Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg

lørdag 10. august 2013

Trening i sommarsol

Ut på tur i varmen
 Det var tydeleg at runderingsfolket framleis var i feriemodus for ingen ville rundere. Men Silje ville trene spor med meg så vi drog til Sviland kl 10 med kaffi og fersk gjærbakst. Her skulle både tobeinte og firbeinte kose seg.

Det blei 4 spor på Ekko i dag.
Spor 1: Skogsbotn. Ca 150m. Ferskt.
God start. Fint tempo. Nasen har tendens til å vere halvhøg. Rota litt ved ei myr, men oppdaga fort at sporet ikkje gjekk der han trudde. Tok seg inn. Låg litt på nedsida av sporet ei stund, men tok svingane og slutten skråsikkert.

Spor 2: Skogsbotn. Ca 50m. Ferskt
Det bar rett over på spor to. Her gjekk han fort og stødig. Og, trudde eg, heilt på linje. Heilt til vi kom der eg såg slutten. Då oppdaga eg at han var litt til høgre for slutten. Sekundet etter at tanken var tenkt, var det ein som hoppa ein meter til venstre og snuste vidare. Først ein halv meter forbi slutten, så bråstopp for å snu. Kjekke leiker luktar godt.

Spor 3. Grus og gras. Det var kanskje 1/2t gamalt.
ut på tur
Dette sporet er forteljinga om ein tullete sporleggar. Starten er fin. Trør godt i graset ved vegkanten. Vil ha han til å gå litt i gras før grus. Svingar ut i grusen, går litt der før eg svingar inn mot vegkanten og litt meir gras. Så ut igjen på grus. Kryssar vegen og fortset på sporet til eg legg ein ball i grøftekanten. Men uups. Eg har på ein måte malt meg inne.... Koss skal eg kome herifrå til bilen? Eg prøver meg litt inn i dei villaste vekster, men må gje opp. Altså må eg krysse mitt eige spor og gå ganske nær det på vegen tilbake til bilen.
Tenkte vi fekk bruke det til litt grustrening i alle fall.
Ekko starta godt. Tok gras, grus, gras, grus, men så kom valet mellom å følge sporet eller lukte der eg hadde gått på tilbakevegen. Han tulla veldig, men fann, tilfeldig, slutten denne gongen òg. Eigentleg eit heilt mislukka spor.

Spor 4: Skogsbotn. ca 200m. Silje sporleggar.
Etter kaffipause med fersk gjærbakst (kjøpt på Brustadbua) og luftetur skulle alle hundane få spor med figurant i enden. Ekko såg Silje gå avgarde med leika hans i handa. Då klarmeldinga kom, var ikkje han sein om å be. Vi avgarde og då eg tok på han sporlina, var nasen i bakken og full fart innover og oppover. Skråsikkert fann han Silje og storkoste seg med leika.

Ekko og Selma
Så var det meg som skulle vere figurant på Pia og Selma. Først Pia. Silje trudde ikkje ho hadde gått spor utan godbitar, men det skulle ho no. Eg gjekk på kryss og tvers oppover ei fjellside. Silje syns det var litt mykje kryssing, men Pia var skråsikker. Og ho hadde jo rett. Fann meg fint.

Selma var det spennande med. Ho hadde aldri gått spor utan hjelpemiddel. Eg skulle gå eit kort for det var i varmaste laget for henne. Selma går seint, men er sikker. Og det var ho denne gongen òg. Der eg svingte ut av stien, svingte ho òg. Det einaste var at vi ikkje hadde tenkt på at ho aldri har opplevd at det er folk i enden av sporet. Ho stokk då ho såg meg :). Men var nøgd med godbitane.

Temperaturmålaren i bilen sa at det var 26 grader. Ikkje rart at hundane var varme.

Dette var kosetrening de lux.

Det tar på å spore! Foto: Silje Ellingsen

torsdag 1. august 2013

Juli er annleis.

Før eg tok meg ein liten svipptur til Spania, trente vi på asfaltspor. På slutten såg det ut til at nøtta til Ekko kobla seg på.
Men så kom juli med ferie og det late liv. Eller kanskje heller, det alternative liv.

