søndag 30. desember 2007

Det nærmar seg skrekkens kveld


Eg lever eit fredeleg liv med god julemat, griseøyrer, kaker, kosestunder med menneska og turar i det fri. Juleferie er verkeleg ei ferieform eg liker! Bare det ville vare lenge.... Men no har dei første signala på at freden er slutt, begynt. Eg skulle ein tur ut i kveld. Var bare komen rett utanfor døra, så smalt det. Brått måtte eg ikkje tisse lenger, eg ville inn. Koffor gjer dei sånt? Og dette er bare starten, seier mor. Hallo politikarar! Ikkje ver så feige, forby alt det der tullet!


Når eg ikkje er skremd, trener eg bittelitt. Mor greier ikkje å få meg til å forstå det der med teipen. Men vi gjer ikkje opp.

Matmor har funne dyreklinikken her vi er og har kjøpt ny klotang. Eg var spent på det der, men med ribbebitar som premie, blei alle klørne klipt. Slå den!


Nå skal dei tobeinte spele "oilboom". Det tar eg som eit signal på at eg snart skal begynne å vandre kvilelaust rundt. Då må mor gå frå spelebordet og gå tur med meg (he, he).

torsdag 27. desember 2007

Eg skjems

Jul er kjekt og frustrerande. Det blir laga mat heile dagen så huset luktar fantastisk godt. Eg held på å bli sprø i blant. Det blir lite kaker på meg. Trur matmor er streng på sukkeret. Og så Chico som meiner det er så godt... Men eg har fått ribbe, portersteik (den hadde forresten veldig god saus. Eg åt til og med potetene for å sikre meg at eg fekk i meg alt) krem og ja litt kaker har eg jo greidd å lokke ut av gjestene.
Det dumme med jula er at eg har blitt plassert i bilen av og til (men får mykje kos og mat når eg kjem inn igjen så det er bare ein forsiktig klage..). Det har visst vore allergiske gjester og gjester som er redd meg. Redd meg, liksom. Eg som bare vil kose og leike.

Innimellom all maten har vi hatt tid til bittelitt trening. Litt bakpart, litt lausbitt og litt meir "eg skjems". Kanskje eg skal lære det for at eg skal kunne seie eg skjems når eg har forsynt meg vel mykje? I alle fall er det teip på nasen og klikk når eg legg labben over snuten. Eg liker det ikkje heilt, men har etterkvart akseptert at ho set ein teipbit på snuten min. I går kveld trur eg at eg drøymde om det for dei seier eg stadig tok labben over snuten mens eg sov. Eg skal visst greie å gjere det utan teip, men så langt har eg ikkje kome.
Bakparten er eit strev, men det går visst framover i følge sjefen.

Elles er det deilig når alle har fri. Lurer på ka det blir til middag i dag..?? Det er forresten eit ufyseleg vèr her så det er såvidt eg vil ut. Men når eg først har kome ut går det greit, men veldig godt å kome inn igjen.

fredag 21. desember 2007

God jul!

Det begynner å dale englar ned overalt i heimen. Gåvepapir, støvfille, støvsugar og all salgs rot gjer det masete å vere her. Matmor styrer og vaskar, men meg trør ho bare over, dultar til sides og rett og slett overser. Gjennom høgtalaren er det lite julemusikk, men mykje bom, pang og andre ufyselege lydar.

Eg syns å hugse frå i fjor at dette går over, men eg har begynt å lure.....

I alle fall: GOD JUL TIL ALLE GODE VENER!

tirsdag 18. desember 2007

Det har klikka for matmor

Aller først - eg har ein klage. Trur ikkje eg liker jul. Det er så vidt eg får ein luftetur så må matmor hente fram esker, flytte på ting, rydde og styre. Ho har ikkje tid til meg. Ka slags tull er dette??

