søndag 16. juni 2013

Asfalt, grus, skog, myr... vi sporer


Selma på første spor
Sist måndag fekk vi med oss Lise og Silje med hundane for å trene på asfaltspor. Er jo irriterande at det er noko vi ikkje får til så då må det gjerast noko med den saka.
Eg hadde ordna meg med ei sprutflaske med vatn med leverposteispor i. Dette måtte vel gjere susen?

Silje hadde med seg Pia og Selma. Dei var heilt elleville då dei skjønte at det endeleg var litt trening på gang. Lise og eg er meir betenkt over at Selma viste seg. Våre hundar kan få skikkelege komplekser. Selma gjekk nemleg bare ut av bile, sette nasen i asfalten og gjekk sporet som om det var det mest naturlege på jord. Kan det vere fordi nasen i utgangspunktet er så nær bakken? ;).

Vi ventar på at spora skal bli klar
Men over til Ekko. Første spor var på 2 meter. Spraya med leverposteivatnet. Han gjekk som ein gud. Og eg var jo ovanpå i 2 sekund. Neste spor er like langt. Då ville Ekko leike, springe til grøftekanten for å tisse, sjå  på dei andre... Eg la nytt spor. Denne gongen på sokkeleisten. Like uinteressant. Så eit med pølse skrapt langs lina. Jo, no gjekk han nokre centimeter med nasen ned. Så eit siste spor før eg gav opp for kvelden. Det var på 5 meter og eg brukte sprayflaska ca annankvar fot. Det gjekk betre. Han gjekk ca 4 meter greit.

Det verkar som om asfaltspor er heilt uinteressant. Ka er vitsen, lyser heile han av. Hm.
Lise går inn for saka
 På laurdag var det tid for siste sportrening med bruksgruppa før ferien. Det var kun Lise og eg som hadde tid til slikt. Ja, og dei to flotte svarte vi har med oss.

Vi starta med å legge kvar vårt lange spor. Mitt blei på 700 meter. Det gjekk på skogbotn, myr, hopp over bekk og litt steinrøys. Eg merka av 5 stader der eg tenkte eg kom til å trenge ein sjekk om vi er på rett veg, men elles var det ingen godbitar undervegs, kun litt frolic ved oppstart.

Medan sporet godgjorde seg tenkte vi at det var tid for meir asfaltspor. Og til duren av eit eller anna bråkete klippemaskineri, sette vi i gang. Dei to firbeinte var på ingen måte einig i at det var asfaltspor vi skulle drive med. Leik stod på programmet i følge dei. Eg la ut to asfaltspor. Det eine 1 meter og neste 2 meter. Eg burde visst at dette ikkje var planen til Ekko for han hoppa rundt meg for å få tak i leika han visste var i ein lomme. Men ok, han kunne setje nasen i bakken. Eg klikka. Jippi, tenkte Ekko. Godbit og etter det utruleg mange tilbod på dekk, hi five, bukk.... Og frustrasjon over at det ikkje kom eit nytt klikk. Men asfalten? Kvifor peika eg på den? Skulle han setje labben der? Til slutt var eg så frustrert at eg slutta det av. Klikker gav altså andre signal enn eg tenkte på.

700m solid søk
Vi fekk heller gå det lange sporet. No forsvann frustrasjonen min. For eit spor! Frolic i starten var heilt uinteressant (mauren hadde overtatt dei), men frå "Søk spor"-kommandoen var nasen i bakken og til tider høg fart. Han var lett å lese så det var bare å stoppe opp då eg såg at nasen gjekk litt opp. Det tok eit par sekund så var han sikker igjen. Alle vinklane gjekk som smurt og alle merkene mine møtte vi. I planen min hadde eg tenkt at han nok ville stoppe ved dei vasspostane som var langs løypa, men nei, han var på sporet. Og kanskje temperaturen var perfekt den òg?
Det er lenge sidan han har vore så lett å lese at eg får stoppa i tide og vente på at han finn ut av det før eg har begynt å rote meg ut på feilsporet. Dette var ei kjekk oppleving!
Kunstinstallasjon i skogen? 

Etterpå var det kake på oss tobeinte og frolic på firbeinte. Takk for kaka, Lise!

Men det var det asfaltsporet... vi får nok trene litt igjen til veka for dette irriterer meg.


flott turområde.



søndag 2. juni 2013

Kan asfaltspor vere noko?

Oj, eg skal visst ned her..
Siste laurdagen i mai var det sportrening på Dale. Lise, Kristin og eg var klare som egg. Sola skein og livet var bra. Jo, her skulle det sporast. Og Lise hadde vore på sporkurs og Kristin hadde lest. Asfaltspor måtte jo testast.
Men først spor i skogen.
Eg la eit på eit par hundre meter for å varme opp Ekko.

