søndag 25. juni 2017

Så var det slutt

Det blei lite bloggskriving dei siste åra, men det aktive hundelivet blei det framleis mykje av.
Ekko var ein sporhund til siste slutt.

Og slutt blei det.
30.april 2017 blei han brått sjuk og etter nokre timars kamp innsåg vi at det var slutt. Ekko fekk sleppe smertene og livet blei avslutta.

Det er tomt i heimen etter han.
Han var den beste treningskompisen, turkameraten, trøystaren og humørspredaren.

Altså ender denne bloggen her

mandag 28. mars 2016

Vi lever enno

Det har vore to travle år med mykje skriving og lesing, men ikkje eit ord her.

Men no prøver eg igjen.

Kva har så Ekko og eg drive med sidan sist? Jo, det same som før. Ekko blir fast trent med rundering og spor. Han elskar å få oppdrag og vil gjerne løyse dei på sin eigen måte. Eg har i periodar prøvd på korleis han kan ha det som pensjonist, men det har han ikkje særleg forståing for. Utan trening blir han rastlaus.

Rundering.
Vi trener stort sett rundering om laurdagane. Som regel plar Ekko springe ut som ein unghund og midt i løpet oppdagar han at han er gamal og må ta det med ro. Men når han kjem fram til figurantane er det kjempegøy med drakamp. Etter nokre slag plar han melde frå til figurantar at han vil ha kos og godbit for å ikkje slite seg heilt ut.
Eg bruker ikkje fastbittet då det stadig blir øydelagt, men eg varierer mellom lausbitt og rett i belønning. Han er aldri i tvil om ka han skal gjere så det er mest dagsformen som pregar resultatet.

Spor.
Den største lukka på jord er å gå spor i utmark. Då kan han gå lenge og gjev ikkje opp. Asfaltspor er passe kjekt. I det siste har han fått blanding av asfalt og gras og det har friska opp sporet.

--
Det å ha ein hund på 11 år er sjarmerande og gjev meg litt grublerier. Han må oftare ut for å tisse enn før. Han er blitt veldig rutineprega. Tidleg i seng og tidleg opp. Hoftene, som eg fekk beskjed om kunne skape store problem for han alt i ungdommen, er ikkje eit problem enno. Men han vil ikkje vere aleine heime. Han vil vere der eg er. Heile tida. Det tyder at han meir enn gjerne vil bu i bilen i staden for å sove i "silkeseng" heime når eg arbeider. Merkeleg skrue.

Ekko lever eit lukkeleg liv der ungane i gata roper på han og klappar og koser med han. Vi møter gamle og unge som har eit forhold til han og som pratar litt med meg òg.






søndag 14. februar 2016

Funderingar rundt det å ha ein gamal hund



 Ekko nærmar seg 80 år. Eller kanskje han er det alt? Det tyder at eg oftare får spørsmålet ka eg vil gjere den dagen han ikkje er meir. Og eg blir minna på at den dagen nok kjem. Om ikkje så lenge.

I kveld har eg snurra meg bakover i bloggen. Eg begynte å skrive i november 2007. Ekko var ung og dette var treningsbloggen vår. Så mykje kjekt vi trente på og så mykje han har lært! Og kor mange stunder eg har vore heilt fortvila over at Ekko ikkje var ein A4 hund, men ein som var ekstra snill og ekstra redd så mykje. Undervegs har eg fått fleire hint om at eg burde avlive hunden. Hadde eg ikkje møtt Arne Aarrestad og Siddis hundeskole då Ekko var eit år, hadde han nok ikkje levd i dag. Ekko var ei utfordring. Han gjorde som mange usikre ungar; angreip i staden for å seie hei. I tillegg fekk eg beskjed av veterinærane at han neppe blei ein gamal hund. Bileta av hoftene til 1 åringen var ikkje dei finaste.
Men sidan denne spesielle hunden hamna hjå ein sta stayer, lever han og er ein lukkeleg gamal hund.

Undervegs har vi møtt utruleg flotte hundefolk og fått vere del i eit treningsmiljø som inspirerer og støttar.

Men det var det med den eldre hunden. Korleis er det å leve med den? Ekko trener kvar veke i spor/rundering. Han startar kvar økt som om han framleis er unghund. Full fart ut og full energi i leik med figurantane. Etter nokre få slag heng tunga og han innser at det beste er å springe roleg og satse på godbitar og kos hjå figurantane. Men neste veke startar han like ivrig :). I spor er han like ivrig som før.

I det daglege opplever eg ein hund som ikkje vil vere heime i 8-9 timar. Han vil heller vere i bilen. Om det kjem av at det smeller og bråker når dei pussar opp i garasjeanlegget, om det er Ryfastgravinga eller om det er noko anna, ja det veit eg ikkje. Men i desember endra han seg frå å vere roleg heime medan matmor var på jobb, til å bli utbrytarkongen. Det kan faktisk vere så enkelt som at han ikkje greier å halde seg tett i så mange timar og at han derfor prøver å kome seg ut. Kven veit. Eg ser i alle fall dei dagane eg er heime at eg har ein hund som blir uroleg etter ca 4 timar.

