lørdag 31. mai 2008

Stemningsrapport frå kveldstur

I dag har det vore så varmt at det ikkje har vore verande ute for ein stor svart hund. Men han har ikkje vore heilt sløv. Han ville tydeleg trene og så låg det ein metallapport rett framfor meg.. altså trente han på det. Ikkje akkurat på programmet, men det er jo viktig å trene på ulike gjenstandar så kvifor ikkje. Litt ekkel syntes Ekko. Vi kom så langt at eg kunne halde den og han ha munnen rundt, men halde fast - nei takk!

Kl 20 syns eg det var temperatur som kunne tillate tur. Tenkte at eg skulle gå ein roleg tur rundt Mosvatnet. Ein flott tur som fekk meg i godt humør. Det levde rundt vatnet.

På campingplassen var feriefolket er i gang. Mange sat utanfor bobilen med vinglaset og ei bok, andre var meir loffarar med motorsykkel og tomannstelt.
Fort oppdaga vi at mange hundefolk hadde tenkt det same som oss, så her fekk vi trent litt på møtene.

Småbarnsfamiliar var ute og koste seg på plenane.
Eit ungt par spelte badmington. Eg begynte å tenke på kor god trim det der er. Og lenge sidan....
Eit gamalt par hadde funne seg ein benk med utsyn over fuglelivet.
Ungdomar kom i grupper. Tydeleg på veg til ein fest i ein eller annan hage.
Pent kledde vaksne kom på sykkel. Dei sakna nok dei gamaldagse syklane med skikkeleg brett og korg framme, for gåvene dei hadde med seg, måtte dingle litt hjelpelaust på dei moderne syklane. Men sikkert kjekt når dei slepp drosje i natt.
I ein hage hadde dei slått opp partytelt og der var det midt i talane, trur eg. Ekko syntes vi skulle gå der inn. Hadde han lese menyen kanskje?
Noen hadde tenkt at kroppen trengte meir enn brunfarge denne dagen og var flittig i gang med joggeturen.
Andre var tydeleg på veg til ein gamal veninne, ein pubrunde i byen eller kanskje begge deler? Alderen på eit par av damene gjorde at eg tippa veninnekveld på Eiganes.

Ekko måtte stadig ned til vatnet for å drikke. I tillegg hadde eg med ekstra vassflaske til han. Alt gjekk med.

torsdag 29. mai 2008

Vi kryp i veg.

I dag har det vore veldig varmt. Eg skulle vaske terrassen og smørte den inn med noko Ekko absolutt ikkje skulle vere borti. Han tok faktisk teikninga og aksepterte at han skulle vere i stova medan matmor var på terrassen. Så får vi sjå om han har same tolmod i morgon når terrassen skal oljast....

Det har blitt lite tur i dag. Eg har hatt det travelt, men eg skuldar ein del på vèret. Det er så varmt, så varmt for ein med svart pels.

Men vi stilte til trening i dag kl 1830. Aller først fellesdekk. Eg gjekk ikkje langt frå Ekko. Han hadde ikkje vore så nær Sita før, så eg var usikker. Men Ekko arbeidde godt. Han låg roleg, tok første sittoppen vel fort, så eg nulla den. Neste kom ikkje før eg bestilte den. Bra. Han har nokre flotte sittopp og dekk, men òg fleire som er skeive så dette er ikkje ferdig trena ser eg.


Etter det trente Gro og eg i lag. Eg hadde fokus på sit på avstand og kryp. Eg syns han er mykje betre på sit på avstand. Td. grin han ikkje så mykje lenger ;-). Etterpå blei det ei økt med ein del targettrening. Ekko har så lett for å ta targeten i munnen i staden for å touche den med nasen. Her var Maja kjempeflink. Vi brukte targettreninga til neste øving. Nemleg kryp. Her jobba begge hundane godt. Gro brukte targetstick og eg brukte fingeren. Fungerte godt begge deler. Ekko har begynt å få tak på krypinga. Kjempebra.

Siste økta for kvelden bytta vi hund. Eg skulle trene Scotty og Anne Lise Ekko. Spennande. Uvant med ein hund som ikkje er så høg. Scotty trente eg på target på fingeren og litt kryp. Han var konsentrert i korte økter. Eg bestemte meg for å la han kvile eit par minutt og eg lot han sitje medan eg strauk han over brystet. Flott konsentrasjon i korte økter var det eg måtte ha. Kjente igjen mykje av den frustrerte Ekko i han. Var ikkje godbitane lettkjøpte, gjødde han. Akkurat slik som Ekko. Morsomt.
På slutten var alle hundane lengtande etter eigar. Ganske morsomt. Ekko måtte kose ekstra då eg endeleg såg på han. Spennande å trene annan hund.

