mandag 31. august 2009

Litt meir spor

Inspirert av laurdagen, la eg ut eit vel 300m langt spor til Ekko i dag. Det gjekk i variert terreng. Eg gjekk med GPSen på meg for å trene på å bruke den. Eg la ut godbitar ved starten, nokre få undervegs og ein boks med godbitar på slutten. To sløyfer blei brukt. Ei i starten og ei på slutten. Sporet fekk ligge ein time før eg gjekk det.

Ekko tok fort sporopptak, han gjekk i passe tempo og var lett å lese. Når nasen var i bakken, var han på sporet. I blant var nasen i veret. Då rota han som regel og prøvde seg på overvêr. Greidde som regel å plukke det opp igjen. Sleit litt der eg hadde gått langs vegen i staden for å krysse, men fann til slutt krysspunktet. Ser det er vanskeleg å gå sitt eige spor for eg trør fort ei ferskare lukt der eg ikkje skulle trødd. Slutten fann han greit, men det var faktisk med nasen i veret. Kan det vere at boksen med karbonadebitar gav frå seg ei godlukt?

Konklusjon på sporet er at eg med fordel kan arbeide med å få han meir nøyaktig. Han er veldig flink når nasen er i bakken, men dei der pausane opp for å bruke oververet må eg gjere noko med.

Medan vi venta på at sporet skulle eldast, trente vi på fellesdekk (6 hundar). Det gjekk veldig bra. Litt fri ved foten og eit par meldingar. Dei gjekk òg fint.

Heilt til slutt eit stort JIPPI! Då Ekko var ferdig med sporet, gjekk han med langlina på til vi kom inn på området. Der ser eg Silje og Pia eit stykke nede på området. Vel å ta av Ekko langlina og begynner å gå. Ikkje direkte mot dei, men nedover. Ekko og Pia stopper og måler kvarandre. Pia hadde visst full punk i følge Silje. Ekko spring bort til henne, demper litt og inviterer til å springe med. Og Pia blir med. Kjeftar litt på han, men spring etter. Slik leiker dei litt, så går dei litt og et gras, spring litt til og tuslar til slutt ved sida av kvarandre. Gjett om Silje og eg var glade?

lørdag 29. august 2009

Spordag i skogen

I dag var det spordag i bruksgruppa. Vi var 5 ekvipasjar som delte området på Sviland mellom oss. Eg har jo ei oppleving av at Ekko er sporsikker, men at han går for fort. Altså fram med godbitar i sporet. Hadde tatt med meg GPSen for eg har lyst til å lære å bruke den i sporsamanheng òg.

Gro skulle gå eit langt spor for meg. Her skulle det vere ei sløyfe i starten og ei i slutten. Undervegs kunne hunden finne litt kyllingbitar, men det var alt. Sporet var ca 450 m. Eg gjekk eit spor for Gro. Medan eg snubla og datt nedi ymse hol, tenkte eg at det er godt det er den sporsikre Maja som skal gå her. Eit spennande spor for meg å gå. EG brukte hennear GPS medan ho gjekk med min.

Medan spora låg og godgjorde seg, prata vi og gøymde oss i bilane for regnet som kom brått og voldsomt. Rett etterpå var det finver før det brått kom ei styrtbyge til. Ekko syntes det var rart å ha besøk av matmor bak i bilen :).

Ei stund før vi skulle gå sporet, la eg eit ekstra spor til Ekko. Dette gjekk han med ein gong. Det gjekk i fint tempo og han fulgte sporet nøye, men sleit då eg gjekk på stien. Ville gå i graset ved sida av. Tok automatisk alle avhoppamine frå stien. Kan det vere alt regnet som gjorde ferten dårleg på stien?

Så var det mitt aller første GPS spor. Tenk å gå utan å vite kor eg skal?! Måtte bare stole på villbassen. Han starta fint, gjekk tydeleg litt feil, såg opp og var rett på sporet igjen. Han jobba godt. Såg at han av og til var av sporet, då var nasen opp. Mot slutten var han så skråsikekr at eg tenkte at no er han på hjortespor eller noko slikt, men nei det viste seg å vere Gro. Han kryssa rett over vegen, men forstod straks at han var blitt lurt. Gjekk tilbake til der han gjekk over og snuste langs grøfta. Og så kryssa han vegen på nytt. Til mi store glede (og sikkert hans òg) låg slutten gøymd bak eit tre der.

