fredag 31. oktober 2008

Var det avspasering i dag?

Ny kald, men vakker solskinsdag. Vi trente litt rydding på morgonkvisten i dag. Då vi kom til klubbområdet, slapp eghan ut og han fekk springe etter ei leike eg kasta ut. Dette var veldig kjekt og han ville ikkje inn med den.

Då det blei vår tur til å trene på feltsøk, hadde eg fått Torhild til å filme oss. Vi har jo vore så flinke og eg ville jo ha det bevist. Men det skulle vi bli to om. Heilt frå Ekko kom ut av bilen, beit han i bandet og ville leike. Og feltsøket blei bare rot. Han sprang ut og henta den første fint, men bytta gjenstand før han kom inn. Neste gjenstand ville han bare springe rundt og leike med.

I økt to la vi bare ut to gjenstandar og dei blei lagt nære. Eg prøvde å trene litt fokus på han. trudde han var klar, sendte han ut. Men ein ny runde med bare tøys og tull. Tok han med meg bort frå feltet og trente litt avlevering av apport. Fungerte bare sånn passe. Han ville heller grave i jorda og spise røter.

Etter pausen skulle vi kjøre gjennom agilityløypa. Han sprang rundt seg sjølv, ville på eit vis gjere det eg ville, men greidde ikkje konsentrere seg, måtte bare gjere alt fort. Siste runde tok eg tak i halsbandet då han skulle gå over bjelken. Det roa han. No gjekk han fint med meg til neste post (utan at eg holdt i han) og gjennomførte sånn passe greit.
Eg slit med å få til hoppa. Han hopper på skrått mot meg. Trur han ventar premie (sjå bileta). Dermed kjem ham skeivt ut til neste hopp.
På bjelken ville eg ha han til å snu seg. Og jammen fulgte han target på fingeren. Litt konsentrasjon var detlangt der inne.

Før treninga begynte i dag, hadde eg lagt ut eit spor med pølsebitar ( mellom kvart 3 og 7 fotspor). Det gjekk på kryss og tvers og var på moseliknande botn. Det fekk ligge i 4 timar før vi gjekk det. Etter alt tullet med feltet, blei det litt lått og løye med om det var nokon som skulle gå bak meg i sporet og sjå og høyre på når sporet blei like vilt som dagen. Men dette var noko anna. Han gjekk sakte, tok seg tid til å spise pølsebitane, fulgte spora mina veldig bra. Kom seg fort innpå når han gjekk litt feil, og eg gjekk mållaus bak. Dette var faktisk eit av dei beste spora han har gått. Eg måtte bare holde han igjen ein gong. Resten av tida gjekk i roleg og lett tempo for meg. Kjempebra og ein god avslutning.

Skal eg oppsummere litt så er det at eg nok kan trene endå meir på avlevering og finne mindre gjenstandar. Kanskje han heller ikkje skal få starte dagen med å leike på området. Og eg som er så utskjemt med at han koblar seg fort på, bør nok vere meir vaken for at eg av og til må trene lengre økter med kontakt før eg startar.
Maja i hinderløypa
Ekko i svevet. Litt låge hinder? Eller er det bare fryden over å kunne hoppe høgt?
Til slutt ein filmsnutt med Maja i feltet.


torsdag 30. oktober 2008

Vakre Ekko

I det siste har det vore mest bilete av andre hundar. Det er jo urettferdig mot vakre Ekko. Så her er han i solskinnet 30. oktober.
I profil

Hund med oversikt over gata








tirsdag 28. oktober 2008

Eg har hatt damebesøk

I går ettermiddag trudde eg at vi skulle ut på tur då matmor tok på seg turkleda, lurte meg inn i bilen og kjørte avgarde. Men det blei ingen tur. Ho kjørt heim til Faya og så fekk Faya sitje i framsetet då vi kjørte vidare. Det får aldri eg.
Endeleg stoppa ho ein plass der eg var kjent, nemlig på treningsplassen vår på Sola. Då fekk vi kome ut og gå tur i band begge to.
Eg trente litt på å hente lausbittet, men etter nokre økter gadd ikkje matmor meir. Trur ho syns det var for surt vèr. Trudde ikkje ho var slik ei pyse. Ikkje det, verken Sander eller eg likte å leike med dei våte leikene vi fekk som premie, når vi hadde gjort det bra.