Og som om ikkje det er nok - ho er blitt meir sprø enn før. No lener ho seg til meg og klikkar for det. Hallo - kan ho ikkje stå skikkeleg? Det er eg som bestemmer når og kven eg vil lene meg til, ikkje ho. Men eg held ut ( sjøl om eg til tider rygger unna) for leverpostei er ikkje så verst. Eg trur ho treng ferie..........

søndag 16. desember 2007

På førjulsbesøk

Så har vi vore runden med pakkar. Det er veldig kjekt, men eg trur matmor blir litt frustrert. Ho har lyst på ein litt strigla Ekko. Du veit alle kan fortelje om ein hund som ligg stille på kommando og blir der til neste kommando. Tja eg la meg jo ned, men altså, kem ligg stille i lang tid når huset vi kom til var fullt av nye lukter og folka var det enklaste eg har lokka godbitar ut av? Den hunden må vere dum. Og dum er eg i alle fall ikkje. Så kan bare desse hundane dei prøver å fortelje oss om, ha det så godt. Eg greidde å få godbitar, kos og mykje klapp ved å bevege meg heile tida. Men eg har ein mistanke om at matmor drøymer om at vi skal imponere dei ein gong. Ta meg ut i runderingsløypa så skal dei nå få sjå, seier eg.

Den eine plassen vi var, skulle eg meir enn gjerne budd. Tenk eg fekk springe fritt i skogen, på vegen og ned til vatnet. Vi hadde tenkt oss at eg skulle ta julebadet, men det blei det ikkje noko av. Det var jo så rart vatn. Då eg trødde på det, sklei eg og brått kom det ein lyd og beina mine blei våte. Rare greier. Mor lo. Fy så feigt.

På runden vår var vi innom Alpha òg. Ho er den ekta mor mi. Men kven skulle tru det? Ho oppfører seg som ein unge. Eg blir sjokkert over henne. Straks matmor kom skulle ho sitje på fanget hennar og kose. Til og med eg har forstått at det er eg for stor til. Men ikkje ho. Tenk dykk ein curly i fanget på eit menneskedyr?! Eg prøvde å hjelpe matmor, men det var tydeleg at Alpha syns eg skulle komme meg vekk. Akkurat som om ho skal eige matmor mi. Ser mor blir litt lei seg for at ho ikkje kan vere med heim. Eg veit ikkje om eg er lei meg for det, for ho er ganske masete.

Men det Alpha har som eg ikkje har, er at ho bur i eit hus der det blir baka mykje. Eg nytta høvet og tok meg litt deig. Den låg jo bare der. Etterpå snakka dei noko om peppar. Kanskje difor eg blei så tørst?

Eg har sjekka gåvene - ingen med namnet mitt på. Hm. Har mor gøymt dei vekk, eller er det noko skummelt på gang? Får ho så skal vel eg òg få?

Tida går jammen fort

Det er på tide med evaluering av veke 50. Vi har jo såvidt begynt på den syns eg.
Matmor evaluerer:
  1. CDen med nyttårslydar er spela, men Ekko reagerer framleis ein del. Eg liker ikkje tanken på romjula. Her i området er dei så søkkandes rike at dei sender opp rakettar kvar dag frå 3. juledag ( dei har faktisk alt begynt) til langt ut i januar. Det er eit romjulsmareritt. Eg kryssar fingrane for at D.A.P og CDen gjer nytten, men kjenner meg ikkje trygg.
  2. Fri ved fot begynner å bli ei mare. Eg får ikkje til overgangane. Ekko går ut til sides når eg går ved sida av, men han går perfekt når eg går bakover. Har fått tips om å øve han på å ha meg klistra inn til seg. Eg skal stille meg tett inn til, dytte litt i han og gjere han trygg på at dette er noko vi får premie for å halde ut. Han skal omtrent gå med hovudet klistra inn til foten min.
  3. Bakpartstrening er det blitt lite av.
  4. Litt har vi øvd på lausbittet. Han plukkar det opp frå bakken, kjem inn med det, men er ikkje hundre prosent på det å kome på plass med bittet i munnen.

Måla for veke 51 blir dei same. Ved fri ved fot konsentrerer eg meg om nærleik. Og kanskje eg burde begynne å tenke på nokre triks han kan lære i jula :-)?

Ekko evaluerer og set mål:

Enkelt og greit: Måla i forrige veke var perfekte og vi fortset med dei ( godbitar, leik, godbitar...).

lørdag 15. desember 2007

I am flying, I am flying.................

Yesssss!!! I dag har vi vore på Bore. Eg hadde ein runde med overvèrssøk. Fann alle, men lurte dei litt med at eg tok spor på den eine. Men dei andre tok eg på lukta....

