Viser innlegg med etiketten diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten diverse. Vis alle innlegg

søndag 14. februar 2016

Funderingar rundt det å ha ein gamal hund



 Ekko nærmar seg 80 år. Eller kanskje han er det alt? Det tyder at eg oftare får spørsmålet ka eg vil gjere den dagen han ikkje er meir. Og eg blir minna på at den dagen nok kjem. Om ikkje så lenge.

I kveld har eg snurra meg bakover i bloggen. Eg begynte å skrive i november 2007. Ekko var ung og dette var treningsbloggen vår. Så mykje kjekt vi trente på og så mykje han har lært! Og kor mange stunder eg har vore heilt fortvila over at Ekko ikkje var ein A4 hund, men ein som var ekstra snill og ekstra redd så mykje. Undervegs har eg fått fleire hint om at eg burde avlive hunden. Hadde eg ikkje møtt Arne Aarrestad og Siddis hundeskole då Ekko var eit år, hadde han nok ikkje levd i dag. Ekko var ei utfordring. Han gjorde som mange usikre ungar; angreip i staden for å seie hei. I tillegg fekk eg beskjed av veterinærane at han neppe blei ein gamal hund. Bileta av hoftene til 1 åringen var ikkje dei finaste.
Men sidan denne spesielle hunden hamna hjå ein sta stayer, lever han og er ein lukkeleg gamal hund.

Undervegs har vi møtt utruleg flotte hundefolk og fått vere del i eit treningsmiljø som inspirerer og støttar.

Men det var det med den eldre hunden. Korleis er det å leve med den? Ekko trener kvar veke i spor/rundering. Han startar kvar økt som om han framleis er unghund. Full fart ut og full energi i leik med figurantane. Etter nokre få slag heng tunga og han innser at det beste er å springe roleg og satse på godbitar og kos hjå figurantane. Men neste veke startar han like ivrig :). I spor er han like ivrig som før.

I det daglege opplever eg ein hund som ikkje vil vere heime i 8-9 timar. Han vil heller vere i bilen. Om det kjem av at det smeller og bråker når dei pussar opp i garasjeanlegget, om det er Ryfastgravinga eller om det er noko anna, ja det veit eg ikkje. Men i desember endra han seg frå å vere roleg heime medan matmor var på jobb, til å bli utbrytarkongen. Det kan faktisk vere så enkelt som at han ikkje greier å halde seg tett i så mange timar og at han derfor prøver å kome seg ut. Kven veit. Eg ser i alle fall dei dagane eg er heime at eg har ein hund som blir uroleg etter ca 4 timar.

Når vi går tur, startar han frisk og først. Etter ei stund er snuten litt bak meg. Han går langt, men treng pausar og kos.
Eg blir oftare vekt om natta av ein hund som bare må ut for å tisse enn før. Han pesar meir enn før og snorkar grundigare.

I kvardagen er han så kjent med mine små hint at når eg les om dei som skal vere sjefen og står og brøler på hunden sin, ser eg på Ekko. Det skal bare eit roleg ord, eit blikk, ei rørsle så forstår han kva som er kommandoen. Kva brølar dei etter?

Det er ikkje like lett å hoppe opp i sofaen sjølv om han får lov, men med litt tenkjearbeid kjem han seg opp kvar gong.

Han er like lukkeleg over å møte menneske og då særleg ungar som før. Han er litt mindre gira på fôret sitt. Og han vil ha kos. Heile tida. Helst sitje eller ligge tett inntil menneska.




mandag 19. desember 2011

Bittelitt oppdatering

Tida går så fort, så fort. Men for tre(?) veker sidan, trente vi rundering i Sælandsskogen. Det var til tider kraftig vind, men vi slapp unna det regnet. Trua oss i blant, men venta til vi kom heim med å opne slusene.

Ekko fortsatte med det stilen han har hatt i det siste. God jobbing. Flink til å hente lausbittet og veldig glad i å leike hjå figurant. Eg må få reparert fastbittet slik at han får begynt treninga med det. No starta eg rett på melding og han fekk eit par utan heilt på slutten. Han ser like glad ut same ka.
Vi prøvde oss med ny midtline. Ikkje på Ekko så eg fekk ikkje testa koss han ville reagert på det. Men det får vi prøve i 2012.