Dagen etter at eg var komen frå Spania og Ekko frå kennelen, var vi invitert på fjelltur. Det einaste eg visste var at eg skulle kjøre til Vatnamo. Der møtte eg turfølget + ein gjeng som skulle bli med til hestane på Øksnevad vidaregåande skole sitt sommarbeite. I det følget var det ein irsk ulvehund og ein spaniel.
Vel framme på sommarbeite dukka det opp tre hestar som fottøyet skulle sjekkast på. Fredelege hestar tykte Ekko så han brydde seg ikkje om dei.

Etter det sa vi farvel til dei andre hundane og folka. Ekko og eg vandra lukkeleg avgarde saman med drevne turfolk med gps og sans for stilause turar.

Det var høgt gras (eg tenkte på orm og hantikker..), klatring på bare fjellknausar (høyrte kor klørne blei slipte). Opp og ned. Målet var å finne den høgaste. Den med best utsyn over Jæren, heiene og havet.

Vi måtte klatre over ein gjerdeklyvar som absolutt ikkje var tenkt på for hundar. Trinna var laga av rettståande plankar (altså utan stor flate å trø på). Ekko var så ivrig og glad for at vi var på tur at han klatra opp.. og ramla ned på andre sida. Uups, tenkte eg. Koss gjekk det med hoftene? Men han rista det bare av seg og venta glad på oss andre.

Litt seinare måtte vi over eit gjerde utan klyvar. Vi tobeinte kunne greie det, men å løfte 55kg.. Heldigvis greidde vi å finne ein liten opning. Ekko begynte friskt, men trekte seg då han såg kor flat han måtte vere. Heldigvis er han glad i mat så han kom seg til slutt gjennom. Neste gong han skulle gjere det same, var det ikkje eit problem, la seg flat og kraup under.

Etter ei god stund møtte vi 4 islandshestar. Ekko begynte å bjeffe på dei. Han var tydeleg redd. Eg prøvde å roe han ned. Ei i turfølget er godt kjent med hest og opna porten. Ho rekna med at dei ville trekkje seg litt tilbake eller bare stå i ro. Men for første gong opplevde ho at hestane ville angripe hunden. Heldigvis var ho rask og klok. Tok Ekko frå meg og fekk han med opp på ein knaus. Eg var bare forfjamsa og halvredd heile dyra, men kom meg heldigvis opp i høgda eg òg. Vi gjekk vidare derifrå medan tredjemann gjekk på grusvegen.
Det viste seg at hestane fulgte etter på grusvegen. Då var det bare å finne ein kjepp og to gjekk mot hestane for å få dei til å gå bakover medan Ekko og eg sprang framover vegen. Heldigvis kom vi oss unna.

Etter mange oppturar og nedturar kom vi fram til den høgste toppen. Her var det vind og utsyn ove rminst 7 kyrkjesokn og sikkert til England (om ikkje jordkloden var rund).

Men så skulle vi ned. Det var bratt. vi kom halvveges, då sa Ekko stopp. Dette var for bratt. Så einige vi to er! Eg var ikkje høge i hatten der eg stod. Opp igjen med oss. Vi vandra vidare. Der såg vi eit vatn, men gjekk fjellkjeden rett i vatnet eller var det noko å gå på der nede. Til vår store glede var det lett å kome seg ned frå den sida vi no var på. Det var ein liten grunne vi kunne gå på slik at vi kom over på den sida vi ville. OG det beste av alt. Ekko kunne få bade!
Siste delen av turen var bare barnematen. Då vi kom til bilen, forlangte Ekko at eg opna slik at han fekk hoppe inni. Han skulle ikkje gå ein meter til!
Turleiaren sjekka GPSen sin og fortalte at vi hadde gått 7,5 km. Det meste i ulendt terreng utan stiar.

Vi trengte to dagars kvil etter det... Men då kom sola og austlendingane. Til Orrestranda med oss. Badeliv, tenkte Ekko. I tillegg var det ein del graving ned til kald sand før han kunne legge seg og nyte det vakre landskapet.

Alt er vakkert og kjekt på jærstrendene. Unntatt: all sanden vi får med oss heim. I sekken, i kleda, i pelsen, i skoa....

Veka etter var det sol og sommar. Vi var på Tau opptil fleire gonger. Kjempekjekt! Bading. Ungar som gadd å kaste ball i sjøen. Og symjing. Ekko og ungane dreiv på og dreiv på. Det var visst himmel på jord. Og at dei etter badelivet hadde lyst til å halde gøymeleiken med han, var toppen. Han var totalt utsliten då han kom heim.

Og torsdagen i same veka, hang halen. Vasshale. Til veterinær og i gang med litt medisin. Han kom seg fort.