Etter ein pause fekk eg avslutte med "flying". Eg holdt sånn koken at figurantane mine blei sveitte. Dei rakk så vidt å forflytte seg før eg kom igjen. Det hadde dei godt av for eg har hørt rykter om eit hundejulebord bare for dei tobeinte..........







tirsdag 11. desember 2007

Frustrert fri ved fot

Nå har vi øvd og øvd på at eg går framfor matmor og kikkar på henne. Der går eg som ei kula. Held stø kurs (mor sjanglar til tider syns eg... ikkje heilt stødig på bakpartskontroll på seg sjøl kan ein seie..). Og då skal jo neste steg vere at ho svingar meir slik at ho til slutt går framover ved sida av meg. Men då går alt galt. Eg trør ut til venstre, vil ikkje gå heilt inntil (må jo ha litt avstand for å sjå godt) og begynner å sjå meg rundt i staden for å halde på det beundrande blikket. Ho testa ut i dag at ho får meg inntil seg viss ho held bandet stramt og held ein godbit framfor seg. Men stoppa heldigvis med det for det er lokking og luring, ikkje klikkartrening.



Eg har bevist for henne at eg kjapt kan ta både sitt, dekk og stå når ho går bakover så no trur eg ho legg dette litt dødt og flyttar fokuset til den berømmelege bakparten min. Det blir nok på plass inntil vegg, rygging og andre kjedelege aktivitetar framover. Får satse på spennande godbitar og at Karin finn på noko kjekt på kurset på torsdag.



Matmor har forresten funne ein kjekk plass eg kan springe for fullt utan at ho treng å bekymre seg for andre hundar (ho er jo stadig redd for at eg skal angripe). Vi finn fram seint på kvelden, så spring vi begge to og har det kjempegøy! Neste gong syns eg ho skal ta med ein ball så kan vi verkeleg slå oss laus.



I dag har eg vore figuranthund. Eg blir ganske sliten av det for det er mykje å gjenta seg sjølv, men det er kjekt òg. Får jo godbitar..................



Og så har vi trent på å gå inn i bilen. Merkeleg nok så liker eg ikkje det. Merkeleg fordi eg veit jo at det ofte betyr at vi skal på trening, besøke kjekke folk eller gå tur når vi skal i bilen. Men det hender jo det betyr 4 timar bilkjøring eller bli igjen i bilen når matmor besøker andre. Eg trur det bare er det dumme eg tenkjer på, for eg liker ikkje å gå i bilen. Men viss noen andre enn matmor fylgjer meg, ja då hoppar eg inn i full fart. Det er jo trass alt min bil og eg viser den stolt fram til alle andre.



Her er eit glimt av meg der eg prøver å halde roen medan mor spelar den grusomme CDen. Eg syns ho gjentek den ofte. Liker betre CDane med julemusikk. Ho har forresten kjøpt D.A.P. Det skal visst hjelpe mot bråk det òg.

søndag 9. desember 2007

Evaluering av veke 49 og mål for veke 50.

Evaluering av matmor sine mål:
1. Øve på rakettlyd med meir. Vi kunne nok øvd meir, men i dag har vi høyrt på den elendige CDen 3 gonger. Siste gongen ganske høgt. Eg syns det er best å ligge under skrivebordet, men trur ikkje eg stressa.
2. Fri ved fot. Her er vi godt i gang. Eg går bra. Gløymer bakparten i blant. I dag blei eg kjempegira då eg forstod at det var ball-leik i premie.
3. Bakpart. Ka er det? Det einaste vi har øvd på det er då Kari sjekka om eg gjekk beint på torsdag.
4. Tunnel og slalom. Tunnel bra. Slalom to forsøk, men ikkje imponerande resultat.

Mine mål:
1. Eg har prøvd å overhøyre den elendige CDen, men det er ikkje lett.
2. Godbitar har eg lokka ut av både den eine og den andre så eg er ganske nøgd.
3. Slalom - verka tøft, og i draumen såg eg for meg koss eg skulle rese gjennom, men det må visst øving til...

Mål for veke 50:
Matmor:
1. Spele CDen ofte og sjekke ut med høg lyd
2. Fortsetje fri ved fot. Vil ha flyt på den
3. Bakpart!
4. Lausbitt-trening.
Det blei ein på adferd, to på lydnad og ein på brukshundtrening.

