torsdag 22. mai 2008

I dag har eg brukt hovudet mykje

Takk skal du ha for at du meldte frå om at du sakna røysta mi, Elisabeth. Matmor var på veg til å skrive igjen, men så minna eg henne på at det jammen var på tide at eg fekk kome til orde.

Det er ganske travelt å vere meg. Stadig ting eg må øve på, altfor lite fri leik og fri fart. Men eg har det nå ganske så kjekt for det.

I dag til dømes har eg brukt hovudet så mykje at eg er litt sliten no i kveld.
Først så måtte eg stå opp i natt for eg syns det kom innbrotstjuvar, men så viste det seg at det bare var nokon som ikkje har vett til å gå roleg når dei går heim frå fest. Så blei det dag og då hamna eg i den dumme bilen. Mor prøver med veldig gode godbitar, men eg er nå i tvil om dei er gode nok. Eg liker ikkje å hoppe inn i bilen. Vi kjørte avgarde og då vi kom fram, skjønte eg at her blei det skogstur. Trudde eg...
Nei, brått forsvann dei tobeinte. Dei kom tilbake etter ei stund og då fekk eg endeleg kome ut. Då skulle eg vere med på ein rar leik. Eg sprang inn mot skogen, så ropte mor. Eg snudde med ein gong. Trudde jo det var noko alvorleg som hadde skjedd. Og det var det jo, ho hadde gløymt å gje meg godbitar. Dette gjorde ho to gonger. Koffor gav ho meg ikkje alle på ein gong? Så kom vi inn i skogen. Og der var det kjekke folk. Eg sprang mot dei. Då ropte jammen mor då òg. Nå begynte eg å forstå: Snu fort og det blir mange karbonadebitar i premie. Veldig kjekk leik. Eg sprang mot dei andre og snudde med ein gong mor ropte. Og full pott! Dei kalla det visst innkallingstrening.
Etterpå måtte eg i bilen, men då blei dei andre trent på same måten. Her kan du får eit kort glimt av Era og eit av Punky. Punky måtte ha ekstra rening på tannvisning (det ser du på bilete over). Ho skal på utstilling snart. Stakkars henne.

Etterpå skulle vi alle ut på tur. Vi gjekk fram til eit område der det viste seg at dei hadde planlagt noko eg ikkje hadde vore med på før. Nemleg feltsøk ( ho ropte i alle fall "søk felt" då eg sprang ut). Det virka sånn at eg sat og venta. Marit lokka med ei leika, Punky klynka og så gjekk Marit avgarde med leika. Brått kasta ho den. Så skulle eg ut, finne og kome inn igjen med leika. Det gjekk veldig fint då mor forstod at eg bare bytar mot ei ny leike. Sånn gjorde vi det tre gonger, trur eg. Så skulle eg sjå på medan Punky gjorde det. Ho kunne visst meir for dei kasta fleire leiker ut. Eg var bunden til eit tre og prøvde å ule litt slik som Punky for eg trur at det må til for at denne leiken skal fungere.
Punky, ho er rar, ho kom springande bort til meg. Eg er jo ikkje heilt god på sånt til vanleg og særleg ikkje når eg står i band. Så eg knurra. Men veit du ka ho gjorde. Ho bare rulla seg rundt og rundt. Ho sprang ikkje vekk i det heile. Til slutt gadd eg ikkje bry meg med henne lenger. Så gjekk ho og arbeidde vidare. Rar dame. Vi gjekk forresten ved sida av kvarandre eit stykke på tilbakevegen . Trur dei tobeinte ville forsikre seg at vi var vener. Og det er vi jo. Eg syns bare ho er litt kjekk og litt masete.

Endeleg fann mor fram langlina og gjekk ned dit ho hadde forsvunne for 2 1/2 time sidan. Eg vasa litt rundt. Skjønte eg skulle snuse, men greidde ikkje heilt å få klarert rett lukt. Men så var det som det sa pling i hovudet. Sjølvsagt! Det er matmor sine fotspor eg skal finne. Og då blei det jo kjempeenkelt. Eg avgarde i godt tempo (passe fort syns mor), tok svingane som ein konge og brått fann eg ein boks med mange godbitar i. Fekk mykje skryt så eg trur ho var stolt av meg då. Eg har jo ikkje gjor dette så mange gonger.

Etter alt dette drog vi heim for å kvile. Men så sendte Anne ein SMS. Ho hadde kome til treningsplassen kl 17 og lurte på kor vi var. Ho er ikkje heilt med altså. Hadde det vore Thelma hadde eg skjønt det, for ho luktar så rart for tida, men matmora hennar. Ja, ja ho har blitt veldig tjukk i det siste så kanskje det påverkar hugsen? Vi prøvde å forklare henne at vi ikkje skulle trene før kl 1830. Men vi pakka sekken og drog avgarde vi òg så fekk ho i alle fall selskap frå kl 1730.

Trur ikkje matmor syns vi var heilt ferdig med å kvile for det første ho gjorde, var å finne fram stolen, ta meg ut og så sat vi der. Mor i stolen og eg på sida. Og litt bortanfor sat Anne i stolen og Thelma på sida. Ja, ja grei øving det, men vi skulle vel noko meir?

Jo då, ho hadde tenkt litt lenger. Først var det å gå fint i band og sjå beundrande opp på gamlemor. Alt dei tobeinte finn på for å få beundrande blikk! Og eg lar meg kjøpe.....

Så var det ein ny runde med innkalling. Eg har visst for lite eksplosiv start. Ka nå det betyr. Eg vil ikkje eksplodera og forresten så har dei tobeinte tendens til å trø på langlina og då blir det bråstopp. Nei, eg likte betre sånn vi leika tidlegare i dag.

Eg trur det kom mange fleire etterkvart. I alle fall kom Maja og Gro for dei trente vi saman med. Maja trener òg på den der dumme bakparten. Eg vil helst ikkje snakke om den, men eg rygga nå litt og det blei nokre godbitar.

Så har dei funne ut at hundar skal krype. Ka då for? Eg kjem meg under det eg vil og er det ikkje nok at eg går som ein gud? Neidå, ned i dekk og kryp. Heldigvis er Gro ganske smart så ho fekk lokka matmor med ut på graset. Var betre å krype der. Asfalten var vond den. Og eg fekk til litt. Det begynte faktisk å bli litt kjekt.

Eg gløymte jo at vi hadde fellesdekk. Eg tok nokre susande "sittopp" og "dekk" i utgansstilling. Lyden av matmor kunne du høyre langt. Eg var litt stolt då. Men koffor gjere det rett? Eg hamna sjølsagt i bilen....
Det kan godt hende at vi trente på meir, men det susar rundt i valnøtta mi så eg hugsar ikkje meir.

Ingen kommentarer: