matmor. Først innom vår bil, men der fann han ingenting. Så innom Elisabeth sin. Der finn han alltid noko kjekt. Gjett kven som sprang lukkeleg tilbake til meg med Kvakki i munnen? Vi høyrte pipelyden lang veg. Då fann vi ut at den måtte utnyttast i meldetreninga. Gro gjekk avgarde med den. Ekko hadde omtrent ikkje tid til å vente på kommandoen før han var på veg til Gro. Fekk tak i lausbittet, tilbake, rundt meg og sette seg ein meter framfor. Her var det ein som hadde det travelt! Men han venta til eg hadde sett på han påvisningslina og tatt frå han bittet før han for som ein sputnik tilbake til Gro. Kjempebra!

Til slutt blei det eit par innkallingar med gøymd matmor. God fart og stor iver.

søndag 8. november 2009

Eg fiksar alt - bare tren meg!


Ekko overraskar stadig. Først trudde eg at snurr ikkje var noko han kunne få til. Kroppen var så stiv. Nå snurrar han etter godbiten som bare det. Har ikkje fått han til å snurre etter target, men skal nok få det til etterkvart.
Det neste eg tenkte var umuleg for denne store hunden, var å sitje bamse. Eg begynte og han trudde det var omvendt lokking så han ville ikkje løfte seg etter handa mi. Etterkvart kom det hopp, men det var jo ikkje bamse.. I dag kom gjennombrotet. Han strekte seg mange gonger utan å løfte rompa frå bakken. Og fekk han støtte den eine framlabben til foten min, kunne han sitje lenge bamse han. :). Nesteblir å få han til å gjere det automatisk og utan foten min til støtte. Men eg er imponert over han. Her er det bare matmor som er hindringa.
På begge desse øvingane ser eg at eg med fordel bør trene på target med fingeren. Han er altfor voldsom i måten han vil ha tak i fingeren min på at han ikkje får til stort. Dette må trenast bort. Og det skal vi vel få til, når det meste er enkelt i følge den firbeinte.

mandag 2. november 2009

Framover og bakover - ka er nå eigentleg framover??

Torhild, Silje og eg hadde ekstratrening på onsdag. Eg forvirra dei litt med min logisk tolking av framover og bakover. Eg hadde jo gløymt at Arne har ein innvikla logikk...

Torsdagen kom. Vi stilte på rekke. Alle i utgangsstilling. No skulle vi gjere som sjefen sa: Fot, snurr, fot, gå bakover (oops- dei andre snudde heilt om. Eg snudde og rygga i same retning som vi hadde gått før), snurr igjen, vend slik at hunden er på høgre side, snurr, gå framover, vend heilt om og få hunden på venstre side, fot, stå, ta to skritt tilbake, la hunden sitje bamse, så sitt og bli. Gå 5 meter bakover. Kall inn hunden. Høflege Ekko såg til at alle andre hadde sprunge inn til matmødrene sine før han sprang inn :). Så fot og til slutt bukk. Det siste er Ekko reser på!

Arne sa vi var flink, men mobba jo meg for å ikkje forstå særleg. Pøh. Men vi var ikkje flinke nok så det blei lekse å pugge om att til neste veke.

Siste del arbeidde vi med agility. Ekko var ein reser på hopp. Han var i sitt ess på tunnelane. Eg fekk meg eit hakeslepp då han tok den minste tunnelen og eg såg bare trekkspelet som folda seg saman. Han sat fast, men gjorde det noko, meinte Ekko og sette fart på nytt. Og gjennom kom han. Han blei så gira at han sprang gjennom om igjen og om igjen.- Tøffingen.

Siste økt var slalom. Dette kan vi ikkje, men med gode tips frå Arne kom vi godt i gang.

Ein kjekk kveld.