Og til slutt ei lita helsing til Gro og Lotta. Eg veit at de kikkar innom på sidene våre i blant. Vi kjente saknet av dykk i kveld. Ka med ein tur innom Sola på måndagen eller OD på torsdagen?

Her er Faya ventande på å få jobbe.

Ein varm turdag

Onsdag fekk Ekko trent seg mykje på å gå tur i band og møte andre hundar.

Først var vi på tur rundt Mosvatnet med Marit og Punky. Ekko greier å halde kontakt med meg når Punky skal ut av bilen så lenge han får godbitar. Punky får lukte på han, slikke og vere heilt oppi han. Bra. Trur den hunden har så tydelege signal at Ekko blir roleg sjøl om det er ein uroleg kvelp som undersøkjer han. Punky minner litt om eit par av hundane Arne i Siddis hundeskole har vist om hundespråk og dempande signal.
På sjølve turen er han meir oppteken av kor Punky er, enn at det går andre hundar forbi. Står vi på kvar vår side av vegen, verka det som om det var viktigare å vite at Punky ikkje hadde forsvunne enn at det gjekk ein dum hund forbi.

Innimellom på turen gav dei begge to signal på at dei eigentleg ville leike, men dei greidde å halde seg. Men då vi kom til ein stor plen ved Tjensvoll gravlund var det akkurat som dei sendte kvarandre eit signal for både Marit og eg fekk samstundes eit overraskande rykk i bandet frå to som var heilt klar for leik. Dette var tydeleg plassen. Vi fekk roa dei ned og dei spaserte fint forbi gravferdsgjester på veg til bilen.

Det er varmt for tida. Ekko gjekk ikkje akkurat i resertempo siste delen av turen heim. Vel heime var det ein som slokna fort. Eg kunne visst bare gå ut for han hadde ikkje behov for å bli med.

Seinare på ettermiddagen gjekk vi ein tur til. Utfordringen på den turen var å møte menneske han kjenner som er kledd i kort shorts og omtrent bar overkropp. Ikkje lett å få ein glad hund til å forstå at folk i slike klede sjeldan ønskjer to labbar i magen. Eg syns eg i tillegg ser at han blir ekstra gira på å få helse og hoppe opp når dei ikkje vil at han skal gjere det/ er halvredd hund. Eg må nok trene han endå meir på det å ha alle fire beina i bakken. Han er blitt mykje flinkare til det i møte med menneske som "møter" han.

Vi var òg innom i ein hage til nokre vener. Og då dukkar jo neste treningsområde opp: Ligge i ro medan alle menneska går, et og liknande rett rundt han i hagen. No krevde det mange godbitar.

Så konklusjonen på turtreninga er vel at han er flink til å gå forbi framande folk, går fint i band, men kan bråstoppe når luktene blir for gode. Han treng trening i helsesituasjonar med menneske.

søndag 25. mai 2008

Kurshelg for menneske...

Eg veit ikkje heilt om eg liker dette instruktørkurset. Eg ligg altfor mykje i bilen og det er så kjedeleg, så kjedeleg. Og ka er det dei lærer der inne? Når dei kjem ut, skal vi gjere noko eg har gjort hundre gonger før. Eg forstår ingenting. Skal ikkje eg lære noko nytt?

Jo, forresten det var noko nytt. Elisabeth prøvde å trene meg medan matmor såg på. Det likte eg ikkje heilt. Kanskje det er det siste nye? Eg får trene på det, men eg syns det er best med matmor. Det er liksom henne eg skal kikke beundrande på. Det var forresten mange andre òg som stod og såg på då Elisabeth skulle prøve å trene meg.
Eg såg ut bilvindauga og då trente matmor Robin. Eg likte ikkje det heller eg, men eg sa ingenting. Blei jo litt nervøs for vi hadde laga skikkeleg gode godbitar i går kveld. Tenk om Robin åt opp dei?

Sist fekk dei nokre lekser der vi hundane skulle trenast. Håper det blir slike lekser denne gongen òg. Leksene til i dag var utgangsstilling og bakpartskontroll. Eg fekk til både frivillig utgangsstilling og då kommandoen var på. Bakparten gjekk visst ganske bra den òg. Syns faktisk den var kjekk denne gongen.

