lørdag 28. september 2013

Hundeføraren må skjerpe seg

Av ulike grunnar har Ekko måtta akseptere at han kun har fått tur i kvardagen i det siste. Det tilfredsstiller ikkje brukshunden sjølv om han etterkvart er blitt ein moden mann. Han blir uroleg om kvelden og vil helst at vi skal leike eller finne på ein annan aktivitet.

Spor i Sørmarka
På sundag angreip han kanina si. Den mista etterkvart augene og halve hovudet. Dette er det lenge sidan han har gjort med tinga sine så eg tok hintet. Måndag blei det sportrening med Silje og Torhild.

Måndag: Skogsspor med kryssande turveg. 330m
Vi møttest ved OD og eg la eit spor på 320 meter. Det skulle krysse ein turveg. Sporet var vel ein 1/2t gamalt då vi starta på det.
Endeleg, trur eg bajasen tenkte. Han var KLAR! Starten tydeleg og fin. Arbeider seg oppover skogssida, men ser at han hopper litt. Hamnar utanom sporet og skundar seg innpå igjen. Rett før vi skal krysse turvegen, ser eg at det kjem eit par med ein stor irsk setter gåande. Eg er spent på korleis Ekko vil reagere. Jo, han ser hunden og bjeffer til, men så er det som om han kjem på at han er på jobb og ikkje har tid til slikt tull. Han fortset med sporet. Sporet går greit og han finn slutten.

Etterpå blei det ein triveleg tur med Silje, Torhild og hundane. Då vi kom heim, var det ein som snorksov. Sånn vil han ha det kvar dag. Resten av veka blei diverre ikkje slik...
Men så kom laurdagen.. Vi møtte Lise og Kari L på Dale.

Grusspor. maks 30 meter
Vi starta med å gå eit grusspor på grusbanen medan vi venta på at dei lange spora skulle få godgjer seg litt. Då eg gjekk sporet var det ein uberørt bane. Då Ekko skulle gå ei lita stund etterpå hadde det gått folk og hund i sporet...
Ekko verka absolutt ikkje påkobla. Han snuste på mykje, men ikkje på sporet mitt. Eg fekk han innpå fleire gonger, men det evrka heilt uinteressant. Heilt til vi var komne halvveges. Derfrå og inn gjekk han eit perfekt spor med nasen i grusen.

Skogsspor, kryssande bekk, variert underlag. 670m
Dette sporet fekk ligge godt over 1,5t før eg begynte på det. Ekko starta fint. Men som eg har sett fleire gonger at han hopper litt rundt før han verkar sikker på at jo her var det. I gras, over stein og velta tre går det fint, men brått kjem vi til ein stad der eg gjekk til venstre for ein månad sidan. Det gjorde han i dag òg, Heldigvis hadde eg merka sporet så eg fekk stoppa han. Då virra han rundt og så såg eg at han sette nasen nedi igjen og gjekk der eg hadde gått i dag. Bekken blei kryssa greit. På den andre sida, var han kjapp til å ta til høgre (som var rett), men stoppa og snudde og såg ut til å ville gå til venstre (som vi gjorde for ein månad sidan). Ser litt forvirra ut. Går tilbake til bekken og er no sikker på at han skal til høgre. Vidare går det fint, men han ligg litt til høgre for fotspora mine, men går inn i tett skog på same stad som eg hadde gjort. Barnålsbotn går fint, klatringa over steinar likeeins. Han arbeider litt meir når det blir tett skog og høgt gras, men det er lett å sjå når han er sikkert.  Det resterande går veldig fint og slutten blir funnen.