Mine mål:
1. Kjekke premiar. Tar gjerne mot både ball, drakamp, godbitar.....
2. som 1
3. som 2

I dag har eg med eit bilete av Pia og Silje. Det var frå den tida då det var dagslys då vi trente, så det er veldig lenge sidan. Eg trur det er første gongen Pia prøver seg på å gå etter matmora si på den måten.

lørdag 8. desember 2007

Litt visdom på ein laurdag

Eit sitat til alle retrievervener skrive av Tor Åge Bringsværd. Han og hunden Sheba (flatcoated retriever) har mange djupe samtalar saman. Finn du boka"Samtaler med svart hund" - kjøp den.

"Hvilke lyder liker du best?" spør Sheba.
Vi driver omkring i haven tidlig på morgenen. Langs gjerdet mot Jacobsen og til et av de stedene hvor hun pleier å gjøre fra seg.
Det er slike ting vi snakker sammen om, vi to. Vesentlige ting.
Jeg nevner flere gode lyder - f.eks. kaffetrakteren når den nesten er ferdig (for den lyden tror jeg surkler på kjøkkenet akkurat nå) - men glemmer naturligvis ikke den som jeg vet hun verker etter å høre er med på listen. "Og så liker jeg lyden av stemmen din når du hører at jeg kommer hjem."
Sheba ser fort opp på meg. "Du synes ikke jeg tar for hardt i?" spør hun, nesten litt engstelig (for hun har mistanke om at et objektivt og nøytralt flertall kanskje vil mene nettopp det).
"Du bjeffer akkurat passe," sier jeg alvorlig.
Det er hvit løgn. Men å si noe annet ville være både utakknemlig og sårende.

Egentlig er det et rent sirkus.
Hun kjenner lyden av bilen. Og når jeg svinger inn oppkjørselen, setter hun i gang av full hals. Crescendo kommer samtidig som bilen bremser opp foran garasjen. Da er det ikke mulig å holde henne inne lenger heller. Da er hun rett og slett ikke til å være i hus med. Jeg ser at døren åpnes - av og til får jeg også et gløtt av min kone, Else, som vinker - og ut kommer en svart og jublende propell på fire ben. Klok av skade pleier jeg å ta et godt tak i bilen - hvis jeg i det hele tatt har rukket å sette bena på bakken - for her vil det gå voldsomt for seg. Sheba (som i de fleste andre situasjoner har sluttet å hoppe på folk) glemmer alt hun har lært - her skal det hoppes, her skal det slikkes, her skal det være glede og full fart - og se: Jeg har en tomflaske i munnen alt. Prøv å ta den! Prøv å ta den!

Det er en slik velkomst hun gir meg. Hver eneste dag. En oppvisning i ustyrlig, hemningsløs glede. Som om hun nesten ikke trodde vi noen gang skulle få se hverandre igjen.
Og så skulle jeg liksom svare henne med et grettent: "Ikke bråk sånn"?
Kommer ikke på tale.
Og så får heller plastposer og vesker og ting som kan knuses bli liggende i bilen en stund til.
Tenk om vi mennesker kunne begynne å hilse hverandre på samme måten. I hvert fall nesten på samme måten... Jeg mener ikke at vi skal rive hverandre over ende og vifte omkring på kjøkkenet med tomflasker i munnen. Jeg mener bare: Tenk om vi kunne lære at vi først skulle si noe hyggelig og oppmuntrende til hverandre - og så kunne problemene og beklagelsene heller få komme et par minutter etterpå.

Det dreier seg jo bare om noen minutter likevel.

Flying

Runderingstrening i dag. Planen var at eg skulle kjøre "flying" og mor skulle bruke "kom" for å få meg innom seg. Trur det var eit forsøk på å begynne på den varianten der eg skal innom henne for så snu og vise ka eg fann. Eg slo til med "flying", men var litt gira. Rota det litt til då eg kom inn, men greidde i dei fleste tilfelle å kome meg ut igjen fort. Trur konklusjonen er at eg må få opp kondisen (eg går gjerne lange turar og spring i fjellet eg, men ho eg bur med...... slapp er ho for tida). Ikkje det kondisen var ikkje så verst, men eg hadde kanskje holdt koken ennå lengre viss eg hadde vore i toppform. Og den andre konklusjonen er at vi fortset med "flying" litt til. (Jippi - det liker eg)

Det var mørkt inne i skogen på Sviland, men her ser vi Evita. Ho har akkurat kome inn med fastbitt og skal til å vise matmor Kari kva ho fann.

