torsdag 31. mai 2012

Varmt-kaldt. Sløving-trening

 I pinsehelga kom varmen grundig og godt. Vi reiste til Bergen. Kjempekjekt syns både tobeinte og firbeinte.  Vi opplever at ferjemannskap ikkje har store sansen for hundelivet. Eg har opplevd å hamne i kjellaren på ferjer og opna døra og kjent varmen strøyme i mot. Vite at her kan ikkje hunden vere i 20 minutt. Og strevd med å få han opp på dekk utan å gå inn i salongen. Det er jo veldig forbode område... Trappene opp til dekk er ikkje akkurat gode vore hundepotar. Så denne gongen spurte eg om å få stå oppe. Men det var ikkje mykje forståelse for det. Heldigvis er eg passe frekk og hamna der likevel.
Kor blei kompisane mine av?

I varmen i helga trente vi lite. Det var mest korte tisseturar om dagen og lengre tur om kvelden. Heilt ok, syntes Ekko. Han ville i grunnen bare ligge ute og varierte mellom plen og terrassegolv.
Det kjekke var å gå tur saman med tenåringane. Få seg ein flokk å passe på. Stor fortviling då dei forsvann og like stor lukke då dei dukka opp igjen.

Proffen taverna
Måndag kveld kom vi heim igjen. Og gradestokken hadde gått frå +27 til +12 og kald vind. Blomane på terrassen hadde storkost seg medan vi var på ferie og helsa eit blidt velkomen heim igjen. "Proffen taverna" var eigentleg klar til å ha ope heile veka, men akkurat no er det lite fristande. Utruleg kor fort det kan endre seg.

Onsdag kveld var eg invitert på trening saman med den gamle retrievergjengen. Det var triveleg. Ekko blei trent på stå på kommando. Eg brukte tennisball. Og det er sterke saker for bajasen. Han er god på stå når eg går bakover, men alt var borte då han skulle gå fot og få kommandoen. Då tenkte han bare på ballen ;). Er visst på tide eg set i gang med den delen av treninga.

Etter trening var det heim for å varme seg litt. Og Ekko slokna nøgd...

mandag 21. mai 2012

Tunnelsyn og varm slalomform

VI har brått fått sommar.
I kveld var det endeleg tid for aktivitetskurset igjen. i 20 varmegrader var det nokre hundar som kjente det godt.

Vi starta med stafett. To lag. Renate, Kristin og eg jobba saman. Vi skulle kaste ein gjenstand, hunden skulle hente og kome inn og avlevere, så neste hund... Det gjekk fint med Ekko, men er litt slitsomt å arbeide med så mange ukjente hundar for han. eg må vere på vakt. Det er ikkje problem med at Ekko spring til andre, men eg kan ikkje stole på at andre ikkje kjem springande til han.
Stafetten hadde to omgangar og vi vann. Tjo hei!

Tør eg dette då? Ekko i 2008
Så var det to nye oppgåver. Slalom og tunnel. Tunnelen var kjempekjekk, syns hundane. Den var lang og kunne formast som slange, som U, med ein vinkel, med mange... Ingen hindring for Ekko. Han storkoste seg. Vi brukte bein, U-form og slange. Spennande når dei ikkje kan sjå utgangen. Morsomt å tenkje på at eg hadde ein livredd hund ein gong i tida,

Slalom. Dette har vi prøvd på før, men helst litt tilfeldig. Dette var sett opp med 60cm avstand. Ekko starta med å jukse og ta to om gongen. Ghita gav meg nokre tips om korleis eg skulle få han til å ta ein og ein pinne. Vi arbeidde med det . Siste økta var han så varm at han sleit med å forstå at han måtte gå litt. Såg med lengt på dei som fekk springe i tunnelen. Trur den var lukka i dag.

Det er så tydeleg å sjå at hundane koser seg når vi gjer det. Mykje latter og masse oppmuntring og gode innspel frå kursleiar og kvarandre. Dette er vitamininnsprøyting.

lørdag 19. mai 2012

Sporvill eller villspor?

 I dag var det Lise & Scott og Bajasen og meg som skulle trene. Vi drog til Dale for å trene spor. Eg sendte Lise avgarde med mobilen min. Endomondo er eit greit program å bruke når ein har med seg GPS utan batteri.
Sporet ho gjekk var 490m. Ho gjekk det på 17 minutt.
Eg gjekk sporet til Scott. Fiskepudding var agn undervegs.
No skulle spora ligge og godgjere seg.