Skogspor, deler på tursti, varierande underlag, 430m.... og bratt stigning..
Lise hadde lagt ut eit spor til meg som no hadde godgjort seg i 2 timar. Vi fann lett starten. Ekko jobba godt i høgt gras. Lise hadde vore grei og markert nokre gonger i løypa. Det gjorde meg trygg på at han var på rett spor. Vi hamna på ein sti som eg etterkvart forstår er turstien til Lifjell. Ekko ville til høgre midt i lia. Eg var skråsikker på at Lise hadde sagt at ho hadde halde seg på vestsida av turvegen, så her var det ei som ikkje skulle la seg lure... Eg nekta å følge Ekko inn til høgre og forlangte han vidare oppover mot venstre. Søk spor, var kommando. Hunden tenkte nok at ok, no var leiken med Lise si lukt over, eg får velge eit anna... For oppover gjekk det. Bratt var det og til tider omtrent umuleg å klatre. Men Ekko var sikker som banken. Eg klatra og begynte å tvile då eg ikkje møtte fleire gule merke og heller ikkje såg menneskespor, kun dyrespor oppover fjellsida. Etter 430m innsåg eg at Ekko ikkje viste meg Lise sitt spor. Eg tok av han sporutstyret og på med vanleg band. Prøvde å ringe Lise, men ho var opptatt med eigne spor. Nei, nei. Vi hadde jo hatt ein kjekk tur, så vi fekk heller begynne på nedturen. Medan vi sakte arbeidde oss nedover langs turvegen, ringte Lise. Jo ho hadde nok kryssa turstien. Hadde bare ikkje tenkt på at det var den turstien som alle gjekk til Lifjell.
Sjå der Ekko vil til høgre 1/3 etter start..
Ok. forseint no. Nedover med oss. Etter ei god stund, var det ein som plent skulle inn til venstre. Heldigvis såg eg ei gul sløyfe i det fjerne, så eg sa bare: Søk. Ekko var skråsikker innover. Endeleg var han på sporet igjen (idiotiske matmor som nekta han..). Og med matmor i kort turband bak, bar det avgarde. Ei ny gul sløyfe og til slutt ei til. Så stoppa Ekko brått. Her låg det jo pølser i massevis. Slutten var funnen!
Flinkingen! Han hadde ikkje gløymt ka jobben eigentleg handla om. Og kjeft til meg.

Møtte Lise like etter. Vi var vel veldig einig om at det er knallkjekt å spore med desse hundane våre. Dei tenkjer, finn løysningar og gjev ikkje opp.



mandag 9. september 2013

Endeleg rundering!

 Fredagen hadde vore ein dag med torden og lyn OG regn. Til tider i voldsomme mengder av alt.
Lise, Marina og eg satsa på at slikt måtte gå over så vi gjorde oss klare for rundering på laurdagen. Og dagen blei riktig så fin og varm i Sælandsskogen.

Endeleg skulle hundane få rundere igjen.
Ekko fekk Celina (utvekslingseleven til Marina) og Lise til figurantar. Han fekk eit lite klapp på første slag. Då var han i gang. Full fart ut, henta bittet og kom inn. Ivrig ut for å leike med Celina.  Neste var Lise. Jobba godt der òg. Han hadde ikkje gløymt at han skulle forflytte seg framover for å levere bittet.
Det er tydeleg at den leika med lyd er gjevast. I tillegg var Celina veldig flink på jaktleik. 8 gode slag.

Eg hadde den store gleda å vere figurant på Scott og Kira. Kira ville helst ha premie og tok lausbittet med eit sukk. Eg fekk beskjed om at ho måtte få ekstra god belønning på siste slaget. Det slapp eg å tenkje på for Kira fiksa festen sjølv. Ho kraup omtrent oppi vestlomma mi og tømde godteposen :).

I løpet av den tida vi hadde halde på, hadde det sige på med sopp-plukkarar (med og utan hund), bærplukkarar, bokstavjaktarar (orientering) og turgåarar.
Etter pausen prøvde Scott overvêr og Kira melding med fastbitt. Eg bestemte meg for eit langt spor med person i enden sidan det no var så mange vandrande rundt oss at eg ikkje ville ha rundering.

