søndag 30. mars 2008

Sportrening i regn

I plaskregn og med klokka stilt ein time fram var Silje og eg klar for å trene hundane våre på Sviland. Sidan vi var bare to, blei det sportrening. Ekko har gått litt pølsespor, Pia har ikkje gått spor. Eg hadde lyst til å begynne å tenkje ID spor med Ekko.

1.spor:
Underlaget var granskogbotn. Eg la votten min ved startpunktet. Gjekk først med Silje rett bak eit kort stykke. Silje svingte til venstre, eg til høgre. Gjekk litt til og la godbitskåla bak eit tre.
Resultat: Han starta fint, rota litt i svingen, men fulgte sporet mitt og fann premien. Det verka litt tilfeldig for nasearbeidet var litt latmannsarbeid....

2.spor:
Vi flytta oss ut i eit område der det var litt meir grønt langs bakken, men framleis skog. La votten ved startpunktet med ein godbit på toppen. Vi gjekk i same rekkefølge som sist. Denne gongen fulgte Silje med når eg svingte ein gong, men før neste sving gjekk ho til venstre og eg vidare til høgre. Laga ein sving etter det òg. Stor godbitpott på slutten. Eg la òg ein liten pølsebit ved kvar sving.
Resultat: Nasen i bakken og eit visst tempo veldig bestemt i rett retning. Virra litt der vi skilte lag, men kom seg fort inn på linja igjen og rett forbi premien. Men oppdaga fort at han var ute av kurs så det var ikkje mange sekunda før han var i mål.

Han hadde nokre spor til som gjekk like fint, før eg tok finalen med eit lengre og vanskelegare spor.
Siste sporet:
Underlaget er brun skogsbotn, trerøtter,litt myr og litt mose.
Eg gjer som dei andre spora, legg votten ved starten. Silje går bak meg eit godt stykke (gjennom svingar). Det siste strekket går eg beint, men kjem til ein liten bekk. Legg ein godbit i fotmerket mitt rett før eg hopper over bekken og eit like etter at eg er over. Går litt til og legg ein stor premie bak eit tre.
Resultat: Nasen og hjernen er straks kobla på, og han går avgarde i høgt tempo. Tek alle svingane, går til bekken og hopper over utan å ta godbitane. Deretter rett på premien. Eg kunne gullforgylt han!

Nå fekk han bare mine lukter som det rette sporet. Det må jo endrast på og vil nok gje ei større utfordring. Men dette var kjekt!

Pia gjorde òg store framskritt for kvart spor. Sidan ho ikkje hadde gått spor før, brukte vi godbitar i oppstart og ved dei første spora litt ofte for at ho skulle skjønne at nasen måtte vere i bakken. Dette gjekk så bra at vi raskt minka på pølsebitane, la bare ved oppstart og i svingane. Eg gjekk ikkje i fotspora til Silje ved dei siste. På siste spor, var ikkje hunden i tvil i ein einaste sving. Halen i veret og nasen i bakken direkte til mål!

Ekko avslutta med tre øvingar på lausbittmeldinga si. Like vellukka i dag. Og når han i tillegg kom inn på innkalling då det kom ein gjeng joggarar mot oss (som hadde hund i band oppdaga eg etterkvart... var ikkje rart han stod litt rådvill før han kom til meg), må eg vel seie at dette var ei svært vellukka trening.

Silje og eg var hjartans einige om at hadde det ikkje vore for den der vesle detaljen med atferdsproblema så hadde vi hatt perfekte hundar............. :-)

lørdag 29. mars 2008

Ka for ein hundetype er han?

Litt jentehumor.

Har du lurt på ka slags hundetype kjekkasen din (den tobeinte altså) er? Her kjem testen. Sjølvsagt er den svært seriøs og bør takast djupt alvorleg :-)

Enkeltslag, lausbitt og oppgåver framover

Torsdag hadde vi ei trening der vi trente fellesdekk, tannvising, hopp osv.

På fellesdekken var han veldig merksam på at Punky låg ved sida av seg, men han låg fint heile tida. Eg må fokusere på overgangane frå sitt til dekk (han legg seg på skrått over beina mine (nesten)) og frå dekk til sitt.

Tannvising, som vanleg, bankers.

Hopp går fint, men vi må øve på kontakten mot hoppet.