Det kjekkaste denne gongen var jo at Kari L var der med vesle Nicole. Søte dattera til Punky.. Filmsnuttet er hennar første forsøk på rundering. Dette kan bli ein god runderingshund. Veldig kjekt å møte Nicole. Ho verka så trygg og glad. Kari kjem til å få mykje glede av henne. På filmsnutten ser vi tydeleg kor viktig det er å finne rett leike. Nicole ville leike med den eine, men ikkje med den andre. Der ville ho bare ha godbit. Ho overser leika.

Ellers går livet sin rolege gang her. Eg er stadig spent på hoftene til Ekko, men det ser ut til at han tar store temperaturendringar fint. Han er ein roleg og god hund å ha i huset. Eg har pussa opp og han har halde seg unna kvar gong eg malte, frivillig. Men i iver på veg ut (eg pussa opp mellom anna på gangen) kom halen borti kvitmaling så eg hadde ein svart hund med kvit hale ei stund. Han var veldig fllink til å hjelpe til då eg skulle rive opp golv og var overkontrollør då eg skulle legge nytt golv.



søndag 22. mai 2011

Jubileumsdag i klubben

I dag har vi vore på jubileumsdag i retrieverklubben. Vi var så heldige at det var opphald det meste av tida. Og TV Vest kom så i morgon sit vi nok klistra for å sjå om det er komne nye kjendisar :-)

Torunn ønskte oss velkommen. Ho hadde med seg "hunden" Trofast. Ein veldig kontaktsugen hund.


Lengst borte: Jakt, Utstilling til høgre

Bruksgruppa stilte med lavvo og telt. Styret med kaffi, pølser og lappar. Vi hadde alle fått fordelt område vi kunne vere med komiteen vår. Var ikkje så mange som var innom bruks. Det blei ikkje fortalt ka dei ulike gruppene dreiv på med då alle var samla. Men Gro stod på og fekk vise ein stille (!) og roleg toller eit pølsespor. Hunden jobba kjempegodt.
Mot slutten skulle Maja og Gro vise overvêrssøk. Og då ville TV Vest vere med. Mari (?), programleiar, ville vere den forsvunne som hunden skulle finne. Eg plasserte henne og fotograf ute i skogen. Dei var overraska kor stille vi jobba og at kommunikasjonen var på walkie. Maja blei sendt avgarde for å finne den bortkomne. Og sjølvsagt greidde ho dette. Så no blir det spennande å sjå ka som kjem med. Gro fortalte bra ka hunden gjorde og koss vi jobba.

På dei andre postane fekkhundane prøve å hente dummiar (jakt). Springe og bli kladda på av "utstillingsdommarar". Fartskonkurranse for hundar med matmor/matfar som hare. Tida blei tatt på hunden ikkje eigaren! Altså noko for alle.
På slutten av arrangementet kom regnet. Då var det godt med lappe og kaffi i lavvoen. Det blei ein vellukka dag for alle som var tilstades.

Vakre Maja før ho går til filmen

To søte labradorar.

tirsdag 17. mai 2011

Gratulera med dagen!

 I dag har eg feirt nasjonaldagen i fred og ro. Det er bare matmor som må pynte litt og stikk av i bunad ei stund. Eg koser meg i heimen. Litt ekstra god mat har eg fått, men elles er det mest som ein vanleg dag. Men gratulera med dagen i alle fall.
Det viktigaste for meg er jo mat og leik (i tillegg til å få sove då). Eg plar legge griseøyrer, bitebein ol i terrassekassen ein periode før eg et det. Kjenner at slik mat treng å godgjere seg. Det einaste er at det blir så travelt for det er jo stadig fuglar som prøver seg. Eg ligg i giv akt og spring fort for å ta dei. I tillegg må eg ut å sjekke med jamne mellomrom utanom òg. Det er visst irriterande i følge matmor, men ho forstår seg ikkje på slikt. Litt lagring skapar gourmet mat.

Ekko, for ein gongs skuld.

lørdag 26. februar 2011

Turar og soving.