Lise hengte frå seg jakka og gjekk avgarde. Vi gjekke eit stykke før vi fann starten. Ekko starta fint. Det kan vere at eg hindra han litt for eg var usikker på om Lise hadde gått så nære hovudvegen som Ekko ville (han hadde rett). Etterkvart rota han seg inn på eit gamalt spor Lise hadde gått. (Det viste seg at Lise hadde gått litt lenger oppe). No virra han litt rundt før han såg skråsikker ut igjen og det bare var å henge på. Og der var Lise.
I den perioden han virra (og eg nok hadde gjort han forvirra ved omtrent å nekte han å gå der han ville), tok eg kontakt med Lise for å sikre meg om at vi i alle fall var i rett retning. Det var vi (og det burde eg visst. Han var jo skråsikker på retningen i starten).

Eit kjekt spor. Men altså hundeførar Østerhus, stol no på den hunden din. Han har ganske smart nase. I dag var det eg som var hindringa, men han løyste oppgåva likevel.



Siste augustdag blei spordag


 Sporlaurdag på Dale. Det låg regn i lufta, men vi slapp unna. Eg møtte tidleg for å gå eit langt spor som skulle ligge minst 2 timar. Undervegs på det sporet, fekk eg beskjed om at Lise var forsinka så eg la eit ekstra i tillegg slik at Scott òg fekk eit spor som hadde litt liggetid.

Ferdig med det sporet gjekk eg eit nytt som skulle gåast etter kort tid. Eg leika litt med Ekko før vi gjekk, så sporet låg kanskje 1/2time?
Lise fulgt i fotspora mine (hadde eg hugsa heilt kor eg gjekk..). På dette sporet viste Ekko at han er ein overvêrshund og kanskje òg ein curly/chessie. (intelligent og sjølvstendig aristokrat). Jodå spor skal vi gå, men det er jo slutten vi skal finne så kvifor automatisk gå sporet når ein kan kutte distansen ved å sette nasen høgt?
Dei få merka eg hadde sett synte at han i periodar var på sporet, ved sida av sporet, kuttar vinklar og er sikker på slutten.
Underlaget viste òg ulike måtar å løyse utfordringa på. Høgt gras tyder lukt overalt så her hopper og sprett det litt i vilden sky. Skråsikker kryssing av bekk. I typisk granskogbotn var han veldig sikker og mykje meir rett i sporet. Slutten var han ikkje i tvil om.
Eg ser at han alltid kjem i mål, men eg tør ikkje heilt stole på han undervegs for han har mange sidehopp.

Hovudsporet: 640m skogsbotn, steinrøys, gras. over 21/2t gamalt.

Han starta i høgt gras. Verka litt forvirra. Ville drikke av ei myrhola i staden for å gå sporet. Eg kjente meg litt småirritert, men medan han går der i høgt gras og ser ut som om han er ute på tur, tar han 90 gradersvinkelen akkurat der han skal. Jøss. Han er visst på jobb likevel.
No går det sikkert inn i skogen. Så byrjar han virre. Dvs han luktar litt her og sprett vidare til der og så tilbake igjen. Det er bare å stå  i ro for i slikt humør  er han lett å lese. Brått er han skråsikker på kor vegen går vidare og då er det bare å henge på.
På resten av sporet er han sikker, spesielt sikker verkar han når vi er i steinrøysa. Då kan eg sjå han snusar på dei steinane eg har halde meg i medan eg klatra, før han vel den beste vegen å kome seg både nedover og oppover.
Eg var veldig nøgd etter sporet. Tempoet var heilt fint og alle merka eg hadde plassert for å vere sikker på at han tok dei svingane og retningane eg hadde gjort, blei fulgt.

Vi avslutta dagen med at eg viste Lise kor ho skulle gå for å finne sporstarten, så la eg meg i sporslutten.
Det tok litt tid, men omsider høyrte eg det knaka i kvister og der kom Scott. Skråsikker på funn!

Resten av dagen var ein sovande hund og matmor slokna visst litt ho òg. Det tar på å vere helt.

August blei altså ein skikkeleg spormånad. Til både hund og eigar si store glede.