I tillegg bytta vi hund. Det var kjekt. Kari L. trente Ekko og eg Evita. Evita og eg dreiv på med hopp. Ho var veldig klar over kor matmor var og ville helst dit, men blei med meg på jobbinga. Kari trente target på fing med Ekko. Det treng vi å trene på for han blir fort utolmodig.


I dag har vi vore på Bore og rundert. Det starta med plaskregn, men letta fort og på slutten var det faktisk sol :-).

Planen var å begynne med enkeltslag. Og deretter trene på baklengskjeding av bringkobbelmelding.

Enkeltslaga skulle vere slik at eg sender hunden rett ut på den sida eg bestemmer. Hjå figurant får han godbitar som premie. Eg hentar han der og følger han inn til midtlina igjen for å sende han over på motsett side.

Enkeltslaga gjekk veldig fint. Han bruker tydeleg overvèret, for kvar gong han blei sendt ut på den sida vinden kom frå, kunne vi nesten sjå at han tok inn lukta. Han trengte litt hjelp på første slag der han ikkje hadde vinden til hjelp. Ein gong snudde han og sprang der ferten av Gro var. Heldigvis fekk Gro melding om å stå heilt stille. Då slo all treninga med flying inn. Han snudde og kryssa midtlina og fòr over på andre sida. På den sida han ikkje hadde vind, var det spennande å sjå korleis han sprang ut og forbi figurant for brått å snu straks ferten av figurant er i lufta.

Figurantane leika med godbitane og det var tydeleg noko han likte.

Treninga blei avslutta med at vi trente på trinn to på baklengskjeding av bringkobbelmelding. Gro viste leika og gjekk ca 50 meter bort. Ekko ville springe til henne, men måtte vente til han tok lausbittet. Så sprang han. Slapp lausbittet halveges. Ved neste forsøk hadde han mest ikkje tid til å setje seg før han tok lausbittet. Eg sa "vis mann" og han sprang direkte til Gro med lausbittet i munnen. På siste forsøk ville han ha lausbittet før han kom på plass og holdt på det til han kom fram til Gro. Kjempebra!

Eg er altså veldig nøgd med treninga! Måla for dagen blei nådd og det på den aller beste måte.

I går sette eg meg ned og bestemte meg for 4 mål for neste veke og bare det å ha bestemt seg har jo gjeve meg eit god hopp:
Mål:
  • Bli ferdig med trinn 2 på baklengskjeding av bringkobbelmelding
  • Trene på target på finger
  • Halde apporttreninga ved like
  • Gå minst to turar rundt Mosvatnet for å trene møte med andre hundar i band

onsdag 26. mars 2008

Innkallingstrening.

To dagar med flott sol og snø og ingen bilete. Slappe greier, men her kjem i alle fall eit som Elisabeth tok av gullguten på laurdag. I farta, vill og lukkeleg!

I dag tenkte eg at eg skulle nytte tida til litt innkallingstrening. Ekko har gått mykje i band i det siste og då er jo innkalling enkelt.... Vi drog avgarde til eit fredeleg område. Eg hadde tenkt at det var greit å ha få freistingar slik at det blei stor prosent av suksess.
Få freistingar - tja veit ikkje heilt om eg tenkte det då eg såg 2 hjortar (?) forsvinne forbi. Ekko såg dei ikkje så eg tenkte at her var vi redda. Gjekk vidare, men eg gløymte jo å tenkje på at luktesansen er god. Brått ser eg Ekko snu og med nasen i bakken fyk han avgarde. "Hjelp," tenkte eg. "Nå går det vel både vinter og vår før eg ser han igjen.". Tok fram fløyta og bles to gonger. Gjekk litt til og der ser eg ein jetmotor på andre sida av ei stor myr. Gjett om eg både blei overraska og måtte tenke fort? Her trengtes kjempegod belønning. Heldigvis hadde eg ein kong med meg. Full drakamp og fart!. At han var dravskitten etter ei myr han hadde sprunge uti på vegen, får eg bare ta som bonus... Prøvde å vaske han i snøen, men du og du kor mykje brun snø det blei.

Vi leika litt og vandra vidare. Så ser eg det same: Hunden med nasen i bakken i full fart. Fløyta igjen. Og der kom han pesande. Ny drakamp og leik. Etter det hadde eg fleire innkallingar der det ikkje var andre hindringar enn at det var kjekt å springe fritt. Han kom lukkeleg og fort på alle.