Så drog eg ut på tur. Og klatra oppover. Det går jo greit å gå spor oppover. Men ojsann, brått hadde eg bare eit val - bratt nedover. Dette kan blir spennande....
Sporet blei til slutt vel 1km.


På veg tilbake til bilane fekk eg SMS: "Må vi lete etter deg?". Det tok visst litt tid dette.

Kristin og Hera på asfaltspor
Etter litt soling ville vi prøve asfaltspor. Eg trur jo at Ekko er litt Pippi: "Det har eg aldri prøvd før så det kan eg"..

Først ut var Scott. Lise hadde trass alt vore på kurs. Vi fann ei bein linje ho kunne vandre langs. Litt pølselukt på skoa og Lise vandra beint fram. Så var det Scott sin tur. Han beviste tydeleg korleis det går når ho går på kurs utan han. Ingen hadde fortalt han at det var spennande å lukte på asfalt. Matmor burde vite betre. Tenk på luktene i nærmaste busk.

Kristin hadde ikkje vore på kurs, men ho og Hera hadde prøvde seg bittelitt. Kristin tok pølsebiten og gnei den litt nedi asfalten. Hera strevde litt med å forstå at dette liksom skulle vere eit spor å følge. Men etter litt vimsing så slo ho til. Ikkje langt, men tydeleg at ho hadde fert av noko. Dagens flinkaste!

Ekko blei vill då eg tok på han sporutstyret. Endeleg skulle det skje noko. Eg hadde lagt sporet på ei linje eg såg nære vegkanten. Hadde gjort som Kristin og gnidd pølsebiten langs linja.
"Søk spor". Og Ekko plasserte nasen i grøfta... Nytt forsøk. Hunden såg forvirra ut. Brått gjekk han eit par steg med nasen nedi. Dei andre brølte: Premiér! Eg var altfor sein i reaksjonen. Det same skjedde eit par gonger til. Då forstod til og med matmora at ho måtte ha premien så klar at det blei premie på sekundet. Kanskje klikkaren må fram på denne treninga?

Ekko ventar på at matmor skal klatre opp
Læring til neste økt: Markere rett straks han har nasen nedi. Bruk klikkaren. Og hald deg unna grøfta. Den var for fristande.

Etter matpausen, var det tid for spor i skogen.
Starten var bra, så litt forvirring før han er inne på sporet igjen. Ei god stund går det fint. Kryssar veg/sti to gonger. Byrjar rote litt igjen, men kjem inn på sporet igjen (får i ettertid vite at Lise og eg har kryssa kvarandre i dette området). Klatringa oppover fjellsida går veldig bra. Eg må be om ein liten pause då eg må klatre litt og er varm. Det same er han.
Kor blei sporet av?
Medan vi klatrar, høyrer eg stemmer. Trudde vi var langt frå turstien så dette var rart. På toppen oppdagar eg kvifor. Den fjellveggen som gjorde at eg måtte legge sporet bratt nedover, er ein klatrevegg. Sporet mitt var altså fullt av ferske menneskespor og eit hundespor. Klatrarane hadde med seg ein hund som ville helse.
Etter både helsing på hund og menneske, var Ekko klar for nedstigning. Eg måtte jamnt minne han på at eg kom sakte bak, men han gjekk fint.

Neste utfordring var ei steinrøys eg strevde med å kome meg ut av. Mellom anna måtte eg snu og gå litt tilbake. Då Ekko kom dit, stoppa han brått og lurte veldig kor sporet var blitt av. Etter litt leiting, kom han tilbake og prøvde nye utvegar. Han tok ein eg trudde var feil for den var så vanskeleg å forsere, men han trefte i alle fall eit merke eg hadde sett lenger framme.
Bileta av spora lyg litt for eg gjekk ikkje alltid heilt ut der Ekko gjekk, men viser i alle fall kor han rota litt.


Endeleg var vi ferdig med utfordringane. No var det bare skog og myr igjen. Denne delen gjekk greit og eg var glad for at eg hadde lagt slutten ved ein liten bekk for hunden var skikkeleg tørst.

Lagt spor
gått spor
Konklusjon: Ekko var ikkje påkobla heile tida. Han rota ein del i periodar og såg ut som han ville velge dyrespor i staden i blant. Men han gav aldri opp då han blei minna på å søke spor igjen. Han imponerte då han så kjapt greidde å finne tilbake til sporet vårt då vi trefte fjellklatrarane.




Etterpå måtte kongen på haugen vise den nye kompisen sin kor fin utsikt han hadde. Tok kanina i munnen og sette ho ved sida av seg... Søten. Han er forresten blitt billig i leiker. Denne er funnen langs vegen. Tennisballane hentar han i krattet rundt tennisbanen. Eg likar hundar som ordnar slikt sjølv.