Eg har no lasta ned spora frå GPSen. Men det er noko rart her. Gro sitt spor sluttar mitt i skogen. Korleis greidde ho det når ho la godbitar på slutten?? Kanskje eg sletta for mykje då eg sletta ein del gamle spor som vi såg låg der. Må sjå litt nærmare på det før eg legg loggen ut.

Det var kjekt å gå spor igjen. Men så trøytt ein blir. Ekko søv og eg kjenner meg trøytt i kroppen eg òg. Men no har eg fått litt blod på tann. Skal trene meir med GPSen.

fredag 28. august 2009

Framleis meldetrening... og litt kanin

Torsdagkveld var det trening på OD. Silje og eg ville trene meir på melding.
Det er rart å sjå på at kommandoen "runder" er ukjent for Ekko når han står på ein parkeringsplass. Han lurer på ka det er eg vil. Elles gjekk alle momenta ganske bra. Litt sein i farten ut, men god fart når han skal vise. Har begynt å tulle med bittet så det må eg jobbe ekstra med. Det er visst godt å tygge på.

Eg har fått skikkeleg test på at det ikkje er noko gale med synet til den firbeinte venen min. Frå bilvindauga såg han ei kanin borte ved buskane. Og den gløymte han ikkje same kor lenge han sat inne i bilen. Dei andre hundane fekk det visst ikkje heilt med seg. Kanina gav ikkje opp heller. Ho kom stadig tilbake. Men vi fekk trent. Trur dei har tatt skogen hennar slik som dei grev rundt oss.
På slutten av treninga gjekk vi tur som vanleg. Då vi nærma oss slutten av turen, blei Ekko heilt gira. Han hadde fert av noko. Pia stod klar til å bli med. Vi fekk dei vidare. Men då vi kom til bilane, drog Ekko meg mot hekken. Silje mista taket på Pia og dermed for ho gjennom hekken. Eg tviholdt på Ekko (han stod inni hekken). Kor blei Pia av? Det forstod vi når vi høyrte dei andre le. Ho stod på andre sida av hekken og venta på Ekko! Då han ikkje kom, han tapte mot overmakta, kom ho òg tilbake. Det er ikkje kjekt å finne på rampestreker aleine...

mandag 24. august 2009

Meldetrening

Anne Lise og eg møtte tidleg på området. Eg trengte å lufte hund og ho trengte å la hunden sin springe frå seg. Heldigvis hadde eg kamera med for her fekk dei kvar sin runde med den mest fasinerande kastinga av freesbee eg har opplevd på lenge. Den var til og med meir fasinerande enn mine kast ... Bileta i dag er frå den leiken.

Etterkvart kom det mange frå lydnad. Det viste seg å vere kurs instruktørane. Så kjekke som vi er, flytta vi oss til skogsområdet på Sviland (runderingsområdet vårt).

Då var det 4 av oss som tenkte meldetrening med ein gong. Vi var forresten ein god gjeng i dag. Kjekt når folk har kome igang igjen. Faktisk var vi 8 tobeinte og 8 firbeinte :-).

Eg arbeidde saman med Silje og Pia- Sidan det var lenge sidan Pia hadde trent på melding, tok vi det frå starten. Frå førar til figurant for premiering. Eg luska ut i skogen og hadde med meg ei lekker rosa prinsesseveske. Gjett om det var suksess. Pia hadde 6 av 6 slag perfekte i kveld (ut frå delmoment 1). Kjempebra!

Så var det Ekko. Han fekk låne den rosa veska. Og som den tøffingen han er, bryr han seg ikkje om jentefargen, men tenner straks på konseptet. Tenk å få godbitar i ei veske!
Starta med siste moment sidan det var ein del rot sist. Han sprang fort ut. Forstod visst kommandoen, no når vi var i skog. Neste del var frå figurant til meg og ut igjen... Måtte ha hjelp av lyd, vimsa og rota. Ikkje særleg nøgd. Sender han i bilen så Pia får trene.