I dag måndag har eg Torhild, Anne Lise og eg trent på formasjonen. Eg må jo få inn det dei andre gjer. Det går ganske bra, men vi slit med å få Ekko til å sitje bamse. Men greidde eg å få han til å bukke og snurre på eit par dagar så får eg vel dette til òg. Det var tydeleg at hundane blei trøtte av så intensiv trening. I andre økt sjangla omtrent Ekko mot meg og skjønte ikkje heilt ka på plass var. Era ho snurra rundt framfor Torhild før ho tok utgangsstillingen.

Triks er kjekke å trene på og vi syns hundane er blitt veldig flinke :-)

mandag 26. oktober 2009

Matmor og 80% PØH!!

Matmor mi er ikkje heilt klok. Lurar på koss elevane hennar har hatt det opp igjennom åra. Ho snakkar om at eg skal ha 80% rett, før ho går vidare. Jommen sa eg leverpostei. Gjett ka eg måtte i dag? Jo, lære å bukke, sitte bamse og snurre. Alt på ein kveld. Her var det ikkje snakk om delmoment, men rett på. Vi skal visst opptre på torsdag med synkronsymjing eller noko slikt.

Programmet i kveld var: gå fot, snurr til venstre, gå vidare, gå på matmors høgre side, snurr, på venstre, sit bamse, innkalling og fot. Tilslutt bukk. Eg kan utgansstilling og litt fot. Og eg kan ingenting for at matmor ikkje har tatt meg med på kurskveldane dei siste vekene. Men eg skal liksom straffast for det. Hm. Og det skal kallast positiv trening??

Først ut var bukking. Det hadde vi tjuvtrent på i går så det ante meg litt ka som kom. Ganske deiligt å strekke seg og setje bakenden i veret. Likte den øvinga. Greidde til og med å gjer det så matmor til Dea fekk hakeslepp. Gjorde det visst akkurat då matmor sa "bukk". Ka så var så imponerande med det forstår eg ikkje, for matmor seier ganske mykje rart og det blir godbitar om ho seier dummen og eg bukkar òg. Men kanskje det var noko med det ordet? Får sjekke det ut.

Så var det snurring. Eg har ikkje heilt sansen for at matmor lener seg over meg. Ho har så mykje kler, men det gjekk betre då ho gjekk på sida og hadde leverpostei. Eg snurra begge retningar. Blei reint svimmel. Eg sprang etter halen min ofte då eg var liten, men då premierte ho ikkje. Kossen skal eg forstå at det no er premie for slikt?

Det verste var då ho ville ha meg til å sitje. Greit det. Kan det. Men så holdt ho handa med godbit framfor nasen og ingenting var godt nok. Eg har jo vore gjennom dette 100 gonger. Det gjeld å sjå bort når ho driv med slikt. Men ho blei visst bare meir og meir frustrert. Skjønar ikkje ka ho vil med det der. Eg kan omvendt lokking, so what????

Skal vi ta det som er læringsregelen hennar vil eg seie at ho no godtok 20% rett før ho gjekk vidare. Og det trur ho skal halde til torsdag? Ha, ha, då har ho gløymt å rekne med meg. Eg har andre planar den kvelden......

onsdag 1. juli 2009

Ligge i ro på avstand....

På måndag var det grilling på området. Vi var 4 som hadde både tid og lyst. Fleire var alt reist på ferie.

Treninga for dei tobeinte var å få til varmen på grillen og steike maten passeleg. Utfordringa var større for dei firbeinte.
Etter ei kort treningsøkt (luktdiskriminering, apport og burtening) skulle dei få den største utfordringa for kvelden: Ligge langt frå matmor, i ro medan godluktene spreidde seg rundt dei. Den suverene vinnar var Era. Ho er kjempeflink til å slappe av. Her har du jobba godt, Torhild. Sita greidde seg òg godt, men ho låg nærmare matmor. Den suverene tapar og masekopp var Scotty med Ekko som ein god nummer to. Anne Lise heiv fort gullguten sin i buret. Ekko såg ut tilå greie seg bra, men tolmodet kan han trene på. Det blei ynking og bjeffing på han òg. Inn i bilen. Og då blei det ro.