Eg tenkte at no kjører vi Faya heim, men så parkerte vi ved ein skog. Jippi. Vi sprang og kosa oss. Faya ville springe saman med meg og det var SÅ kjekt.

Og veit de ka - Faya blei med meg heim! Eg syns det var litt rart at ho skulle snuse i alle mine ting, men bare ho ikkje tar matmor frå meg så kan eg gå med på ein del. Ho blei litt sint på meg av og til, og eg forlangte at ho fekk sove ein annan stad enn meg i natt. Ingen har lov til å sove i sakkosekken på soverommet -bare eg. Eg trur ho sov i sofaen. Ingen dum plass det heller.

I dag var Faya og matmor ute på terrassen og styrte med planter og møblar. Eg blei litt sur. Matmor skal sjå på meg, ikkje Faya. Veit de ka eg gjorde? Eg sprang ut på kjøkkenet og bjeffa. He, he. Då kom ho sjølvsagt, for matmor liker ikkje lyd. Gjorde det nokre gonger, men så verka det ikkje lenger. Eg fann den flotte pipeballen. Hadde tenkt å få Faya til å springe etter meg. Men ho såg bare stygt på meg. Trur ho ville ha den ho òg. Så prøvde eg å få matmor til å leike med ballen. Då fann matmor ein pipeting til og så kasta ho til oss begge. Det var ganske kjekt.

Brått ringte det på døra. Eg holdt på å gå heilt bananas. Enno fleire?! Det var Elisabeth og Victoria som kom. Eg trudde eg skulle rundkyssa Elisabeth. Så kjekt at dei kom.

Nå har dei reist, og eg må legge meg og sove litt. Det er ganske slitsomt å ha besøk. Tipper Faya syns det var godt å kome heim. Men eg håper ho kjem til meg ein annan gong òg. Og så håper eg Victoria ikkje er sjuk veldig lenge.

Gjesp frå Ekko

søndag 26. oktober 2008

TPT -tenk, planlegg, tren

I går kveld blei eg minna på at eg hadde nokre lekser som skulle leverast i dag. Og eg som hadde fortrengt så grundig ;-). Godt eg har Elisabeth til å minne meg på slikt.

Så for å gje meg litt betre samvit og litt start på å tenke litt på leksene, kjem det her litt meir frå Eva Bodfäldt ("Kontakt- samspillet mellom deg og hunden din"):

"Som med alt annet får du et bedre resultat hvis du planlegger treningen. En effektiv måte er TPT - tenk, planlegg, tren.
Tenk: Hvordan vil jeg at det ferdige resultat skal se ut? Hvilken målsetning har jeg? Skal innkallingen av hunden for eksempel "bare" fungere til hverdags, eller skal den også gjelde i konkurranser?
Planlegg: Hvordan skal jeg legge opp treningen? Hvilke belønninger er best i akkurat denne situasjonen? Akkurat hva skal jeg trene på? I hvilket miljø skal vi begynne?
Tren: Sett i gang og tren - og hold deg til planen.
(---)
Tenk deg at du trener på at hunden skal komme raskt når du roper. Du forsterker farten ved hjelp av en klikker, og samtidig gjør du en armbevegelse for å ta frem ballen som du har tenkt å belønne hunden med. Hvilke konsekvenser får dette?
Du risikerer at hunden kobler klikket med armbevegelsen din, og ikke med sin egen fart. Ubevisst lærer du hunden å bli mer oppmerksom på armen din - i stedet for å løpe fort. Du tror du trener på innkalling, mens hunden i stedet lærer seg å bli mer oppmerksom på ditt kroppsspråk. Resultatet kan bli at hunden løper langsommere ettersom den passer mer på om du har tenkt å bevege armen.
Uansett om du går, løper eller står stille, er det viktig at du ikke forandrer kroppsspråket i det sekundet du klikker. Først når hunden har hørt klikket, forandrer du stilling og gir belønning.