I neste runde lurer eg på om eg skal starte på nytt igjen. Men så seier Silje: "Det kan jo vere han er forvirra sidan har trent heile runden før". Tja, eg var usikker, men verd å prøve. Som sagt så gjort. Ekko ser Silje forsvinne inn i skogen med den kjekke rosa veska. Han spring som ei kula på kommando, hentar bittet, må få ein liten lyd frå meg så er han i full fart inn, set seg, får kommandoen "vis" og ut i full fart. YESS! Eg vågar meg på eit forsøk til. No trengte han ikkje lyd, farten var veldig bra og det einaste eg trengte henge meg opp (viss eg først skal det) er at han held bittet laust. Men gjett om eg var i strålande humør.

Det står ein del om bringkobbelmelding i fleire bloggar for tida. Skal lese nøyare gjennom dei og sjå om eg blir klokare.







søndag 23. august 2009

Meldetrening, passering og litt saktegang

På laurdag var det runderingstrening på Bore. Det var allslags ver: Sol, vind, regn. Vi var fire ekvipasjar så det var bare å forklare dei andre ka vi hadde tenkt, så gjennomførte dei det. Kjekke folk slik :-). Vi tok oss tid til å diskutere det vi såg og kvifor vi ville det vi ville. Gode råd var heilt gratis.

Eg starta med 2-3 meldingar med lausbitt. Gro var synleg. Først frå henne og runden rundt. Gjekk fint, men ingen høg fart, Så heile runden. Litt meir fart. Ka såg eg?
  1. Jo, Ekko reagerer ikkje på kommandoen "Runder" når han skal hente lausbittet
  2. Utgangsstillingen er ikkje korrekt når han kjem tilbake med bittet
  3. Han held bittet laust

Ka gjer eg så med det?

  1. Eg må trene ekstra på det siste elementet saman med lausbittet. Veit ikkje heilt korleis, men finnd et vel ut :-)
  2. Eg trener no spesielt på utgangsstillingen med noko i munnen
  3. Etter å ha kome over sjokket så har eg begynt å drille på hald fast medan eg drar og liknande i gjenstanden. Dette har Ekko vore sikker som banken på! Altså trur eg den fort kjem på plass igjen.

Så var det runderinga. Ka såg eg der?

  1. Ekko tar kommandoen "runder" fint og spring ut. Ser ikkje figurant på første slaget, forflytter seg framover og er på veg til motsatt side.
  2. Passerer fint nær meg, men kan framleis drillast på framdrift.
  3. Spring mot meg når figurant blir passiv
  4. Leiker bare på dei 2 første slaga
  5. Blir fort trøytt.

Ka gjer eg med det?

  1. Treng hjelp av midtlina når eg ikkje tenkjer fort. For gjett ka eg gjorde då Ekko kryssa over til andre sida? Akkurat eg stoppa han! Her kunne eg fått ei uventa og veldig bra blindslag: Han hadde vore nær figurant, men ikkje fått teften så han var langt nok ute, han forflytta seg framover og kryssa over... Ka meir kan eg forlange når han først ikkje gjorde funn?? Eg gjer vel tabben igjen, men treng hjelp til å unngå det.
  2. Denne gongen brukte eg lite lyd og det er framskritt å spore, men eg kan nok fortsetje med fokuset framdrift
  3. Veldig bra! Så det har eg ikkje tenkte å gjere noko med.
  4. Kan gjere trene meir på leik i denne samanheng
  5. Noko som påverker punkt 4 òg er at han ikkje har verdas beste kondisjon. Han er framleis ikkje i form og i tillegg har han måtta tilpasse seg livet til ein travelt arbeidande eigar. Her har vi nok eit forbetringspotensiale.

Etter pausen jobba han framleis bra på runderinga, men meldetreninga var heller laber.

onsdag 19. august 2009

Opptil fleire treningar

Det har vore travelt i det siste, men vi har ikkje svikta treninga, bare bloggen.