Og endeleg fekk vi begynt  å spore igjen. Asfaltspor har vi ikkje gitt opp. Eller har ikkje eg gitt opp. Ekko og eg var ikkje på same trening i alle fall. Han var på her-var-det-mange-kjekke-folk-og-lukter-trening. Eg var på asfaltsportrening. Konklusjon etter 3 spor: Eg prøvde i alle fall. Ekko gjorde ikkje det ein gong. Han snuste kun i asfalten der det var rester av godbit. At han kunne snuse seg fram til ein ny rest, var bare tull. Mykje smartare å løfte nasen og ta overvêr.
Og konklusjon to: vi trener litt på grus og anna neste gong slik at hundane får litt glede tilbake. Så lurer vi dei over på asfalten igjen. Dei andre på treninga var: Lise med to ville flatar og Silje med dei to sære damene sine. ;).

I går hausta han to nye tennisballar. Han har skikkeleg teft. Hoppar inn i hekkar og kjem lukkeleg ut med ein ball. Eg er så glad for at han har slutta å samle på fotballar. Tennisballar tar ikkje så mykje plass på gangen, terrassen, stova, kjøkkenet. Men HMSansvarlege i heimen burde kanskje innføre oppryddingskrav overfor eigaren. Alle ballar som ikkje er i bruk, skal vere i kassen.... Dei er livsfarlege å snofle i.

søndag 10. februar 2013

Det tar på å bruke nøtta

Dei siste vekene har vi vore litt på farta og Ekko har halta litt, men no ser han ut til å vere frisk som ein glad hund.

Vi har kost oss med mange fine turar, mellom anna saman med to damer han har veldig sansen for (boxeren Pia og bulldogen Selma). Det blir i blant litt jakt etter rådyr, men det er tydeleg at han er blitt ein eldre mann (og klokare?) for han gidd ikkje jakte så lenge som før. Gjev fortare opp.

Eg trener ein del innkalling på desse turane. Selma og Pia er kjappare å kome inn når eg fløytar (dei er som regel nærmare), men Ekko òg er blitt veldig flink til å snu og kome springande. Eg ser eg har ingen sjanse når han har fått fert så det gjeld å følge med og kalle inn FØR han er for tent.

På laurdag var det tid for runderingstrening igjen. Diverre meldte Marina frå om at ho ikkje kom, men Gry og eg ville likevel.

Det bar avgarde til Sviland i mange minusgrader. Gry var alt på plass og gjekk tur med Silja. Ekko og eg tok innover i skogen og møtte både syklist og etterkvart Silja og Gry der. Var forresten mange syklistar på vegen denne dagen. Er det påmeldinga til Nordsjørittet som fekk dei til å stå opp tidleg?

Det første vi gjorde var å legge to spor kvar. Eg hadde stor tru og tenkte at eg kom til å sjå sporet mitt sidan det var var snø så det gjorde ingenting at eg hadde gløymt merkeband.

Eg hadde bestemt meg for å trene fastbitt. Ekko er jo ganske stor og bittet er i grenseland i forhold til å få tak i det, men eg ville ta opp treninga igjen.

Ekko forstod fort teikninga. Gry trengte bare ta borti bittet så plukka han det opp. Men så stod han og venta. Eg ropte og han kom. Dette gjentok seg. Hm. Ka er det eg har lært han sist vi dreiv på med fastbitt?
Vi gjorde denne økta ved det nyhogde feltet i starten av skogen. Forresten, då han kom inn til meg, var han så ivrig at han ikkje hadde tid til å gå rundt meg, men stilte seg framfor. Premien (leike med Gry) var tydlegvis noko å sjå fram til. Fin fart og iver i første treningsøkt.

Etter nokre rundar, hamna han i bilen og Silja skulle teste fastbitt-trening for første gong. Då var Gro òg komen. Ho fann fram mobilen og filma forsøket. Og Silja, ho viste at ho forlengst hadde skjønt ka ho skulle. Eg trengte bare å ta litt borti fastbittet så tok ho det. Sprang inn til Gry og returnerte i fullt firsprang. Imponerande! All treninga til Gry gjorde susen.

Ekko skulle få ein runde på parkeringsplassen han òg. Men det var ikkje fullt så kjekt. Han gjorde stort sett det han skulle, men farten var borte. Plusset frå denne økta var at eg ikkje trengte kalle han inn.