Etter maten trente vi litt til, men det var varmt for oss alle. Torhild og eg tok oss ein kveldstur. Då verka ikkje hundane slappe i det heile... Mystisk...

Kanskje litt om resultata av treninga:
Apport går kjempefint. Han bit for mykje på dummyen så den må eg trene ekstra på.
Luktdiskriminering. Det går stadig framover med å få han til å setje seg ved sida av egget, men når egget er på avstand så apporterar han det.
Burtrening er det kjekkaste syns Ekko. Labbane er for langt ute viss eg ikkje stiller meg framfor akkurat då han går inn. Ekko vel buret jamnt og ofte under treninga.

fredag 26. juni 2009

Torsdagstrening i varmen

Torsdag kveld og skikkeleg sommarvarme. Det meste gjekk i sakte tempo for både hund og menneske. Men trene skulle vi! Silje m/Pia, Torhild m/Era, Anna m/Una, Anne Lise m/Scotty og oss stilte opp.

Ekko skulle trene på luktdiskriminering, dvs te-egget sitt. Vi arbeidde med å få han til å setje seg ved sida av egget. Han gjer det delvis. Legg eg egget for langt borte apporterar han det. Så her må det gå sakte i detaljane.
Som sjølvvalgt oppgåve (eg visste ikkje at vi hadde slik, men det meinte Ekko) bestemte han seg for at burtrening var det kjekkaste. Med og utan kommando sprang han i buret svært så ofte denne kvelden. Om det var varmen eller kjensla av lett-tjente poeng, veit eg ikkje. Iveren var i alle fall stor. På bilete har han labbane godt utanfor. Det varierte ein del.

Ei stund sette vi oss nære kvarandre og trente hundane på å ligge i ro ved sida av oss sjøl om det var andre hundar nære. Ekko syns han treng premiering heile tida for å få det til, så her kan eg med fordel trene meir.

lørdag 20. juni 2009

Vi har trent sjøl om det er travelt

Eg trur Ekko er veldig glad for at denne veka er over. Det har blitt mange timar aleine i heimen. Men vi har altså trent litt...

På sundagen var vi på ein liten tur med Punky. Det var kjekt.

Måndag var det trening på området. Marit og eg trente på bringkobbelmeldinga. Her hadde Ekko to fine, men så skulle jo eg slå til med ein ekstra.. Akkurat, den var totalt mislukka. Han var ikkje så gira som på laurdag, men det er håp.
Så trente vi litt på te-egget. Altså luktdiskriminering. Her blandar han mellom å sitje og å dekke ved egget. Deretter sprang eg til kunstklubben. Og godt var det for eg blei eit flott bilete rikare:).

Tysdag var det ikkje tid til så mykje mental trening, men vi fekk til ein runde med te-egget. Oppdaga at han ikkje set seg ved egget, men ved meg. Dvs at eg no begynte å stille meg eit stykke frå egget. Då markerte han på deto og kom nærmare meg for å setje seg....
Om kvelden gjekk vi i Sørmarka. Her hadde Ekko fleire flotte opplevingar i møte med andre hundar. På ein bestemte han seg for ikkje å ta kontakt, men å følge kommandoen min, på ein annan gjekk han til meg då den andre knurra og resten tok han veldig bra. Gjett om eg var glad :)?

Onsdag var det ein runde rundt Mosvatnet før eg sprang på jobb igjen. Fekk ikkje tid til trening i det heile. Jo forresten, vi trente jo på turen. Han møtte hundar og fuglar. Og alt gjekk fint.