I mellomtida dreiv eg kondisjonstrening på Ekko. Kasta ball med slynge. Han fann etterkvart på grunnar for å legge seg ned med ballen. Ikkje akkurat spreking, men var på hogget kvar gong eg kasta. Godt jobba.

Han fekk og trent seg på sosialisering med Scott. Vi hadde bilane ved sida av kvarandre. Scott slappa av. Ekko gjorde ikkje det, men han kikka bare bort på Scott utan at han syntes han var farleg. Men godbitar ville han ha. Men fin trening for han.

Sporet Lise gjekk
Sporet? Tydeleg ei stund sidan sist og dette er jo så kjekt. For ein fart! Eg hang i langlina bak. Og eg som hadde gløymt å ta på meg fjellskoa. Trø-i-sko er ikkje tingen i dette terrenget. Eg trudde han rota fælt for det såg meir ut som han var på dyrespor enn menneskespor. Men der var 1.gjenstand. Lise trur den var flytta på. Truleg har det gått både folk og hund i området i mellomtida. Vidare med oss i eit visst tempo. Her skulle ar det snakk om rekordtid. Ikkje visste eg at vi var med i ein konkurranse...

No virra han veldig, men ville framover. Spurte Lise om vi var på sporet. Ho var usikker. Vi skulle krysse stien i alle fall. Eg fekk bare henge på. Gjett kven som gjekk rett på gjenstand 2? Ekko, sjølvsagt. Vidare i eit lettare terreng å gå i. Her ville han gå andre stader enn meg. Eg trudde at Lise hadde fulgt noko som likna eit lite tråkk. Men ikkje Ekko. Brått hadde han gjenstand 3. Eg blir litt mållaus av eit spor som verkar heilt tullete, men som fører til alle gjenstandane.
Sporet Ekko hasta seg gjennom
No var det bare slutten. Her begynte rotet. Då vi begynte på sporet, såg vi ein familie med hund gå på stien oppover skogen. Då vi kjem ut på stien igjen, begynner Ekko å gå i ein annan retning enn sporet er. Då vi kjem til ei myr, får eg bekrefta av Lise at ho ikkje hadde gått der. Får stoppa han. No virrar han veldig, men så er han på hogget igjen. Feil veg i følge meg. Lise er òg usikker. Men ok. Eg har lært at han stort sett bør følgast når det er noko han vil sterkt. Og der såg vi sluttsløyfa. Han hadde funne baksporet til Lise.

Konklusjon: Vill fart. Forvirra matmor. Alle gjenstandane funne. Eg må gå oftare spor. Dette tempoet er det lenge sidan eg har opplevd. Det kan vere den ferske hundelukta gjorde sitt. Men aligavel.... Sporet eg gjekk (tok ikkje alle svingane Ekko virra i mot slutten) var 550m og tok 19 minutt. Farten var på maks 2,63 km/h...

Av sporloggen ser de kor rotet startar. Grunnen til at han ikkje går direkte i det som ser ut som sti/vei er at der er det skikkeleg sorpevatn (og der gjekk nok neppe familien heller).

Takk for hjelpa, Lise.

søndag 6. mai 2012

Mai? Trening i hagl

1.mai var ein vakker solskinsdag. Bikiniver!. 5.mai gjekk eg morgontur medan det snødde!
Men friskusane drog til Sviland og møtte Gro&Maja, Marina&Kira, Gry&Silja, Lise&Scott og Kristin&Hera. Vi fann fram det vi hadde av fleece, luer og votter for det var KALDT.

Ekko var hund nr 2 ut. Og sidan vi var 6 ekvipasjar blei det tid til tur og leik både før og etter økta. Herleg. Sjølv om det både hagla, bles og sola skein om kvarandre.

Etter planen skulle eg ha nokre økter med melding, men bestemte meg fort for at kondisjonstreninga skulle vere første prioritet så det blei flying. Han hadde 8 fine slag. På slutten var oppdraget til figurantane å begynne å springe straks han kryssa midtlina. Det fungerte perfekt. Trøytt hund fekk nytt gir opp fjellsida!

Kort konklusjon. Ekko arbeider godt, men eg må ta eit alvorleg tak når det gjeld kondisjonen. Det blir for mange turar gåande roleg i band. Kunne trengt å få opp pulsen både den firbeinte og den tobeinte. Det får vere målet for mai månad.