onsdag 7. mai 2008

Sol og lite trening

Det er nydelege dagar. Vi burde nytta dei til mykje trening, men det blir litt tur der eg gløymer å trene på at Ekko skal sitje kvar gong vi stoppar. No må eg skjerpe meg. Han har òg fått møte ukjente ungar. Då går det mange godbitar for å få han til å la vere å hoppe.
Det er tydeleg at det er godt å ligge ute, nyte sola og snuse inn luktene.
Men det er forferdeleg å vere hund når vi grillar og måltidet tek tid. Eg må nok trene han meir på det å vente. Det blir til tider litt for mykje masing.

Her er Ekko i storslag. Han fekk verkeleg kjenne på kreftene sine. Tyngda godt på bakbeina. Han er ganske flink til å sleppe når vi ber om det, men litt vanskeleg er det når han er altfor engasjert i å dra. Trener han på å vente med å begynne til eg seier versegod.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så snill han ser ut den nye lekekompisen din Ekko. Han kunne eg og likt og lekt med :-)

Anonym sa...

Han er kjempesnill. Ofte vil han kose med meg og andre gonger vil han leike. Eg syns han er topp.