Torsdag var det heldigvis aktivitetskurs igjen. Det er kjekke timar det! Heldigvis skal vi fortsetje til hausten for vi blir inspirert, vi blir korrigert og vi har lekser til kvar gong. Rett og slett lærerikt.
Eg fortsette med te-egget. Arbeidde aleine på grunn av at eg kom ein del seinare enn resten. Fann ikkje løysinga på det å få han til å sitje ved egget bevisst. Trente på å få han interessert i å snuse på egget når det var synleg og når det var gøymt. Det gjekk veldig fint. Heilt på slutten fekk eg faktisk eit par markeringar på rett plass (altså at han sat ved egget og markerte)!
Etterpå trente vi litt tapt apport. Gjekk fint. Trente på å apportere dummien på slutten. Her må eg trene endå meir på ro før henting. Dummien er heit.

Fredag fekk Ekko ein tur rundt Mosvatnet. Turen var deilig. Etter den var det bare å skifte kler og dra på sommarfest på jobben. Stakkars dyret. Eg kom ikkje heim før langt på natt. Eg må innrømme at den der hunden min er snill og tolmodig.

All einsemd i veka tok vi igjen i dag, men laurdagen fortener eigen artikkel.

torsdag 29. januar 2009

Hund i kasse

Eg har lyst å bli flinkare til å shape fram atferder og har gitt meg sjøl ei utfordring. Få hunden til å setje alle beina i kassen. Med dei labbane han har, er det ikkje aktuelt med fire labbar i matskåla :). Så altså skal dei i ein kasse. Det har no enda opp med at eg sit på datarommet og grublar og Ekko ligg ved sida av kassen og syns eg er dum som ikkje vil trene meir. Men eg treng hjelp. Han tok kjapt begge frambeina oppi kassen, men gjett ka som kom etter det? Akkurat - rygging inn til sida mi (klosse eller kasse same det, tenkte han vel). Og når eg ikkje premierte det, så blei det mykje frustrasjon. Eg premierte frambeina oppi fleire gonger, men koss eg skal få han til å gjere eit forsøk med bakbeina, er ei gåte. Eg tar med glede imot tips.

Eg skreiv tidlegare om at han hadde begynt å hoppe ved kommandoen stå og ta eit steg framover. Det var jo eg som skapte feilen (brukte leverpostei som premie og den måtte han fram for å hente). No har vi drilla her heime i stova. Med tennisball som premie. Det gjorde susen. Han står som ei søyle og ventar. Ballen kastar eg bak han. Bonus er at han kjem inn med ballen kvar gong :). Så midt i frustrasjonen over baklabbane, koser vi oss med gode "stå".

fredag 9. januar 2009

Her var det mange tips!

Når vèret er grått, kan det jo vere kjekt å trene inne....
Her er nokre tips i ein valpekursfilm frå Silva Trkman. Tenkte eg skulle begynne med - ja nå kan de lure :)

tirsdag 25. november 2008

Vi greidde det!

Eit litt dårleg bevis, men dei kvite flekkane er altså fiskekakebitar. Ein på nasen og ein på kvar labb. Eg syns Ekko var råflinke som greidde å halde seg i ro sjøl om eg skulle finne mobilen og ta bilete. Han snur litt på hovudet, men held seg rank.

Dette hadde eg ikkje trudd vi skulle fikse så fort. Men ka finn ein ikkje på ein kald kveld og ein uroleg hund? Jo arbeid som krev mykje av han og lite av meg ;-).

Elles har vi trent litt på den der ufyselege klotanga. I fleire dagar har eg ikkje fått ta i labbane, men i kveld har han fått klikk og belønning for at eg har tatt på dei og klemt litt. Rart kor fort det gjekk tilbake til nullpunktet då eg klipte feil. Men fiksa vi fiskekake på nasen, må vi vel fikse dette òg.

onsdag 19. november 2008

Nå hugsar eg kvifor rygging er dumt..

Aller først: Neste utfordring skal bli vanskelegare, eller er det bare hundane våre som er så finke.?!

Torhild har sendt videosnutt der Era har godbit på begge beina. Anne og Thelma har beviset her. Gro meldte frå i går kveld at oppdraget var utført. Godt jobba alle seks! Eg prøver å legge godbiten på nasen til Ekko. Det likte han ikkje, men vi skal nok få det til. Tenk godbit på beina og på nasen medan vi går rundt hunden? Utan avstandsbelønning i handa.... Den tar du vel kjapt, Elisabeth?

--

I går begynte Ekko å rygge og i dag hugsa eg kvifor eg stoppa treningen på det for eit år sidan... Gjett ka han tilbyr kvar gong han skal trene? Akkurat - rygging. Men eg vil jo trene på utgangsstillingen, fri ved foten, burleiken og dekk!

Har brukt litt tid i dag på "fri"-kommandoen. Han trur det betyr å kome bort til meg og setje seg ned. Ja, ja. Eg kan jo leve med det. Men så var det ein kommando på at treninga er slutt? Det er ikkje lett å forklare eit treningsgira dyr det. Han syns vi skal trene mykje meir enn vi gjer. Difor blir det stadig eigentrening på han. Mykje burleiken og diverre ein del rygging som blir avslutta med bjeffing i frustrasjon.

Og så har eg tenkt og tenkt på belønningskvalitet. Kor mange alternativ har eg? Leik og godbit. Ja vel. Men har eg andre? Og har eg ulike måtar å tilby leik eller godbit? Hundane skal jo tape ein del på å feile, altså må det dei vinn med å anstrenge seg, vere veldig bra. Kanskje det er neste utfordring? Kom med mange belønningar vi kan bruke.

tirsdag 18. november 2008

Eg er imponert!

Dette var kjekt. Eg hadde så vidt sendt ut utfordringa før første tilbakemelding kom:
SMS frå Kari og Evita:
To gonger rundt, satt på huk med ryggen til og siste gang gikk jeg ut av syne 1/2 sekund (jeg har trent litt på dette innimellom).

Neste par ut var Silje og Pia. Dei sendte fotobevis.
Elisabeth og Faya har lagt inn film i bloggen sin som bevis.

Så no ventar eg spent ka som blir tilbakemeldinga frå dei som har meldt frå om at dei skal sjå på saka...

Utfordringa var enkel forstår eg. I alle fall eit bevis på at viss vi veit ka vi skal trene på, er lite til hinder for at hunden skal få det til.

Vi tar tak i utfordringane

Gjengen som møtte på trening i går, var skikeleg motiverte etter helga. Vi hadde fått mange tips som vi ville utvikle vidare. Diverre var kvelden mørk og til tider våt, så det er ikkje alltid like lett å sjå kor godt ein svart hund jobbar ;-)

Utgangsstillingen
Ekko arbeidde ei økt med utgangsstillingen. Eg ville teste det ut no etter ein del trening heime. Han måtte feilast i blant og rettar seg då fint opp. Det å kunne seie "feil" og oppleve at han tar utfordringen er nytt for meg. Men det var lett for han å lære inn. No må eg få til fleire rundar med 10/10 ( ti rette av ti forsøk) heime og så gje han mange utfordringar på dette ute. Då reknar eg med at eg snart har utgangsstillingen på plass.

Fri ved foten
Neste økt var fri ved foten. Han går fint når eg rygger, men hadde for lang avstand til meg då eg snudde og gjekk framover. Etter to økter med dette, var det tydeleg at Ekko framleis var sliten etter helga. Han mista fokus mange gonger. Han hadde ikkje fleire økter.

I dag har vi vore på tur med Pia. Dei to hundane er heilt gira i lag. Begge inviterer til leik i eitt sett. Rart å sjå på dei, men altså ikkje heilt praktisk når det er tur i bånd rundt Mosvatnet... Vi gjekk over gangbrua i Tjensvoll-krysset. Ekko går den galant no. Han snudde seg og såg forundra på Pia som jobba hardt for å våge dette nifse. Han hadde heilt gløymt at dette var kjempenifst for eit års tid sidan. Men eg har funne ei trapp som fekk han til å bli like skjelven som Pia, så...... Pia kom seg over, sprang den siste meteren og fekk full jackpot av både Silje og meg. Ekko og Pia åt forresten av handa til Silje - samstundes -! Og det ei Pia som ikkje har likt når nokon tar godbitane hennar. Kjempebra!