Ferieliv i Bergen




Kveldstur
Forrige helg var vi i Bergen og koste oss. Denne helga blei det heller ikkje trening. Men neste helg... då er vi klar for å motivasjonskurs med Tone. Skulle jo ha trent litt på fastbitt før det, men den tida... Ekko er i alle fall utkvilt :-)



torsdag 2. september 2010

Og der forsvann august

Eg skulle så gjerne ha skrive at vi er godt i gang med treninga for hausten. Men det er altså ikkje sant. Det har vore så mykje anna som har teke fokus at Ekko har fått minimalt. Men eg har i alle fall prøvd å gje han nokre lange turar og sosiale opplevingar. Det siste er tydlegvis det viktigaste for han. Vi var på hyttetur og då ville han heller vere igjen saman med dei andre enn å bli med meg. For dei som kjenner den sterke morsbindinga denne hunden har, skjønar kanskje kor viktig menneske og sosialt liv er for min firbeinte sambuar. Skjønar han jo godt då hyttelivet betydde springe laus, bli kost med, få god mat, grave i jorda, bade osb...

Vi har ikkje trent på noko spesielt denne månaden, men Ekko har trent på tolmod, venting og litt kloklipp.

Eg filosoferer ein del over det å ha ein jobb som krev 150% (minst) og ein hund som treng kondisjon, trening og sosialt liv. Kanskje det ikkje kan fungere i lengda? No har eg dårleg samvit både for jobben og for hunden. Korleis eg skal få til ei betre løysing, veit eg ikkje enno. Kom gjerne med innspel og idear

lørdag 7. august 2010

Kor gamal er hunden?

Eg har ein lapp hengande på veggen. Har tenkt å kaste den, så det er best eg skriv det ned.

I følge Specific (hundefôrfirma) er alderen til åhunden slik:
Hund - menneskealder:
3mnd - 3 år
6mnd - 7 år
9mnd - 11 år
1  år - 14 år
2 år - 20 år
3 år - 26 år
4 år - 32 år
5 år - 38 år
6 år - 44 år
7 år - 50 år
8 år - 56 år
9 år - 63 år
10 år - 70 år
11 år - 77 år
12 år - 84 år
13 år - 91 år
14 år - 98 år
15 år - 105 år

onsdag 21. juli 2010

Ulveblikk? Hundeblikk?




Vi er i gang igjen

Skal seie tida har gått fort. Eg har ikkje tatt meg tid til å blogge her på ein månad.

Dei siste tre vekene har eg skrive i Ferdaminne om ferieturen til USA. Men no er vi tilbake i trening igjen. Henta Ekko på måndag og kjørte rett til området vårt på Sviland. Her var gjengen og Ekko var i storform. Dette var kjekt! Han ville trene heile tida. Vi trente på apport. Hente og avlevere. Litt slapp avlevering, men stor iver for å hente.

I dag har vi trent saman med Marit, Jan Inge og Elisabeth. Målet mitt var å fortsetje med apporten. Halde på iveren og få til litt betre innkomstar. I tillegg skulle det trenast på buret.

Ekko fekk ny leike til drakamp i dag. Det var storveis. Han kunne gjere mykje for den :). Iveren var her framleis. Skult apport òg kjekt, men eg har slurva for mykje med å halde apporten til eg seier takk. Det blei betre, men eg er ikkje nøgd.

Buret går så det susar. Han spring inn. Eg fekk lokke og han ligg fint medan andre trenar og eg kan gå i frå han. Må trene meir på det så det blir stødig. Ikkje heilt til å stole på enno. Ekko har ikkje lyst til å ha pause. Han vil trene heile tida så her måtte det trenast litt på å vere passiv.

Vakre Bella
Heime er Ekko veldig kjælen og roleg. Han storkoste seg med å kome heim etter langtidsferie. Gata måtte overvåkast nøye. Alle luktene sjekkast ut.