Shaping
Shaping er trinnvis å forme en ønsket atferd hos hunden. Ved å forsterke små responsar i riktig retning, og overse de som er uønskede, skjer det en gradvis utvikling mot den endelige atferden.
Det er vanskelig å si hvem som trener hvem når vi arbeider med shaping. Hunden viser atferd, og jeg forsterker responser i riktig retning.
(----)
Noen av de mest effektive læringsprosessene inntreffer når hunden får anledning til å tenke selv. Med shaping får hunden aktivt prøve seg frem for å finne ut hvilken atferd som blir forsterket. Til å begynne med kan det være vanskelig, ettersom mange hunder ikke har noen erfaring i å få ta eget initiativ i en læresituasjon, men er vant til at vi hele tiden viser dem hva vi vil. "

Bodfäldt skildrar korleis ho lærer hunden å forstå at godbiten i handa får den bare når den tilbyr atferd. Treninga blir til slutt ein leik som vi kanskje kjenner igjen som "tampen brenner". Det er så tydeleg på Ekko at han ikkje lærte inn shaping frå starten av. Han blir så fort frustrert når ikkje dei to-tre første forslaga hans blir premiert.

Men no må eg vel setje meg ned og skrive noko glubt om kvifor straff (positiv straff) og belønning (positiv forsterkning) ikkje fungerar saman. Det er lange debattar om det i Canis, og det verkar jo som om det er ganske mykje rot i omgrepa. Ja, ja. Eg har jo fasiten så ka bryr eg meg om debatten ;-). For dei som er litt forvirra over omgrepet positiv i forhold til straff så betyr ordet positiv å tilføre noko. Og då betyr altså negativ å fjerne noko. Vil de ha meir teori om det, får de melde frå..... Lettaste veg er å gå til den nye boka til Arne. Reknar med at den har med seg litt om saka.

lørdag 25. oktober 2008

Spor

I natt var det skikkeleg uvêr så eg grudde meg litt til sportreninga i dag. Men vêrgudane var ven med oss. Det var opphald og fint.

Bruksgruppa møttes i Melsheia. Her er det ulendt, mykje skog og til tider vanskeleg å kome seg fram. Eg la to spor til Ekko inne i granskogen. I tillegg fekk han eit ID-spor i eit område der det er haugar med kvister, djupe hol i bakken, høgt, gult gras og høge tre.
Medan dei to spora i skogen låg og godgjorde seg (2 timar), trente vi litt apport og gjekk ID-sporet. Bonustreninga var at han fekk vere ute medan vi drakk kaffi. Trener han på å vere grei i slik setting. Etterkvart skal nok treninga bli å ligge fint ved sida av meg, men no fekk han helse og kos av dei andre. Heldigvis ingen hopp og det var kjekt å vere hjå matmor.

ID-sporet:
Kari og Torhild gjekk ut i terrenget. Kari la igjen ein caps ved starten, Torhild svingte av sporet etter ei stund. Kari gjekk litt på kryss og tvers før ho la seg ned i skjul. Så starta vi. Du og du, seier eg. For ein fart på villdyret! Eg hadde jo tenkt å henge fint bak i langlina, men snubla i røter og ramla i hol. Prøvde å halde kjekkasen igjen, men han hadde teften av Kari i nasen og hadde ikkje tid. Han begynte å grine då eg stoppa han. Til slutt kjefta eg, tviholdt i bandet til eg fekk brennmerke (langliner er plagsomt i blant). Akkurat då eg hadde bestemt meg for å bare la han fyke avgarde, fann han Kari. Morsom oppleving for figurant som høyrde lyden av meg, kjekt for hunden og frustrerande for meg. Men eg kan eigentleg bare le av det. Ekko har i alle fall ikkje problem med nasen og oppgåva. Det er eg som må arbeide med tempoet. Og ta på meg arbeidshanskar!

Spor:
Første spor er ganske langt. Det er på skogsbotn og har mange vinklar. I starten ligg det karbonadebitar ganske tett i stega mine, så kjem dei ujamnt. Eg la karbonadebitar i kvar vinkel (anten i eller rett før/etter).
Dette sporet går Ekko veldig fint. Han har eit par gonger der han er litt kjapp, men roer seg straks eg stramer i lina. Han tar seg tid til godbitane og snuser ekstra godt i vinklane. Nasen er i bakken heile tida og han lar seg ikkje affisere av at det er ein halvegs øydelagt lavvo med blafrande presenning like ved. På slutten er det eit beger med litt kattemat. Det var tydeleg veldig godt.