Fellesdekk/ liggeleiken
Her heime har vi trent på "liggeleiken" som Marit kallar det. Altså bli liggande same ka til neste kommando. Tenk deg ein matglad hund som får lagt ein karbonadebit på kvar labb.... Eg gjekk bak han, kom fram, sette meg og plukka opp godbitane før han fekk dei. Spennande syns eg. Og no utfordrar eg lesarane til å prøve det same. Og eg vil gjerne ha ei tilbakemelding på om de fekk det til eller ..... .

Rygging
Ekko var for eit år sidan glad i å rygge nokre steg. Eg har ikkje premiert det for det blei så slitsomt. Men no begynte eg igjen. Han rygger 5-6 steg, men ganske skeivt. Vil ha tilbakemeldingar frå dei som var på Thomas si gruppe før eg arbeider vidare med den.

Buret
Eg bruker stoffburet som pausestad. Tok med meg idéen om å markere pausetida på det viset. Han spring frivillig inn der.
På slutten av treninga tenkte eg at han skulle få ei ny utfordring. Eg la ein godbit ved sida av buret, men i synsvinkelen hans. Så sa eg kommandoen "fri". Han prøvde seg ein gong, men måtte inn igjen. Neste gong kom han direkte til meg på "fri" og sprang til godbiten då eg sa "versegod". Tredje gongen han låg i buret, godbiten låg rett utanfor og eg sa "fri", begynte han å grine. Dette var visst i sterkaste laget. Eg tenkjer at han no var i modus for avstandsbelønning, men fekk altså ikkje den kommandoen han trudde han låg og venta på. Eg trur ikkje frikommandoen sit enno så eg skal trene meir på den. Guten skal ha den at han tok ikkje godbiten før eg sa versegod i alle fall.

Utfordring til deg!
Til slutt gjentek eg utfordringa: Greier du å få hunden din til å ligge i ro med ein godbit på begge framlabbane mens du går rundt han/ho?

søndag 18. mai 2008

Hente avisa og andre kjekke øvingar

I dag har eg vaska jærbunaden ( den fora dressen). Tenkte at no kan eg vel vere utan den i ein periode...
Ekko har vore treningslysten heile dagen. Han kom til og med inn med eit lausbitt han hadde funne i sekken. Kom igjen og tren meg! Og eg gav meg jo og trente litt på det. I tillegg begynte vi forsiktig med å krype.

I dag oppfordra eg klikkarfolket: Kom på trening og eg finn på utfordringar! Vi blei ein fin gjeng. Utfordringane var: Innkalling, hopp, balanse på benk, tunnel, hente avisa, gå bak og slalåm mellom beina.

Anne&Thelma, Anne Lise&Scotty, Silje&Pia, Lili&Biko, Ingve&Aron og Elisabeth tok i mot oppfordringa. Elisabeth utan hundar, men ho blei fort fotograf og medhjelpar.

Ekko prøvde seg først som avisbud. Og jammen slo all trening på apport inn. Han sprang fort til Lili, tok med seg avisa og avleverte i handa mi. Eg fekk han til og med til å springe tilbake til Lili med avisa etter at han hadde gitt meg den. Avisbudet blei filma, sjå her.