Så ser vi dei to hjortane igjen. Hunden set opp farten. Eg kjem med eit hyl og spring motsett veg med kongen i handa. Han snur og kjem mot meg. Eg trur mest ikkje mine eigne augo. Under leiken ser eg at han ikkje har heilt fred for desse dyra, men han er såpass interessert i leiken og i å følge meg vidare at det går greit.

Etter det kom han stadig innom meg på sine springerundar. Verka som han ville sjekke godbitar og kong. På slutten av turen blei det ein del leik der han skulle ligge i snøen ( i håp om å få av litt sorpe..) mens eg kasta kongen. Kjempekjekt!

Turen blei avslutta med ein sveitt hundeeigar og ein hund med logrande hale.

Konklusjon for dagen: Kjempepositiv oppleving av innkalling, men absolutt ikkje noko å stole på enno. Neste utfordring er i møte med andre hundar eller menneske han vil helse på. Kor gjev er eg då?

mandag 24. mars 2008

Trening med fart i.

I dag skulle vi bytte plass og vere på Austrått slik at miljøet blei nytt. Og så tenkte vi at det kanskje var på tide med ei hopp og sprett økt.
Litt mykje nytt på ein gong kanskje??
Faya syns skolegården på Austrått var kjempenifs så Elisabeth var spent. Men då alle vi andre kom, blei hunden letta og kunne delta med full iver.










Ekko stilte seg opp heilt roleg, men blei gira og begynte å bite og leike med bandet ganske fort. Trur eg gjekk litt for fort fram. Eg ville ha fart i øvinga og sprang mellom postane. Då blei det litt voldsomt for han.

Etter første pause var han rolegare, men greidde ikkje meir enn halve løypa før han begynte med bandet på nytt.

Her er han ikkje redd for tunnelen, men studerer fotografen. Og på neste er vi på veg mot hoppet.

Etter lang pause der han fekk helse på alle og fekk godbitar av dei, gjekk siste runden etter forholda veldig bra.

Eg bør nok bruke endå lengre tid på kontakt før ei så intens økt. Her var det jo dobbelt opp: lenge sidan han hadde vore i skolegården på Austrått og veldig lenge sidan vi hadde trent tunnel, hopp og slalom.

Programmet for dagen var: Stor tunnel, hopp, slalom mellom beina (eller eit anna triks), liten og lang tunnel, slalom, sitje på benk, balansere på ein benk som gjekk i ein firkant og pause...

Det var vanskeleg å ta bilete av hundane. Dei var i farten heile tida. Men her ser vi i alle fall to med fart: Ingeborg og Sander.

søndag 23. mars 2008

På tur med Faya

Eg har vore ei veke på kennel. Hadde det ganske kjekt der, men då eg høyrte stemmen til matmor forstod eg at eg hadde lengta veldig etter henne. Det var så vidt eg ikkje sprang gjennom døra! Endeleg var ho her.

Ho har visst vore i Berlin. Det er mange hundar der så eg skjønar ikkje kvifor eg ikkje få vere med. Særleg etter at eg såg bilete av dette skiltet. Det der kunne eg og nokre vener ordna opp i ganske fort.

For å toppe det at eg skulle heim frå kennelen, kjørte vi til hundeskogen. Og der var FAYA og Elisabeth. Så kjekt! Eg sprang og sprang. Og etterkvart forstod Faya at eg var kjekk å leike med. Vi sprang etter kvarandre. Den eine hadde pinne i munnen og den andre prøvde å ta den. Dei tobeinte hadde med godbitar, Faya syns spesielt Aud Venke sine var best ( det syns eg òg). Karbonader av kalkun eller kylling eller ka det var.

Då vi kom opp til eit vatn var det ender der. Det var spennande, men så var det litt dumt òg for det var litt is på vatnet. Verken Faya eller eg hadde lyst til å symje gjennom det. Elisabeth seier at Faya skal drive med tolling, eller var det at ho skulle oppføre seg som ein tulling? I alle fall såg vi ingenting av det. Ho har ikkje heilt fått det med seg at ho er skapt til sånt. Eg er skapt til å melde frå at dei er der, trur eg.