Når vi går tur, startar han frisk og først. Etter ei stund er snuten litt bak meg. Han går langt, men treng pausar og kos.
Eg blir oftare vekt om natta av ein hund som bare må ut for å tisse enn før. Han pesar meir enn før og snorkar grundigare.

I kvardagen er han så kjent med mine små hint at når eg les om dei som skal vere sjefen og står og brøler på hunden sin, ser eg på Ekko. Det skal bare eit roleg ord, eit blikk, ei rørsle så forstår han kva som er kommandoen. Kva brølar dei etter?

Det er ikkje like lett å hoppe opp i sofaen sjølv om han får lov, men med litt tenkjearbeid kjem han seg opp kvar gong.

Han er like lukkeleg over å møte menneske og då særleg ungar som før. Han er litt mindre gira på fôret sitt. Og han vil ha kos. Heile tida. Helst sitje eller ligge tett inntil menneska.




søndag 28. september 2014

Ein lukkeleg senior

Lise Lunde har tatt ein fin serie av Ekko mens han held på med det kjekkaste han veit: finne folk (her: rundere). Ekko brukar ikkje fastbitt då det ofte er vanskeleg å få til å henge langt nok ned for ein stor hund, men han melder med lausbitt. Vi varierer mellom lausbitt og rett i belønning. Treningslaurdagane er eit høgdepunkt for oss begge. 

Siste laurdag i månaden er det sportrening. Denne gongen hadde eg fokus på detaljane. Eg treng stort sett ikkje vere redd for at Ekko ikkje finn det han skal, men eg har ein mistanke om at han tar snarvegar for å kome dit. Det fekk eg bekrefta denne dagen. Han kutta svingar, men kom seg alltid innpå igjen. Trur eg skal pirke litt ei stund. Bør jo ikkje skli heilt ut sjølv om han tar seg seniorrettar.

Eg satsar på at vi snart er i gang med sportrening på måndagane igjen. Hjernen til Ekko er i alle fall ikkje klar for å pensjonere seg. Han elskar framleis å leike og syns matmor er altfor sløv. Altså ein lukkeleg senior.
Eg har noko i nasen..


Lukta blir sterkare

og sterkare

og sterkare
oj, tampen brenn

Hei! Eg fann deg (gje meg lausbittet så eg får meldt frå til matmor at du er her)
 Bli med du òg!

søndag 10. august 2014

Eg skjems.



Ekko lever. Eg lever. Men blogginga har vore død. 
Våren har vore travel, men vi har trent på spor. Asfalt, grus og skog. I tillegg til runderingstreningane. 

Runderingstreningane har ofte vore saman med Kira og Scott. Tre ivrige runderingshundar.
Ekko brukar fast lausbitt. Han veit korleis fastbittet er, men det er litt for lite for han. Fungerer veldig godt med lausbitt.

Ekko har vist stor iver i dei ulike spora. Sjølvsagt er det dagar det ikkje går like bra, men gamlefar lærer og liker det.

Sommaren har vore og er varm. Ekko har ikkje orka så mykje. Vi har levd eit latmannsliv. Eg opplever ein hund som tar mange pausar på tur og som ofte legg seg rett ned på ganggolvet når vi har vore ute. Om det bare har vore varmen, kombinasjon varme og dårleg kondis eller om det er helsa og alderen som kjem snikande, det veit eg ikkje. Eg kjenner eg må følge med utover hausten. 

Vi har starta haustsesongen friskt. Trening opptil fleire dagar i veka. 
Eg står litt arbeidslaus når det skal trenast lydnad. Har ikkje hatt fokus på det og har ikkje tenkt å arbeide med det. Ekko er 9,5 år. Han fungerer godt i kvardagen og skal jo ikkje konkurrere. Men det var litt kjekt å trene saman med Elisabeth og Bella. Ekko og eg kunne vase litt med vårt og samstundes sjå på ivrig trening. Ekko storkoste seg og tilbaud både det eine og det andre av gamle kunstar.

Denne helga utfordra Lise oss med ei spor på 6-700 m der ho hadde hatt med seg Scott på turen. Han hadde gått laus. Terrenget var skogsbotn, grus, asfalt, utmark og hogstfelt. Eg fekk med meg ein genser slik at eg hadde noko å minne Ekko på lukta med.

Det var eit knallkjekt spor å gå. Eg veit at vi var på Scott sitt spor i alle fall ein gong, men Ekko tok seg fint inn. Då eg viste han genseren, såg han så vidt på den og justerte kursen. Det skjedde 2-3 gonger. Tempoet var lett å følge og heilt på slutten blei kroppen skikkeleg ivrig. Han hadde fått ferten av Lise. Funn av figurant er det kjekkaste!

Vi kjem til å fortsetje med brukstreningane på laurdagar og så ofte eg kan blir det trening ein kveld i veka i tillegg. Bruks er framleis like kjekt både for tobeint og firbeint.