Biko prøvde òg å vere avisbud. Han hadde ikkje trent apport slik at på han trente vi kun det å kome borti avisa. Men aller helst ville han sjå på matmor og bli beundra :-).
Innkalling var neste post på programmet. Eg brukte fløyte denne gongen og hadde yndlingsballen klar. Kjempereaksjon! På dei siste innkallingane brukte eg kong - det var ikkje fullt så gjevt. Det kan nok vere ein blanding av at han var trøytt, men tydeleg òg at ballen har ei ekstra stor stjerne.
Alle hadde minst ei økt med innkalling. Det var pipelydar rop og ymse anna rundt ikring. Dei fleste opplevde at hunden kom fykande. Det er deilig å vere på parkeringsplassen ved OD for der er det så god plass. Fleire blei filma, her finn du Pia. i aksjon.
I tredjeøkta skulle Ekko trene på å gå bak. Eg bruker det i blant på tur i skogen. Treng at han går bak ned bratte sider og liknande. Men eg har ikkje trent noko på det. No skulle eg bruke target på fing. Lili skulle klikke. Det gjekk greit med fingen bak. Han forstod den, men då eg skulle premiere kom han fram. Og så skulle eg vere kjapp for ikkje å få han fram mellom kvar gong. Gjett kor eg gøymde handa - akkurat- bak ryggen.
Altså blei det tendensar til lokking i staden for target. Må trene meir på det der. Skjønte på Anne at ho og Thelma hadde det same problemet.
Nest siste økt var hopp. Ekko hoppar fint over og han syns det var ekstra kjekt då vi småsprang mot hoppet. Men han hopper for nære meg. Det er slik at eg er redd han blir spidda av stanga på hoppet. På slutten var han så gira at han beit i bandet. Han var tydeleg trøytt. Vi avslutta med litt kryptrening. Eg kom ikkje lenger enn at han kjem borti targetsticken og kryp 1/2 cm.. Men det er ein start.
Eg storkoste meg i kveld. Litt fri frå lydnadstreninga samstundes som dette er nyttig trening det òg. Men eg kjenner eg har nok brukt hovudet eg òg for no er eg trøytt.

Aron og Biko var med oss for første gong. Det var veldig kjekt. Sjeldan å sjå kvite gjetarhundar her så dei blei ekstra beundra. Her Ingve og Aron.

torsdag 13. mars 2008

Atferdstrening

Tysdag var dag med sol. Ein perfekt dag for atferdstrening fann eg ut. Lommane fulle av kjempegode godbitar og radarblikket på. Tid for å gå rundt Mosvatnet. Og eg hadde tenkt rett. Vi møtte mange hundar. Ved kvart møte gjekk vi tilsides og trente "kinderegg". Eg trur nok at det er mest for min del at vi går langt ut til sides. Ekko reagerte lite på dei fleste hundane. Men nokre kribla tydeleg litt så akkurat då var eg glad eg hadde gått så langt ut. Og skravlande damer med hund i flexibånd er ikkje heilt til å stole på. Dei oppfatta lite av det eg dreiv på med, dei skravla og hunden kom nærmare og nærmare....

Onsdag gjentok vi det same, men gjekk ein annan tur. Vi møtte færre hundar, men hestar og folk. Dei største utfordringane var to søte jenter som ville klappe, men som hadde finkjolen på for dei skulle i selskap. Det blei mykje mjukost i premie på Ekko den stunda. Og møtet med ein katt.... Då blei det liv i hunden. Eg registrerer òg at han er flinkare til å ta kontakt med meg når vi møter noko (menneske og dyr). Det liker eg og han blir premiert for det.

I dag har vi vore på trening.Vi har trent på bakpartskontroll (rygging). Ekko er blitt kjempeflink til å rygge. Til stor frustrasjon begynte vi òg på eit lite triks. Ekko ville bare rygge, ikkje noko anna. Men så smått fekk vi begynte på trikset "vinke". Vi ser for oss kongeleg vinking frå altanen 17. mai....:-)
Karin hadde med seg rotta "Ludolf"(?) til miljøtrening/atferdstrening/ sosialisering. Eg var spent på Ekko og ei rotte. Men guten viser talent. Han snuste, dunka litt borti i håp om å få litt leik i gang. Kom bort til meg for å kose, prøvde seg med dempande signal og ville ha litt kontakt med rotta igjen. Veldig positiv oppleving.