Er det noen som veit om god litteratur om dei enkelte delmomenta i rundering og den smartaste måten å flette dei saman, tar matmor gjerne i mot tips.

torsdag 6. desember 2007

Fri ved fot 2

Vi har vore på trening i dag òg. Og det blei meir fri ved fot. Eg går ganske mange skritt og ser opp på herskarinna i heimen. I dag har dei byrja å pirke. Ikkje nok med at eg skulle sjå opp, men eg skulle gå beint òg. Og når Kari var med som assistent, la dei merke til både det eine og det andre: Eg gjekk skeivt, eg hadde ein tendens til å ta eit ekstra blikk mot handa på ryggen og gå mot den osv. Så det endte med at mor gjekk bakover, eg gjekk framover og stirde på henne, og Kari stirde på meg. Litt av ein gjeng! Mor konsentrerte seg om kontakten, Kari klikte når eg gjekk beint. Effektivt. Og premien var mange gonger at eg fekk leike! Kjempekjekt! Eg begynte å trø matmor på beina i iveren etter leika i ein periode. Likte den varianten ( kanskje det er den måten ho skal slanke meg?...).
Leiken blei avslutta med at mor skulle bli passiv. Det er ikkje lett når eg vil ha drakamp. Men Karin meinte at viss dei tobeinte greidde å få litt av leika mellom beina, ville vi firbeinte forstå at det er slutt på leiken. Til vanleg er eg ganske skarp, men eg trengte tid på den. Eg drog så matmor nesten gjekk ned i kneståande. Men etterkvart skjønte eg teikninga. Ikkje kan ho bruke det til slankekur heller, for eg fekk godbit for å sleppe (voff, voff). Eg blei faktisk ganske trøytt etter eit par økter med dette, hardt å nistirre på tobeinte.

I dag sendte Morten i Canis ut ny blogg. Den var visst midt i blinken for oss som skal lære bringkobbel. Så no skal det lesast litt før runderinga på laurdag. Ikkje det at eg er klar til å begynne med kobbelet enno. Eg har det førebels bare som pynt rundt halsen. Ganske stilig.

mandag 3. desember 2007

Fri ved fot 1

Vi har vore på trening. Kjekt. Men kaldt syns dei tobeinte. Frost på bakken.

Tannvising og helsing gjekk ganske fint. Eg slit mest med å sitje i ro når folk kjem bort for å helse. I dag har eg ikkje hoppa på nokon!

Første steg mot Lineføring/ fri ved fot er i gang. Vi har starta på nytt med "Gå og se opp" ( grunnferdigheit nr 7). Eg er litt gira på å setje meg mens eg går ( har jo liksom fått det inn nå..). Men i dag var det ikkje det som var tingen. For å få sikker og tydeleg fri ved fot ( der eg går og ser opp på henne ( det er ikkje måte på kor mykje beundring ho treng)), har vi fått tips om at det er dei første stega som er viktigast. Vere nøye i starten ( det gir mange godbitar så det liker eg) og gå sakte fram. Eg kan det jo nesten. Målet er at eg går ein 7-8 meter med blikket festa på henne før ho vender litt på seg og går ved sida mi. Eg skal bli like god som Faya så bare vent.

Tunnelen sprang eg gjennom. Den er litt kort, men gjer nytten. Slalom var vanskeleg, eg blei litt gira og ville bare leike og bite i bandet. Stressa, sa mor og tok meg med tilbake til bilen.

CDen med bråk har vore på - eg trur ikkje eg snakkar om han ein gong. Ikkje musikk etter min smak for å seie det slik.

Mitt mål nr 2: Lokke godbitar ut av flest muleg - det har eg greidd med glans! Mykje godt i kveld både frå den eine og andre.

søndag 2. desember 2007

Mål for veke 49

I kveld har vi sett Hundeskolen på TV2. Agility hadde eg likt. Vi skal prøve på eit par av øvingane i veka som kjem, trur eg.

Matmor sine mål:
  1. Øve til romjul/nyttårs marerittet - rakettar og andre smell.
  2. Gå og sjå opp når førar går baklengs. Vil starte om igjen på det for å få inn kontakten vi treng under "fri ved fot"
  3. Bakpart: Rygge inntil vegg
  4. Agility: Tunnel og slalom (?)