Vi har trent både torsdag, laurdag og måndag. Her kjem litt om ka vi trener på og korleis det går.

På torsdag gjekk vi til treninga. Det fungerer fint. Prøver å trene Ekko på å ligge i ro medan eg er medhjelpar på andre. Det er vanskeleg, men det gjekk innimellom.

Stå under marsj.
Ekko tar eit par ekstrasteg før han står, men blir deretter ståande til eg har gått ein heil firkant og kjem opp bak han. Kommanderer då fot og går litt før premien kjem. Må få kjappare stå, men likte elles det som skjer under denne øvinga

Apport.
Dummien er i det sterkaste laget, men med andre ting hentar han fint og kjem inn. Bør trene ekstra på momentet på plass og avlevere

Meldetrening
Eit eller anna mystisk gjer eg her. Ekko blir sitjande når eg seier "runder". Han ser bare på meg. Lurer på ka "usynleg" signal eg sender. Når han kjem igang tar han heile runden. Må ikkje trenast meir enn 2 gonger pr økt.

Kommando
Eg driller litt på sit, dekk og stå for tida. Ikkje alltid han reagerer riktig. Må fortsette med det. Dekk skjer litt for sakte. Trener på fart her.

Fellesdekk.
Her låg han som ein gud. Måtte inn og premiere ekstra då nokre hundar hadde fått det for seg at det var fest. Ekko låg ved sida av Evita og dei to låg roleg heile den urolege økta. Kjempeflott.

Rundering
Dette er vel den kjekkaste treninga syns Ekko. Å springe for å finne menneske som gjev han godbitar. Topp. Denne gongen hadde eg flying utan innkalling. Det fungerte flott. Eg hadde tenkt å trene på enkeltslag med melding eit par av slaga, men regnet og humøret mitt passa ikkje til det....

Helsa til Ekko.
Ekko er nok ikkje heilt frisk. Då eg slutta med medisinane begynte han å slikke seg igjen. Så det må nok ein ny sjekk til.

torsdag 13. august 2009

Trening med ung forstyrrelse

På måndag trente vi på Austrått. Hadde tenkt å trene på apport, target med snute og labb og melding. Det blei ikkje heilt slik for ungane var begynt å lengte tilbake til skolen. Og då var det veldig spennande at rektor var der med hund. Og det ein stor hund!

Ekko syntes det var kjempekjekt. Fekk kos og prøvde seg på eit par kyss, men utover det var han veldig grei med ungane. Sita fekk tent seg på unge syklistar som viste sykkelkunster rett ved buret hennar.

Apporttreninga går veldig bra. Han fekk trent på at eg kasta apporten, at ein unge gjorde det osv. Leverte fint.

Target med labb på musematte krev rask klikking frå meg. Det blir fort at snuten er nedi. Ser han blir fort heit av denne treninga

Target med snute mot fingeren min/ targetstick går ganske greit, men blir fort heit der òg. Eg får han ikkje til å snurre rundt. Ei utfordring det.

Plusset denne kvelden var at han greidde å jobbe sjølv med ungane tilstades. Han er veldig glad i ungar.

onsdag 5. august 2009

Meldetrening, "takk" og avlevering

På måndag møtte vi på Austrått for litt trening. Det var kjekt at det var fleire som var klar denne dagen. Kari & Evita, Gro Anita & Sita, Elisabeth & Faya, Torhild & Era og oss.

Dette trente vi på:
Bringkobbelmelding.
Kari var figurant. Første gong synleg. Gjekk veldig fint. Andre gong gøymt. No sprang han fint ut, men vimsa hjå figurant. Haldt lausbittet i munnen, men hadde ikkje hast med å kome avgarde. Fekk lydsignal og kom fort. Sette seg, men litt skeivt og sprang fint ut for å leike. Prøvde ikkje fleire i denne omgang. Nøgd med det meste i meldinga, men han kan jo setje seg litt beinare...