Etter at Maja hadde fått litt meldetrening (kort rundering), var det å gjere seg klar for sporgåing.

Heldigvis hadde eg merka starten. To gjenstandar låg ute i første spor og tre i siste. Ekko starta fint. gjekk i greit tempo. Fann første gjenstand, men markerte svakt. Ville vidare. Eg såg han fulgte fotefara mine, men så begynte eg å tvile. Såg ikkje fotefar, men såg ymse andre dyrespor. Hm. Hadde eg gått her? Brått var vi ved slutten. Ein gjenstand mangla, men Ekko hadde altså kome seg innpå sporet ein eller annan plass undervegs.

Rett til neste spor. Dette var ganske langt. No såg eg at han fulgte mine fotefar, men så blei eg i tvil igjen. Ein gjenstand funnen. Ok, så hadde eg gått her. Vidare med oss. Jo, eg hugsa eg hadde rota meg inn i tett skog, men òg ut igjen. Då Ekko ville lengre inn i skogen, fekk eg han ut derifrå. Eg såg fotspora mine på veg ut av skogen (trudde eg). Ekko sette nasen på ny lydig i bakken. Etter ei lita stund blei eg usikker. Her var jo hundespor ved sida av fotspora. Dette var nok ein person på tur med hund. Altså ikkje meg. Stoppa Ekko og gjekk tilbake til der eg hadde fått han ut av skogen. No skulle eg stole på han. Brått fann vi gjenstand 2. Gjenstand 3 fekk vi ikkje med oss, men på slutten var det rett på målet.

Tja, ka lærte så eg?

  • Marker sporet oftare (sjølv om det er snø). 
  • Stol aldri på hugsen!
  • Ekko lar seg lett spore av, men er òg lett å koble innpå igjen. 
  • Og tren oftare! 


Det som er spennande med snø, er å sjå alle dei  forstyrrande spora dei alltid har. Rådyrspor, andre hundar, andre dyr, andre menneske... Det krydde av spor langt inni skogen.

Då vi kom heim, slokna Ekko og sov resten av dagen. Dette var noko anna ein ein frisk tur i skog og mark.

søndag 24. juni 2012

Runderingstrening og st.hans

Vi har hatt to kjekke runderingslaurdagar utan at eg har skrive om det. Begge var i Sælandsskogen.
Først var det for 14 dagar sidan. Ingen kunne unntatt Lise og eg. Men Lise hadde to hundar og ein son og med min så blei dei 3 ekvipasjar det. Og då kunne vi rundere.

Eg har lånt vekk lausbitta mine, noko eg trur Ekko ikkje har noko i mot....
Altså blei dei flying og rett i belønning.
Ekko spring fint ut. Han leikar på dei første slaga, så syns han det er godt med godbitar og gjerne at det blir leika med dei.

Denne laurdagen er det Kristin&Hera og Renate&Tinka som har lyst til å rundere. Sidan ingen andre hadde meldt seg til spordagen, så slo eg lag med dei. Vi fekk ei fin, fin runderingsøkt med ivrige hundar.
Ekko sprang hadde 14-15 slag og tunga var langt nede på slutten, men han sprang og sprang. Godt jobba. Det ser ut som om kondisjonen er på veg oppover.
Eg trente ikkje på noko spesielt desse laurdagane. Var bare oppteken av at han skulle krysse nær meg, springe fint ut og finne figurantane. Det vi fekk ekstra denne gongen, var innkallingen. Vi hadde ikkje walkiar. Då måtte vi finne andre metodar. Altså blei hundane ropt på. Ekko reagerer kjapt på meldinga frå meg og kjem som ein rakett. Bra.

Laurdagskvelden drog vi til Tau for å feire St.hans. Kjekt syntes den firbeinte sjølv om han blei lagt i bilen under maten, men å få kose seg i sjøhuset utover natta var visst topp.