Vi har trent ein del på å hoppe inn i bilen. Nå går det passe greit å hoppe inn, men vegen til bilen er ikkje kjekk. I går leika matmor gøymeleiken rundt bilen. Det likte eg.
På slutten av dagen kjørte vi til den kjekkaste tenåringen eg kjenner. Han blei 14 år i dag. Eg prøvde å få kake, men det fekk eg ikkje. Dumt. Det såg så godt ut. Matmor i dette huset er rar. Ho kallar meg Bajas og ristar på øyrene mine. I dag greidde eg å la vere å hoppe på dei då eg kom. Då fekk eg ekstra mykje kos og risting på øyrene. Liker det, eg.

torsdag 22. mai 2008

I dag har eg brukt hovudet mykje

Takk skal du ha for at du meldte frå om at du sakna røysta mi, Elisabeth. Matmor var på veg til å skrive igjen, men så minna eg henne på at det jammen var på tide at eg fekk kome til orde.

Det er ganske travelt å vere meg. Stadig ting eg må øve på, altfor lite fri leik og fri fart. Men eg har det nå ganske så kjekt for det.

I dag til dømes har eg brukt hovudet så mykje at eg er litt sliten no i kveld.
Først så måtte eg stå opp i natt for eg syns det kom innbrotstjuvar, men så viste det seg at det bare var nokon som ikkje har vett til å gå roleg når dei går heim frå fest. Så blei det dag og då hamna eg i den dumme bilen. Mor prøver med veldig gode godbitar, men eg er nå i tvil om dei er gode nok. Eg liker ikkje å hoppe inn i bilen. Vi kjørte avgarde og då vi kom fram, skjønte eg at her blei det skogstur. Trudde eg...
Nei, brått forsvann dei tobeinte. Dei kom tilbake etter ei stund og då fekk eg endeleg kome ut. Då skulle eg vere med på ein rar leik. Eg sprang inn mot skogen, så ropte mor. Eg snudde med ein gong. Trudde jo det var noko alvorleg som hadde skjedd. Og det var det jo, ho hadde gløymt å gje meg godbitar. Dette gjorde ho to gonger. Koffor gav ho meg ikkje alle på ein gong? Så kom vi inn i skogen. Og der var det kjekke folk. Eg sprang mot dei. Då ropte jammen mor då òg. Nå begynte eg å forstå: Snu fort og det blir mange karbonadebitar i premie. Veldig kjekk leik. Eg sprang mot dei andre og snudde med ein gong mor ropte. Og full pott! Dei kalla det visst innkallingstrening.
Etterpå måtte eg i bilen, men då blei dei andre trent på same måten. Her kan du får eit kort glimt av Era og eit av Punky. Punky måtte ha ekstra rening på tannvisning (det ser du på bilete over). Ho skal på utstilling snart. Stakkars henne.

Etterpå skulle vi alle ut på tur. Vi gjekk fram til eit område der det viste seg at dei hadde planlagt noko eg ikkje hadde vore med på før. Nemleg feltsøk ( ho ropte i alle fall "søk felt" då eg sprang ut). Det virka sånn at eg sat og venta. Marit lokka med ei leika, Punky klynka og så gjekk Marit avgarde med leika. Brått kasta ho den. Så skulle eg ut, finne og kome inn igjen med leika. Det gjekk veldig fint då mor forstod at eg bare bytar mot ei ny leike. Sånn gjorde vi det tre gonger, trur eg. Så skulle eg sjå på medan Punky gjorde det. Ho kunne visst meir for dei kasta fleire leiker ut. Eg var bunden til eit tre og prøvde å ule litt slik som Punky for eg trur at det må til for at denne leiken skal fungere.
Punky, ho er rar, ho kom springande bort til meg. Eg er jo ikkje heilt god på sånt til vanleg og særleg ikkje når eg står i band. Så eg knurra. Men veit du ka ho gjorde. Ho bare rulla seg rundt og rundt. Ho sprang ikkje vekk i det heile. Til slutt gadd eg ikkje bry meg med henne lenger. Så gjekk ho og arbeidde vidare. Rar dame. Vi gjekk forresten ved sida av kvarandre eit stykke på tilbakevegen . Trur dei tobeinte ville forsikre seg at vi var vener. Og det er vi jo. Eg syns bare ho er litt kjekk og litt masete.

Endeleg fann mor fram langlina og gjekk ned dit ho hadde forsvunne for 2 1/2 time sidan. Eg vasa litt rundt. Skjønte eg skulle snuse, men greidde ikkje heilt å få klarert rett lukt. Men så var det som det sa pling i hovudet. Sjølvsagt! Det er matmor sine fotspor eg skal finne. Og då blei det jo kjempeenkelt. Eg avgarde i godt tempo (passe fort syns mor), tok svingane som ein konge og brått fann eg ein boks med mange godbitar i. Fekk mykje skryt så eg trur ho var stolt av meg då. Eg har jo ikkje gjor dette så mange gonger.