Konklusjon:
Eit veldig bra spor.

Det andre sporet er litt kortare. Det er i same område og lik botn. No mangla eg merkebånd (fy meg) og er nok litt ukonsentrert på kor eg tar svingane. Har ikkje så tett med karbonadebitar i starten som i første sporet. Same premien på slutten.
Eg hadde ikkje tatt av han langlina frå første sporet (vi gjekk direkte til neste spor). Det er meir rotete oppstart. Hunden er tent for sporet lenge før det startar. Tempoet er høgare, han rotar litt kan eg sjå på kroppen i blant, men elles tar han svingar og går omtrent der eg trur eg gjekk. Men eg blei veldig usikker for det var som om alt var likt i skogen. Han fann slutten.

Konklusjon:
Eg må ha med meg det eg treng, slik at eg ikkje bruker tid på å gruble om det er rett, heller på å lese han og styre tempoet. Trur òg det hadde vore smart å markere at det var ein lite pause mellom dei to spora. Trur ikkje han var kobla av det første før han kasta seg inn på det andre. Så skal eg ta like tett med godbitar i starten på spor to òg for å sjå om det påverkar farten.

Til vidare arbeid:
  • arbeide med farten i sporet
  • ha tett med godbitar i starten av sporet
  • starttrening på gjenstandar i sporet

Nå kviler dyret. Livet som brukshund er visst ganske så bra.

fredag 24. oktober 2008

Hageslange- leverpostei 1-0

I går holdt vi på å drukne, i dag var det fin haustdag (som forrige fredag).
Kari (Figlia og Dea), Torhild (Era), Silje (Pia) og Ekko og eg var på retrieverklubben sitt område og trente feltsøk i dag.

Ekko var først ut. Eg la ut ein plastapport, ein dummi og ei leike. Han sprang flott ut og henta inn i tur og orden. Kattemat var visst kjempegod belønning.
Sidan han førebels ikkje har god utgangsstilling, brukar eg ikkje det. Eg er opptatt av at han skal avlevere i handa mi. Eg sit på huk, held ei hand klar til å ta i mot og premien i den andre handa. Det fungerer veldig bra. Han avleverer i handa mi. Han fekk som premie på slutten at vi hadde drakamp med leika etter at han hadde levert inn alle gjenstandane.

2.økt fungerte like bra. Han greie å sitje i ro medan eg går ut og legg frå meg gjenstandane.

3.økt. No var eg nervøs for forrige fredag gadd han ikkje meir enn ein gjenstand då. No la eg ut kun ein gjenstand. Han sprang flott ut og leverte fint. Premien var leverpostei. Eg la ut apportbukken fleire gonger og han var like ivrig. På slutten ville eg ha ein ting som var liten. Prøvde med ein klikkar. Den fann han, men beit i stykker. Torhild lånte meg nokre centimeter hageslange. Den var kjekke den. No leita han grundig. Og då han fann den, var det ikkje snakk om å levere den inn. Denne skulle tyggast på og kosast med. Eg kunne friste med så mykje leverpostei eg bare ville. Slangen var mykje betre.
Hm. Trur eg skal teste hageslange mot kattemat og sjå om slangen utkonkurrerer den òg....

Eg var nøgd med treninga. Pirket med å ha snutetarget i handa, har verka. Han leverer fint. Sidan eg held på med lausbitt trening og utgangsstilling i tillegg, reknar eg med at eg i løpet av vinteren kan legge på utgangsstilling i feltsøk òg. Men akkurat no er utgangsstillingen så skeiv at eg ikkje har lyst til å bruke den for mykje.

Torhild trente ein del med å ha ein gjenstand ute. For å få raske innkomstar, begynte Torhild å springe straks Era hadde fått tak i gjenstanden. Det gjekk i ein viss fart for begge ( bare at det var divisjonsforskjell på farten..). Som de ser av bilete så forsvann Era ut av bilete før eg fekk sukk for meg.