Neste dag var det folk som ville leika, ha drakamp og herje. Og i tillegg var det ungar. Finst det kjekkare folk enn ungar? Ekko er salig bare ved tanken. Og han er flink til å reagere annleis når ungane kastar leika enn når vaksne gjer det. Står og tar fint i mot kastet. Til jentungens store glede la Ekko all kraft inn då faren hadde drakamp og ho fekk vere med og hjelpe til.

torsdag 31. mai 2012

Varmt-kaldt. Sløving-trening

 I pinsehelga kom varmen grundig og godt. Vi reiste til Bergen. Kjempekjekt syns både tobeinte og firbeinte.  Vi opplever at ferjemannskap ikkje har store sansen for hundelivet. Eg har opplevd å hamne i kjellaren på ferjer og opna døra og kjent varmen strøyme i mot. Vite at her kan ikkje hunden vere i 20 minutt. Og strevd med å få han opp på dekk utan å gå inn i salongen. Det er jo veldig forbode område... Trappene opp til dekk er ikkje akkurat gode vore hundepotar. Så denne gongen spurte eg om å få stå oppe. Men det var ikkje mykje forståelse for det. Heldigvis er eg passe frekk og hamna der likevel.
Kor blei kompisane mine av?

I varmen i helga trente vi lite. Det var mest korte tisseturar om dagen og lengre tur om kvelden. Heilt ok, syntes Ekko. Han ville i grunnen bare ligge ute og varierte mellom plen og terrassegolv.
Det kjekke var å gå tur saman med tenåringane. Få seg ein flokk å passe på. Stor fortviling då dei forsvann og like stor lukke då dei dukka opp igjen.

Proffen taverna
Måndag kveld kom vi heim igjen. Og gradestokken hadde gått frå +27 til +12 og kald vind. Blomane på terrassen hadde storkost seg medan vi var på ferie og helsa eit blidt velkomen heim igjen. "Proffen taverna" var eigentleg klar til å ha ope heile veka, men akkurat no er det lite fristande. Utruleg kor fort det kan endre seg.

Onsdag kveld var eg invitert på trening saman med den gamle retrievergjengen. Det var triveleg. Ekko blei trent på stå på kommando. Eg brukte tennisball. Og det er sterke saker for bajasen. Han er god på stå når eg går bakover, men alt var borte då han skulle gå fot og få kommandoen. Då tenkte han bare på ballen ;). Er visst på tide eg set i gang med den delen av treninga.

Etter trening var det heim for å varme seg litt. Og Ekko slokna nøgd...

mandag 9. april 2012

Påsketur

Eg er først. Komme dokke?

Vakkert landskap
 Langfredag hadde vi planlagt ein fin påsketur til Reinaknuten i solskinnet. Då vi parkerte, fekk vi oss ei overrasking: Det låg 5-6cm nysnø i fjellet. Men vi gjer oss ikkje så lett. Det var lett å sjå at vi var først ute på tur denne dagen. Ingen spor. Ekko fekk lov til å springe og kose seg. Vi andre hadde nok med å finne løypa.
utsyn mot havet
Sola skein og dagen var flott. Då vi hadde vandra ein times tid, fann vi oss ei solhole og slo oss ned.  Vi trudde vi eigde heile fjellet aleine, men jammen dukka det opp fleire folk som ville ut i solskinnet og som lo av snøen og vandra i veg.
Det flotte med denne turen er at det er utsyn mest heile tida. Vi gjekk ikkje til topps denne gongen, men hadde ein flott tur ute i fleire timar,
Løypa er merka. 
Det kan jo hende det er noko spennande under snøen...

onsdag 9. mars 2011

Vi treng bare ein runde rundt Mosvatnet for å oppleve alle årstider.

Denne er passe stor, tenkte Ekko
Det er rolegare dagar når elevar og tilsette har ferie. Har meir tid til den firbeinte. Og til å blogge.
I dag har vi gått tur rundt Mosvatnet. Starta heimanfrå med kvitt på bakken. Undervegs møtte vi sol, hagl, snø og sol. Då vi kom heim var det bart og deilig vårsol på terrassen. Det måtte nytast med kaffi og godbitar.

På turen møtte vi nokre hundar. Alle på god avstand og lette å trene på.

Vi har ikkje trent på noko anna i dag.

Sol på terrassen
I morgon er planen eit spor til og så må eg tenkje på koss eg vil trene inn gjenstandsmarkering i sporet. Har begynt å glede meg til brukstreningane skal kome i gang igjen. Til hausten får vi måndagane tilbake og vi kan legge spor før treningane, men no er det onsdagar som gjeld :). Veit eg ikkje kan delta særleg i mars, men er klar frå april. Er det nokon som har tenkt litt på kven som tar treningsansvar i periodar eller er det etter mineigen ide og form kvar gong? Kunne vore kjekt om vi tok ansvar ein månad om gongen. Hm. trur eg må ha eit lite møte på saka.

mandag 18. oktober 2010

Vi har gått spor og feriert


fmwr.jpg
Morgon på Sviland
Forrige laurdag var vi kun to som møtte til trening. Kari M og eg. Vi bestemte oss då for å gå tur med hundane, legge spor og trene litt meldetrening.