Etter alt dette drog vi heim for å kvile. Men så sendte Anne ein SMS. Ho hadde kome til treningsplassen kl 17 og lurte på kor vi var. Ho er ikkje heilt med altså. Hadde det vore Thelma hadde eg skjønt det, for ho luktar så rart for tida, men matmora hennar. Ja, ja ho har blitt veldig tjukk i det siste så kanskje det påverkar hugsen? Vi prøvde å forklare henne at vi ikkje skulle trene før kl 1830. Men vi pakka sekken og drog avgarde vi òg så fekk ho i alle fall selskap frå kl 1730.

Trur ikkje matmor syns vi var heilt ferdig med å kvile for det første ho gjorde, var å finne fram stolen, ta meg ut og så sat vi der. Mor i stolen og eg på sida. Og litt bortanfor sat Anne i stolen og Thelma på sida. Ja, ja grei øving det, men vi skulle vel noko meir?

Jo då, ho hadde tenkt litt lenger. Først var det å gå fint i band og sjå beundrande opp på gamlemor. Alt dei tobeinte finn på for å få beundrande blikk! Og eg lar meg kjøpe.....

Så var det ein ny runde med innkalling. Eg har visst for lite eksplosiv start. Ka nå det betyr. Eg vil ikkje eksplodera og forresten så har dei tobeinte tendens til å trø på langlina og då blir det bråstopp. Nei, eg likte betre sånn vi leika tidlegare i dag.

Eg trur det kom mange fleire etterkvart. I alle fall kom Maja og Gro for dei trente vi saman med. Maja trener òg på den der dumme bakparten. Eg vil helst ikkje snakke om den, men eg rygga nå litt og det blei nokre godbitar.

Så har dei funne ut at hundar skal krype. Ka då for? Eg kjem meg under det eg vil og er det ikkje nok at eg går som ein gud? Neidå, ned i dekk og kryp. Heldigvis er Gro ganske smart så ho fekk lokka matmor med ut på graset. Var betre å krype der. Asfalten var vond den. Og eg fekk til litt. Det begynte faktisk å bli litt kjekt.

Eg gløymte jo at vi hadde fellesdekk. Eg tok nokre susande "sittopp" og "dekk" i utgansstilling. Lyden av matmor kunne du høyre langt. Eg var litt stolt då. Men koffor gjere det rett? Eg hamna sjølsagt i bilen....
Det kan godt hende at vi trente på meir, men det susar rundt i valnøtta mi så eg hugsar ikkje meir.

onsdag 21. mai 2008

Kjekk hund på tur

I dag skulle vi gå ein tur og nyte sola og den intense grønfargen. Samstundes ville eg arbeide med Ekko som turkamerat.

Målet var Mosvatnet og turområdet der. I tillegg til at dette er eit nydeleg område så er det stor sjanse for å møte andre hundar, fugleliv, barn, vaksne, motoriserte rullestolar, syklistar og joggarar. Altså perfekt område for turtrening.

Resultat:
Bandtrening:
Ekko går veldig fint i bandet når han er ferdig med dei første 200m med lukting og tissing. Han er lett å få kontakt med, oppsøkjer ofte kontakt og dreg ikkje i bandet. Unnatak er når han luktar noko veldig, veldig spennande, men til og med då opplever eg at ein kontaktlyd får han til å kome til meg.
Møte med menneske:
Vi møtte mange folk. Når ungar skal forbi, går halen ivrig. Då er det vanskeleg å sjå på meg, men han greidde det i to av tre gonger. Når vaksne går forbi, tek han kontakt med meg. Veldig bra.


Vi møtte òg hundar.
Eg var spent for han har hatt fleire utfall i det siste. Det var så lenge sidan så eg var så overraska då det skjedde. Altså bestemte eg meg for å gå langt ut og trene Kinderegg.

Første hund: Vi går til sides og stiller oss opp. Men det kom jo aldri ein hund... Det viste seg at hunden hadde bestemt seg for å ha eit stort toalettbesøk akkurat då og det tok visst tid med innsirkling av plassen osv. Men omsider kom han. Ekko såg bort, men var jo så gira på maten etter denne ventinga at det var ingen reaksjon.

Hund nr 2 kom like etterpå så vi var ikkje komne ut frå plassen vår ein gong. Denne var Ekko litt meir interessert i, men godbitane var betre. Han var roleg sjøl om vi gjekk tidleg ut på vegen igjen.