Faya trener


Faya trener
Vakre Faya

Fart


Ekko har ballen. Faya måtte gje tapt


Punky på veg inn

mandag 21. juni 2010

Ein sundagstur til Bryne

Utan hund, men med fotoapparat, reiste eg til Bryne for å møte ein gjeng som var like glad i å fotografere som eg. Eit glimt frå ka eg oppdaga gjennom linsa finn du her.

onsdag 26. mai 2010

Vi er i live

Det er ganske så taust frå meg for tida, men vi er altså framleis i live. Dagane er bare i travlaste laget slik dei er på denne tida av året. Vi bruker fritida til turgåing, har vore ute på reise osb. Ekko er kjekk og grei å ha med seg rundt i kring. Han har stadig positive opplevingar i møte med andre hundar (jadå, der er nokre negative òg).

Eg les bloggar og ser at det skjer litt rundt i kring. Godt er det. Og så er eg litt valpesjuk, men det skal eg ikkje gjere noko med. No har eg endeleg fått det godt i hundelivet: Ein grei hund med passe oppseding, ein som taklar å vere aleine mykje osb. Men må innrømme at då eg las om denne koblinga blei eg litt dårleg... http://www.hayabusas.se/planerade_valpar.html

Ein liten curly.. for ei lukke det ville vore. Men mi tid kjem nok ein gong.

mandag 3. mai 2010

Å bli sliten

Torsdag var det aktivitetskurs med freestyle, i helga runderingskurs. Eg skal skrive om begge deler, men har lyst å lufte nokre tankar eg filosoferte litt over på sundagskvelden.

På sundag låg Ekko og sov tungt frå vi kom heim etter runderingskurset. Det han hadde opplevde denne dagen var:
 Kort tissetur om morgonen, leik og snusetur 1/2t før han skulle i ilden 1. gong. Det han fekk oppleve då var leik med figurantar, drill på melding i ca 20 min. Så var det inn i bilen igjen. Der var han fleire timar. Så kom det ein ny økt som var lik den første. Etter den fekk han trene på å ligge i bilen medan eg sat ved sida av han ei lita stund.
Vi reiste dit kl 0930 og kom heim 1730. Og altså, etter det sov Ekko tungt resten av kvelden.

Ofte har eg dårleg samvit for no har han måtta vere lenge i bilen/ no har han brukt seg for lite osb. Men han søv ikkje så tungt etter at vi har vore på lang gå tur/ springe fritt tur. Det var tydeleg kor slitsomt det er å arbeide med hjernen i staden for labbane. Springe fritt turen, lange spaserturar med oss er altså mest for at hunden skal holde forma og få trim (noko han treng!), men det hjelper nok ikkje så mykje viss ein vil slite dei mentalt ut. Sjølvsagt blir dei slitne av ein lang tur, men tar du den ofte, får dei bare betre kondisjon og er mindre slitne.
Eg er altså usikker på om dei fleste hundane må springe frå seg for å få treningsfokus, eller om det er vi som har lært dei opp til det? Har det meir med forventningane vi gjev dei når dei hoppar ut av bilen og evt ser andre hundar samstundes? Meiner vi at hunden skal starte dagen med å springe mykje før vi kan forvente ro og kontakt i heimen? Eller meiner vi at det er sjølvsagt at kvardagslydnaden skal vere på plass same kor mykje eller lite han har sprunge frå seg? Viss vi meiner det siste, kan vi kanskje trene opp det same i andre situasjonar òg.

torsdag 15. april 2010

Bella møter Selma

På måndag dukka Elisabeth opp med den vesle isbjørnungen sin (islandsk fårehund). Og for ein vakker hund! Vi smelta heile gjengen. Her er møtet mellom Bella og bulldogen Selma :).
Eg har prøvd å vere streng, men det var så mange eg skulle ha vist. Her kjem i alle fall ein del...
Hei, eg heiter Bella

Eg tar fart og kanskje kjem feita?

Oooppss - ho kom jo!


Ho var nå ganske søt

Ka heiter du?

Eg har det kjekt!

I farta

Komme du?

Eit kyss til deg

Og ein klem frå Selma

Nå er eg blitt ganske så tøff !

mandag 5. april 2010

Selma og Vicky

Selma (snart 7 mnd) og Vicky (12 veker) fekk kose seg på området før vi andre begynte å trene. Eg greidde ikkje å velge med hard hand så her kjem det mange bilete av ein engelsk bulldog og ein welsh springer spaniel. Ikkje alle er like store blinkskot, men at hundane hadde det kjekt er vel ingen i tvil om :).