Matmor vil tydeleg gå tilbake i treninga. Ho meiner ho har forventa for lite av meg. Eg kan få det til endå betre. Dette luktar pirk lang veg, veit ikkje heilt ka eg syns om det.

Mine mål:

  1. Overhøyre den dumme CDen med ekle lydar
  2. Lokke flest muleg godbitar ut av folk
  3. Få til litt sånn agility som eg såg på TV.

Nådde vi måla i veke 48?

Tid for ettertanke - nådde vi måla våre? Først ut er matmor.
1. Fokus. Der har vi faktisk blitt betre og det tullet mor lærte på torsdag hjelper til med det
2. Sitje under marsj baklengs. Vi kan krysse av "godt i gang"
3. Gå finare i band. Hm. Eg har hatt gode stunder, men blei litt kokt i toppen i dag då eg møtte Kita. Eg måtte liksom bare dra i båndet for å vise Kita at det var kjempekjekt å gå rundt Mosvatnet med henne. Ho forstår at eg syns det er vanskeleg å møte ukjente hundar. Ho har det litt likt, men har meir kontrollen enn meg så ho kan stå litt nærmare dei. Og det var mange folk og hundar der i dag. Men vi kom gjennom utan utfall begge to.
Chico skreiv i ein kommentar at han hadde begynt med eit band som gjorde det vanskeleg å dra. Mor likte det han skreiv, så ho har tenkt å kjøpe eit. Eg er meir usikker. Trur Chico skjuler noko her. Det gjer nok litt vondt å gå med det.
4. Gå forbi andre hundar. Vi kan vel seie at det målet må stå der i nokre månader.... Eg har hatt eit utfall denne veka. Og eg har faktisk møt ein del hundar. Men mor held meg langt unna dei. Eg trur vi snart må prøve å gå litt nærmare dei ukjente. Er ikkje sikker på om mor tør.....
5. Ho har faktisk vore flink til å la orda "Sitt" og "Dekk" vere i fred. Eg har gjort begge deler utan at ho har sagt det. Er ganske flink til å tolke henne etter kvart.
6. Innkalling. Lite øving på det.
7. Føre treningslogg. Eg trur vi seier at bloggen min er det, men eg ser ho les på lista si over grunnferdigheiter og noterer nokre stikkord i blant.
Konklusjon på mor sine mål: Godkjent.

Mine mål:
1-3. veldig bra. Litt for lite leik syns eg, men stort sett er eg nøgd.
4. Eg skulle aldri skrive Doggie-Zen. Det fantes jo ein vanskeleg variant som ikkje var kjekk i det heile. Og den har eg stritt med denne veka. I dag brukte mor den gamle og kjekke på våre einsame "fellesdekk". Det var kjekt det.

lørdag 1. desember 2007

Rundering

Tidleg opp for å rundere. Denne gongen i Skjævelandskogen. Vi var 4 ekvipasjer. Era som var i startfasen, Evita som kunne mykje og Skotti og meg i midten.

Mor ville at eg skulle finpusse "flying". Ho ville sjekke om eg var nær henne ved kryssing. Eg trur eg var det opp til mange gonger for eg høyrte eit "flott" stadig vekk når eg fòr forbi. Flying er kjempekjekt. Eg spring frå den eine godbiten til neste. Trur vi snart kan seie at det der har eg flyt på.

I andre økta skulle vi prøve enkeltslag. Sist vi gjorde det, blei alt tull så no skulle vi gjere det heilt på nytt. Og det er ikkje vanskeleg med enkeltslag når ein har sånne kjekke figurantar å springe til. Kari la seg flat og tillot at eg drog henne litt i drakampen ( ho hadde kjekk leike), Toril hadde gakk-gakk min og den er kjempetopp å leike med. Så eg sprang fort ut straks mor gav signalet. eg syns jo ho til tider er sein med det der. Ho ville blant anna ha meg til å sitje, men har eg tid til slikt? Figurantane låg så nære at eg visste dei var topp. På enkeltslag får eg leike til matmor kjem og hentar meg. Eg gler meg til det blir eit stykke for henne å gå, for no syns eg ho kom fort. Hadde jo såvidt begynt å leike.

Eg hadde tenkt å ha bilete i dag, men på grunn av regn blei det ikkje fotografering. Men det kjem.