Hund nr 3 var utruleg vakker syns Ekko. Og eg trur at den andre syns like eins. Eg fekk Ekko lett ut av vegen, men ikkje i godbitstilling for kindereggøvinga. Dette måtte han bare sjå på. Fekk mata han frå sida. Kroppen stod parat, men ingen lyd, ingen rykk. Den andre hunden såg og såg etter Ekko. Og Ekko såg.... Men like etter er han lett å få med seg vidare og ikkje stressa.

Hund nr 4 kjem vi mot bakfrå. Dei går sakte og vi nærmar oss. Ekko er veldig klar over hunden. Eg byrjar trene på kontakt mens vi går. Han ser på meg kvar gong kontaktlyden kjem, men er fort stirrande framover. Etter kort tid er det Ekko som tar kontakt for godbit. Han ser stadig bort på den hunden vi nærmar oss sakte, men vel å sjå ofte opp på meg. Eg går så sakte at eg er sikker på at vi ikkje kjem for nære hunden framfor. Den vimsar i veg i fleksilina med matmor i mobilen, så her er eg ikkje trygg på at vi bør gå forbi. Eg hadde òg mobil, men den blei brukt til fotoapparat.

Hund nr 5 møter vi på eit smalt område og vi må snu og gå tilbake. Ekko kjem villig med og vil meir enn gjerne snuse på ny plass. Eg får han til å sitje. Han observerer den andre, men søkjer stadig kontakt med meg.

Sitt når eg stoppar opp.
Dette er vanskeleg. Ekko strever med å forstå at han skal gjere det når vi går og luftar oss. Han har tidlegare lært at han då skal stoppe og la bandet bli hengande slapt. Og det er jo godt at han kan. Men no vil eg altså at han skal setje seg når eg stoppar opp. Øvde kvar gong vi kryssa ei gate i dag, men det er ikkje lett for bilførarane er kjappe til å sleppe oss fram :-) . Når han har tenkt seg om bitte litt, er sitt faktisk forslag tre. Først stoppe opp, så sjå på meg og så .. sitt.

Når vi møter folk vi kjenner, er det mange andre ting han vil FØR sitt og kontakt kjem, men det går sakte framover. Det kjem i alle fall som eit tilbod.
Fuglelivet.
Ender er kjempespennande syns Ekko. Kontaktlyd var nok til å få han vekk frå det fokuset. Minus ein gong. Då skulle eg fotografere og tar hunden med meg ut i eit ormåde der fuglane bare låg og venta på oss... Gjett om eg fekk brannsår i handa då bandet stramde? Men ingen fugl skada og Ekko var lett å få i modus som fotoobjekt.
På slutten var vi så blide begge to at det blei drakamp med bandet og lov til å bere kong-en heim.

mandag 19. mai 2008

Den evindelege bakparten

Det var mange på treninga i dag. Ingeborg og eg ville trene på bakpartskontroll. Stakkars Sander og Ekko. Det er eit mas med den der rygginga. Ingeborg klikka og eg rygga saman med hunden. Det gjekk etterkvart ganske så bra, men akkurat då eg syns dette går så det susar, så svingar rompa ut. Eg skulle hatt vegg på begge sider.... I periodar sette Ekko opp farten. Dette måtte han få unnagjort litt fort. Godbitane til Ingeborg var betre enn mine. Det minna meg om leveren eg har i frysa. Må få laga skikkeleg gode bitar av den. Etter to rundar som eg var ganske nøgd med slutta vi av denne treninga. Eg slit med at vi ikkje kjem lenger, men eg trur eg vil prøve litt vinkel snart. Får sjekke "bibelen" ka råd den gjev.

Tredje økt var kryp. Vi er heilt i startfasen. Eg kutta ut targetsticken for Ekko reiste seg heile tida. Nå sat eg på huk og brukte fingen. Vi kom så langt at han kraup bitte litt. Han reiser seg veldig ofte.

Nå trengte hunden og eg litt fart og liv. Eg tok ut musematta. Veldig lenge sidan sist, men Ekko var ikkje i tvil om ka den skulle brukast til. Han hadde mange god sprint mot den og sette labben på. Det var viktig å klikke før munnen òg kom..... Må utvikle den vidare snart.

Eg hadde òg ei lita økt med drakamp med kong bare for at han skulle få ut energi og samstundes trene på å gje frå seg ved ordet "takk". Det går passe bra. Eg får han ikkje til å oppfatte at eg har blitt passiv og når han er på det mest intense, sklir ikkje ordet takk inn, men elles går det fint. Kan trene meir på det.

Bilen har vore eit mareritt i det siste. Han vil bare ha framlabbane inni, ikkje heile seg. No har eg endeleg fått dei varene eg bestilte av Karin og håper på at kyllingnakkar kan vere med å hjelpe på frivillig hopp inn i bilen.