Etter å ha trent på andre ting, tok vi ein siste på meldetrening. No var Elisabeth figurant. Første gong gjekk fint, men neste... Det gjekk i litt daffetempo. Så vidt han gadd springe ut. Eg blei frustrert, men Elisabeth sa vi skulle forsøke med at ho var hare, dvs at ho sprang ut og gøymte seg. Då var det ein som tok kommanden og sprang som ei kula, strevde litt med å finne henne, kom tilbake i kjempefin fart, avleverte (litt skeivt) og ut som ein sputnik! YES!

"Takk"
Eg registrerer at Ekko ikkje reagerer på ordet "takk" når han er heit på leika. Brukte tid på å gire han opp og så"takk". Det blei betre, men må øvast meir på. Den nye leika er lett å bli heit på.

Avlevering
Eg kasta ball og tok fram handa som signal for avlevering. Det gjekk veldig bra.

På slutten gjekk Gro Anita, Elisabeth og eg tur med hundane våre. Ekko og Sita var ganske så gira på å leike med kvarandre. Ganske interessant. Kanskje vi må sjekke det ut.
---

Sidan vi var så godt i giret med trening laurdag og måndag, tenkte eg at det måtte litt trening til på tysdag òg. Ekko har vore med på jobb eit par dagar. Han har halde seg under kontorpulten, men må jo fram kvar gong han høyrer prat. I møte med både store og små har han vore eksemplarisk så det har ikkje vore problem å ha han med.
Men når vi først var i Sandnes, tenkte eg at området var tingen på tysdag. Deilig med eit stort område bare for oss!
Vi trente på avlevering slik som på måndag. Fungerte veldig fint og med "takk" går det framover. I tillegg blei det trening på å hente apportbukken og litt feltsøk. Hugsa ikkje heilt det med at han skulle ut fleire gonger, men det var jo lenge sidan sist vi prøvde oss.

Trur Ekko syns det er deilig å kome i gang igjen for han er heilt treningssugen. :-)

tirsdag 4. august 2009

Forsøk på gruppebilete....

Tjensvollgjengen på ein stein ved Mosvatnet i juli - eller studie av forsøk på gruppebilete :-)










lørdag 1. august 2009

Ei god treningsøkt

I dag møtte vi Marit, Jan Inge og Punky i skogen. Vi skulle trene. Endeleg, trur eg Ekko tenkte. Full av medisiner var han. Òg full av energi.

Meldetrening
1.økt to meldingar der han skulle ta heile prosessen. Hadde kjøpt ny leike av Marit og Ekko var alt gira på den. Han sprang flott ut, tok lausbittet, men ville leike. Måtte kallast inn. Då gjekk resten greit. Sprang som ein sputnik ut til figurant då han fekk meldinga "Vis". I neste forsøk gjekk alt fint. Tok pause der.
2.økt. No var Håkon kome tilbake frå sporlegginga. Og han blei for sterk. I staden for å kome tilbake til meg med bittet, sprang han lukkeleg til Håkon. Neste gjekk fint. Siste forsøk var vimsete i starten. Men så var det som om det datt ned ei krone på automaten, han sprang ut, henta bittet, kom inn og ut igjen. Bra.

Rundering
Denne gongen skulle eg prøve utan å bruke påverknad når han skulle inn til meg. Det gjekk kjempefint. Han holdt eit godt tempo. 1 gong sprang han ned same vegen som han sprang ut, men korrigerte seg straks eg ropte.
Det blei 6 fine slag.

Spor
Dette sporet var spennande for Håkon hadde aldri lagt spor før, og det hadde gått 3 hundar, fleire folk osv akkurat der sporet starta. Ekko tok fint starten, men begynte å snuse veldig på luktene rundt. Vi fekk han inn på sporet, som gjekk langs den godluktande vegen, litt vimsing igjen. Men så var det som det brått slo inn ka lukt der var som skulle følgast. Nasen i bakken, kryssinga av vegen, over eit steingjerde og der var slutten. Kjempebra jobba. Og skikkeleg spennande for meg for eg ante ikkje kor han hadde godt og måtte bare stole på hunden. Men det var godt med sporleggaren bak i starten...

Konklusjon:
Ei god treningsøkt. Effektiv var den òg :). Nå er vi i gang med hausten og skikkeleg trening. Neste laurdag er det runderingsstart. Skal bli godt det.