Etterpå sprang vi ned til elva. Her var det ikkje is på vatnet og eg fekk bade. Kaldt, men deilig.

Etter to timar var vi ferdig med runden og eg var ganske trøytt. Det skulle bli godt å kome heim. Heime låg det to bæreposar det lukta Bergen av. Eg sprang gjennom heile leiligheita for å sjå om Randi og Håkon var her. Det lukta jo dei. Men nei, det var visst bare posane som var komne på besøk. Håper dei dukkar opp snart for dei er veldig kjekke.

søndag 16. mars 2008

Runderingshelg med SOL

Høgdepunktet i helga er rundering. Det liker eg kjempegodt!

På laurdag var det 6 hundar som runderte og ein som gjekk spor. Då rakk vi ein runde, men runden blei god i følge matmor. Eg holdt farten, fann alle og gjorde det godt.
Trur matmor går og tenkjer på at eg må vidare, må lære meg enkeltslag, levere lausbitt osv. For meg kan ho tenkje ei stund til. Syns det er kjekt slik det er eg. Men vi fekk i alle fall trent på baklengskjeding av lausbitt. Det var det ei stund sidan eg hadde gjort. Forstod ikkje med ein gong kvifor eg måtte halde i lausbittet før eg fekk springe ut til figurant for å leike. Men tok teikninga etterkvart.


I dag var det palmesundag og flott påskevèr. Thelma, Era og eg hadde fått matmødrene ut av senga og ut i skogen. Eg fekk rundert langt i to omgangar, fekk bada meg i myra og kunne tenkt meg meir.

Kanskje eg skulle lært meg sånn ID-spor som Trofast driv med? Eller feltsøk? Same det forresten, bare vi er ute og har det kjekt så kan eg lære det meste.

Nå må eg kvile litt og sjå på matmor som prøver å pynte litt til påske. Ho hadde visst ikkje heilt sansen for myrlukta eg hadde med heim..


Det flotte bilete av meg i arbeidsantrekket er tatt av Anne Norheim. Bilete av Era er tatt av matmor.

torsdag 13. mars 2008

Atferdstrening

Tysdag var dag med sol. Ein perfekt dag for atferdstrening fann eg ut. Lommane fulle av kjempegode godbitar og radarblikket på. Tid for å gå rundt Mosvatnet. Og eg hadde tenkt rett. Vi møtte mange hundar. Ved kvart møte gjekk vi tilsides og trente "kinderegg". Eg trur nok at det er mest for min del at vi går langt ut til sides. Ekko reagerte lite på dei fleste hundane. Men nokre kribla tydeleg litt så akkurat då var eg glad eg hadde gått så langt ut. Og skravlande damer med hund i flexibånd er ikkje heilt til å stole på. Dei oppfatta lite av det eg dreiv på med, dei skravla og hunden kom nærmare og nærmare....

Onsdag gjentok vi det same, men gjekk ein annan tur. Vi møtte færre hundar, men hestar og folk. Dei største utfordringane var to søte jenter som ville klappe, men som hadde finkjolen på for dei skulle i selskap. Det blei mykje mjukost i premie på Ekko den stunda. Og møtet med ein katt.... Då blei det liv i hunden. Eg registrerer òg at han er flinkare til å ta kontakt med meg når vi møter noko (menneske og dyr). Det liker eg og han blir premiert for det.

I dag har vi vore på trening.Vi har trent på bakpartskontroll (rygging). Ekko er blitt kjempeflink til å rygge. Til stor frustrasjon begynte vi òg på eit lite triks. Ekko ville bare rygge, ikkje noko anna. Men så smått fekk vi begynte på trikset "vinke". Vi ser for oss kongeleg vinking frå altanen 17. mai....:-)
Karin hadde med seg rotta "Ludolf"(?) til miljøtrening/atferdstrening/ sosialisering. Eg var spent på Ekko og ei rotte. Men guten viser talent. Han snuste, dunka litt borti i håp om å få litt leik i gang. Kom bort til meg for å kose, prøvde seg med dempande signal og ville ha litt kontakt med rotta igjen. Veldig positiv oppleving.