Eg la ei langt spor til Ekko, utan godbitdepot. Det fekk ligge i ein time. Resultatet av sporgåinga var ikkje så imponerande. Han går altfor ofte ute på sidene og med nasen høgt. Var interessant å sjå då vi nærma oss slutten. Han var 2-3 meter ute på sida og eg var spent på om han gjekk forbi. Brått var nasen høg og han snudde seg 90 grader og rett på slutten.

Meldetreninga gjekk veldig bra for begge hundane.

På veg heim, ringte Silje og fortalte at ho hadde fått tak i blod. Vi avtalte å møtast på Sviland sundag kl 11. Tenkte brått på ka folk hadde tenkt om denne samtalen var avlytta? :)

Sundag kl 11 var det ganske folksomt på Sviland. " ekvipasjar trente rundering inne i skogen, Marit og Jan Inge runderte med hundane sine ute på vegen ned mot sandtaket, Kari M la spor. Og altså Silje og eg som skulle legge blodspor.

Ekko hadde ikkje gått blodspor på over eit år, så eg var spent på koss han tok dette. La karbonadebitar i starten og eit par stader undervegs.
Mens spora godgjorde seg, gjekk vi tur. Undervegs møtte vi Kari som lufta Dea og Punky (trudde vi), men oppdaga litt seint at Punky var i arbeidsantrekk der ho kom springande mot oss. Eg fekk hanka Ekko inn. Punky reagerte på ei fløyte, men blei ståande rådvill. Ekko forstod fort teikninga og tok slik fart at båndet brant i handa mi då han rykka til. Eg slapp og inn i skogen for han. Heldigvis syntes han innkallinga mi var like kjekk så han kom fort tilbake :). Snill gut.

Så var det blodsporet. Starta fint. Han tok seg tid til å lukte og spise karbonadebitane i starten, nasen var godt i bakken ei stund og eg tenkte; Yess, dette går fint. Men nei, så kom overvêrshunden fram igjen. Han måtte fleire gonger peilast inn på sporet for lukta av andre spennande saker var visst meir fristande. Siste tredjedel gjekk bra. Då var nasen skikkeleg planta og han visste ka han ville. Hoppa over bekken der eg hadde hoppa og rett på slutten.

Så ka har eg lært: Jo, eg må nokre skritt tilbake igjen. for å få på plass spornøyaktighet. Nasen må i bakken. Det er kjekt med ein god overvêrshund i runderinga, men ikkje i sporet. Og eg vil trene blodspor meir. Det er veldig kjekt.

Litt ferie har vi òg hatt. På torsdag kjørte eg Ryfylkevegen for å plukke opp to kjekke teåringsgutar i Suldal. Dei ville til Bergen. I Bergen har vi gått tur, kost oss og hatt solfylte haustdagar. Ekko har fått mykje kos og er i sitt ess når det er folk rundt han :) (spesielt når dei blir med på tur).


søndag 9. mai 2010

Ein nydeleg fredag ved havet.

Torhild med Era, Silje med Pia og Selma og eg med Ekko møttest på parkeringsplassen ved Aleksander Kielland monumentet (Brutt lenke) for å nyte finveret et fredags ettermiddag. Eg lar bileta fortelje kor deilig vi hadde det.

tirsdag 9. februar 2010

Det blir lysare!

Det er så fantastisk med desse solskinsdagane. Eg får gått tur før mørkret kjem og tek oss. I dag kom eg heim kl 16 og skifta kler i ein fart. Her skulle vi ut og fotoapparatet måtte med. Vi oppdaga litt forskjellig på turen:
Vi møtte 4 ridgebackar

Og vi bur sentralt..

Det var ein hannhund som dukka opp. Dei målte kvarandre, men bestemte seg for å gå kvar sin veg. Eg turde ikkje gå nærmare for å ta biletet.

Og jula varer heilt til påske? Eller er det her nissen bur?

eller dei underjordiske?

Her kjem villdyret. Vidder er til for fart, fart, fart!

Sola lagar skugge. Klokka er 17 og lyset har tenkt å vere her ei stund til.

Bjørka solar seg og ventar på våren

Den vakraste av alle :-)