Eg kjente meg sliten (og kald.. det er alltid slik ein vind på Sola..) då eg kom heim, men treningsvidunderet mitt syns at økta var for kort. Så den som måtte slå til med meir trening, var meg. Det starta med frivillig sitt då eg stoppa midt i stova. Det blikket Ekko sendte var tydeleg: "Kom igjen -eg er klar". Ja då blei det nokre på plass, dekk og litt kryp. Dei to første var svært fine, den siste likna på det eg såg før i dag. Akkurat no trener han på å ligge stille under skrivebordet. Heldigvis er fòr god premie innomhus. Eg trur jammen han somna.....

søndag 18. mai 2008

Hente avisa og andre kjekke øvingar

I dag har eg vaska jærbunaden ( den fora dressen). Tenkte at no kan eg vel vere utan den i ein periode...
Ekko har vore treningslysten heile dagen. Han kom til og med inn med eit lausbitt han hadde funne i sekken. Kom igjen og tren meg! Og eg gav meg jo og trente litt på det. I tillegg begynte vi forsiktig med å krype.

I dag oppfordra eg klikkarfolket: Kom på trening og eg finn på utfordringar! Vi blei ein fin gjeng. Utfordringane var: Innkalling, hopp, balanse på benk, tunnel, hente avisa, gå bak og slalåm mellom beina.

Anne&Thelma, Anne Lise&Scotty, Silje&Pia, Lili&Biko, Ingve&Aron og Elisabeth tok i mot oppfordringa. Elisabeth utan hundar, men ho blei fort fotograf og medhjelpar.

Ekko prøvde seg først som avisbud. Og jammen slo all trening på apport inn. Han sprang fort til Lili, tok med seg avisa og avleverte i handa mi. Eg fekk han til og med til å springe tilbake til Lili med avisa etter at han hadde gitt meg den. Avisbudet blei filma, sjå her.

Biko prøvde òg å vere avisbud. Han hadde ikkje trent apport slik at på han trente vi kun det å kome borti avisa. Men aller helst ville han sjå på matmor og bli beundra :-).
Innkalling var neste post på programmet. Eg brukte fløyte denne gongen og hadde yndlingsballen klar. Kjempereaksjon! På dei siste innkallingane brukte eg kong - det var ikkje fullt så gjevt. Det kan nok vere ein blanding av at han var trøytt, men tydeleg òg at ballen har ei ekstra stor stjerne.
Alle hadde minst ei økt med innkalling. Det var pipelydar rop og ymse anna rundt ikring. Dei fleste opplevde at hunden kom fykande. Det er deilig å vere på parkeringsplassen ved OD for der er det så god plass. Fleire blei filma, her finn du Pia. i aksjon.
I tredjeøkta skulle Ekko trene på å gå bak. Eg bruker det i blant på tur i skogen. Treng at han går bak ned bratte sider og liknande. Men eg har ikkje trent noko på det. No skulle eg bruke target på fing. Lili skulle klikke. Det gjekk greit med fingen bak. Han forstod den, men då eg skulle premiere kom han fram. Og så skulle eg vere kjapp for ikkje å få han fram mellom kvar gong. Gjett kor eg gøymde handa - akkurat- bak ryggen.
Altså blei det tendensar til lokking i staden for target. Må trene meir på det der. Skjønte på Anne at ho og Thelma hadde det same problemet.
Nest siste økt var hopp. Ekko hoppar fint over og han syns det var ekstra kjekt då vi småsprang mot hoppet. Men han hopper for nære meg. Det er slik at eg er redd han blir spidda av stanga på hoppet. På slutten var han så gira at han beit i bandet. Han var tydeleg trøytt. Vi avslutta med litt kryptrening. Eg kom ikkje lenger enn at han kjem borti targetsticken og kryp 1/2 cm.. Men det er ein start.
Eg storkoste meg i kveld. Litt fri frå lydnadstreninga samstundes som dette er nyttig trening det òg. Men eg kjenner eg har nok brukt hovudet eg òg for no er eg trøytt.

Aron og Biko var med oss for første gong. Det var veldig kjekt. Sjeldan å sjå kvite gjetarhundar her så dei blei ekstra beundra. Her Ingve og Aron.

fredag 16. mai 2008

Behov for ein i forsvar?

Skulle Viking eller eit anna lag ha behov for å styrke forsvaret, er Ekko klar. Han reagerer kjappare enn lynet og gjev ikkje frå seg ballen utan kamp. Akkurat den forsvararen Viking hadde trengt!