Litt oppsummering etter fokusdagar på atferd:
- det er eg som er den mest usikre av oss to. Eg stoler lite på han ( og har kanskje grunn for det?)
- han blir stadig enklare å gå tur med. Drar lite i bandet, tek kontakt
- vi må gjere dette oftare slik at eg får trent på raske reaksjonar. Og kanskje våge meg litt nærmare det farlege.

torsdag 14. februar 2008

Å skilje tesortar

Det er mykje rart vi vil at hunden skal kunne. Td. velje Earl Grey te i staden for Camille-te.....
Vi trente på luktdiskriminering i dag. Hunden fekk lukte på ein pose med Earl Grey te. Etter ei stund låg det Earl Grey i den eine handa til figurant og ein annan tesort i den andre. Vi skulle klikke når hunden gjorde rett valg. På slike oppgåver manglar Ekko tolmod. Han kan fort begynne å bli hardhendt, begynne å bjeffe og liknande når ikkje han får til oppgåva. Det gjeld å gje han korte økter.
Første del gjekk bra. Eg har ein mistanke om at del 2 der han skulle velge rett hand, til tider bare var tilfeldig kva det blei. Han tok seg ikkje tid til å lukte. Anna enn når han nytta høve til å vaske handa til Silje. Ho lukta jo så godt kylling....

Då vi tok han fram etter ein pause og gjekk tilbake til trinn 1 og så på trinn 2, verka det som han brukte nasen, ikkje bare toucha for å gjere det. Vi må øve meir på det der.

Karin utfordra oss til å velge eit triks vi skulle bruke dei neste 14 dagane til å trene inn. Eg blir ståande litt tom, kjem ikkje på noko. Mottar gjerne tips.

Til slutt: Vi har ei lita spørjeundersøking i høgre marg. Slå til og svar på den...!

mandag 11. februar 2008

Variert treningsøkt

Sol, tåke og lyst då treninga begynte!!! Men dei tobeinte skravla jo så lenge at det nesten blei mørkt før vi kom i gang.
Men då dei kom i gang blei det variert:
Eg har trent på å setje meg når førar stoppe opp. Litt vanskeleg syns eg for eg skal jo lukte litt undervegs.
Så target på kjegle. Det er ein enkel sak syns eg.
Så bråstopp. Eg blir heilt gira når eg ser ballen matmor har bak ryggen. Det der er kjekt! Men så begynte ho med noko tull. Av og til er matmor ikkje heilt smart. Eg trur ho tenkte at eg kunne bråstopp, og eg kunne innkalling. Jaha, men trengte ho blande dei saman? Vi hadde det jo så kjekt?! Her sette eg opp farten då ho ropte kom, så brått kom det eit "Stå". Eg blei heilt forvirra. Ved neste innkalling gjekk eg litt og stilte meg opp. Ho skulle jo stoppe innkallinga så kvifor ikkje fikse det sjøl?? Etter opp til fleire feil, så forstod gamla at det der må ho vente med. Eg fekk nokre flotte pangståar på slutten for å vise at eg kan jo ein del.

Eg skulle forresten vore filma for då eg hadde bestemt meg for ein stå nytta det ikkje med verken kong, godbit eller lokking. Eg stod! Eg mangla bare kommandoen........

Og siste innhopp i bilen gjorde eg med eit sus. Eg fekk tørka kyllingnakke. Matmor - skaff det straks! Det var godt det!

PS! Kan noen lære matmor mi litt om lengde? I dag gjekk vi tur og samstundes leikte vi med ein ball. Ho kastar ballen i lufta, eg sprett etter. Fine greier, men så brått ligg ho langflat på jordet. Eg lurte jo litt på ka ho gjorde der, men så viste det seg at ho sjølvsagt ikkje hadde tenkt lengde på kobbelet og avstand til ballen. Går det ann å vere så fjern? Eg blir litt nervøs når ho ligg langflat sånn, men med ein del kyss og vasking så fekk eg henne på beina. Ho smilte tappert, men eg trur ho var glad for at det var kort veg heim.