Litt oppsummering etter fokusdagar på atferd:
- det er eg som er den mest usikre av oss to. Eg stoler lite på han ( og har kanskje grunn for det?)
- han blir stadig enklare å gå tur med. Drar lite i bandet, tek kontakt
- vi må gjere dette oftare slik at eg får trent på raske reaksjonar. Og kanskje våge meg litt nærmare det farlege.

mandag 10. mars 2008

Eg har fått ny ball!.. og så har eg trent litt

Det har vore ei travel helg syns matmor. Det syns ikkje eg. Vi har vore på kurs. Arne i Siddis hundeskole skulle lære henne å vere medhjelpar på atferdskursa han har. Så skulle dei heldigvis øve litt. Eg trudde eg skulle bli verande i den der bilen i to dagar. Det er ikkje det kjekkaste eg veit akkurat. Då eg kom ut, tok eg dei for meg, lente meg inntil og jammen fostod dei at det var kos eg ville ha. Masse kos.

Eg har forresten lært noko nytt i helga. Det er folk på jobben. Frå nå av skal det bli forbode å reise på jobb utan at eg er med - i alle fall i helgene -. Mor syntes så synd på meg som måtte bu så mykje i bilen (ho skulle jobbe etter treninga) at eg fekk bli med inn. Og der var det jo fleire som kunne kose med meg. Eg kunne snuse litt og så fekk eg litt tid til å sjekke forholda rundt i kring. Og takk til den som hadde lagt igjen maten sin på eit fat. Litt tørt var det, men kjempegodt smakte det. Trur øverstkommanderande begynte å tenkje på at eg kanskje skulle trene på å vere på jobb og ligge i ro. Ja til det første og tja til det siste. Det kan nok ta litt tid og 1000 godbitar å trene det inn.

Men til viktigare saker:
Faya sjå ka eg har? Heilt lik ballen din bare litt større. Det passar jo sidan eg er litt større enn deg. Vi fann han på dyrebutikken ved IKEA slik som Elisabeth sa. Eg har brukt han på trening i dag. Heilt topp! Vi trente stå under marsj med den.

Elles trente vi på rygging. Eg syns det er nok med 4-5 skritt. Ingen vits i å overdrive. Men det er vi visst ikkje heilt einig om. Vi trente òg på fri ved fot. Eg er blitt ganske god, men nokon må lære matmor å snu mot venstre. Det blei bare tull. Men mot høgre og å setje meg kvar gong ho stoppar, gjekk fint.

Eg blei sur på sjefen i dag. Ho leika med Pia mens eg sat i bilen. Sånt skulle ikkje vere lovleg. Ho skal leike med MEG. Heldigvis gjekk det opp for henne at vi hadde leika for lite så på slutten blei det Kvakki ei stund og drakamp med kong ei stund. Eg vil ha ei økt med leik kvar gong!

Til alle som lurte på koss Kvakki ser ut, her er han:

torsdag 6. mars 2008

Meir Kvakki i kvardagen!

I dag hadde vi tjuvtrent før vi kom på trening. Skorpene på pizzaen var verd å jobbe for, så vi tok ein runde fri ved fot innomhus. Jippi, tenkte eg. Matmor har gløymt det der dumme med rygging.
Men så vel var det ikkje. Anten hadde instruktør Karin minna henne på det, elles så kom ho på det då vi skulle begynne å trene i kveld. Eg prøvde med bukk, sitt, dekk, på plass, men ho stod bare der dumma. Ok, eg rygga to skritt, venta og tok eit til. men då var brått ikkje det godt nok heller. Så kom Karin for å sjå på. Og då skulle eg i alle fall ikkje sleppe lettvint unna. Eg måtte gå mange skritt ( i alle fall 5) før det kom eit klikk. Eg blei så frustrert at eg begynte å bli sint. Heldigvis blei ho imponert då eg gjorde det ein gong til. Endeleg blei det litt drakamp.