Trur ikkje han forlangar høg løn heller. Kun real kamp og MAT.

torsdag 15. mai 2008

Litt meir system i tankane

På måndag var eg lite fokusert på treninga. Bestemte meg for at eg måtte ha meir plan i dag. Såg gjennom grunnferdigheitsskjemaet for å sjå kor er det eg har stoppa opp og ka er det eg vil trene på. Det er fleire område vi har kome eit stykke, men andre ligg heilt brakk.
Vi starta med fellesdekk. Thelma hadde framleis løypetid. Ekko låg ved sida av henne. På den andre sida var Maja og lengst vekke var Scotty. Ekko plar vere ganske sikker på fellesdekken. Han ligg i ro, men i dag var det noko flakkande med han. Eg burde ha stått nære og kun trent kontakt for brått for han opp og rett på Maja. Maja var tydelegvis ikkje redd han, for ho meldte frå ka ho syns om slik framferd. Eg fekk tak i Ekko og Maja såg ut som om ho ikkje lot det gå inn over seg. La seg ned og fortsatte dekken.
Eg blei i dårleg humør og trengte tid før eg syns Ekko var noko å samle på vidare....
Men etterkvart blei det meir fokus på han òg.

I neste økt skulle eg trene på den der plagsomme bakdelen. Vi rygga langs ein låg mur. Anne Lise hadde klikkeansvaret. Ekko rygger ei stund beint, men så svinger han rompa mot meg i staden. Eg syns vi har halde på med dette LENGE...
Anne Lise og Scotty trente òg på dette.

Tredje økt var å plukke fram apporten. Det var kjekkare syns Ekko. Her er han flink. Han held fast, men det var tydeleg at det var lenge sidan vi hadde trent på denne for det var ingen reaksjon på takk, men på klikk. Vi prøvde med omvendt lokking. Kjempebra. Ekko held fast. Han avslutta med tullete påplass med apport. Har aldri sett så mange variantar på kor han syns på plass er...... Ingen av dei hadde noko med mi venstre side å gjere. Men det skal han ha, han holdt apporten gjennom alle forsøka på å kome seg på plass. Til slutt stoppa eg han då han var på veg rundt meg for 'nt gang.

Siste økt var innkalling. Veldig kjekt. Sjå den første filmen. Dette er første forsøk. Her oppfattar ikkje Gro at eg gjev kommandoen så han blir holdt litt igjen. Det tredje og siste forsøket blei det beste(film to). No bad eg ikkje om på plass, men vifta med ei leike og lagte høg lyd (Jiha...kom). Då var det fart i massevis og han heiv seg inn på plass. (Men sidan det ikkje var innkallingsordet så blei dei tobeinte litt overraska..)

mandag 12. mai 2008

På trening igjen.


No var det lenge sidan vi hadde vore på trening, så i kveld var vi klar. Tenkte eg. Men så var ikkje eg så fokusert likevel. Skal ikkje klage på hunden. Han ville det meste han.

Det var tydeleg at det var andre pinsedag og solskin, for vi var 4 på trening. Ingeborg&Sander, Anne&Thelma, Ane&Charlie og oss. Thelma hadde løpetid så fellesdekken blei litt morsom. Ekko veit ikkje heilt ka det er, men vindretningen var god, så nasen var i retning Thelma. Sander hadde ikkje behov for fellesdekk i det heile. Han ville bare stå og snuse i lufta.. Dette har dei godt av. Eg turde ikkje gå langt frå Ekko. Kjente at det var såpass uro blant gutane at dei fort kunne la seg rive med om ein sprang. Men i staden for avstand, trente vi på "dekk" og "sitt opp". Eg set ein fot fram ved dekk for han legg seg på skrått. Det hjelpte. Sittopp-en var forferdeleg. Han hoppar eit steg tilsides og set seg på skrått. Så inntil ein kant med oss. No blei til og med sittopp-ane direkte med frambeina. Men straks vi gjekk frå veggen, kom dei med eit hopp. Hm. Dette må det terpast på.

Etter pause tok vi meir trening på dekk og sitt opp. No stod eg framfor han. Det er tydeleg at eg bruker kroppen som signal. Då eg oppdaga det, stod eg stille og gav kommandoane. Det var lite futt i det han skulle gjere då. Så no må eg trene på å stå i ro og kun bruke kroppskommandoar eg vil ha.

Vi hadde òg ei lita økt med sitt på avstand. Gjekk greit, men han vil gå eit steg mot meg før han set seg. Må trene meir på det òg.

Sidan dette var mykje terping og Charlie skulle trene på å følge matmor som gjekk bakover, tenkte eg at det var noko vi òg måtte ta fram. Alt for lenge sidan. Så eg sjangla bakover og Ekko var litt ukonsentrert. Men då Kvakki kom fram, blei det fokus og kjappe sitt og stå medan vi gjekk. Kjempebra!