Etter to sånne økter forstod ho at det var på tide å gjere noko meir fornuftig. Fram med Kvakki. Eg blei kjempeivrig, trødde mor på skoa og bare venta på kommando. Og eg greidde å stå heilt stille medan mor gjekk eit par skritt frå meg. Og vips! Der kom Kvakki fykande gjennom lufta. Lyd, lyd, lyd! Dei andre sa noko om at eg burde behandle fugl litt finare eg som var retriever. Pøh! Kvakki toler å dø mange gonger han. Det blir jo bare meir lyd av sånt! Mor syns vissst òg det var kjekt med litt meir fart og liv så ho fulgte ikkje heilt med. Eg tok Kvakki med meg inn i bilen. Det har eg aldri gjort før. Gøymte han vekk så han ikkje skulle rømme.
Då eg skulle ut av bilen heime, tok eg han i munnen og tissa i resertempo for eg måtte inn for å leike meir med Kvakki.
Eg fekk leika litt, men så fauk han vekk igjen. Veit ikkje heilt ka som skjedde, for eg blei forstyrra av makrell i tomat. Eg burde jo vite at når ein er på jakt må ein halde fokus på byttet heile tida. Men den makrellen, den lukta så godt.
Eg skal få tatt bilete av Kvakki sånn at dei som ikkje kjenner fuglen min, kan få sjå kor fin han er. Burde forresten vore lydbilete.

onsdag 5. mars 2008

Kor langt er vi komne - eigentleg?

Ute er det drittvêr og inne sit eg og ser på eit skjema over grunnferdigheiter og eit om klasse 1. Kor langt er Ekko og eg komne - eigentleg? Eg er i frustrasjonshumør. Vil at det skal vere noko eg kan skrive flyt/ godkjent på. Alt er så påbegynt. Det er som om eg manglar dei siste byggeklossane i arbeidet. Det å avslutte alt det som er i gang.
For å ta grunnferdigheitene først:
  1. Fokus - godt i gang på alle underpunkt, men er noko flyt?
  2. Targeting - her var det meir ulikt. Må jobbe meir ser eg. Post-it lappen har eg sløva med, men med resten kan eg seie eg er godt i gang
  3. Sit - godt i gang på alt, men er noko under stimuluskontroll?
  4. Bakpartskontroll - her har eg ein lang veg, men det er påbegynt.
  5. Utgangsstilling - litt å jobbe med her òg
  6. Galopp mot fører - øvd ujamnt på denne, men er passe Ok.
  7. Gå+ sjå opp (fri ved fot) - under arbeid
  8. Ligg - eit stykke til der er under stimuluskontroll
  9. Stå - Stå frå ligg er blankt ark for Ekko og meg
  10. Bli (holde posisjonen)- manglar det lille ekstra som gjer at eg kan seie at det er under kontroll.
  11. Doggie-zen - har ikkje prøvd alle former enno
  12. Holde fast - her er han ganske flink, men ikkje heilt i flyt
  13. Slipp - ikkje flink på å slippe ved passivitet. Men ellers bra
  14. Kryp - Lite øving på dette
  15. Hals - ingen trening
  16. Hopp - reknar med at det går lett så vi har trent lite
  17. Luktdiskriminering - trent lite på det. Kanskje det er noko eg burde arbeid med inne i dette vêret?
  18. Spor - vi er i startgripa. er komne til at det ikkje treng ere pølsebitar i alle spor.
  19. Oppsøke figurant - runderar som ein gud....

Tja, skal eg bestemme meg for å halde fokus på noen av desse slik at det kan kryssast av for flyt i løpet av våren - eller skal vi bare vere sånn halvveges i all æve? Ikkje det at eg trur at når det er lært, er vi ferdige med det. Men det er noko med å seie at det har vi litt kontroll på.

Tar vi for oss klasse 1 i lydnad ( som inneheld mange av grunnferdigheitene) blir det slik:

  1. Visning av tenner - her prøver eg meg med godkjent. Dette plar vere enkel sak for Ekko.
  2. Fellesdekk i to minutt - han ligg litt skeivt, vi har aldri prøvd i 2 minutt, blir av og til litt usikker når eg går bak. Eg trur han vil fikse 2 minutt snart. Han bryr seg lite om hundane rundt. Det er vi to som trener som er fokuset.
  3. Lineføring - denne har vi starta på om att. Og han gjer god framgang
  4. Fri ved foten - sjå over
  5. Dekk fra haldt - delmomenta er trent på, men øvinga er ikkje sett saman
  6. Innkalling frå sitt - plar gå fint
  7. Stå under marsj - delmomenta er trent på, men øvinga er ikkje sett saman
  8. Hopp over hinder - lenge sidan vi trente på det. Men no når det går mot lysare tider får vi sette i gang med hopptrening

Veit ikkje om eg kjem til å stille på ein konkurranse nokon gong. Er jo ikkje heilt trygg på ka som skjer når ukjente hundar dukkar opp. På trening ser han ut til å bry seg lite om det kjem nye, men ka veit eg. Men same ka det blir, det hadde vore kjekt å fått til alle øvingane.

Ja, eg ar nok å øve på ser eg etter denne oppsummeringa.

mandag 3. mars 2008

Litt av kvart trening


Eg veit at det er korte økter som skal til med kjekkasen, men lærer eg???....

Ut av bilen og i gang med kontakt og fot. Guten går som ein gud, har kontakt når eg går, når eg spring og når eg svinger. Så kjekt! Så eg fortset litt til.. Akkurat. Der begynner han å sjå på dei andre hundane, lukte i bakken osv medan han går ved sida av meg. Fekk han i bilen og tok meg ein pause for å tenkje meg om. Tok til vett og gav han ei kort økt med det same og avslutta med leik. Det gjekk fint.

Neste økt rygga han litt. Ikkje mange steg, men litt og litt. Han kom stadig med det tilbodet utover kvelden viss eg stoppa opp og prata med andre.

På slutten fann eg ut at vi måtte ha litt fart i kroppen så Anne Lise hadde kontroll på kjegla og Ekko dunka snuten borti same om han måtte hoppe, krype mellom beina hennar eller anna sprell ho fann på. Flink gut! Tok litt musemattetarget òg. Det er kjekt, men han har lett for å ta opp musematta og filleriste den. Begynte litt heime å kaste ball akkurat då han fekk labben på musematta. Då fekk eg fart, eit lite stopp og fart vidare.

Kvelden har elles blitt avslutta med angrep på eit knutebein. Det er kasta i lufta, sparka bortover golvet, kjefta på, lagt på teppe og dradd rundt i stova. Tilslutt låg hundesenga ein stad, teppet ein annan, beinet ein tredje og han sjølv stod nøgd i midten. Kor sand, hundehår ol er, kan ein jo bare tenkje seg......

Trenings-
venene denne kvelden var: Era, Pia, Deah og Scotty

Max - takk for iveren din.



I dag sendte Tone melding om at Max hadde reist til dei evige runderingsløyper. Ei vanskeleg avgjersle for familien og ein trist melding til alle som var blitt glad i den brunprikka dalmatineren.

Max trefte eg på atferdstreninga til Siddis hundeskole. Det er her vi er/ har vore/ kjem - vi som har fått utfordringa å lære ekstra mykje om hund og det litt fort ......

Tone hadde lyst til å bli med å trene rundering. Og det var midt i blinken for Max. Bittelitt sosialiseringstrening så forstod han poenget og sette i gang. Neste gong han kom, stod han og trippa av iver etter å setje i gang. Målbevist runderte han frå figurant til figurant. Her måtte det bare trenast apportering i heimen for denne hunden lærte fort var beskjeden vi gav Tone.

Takk for den fryden du viste oss, Max. Du var den fødte brukshund!

Og til Tone: Vi håper å sjå deg på brukshundtrening med ein ny firbeint om ei stund.

søndag 2. mars 2008

Vêret - litt statistikk

Vi syns det regnar ofte på torsdagar... Vil de har svar på om dette er noe vi trur eller om det er sant? Her kjem ei kort og veldig seriøs forsking på saka. All informasjon er henta frå http://www.yr.no/

Eg har tatt for meg perioden september 2007 til og med februar 2008 ( juleferien er ikkje med for då trente vi lite....). Sidan vi trener om måndagen òg og opplever at vi ikkje er fullt så våte den vekedagen, måtte eg jo utforske det òg.

Resultatet er: 16 av 24 måndagar har det vore nedbør, men bare 15 av 25 torsdagar... Så statistisk sett regnar det oftare på måndagen enn torsdagen. Hm. Kan vi ta så feil? Kanskje, men statistikken seier ingenting om når på døgnet det regna. Kanskje regnet var unnagjort på måndagane før vi skulle trene eller begynte etterpå? Det som står i statistikken og som kanskje påverkar kjenslene våre, er at 5 av torsdagane hadde KRAFTIG nedbør mot 1 måndag.......

Og for veka som kjem har dei lova 2 mm nedbør på måndag, sol, liten kuling og 8 mm nedbør på torsdag.