Og heilt til slutt blei det biltrening. Klikk for frambein i bilen, klikk for heile seg, fullt lov til å hoppe ut. Slik dreiv vi på til han til slutt bare stod i bilen for han gadd ikkje hoppe ut igjen.










Charlie

onsdag 7. mai 2008

Sol og lite trening

Det er nydelege dagar. Vi burde nytta dei til mykje trening, men det blir litt tur der eg gløymer å trene på at Ekko skal sitje kvar gong vi stoppar. No må eg skjerpe meg. Han har òg fått møte ukjente ungar. Då går det mange godbitar for å få han til å la vere å hoppe.
Det er tydeleg at det er godt å ligge ute, nyte sola og snuse inn luktene.
Men det er forferdeleg å vere hund når vi grillar og måltidet tek tid. Eg må nok trene han meir på det å vente. Det blir til tider litt for mykje masing.

Her er Ekko i storslag. Han fekk verkeleg kjenne på kreftene sine. Tyngda godt på bakbeina. Han er ganske flink til å sleppe når vi ber om det, men litt vanskeleg er det når han er altfor engasjert i å dra. Trener han på å vente med å begynne til eg seier versegod.

lørdag 3. mai 2008

Hagedag

I dag har eg arbeidd i hagen. Eg har hjelpt dei tobeinte med å grave hol til planter. Merkeleg nok får eg stadig kjeft for eg lagar visst hol der det ikkje skal vere. Eg skjønar ingenting. Ingen av dei tobeinte får kjeft. Ka er det som er galt med mine hol?

Elles har eg desse dagane trent mykje på daglegdagse situasjonar (vanleg kvardagslydnad seier matmor). Til dømes:
  • å kunne styre meg når folk står opp. Eg syns jo det er så kjekt med mange menneske i huset. Koffor vil ikkje dei ha kyss om morgonen?? Men eg har lært meg eit triks: Ta ein sko i munnen. Det hjelper.
  • å kunne ligge fint under bordet/ ved sida av når dei tobeinte et maten sin(Det er vanskeleg. Dei et ofte og det luktar så godt)
  • å setje meg når ungar vil klappe meg
  • å setje meg når mor opnar døra for gjester
  • å kunne gå fint i band på tur
  • å ikkje forstyrre når dei tobeinte vil vere i fred
  • å sove lenge (Det får eg ikkje til. Eg vaknar tidleg og går rundt og tripper. Heile hjernen er full av "Når står dei opp?")

Eg syns eg får ganske godt til mange av oppgåvene, men dei fire første er ganske utfordrande så mor må ut med ein del godbitar undervegs. Men eg prøver verkeleg og får det til innimellom.

Når det gjeld turgåing har eg faktisk fått trent ein del for dei vil vere med meg på tur både titt og ofte. Eg har møtt andre hundar og har gått til sides utan problem. Har faktisk av og til sendt matmor eit blikk og eit klynk om at her må eg få noko for nå er det nifst. Eg har ikkje kjefta på noen. Trur matmor er veldig nøgd med meg.

Men no må eg sove. Det tar på å vere ute i hagen heile dagen i tillegg til nokre turar i nærmiljøet.

Eg lurer på koss det går med Faya denne helga. Ho er på utstilling. Det syns eg høyres vanskeleg ut. Men dei må visst det viss dei vil bli sjampinjong.

torsdag 1. mai 2008

Eg storkoser meg


I dag har det vore rød dag på kalenderen og det har til og med vore arbeidarane sin dag. Eg lurer på om det er ein hundedag òg? Eg syns skikkelege hundar hadde fortent ein eigen dag med flagg og tog til ære for oss. Vi gjer jo folk friske, finne folk som har gått seg bort, hjelper blinde, passer sauer osv. Og sidan eg ikkje veit om ein eigen hundedag har eg tenkt at eg er hardt arbeidande, altså er dagen i dag òg min.
I alle fall har eg nytta dagen til fleire gode turar med godt følge. Ser vi stort på det kan vi kalle oss eit lite tog... Flagget hadde vi ikkje med oss, men så mykje som dei tobeinte prata så trur eg at vi kan seie at vi hadde opp til fleire talar.
Eg er blitt stelt godt med. Har fått god mat og mykje kos så denne hundearbeidaren kryp no til køys og skal sove søtt.
Eg sender ein varm takk til alle dei som har gjort sitt for at denne dagen ikkje er ein vanleg svart dag på kalenderen.
Opp alle Jordens bundne treller.....