"Agilitybanen" var kjempekjekk som alltid. Hundane storkoste seg og vi peste bak...

Vi hadde jo òg matpause. Torhild greidde å overbevise Kari om at ho hadde tatt skoleboller og berlinerboller direkte ut av omnen før ho drog heimanfrå. Ei solid husmor! (At vi har ein solid bakar i nærmiljøet, sa ho ingenting om...).

Her litt film av feltsøk. Først Pia:


så Dea:


og til slutt Era:


Og heilt til slutt, men kjempeviktig: Canis reklamerer no for "100% positiv hverdagslydighet" av Arne(Siddis hundeskole). Årets julepresang til hundefolk!

torsdag 23. oktober 2008

Vått, vått, vått

Vi har funne sykkelparkering på OD... Med tak over... Og så ser vi med lengsel på inngangspartiet for varelevering(lyst med tak..), men det var den der videoovervåkinga....

I dag regna det VELDIG. Og bles. Men trufaste hundedamer gjer ikkje opp. Vi skal jo ikkje gå glipp av noko så vi stiller. Torhild, Gro, Gro Anita, Kari L og etterkvart Silje stilte med våre firbeinte ( ja eg stilte med min eg òg altså).
Eg hadde kjøpt meg nye støvlar. Slike som dykkarane i Nordsjøen bruker.... trur dei held tett?... Nye støvlar, jærbunad og regntøy - jo eg var varm og tørr heile treninga.

Først var det håndteringstrening. Det gjorde vi under tak. Ekko aksepterte alt i front, men det der som foregjekk rundt bakparten likte han ikkje. Her treng han trening. Eg var ikkje oppteken av tannvisning, men av at dei skulle leike veterinærar for han liker ikkje alt dei gjer. God trening.

Etter det blei det ei blanding av bakpartskontroll, lineføring og stå. Ved bakpartskontroll trente vi på å rygge i eit hjørne. Eg vrei meg som om eg stod ved klossen og det gjekk veldig bra. Ved lineføring er det farten og min måte å avlevere godbit som er i fokus. Eg er ikkje flink. Men Ekko gjer så godt han kan.
Stå når eg går bakover. Han blei flinkare og flinkare. Det er bare å trene vidare.

I dag opplevde vi som har hundar som ikkje er ven med bilen at bilen var ein OK stad å vere. Ekko hoppa frivilig inn kvar gong. Sjølv om vi hadde mange og korte økter, var det tydeleg at det var godt å kome under tak mellom kvar økt. Vi var jo ganske tøffe som holdt koken så pass lenge som vi gjorde.

Etter at eg kom heim har eg drukke konjakk ( reint medisinsk - eg vil jo ikkje bli forkjøla) og ete brød med fransk brie. Vive la France!

onsdag 22. oktober 2008

Ledig plass på Fanny kurs

Det er eit par som har trekt seg frå Fannykursa i november. Det er altså ledig plass 1-2.november og 15-16. november. Hadde du tenkt at du skulle, men aldri kom så langt som å melde deg på? No har du sjansen.
Ta kontakt med Marit Malmin tlf: 924 38 405.

Vil du vite meir om Fanny Gott. Sjekk denne heimesida.

Kontaktkontrakten

Eg har begynt på ei bok som heiter: "Kontakt - samspillet mellom deg og hunden din" av Eva Bodfäldt eller "Kontaktkontraktet" som boka heiter på svensk.

Har ikkje kome så langt, men her er eit utdrag frå dei sidene eg grublar litt over akkurat no:
"For å bygge opp kontakt og oppmerksomhet lærer jeg hundene mine at det lønner seg å være lydhør. Når hunden ser på meg, skjer det noe positivt. Jeg belønner hundens eget initiativ til kontakt; det skal være verdifullt for den dersom hunden min kikker på meg eller nærmer seg meg uten at jeg trenger å si noe først. Uansett om jeg går på tur med hunden eller trener konkurranselydighet, er grunnprinsippet for oppmerksomhet alltid det samme - hunden skal henvende seg aktivt til meg for å få leke eller en arbeidsoppgave.
Når du begynner å trene med kontaktkontrakten, spiller det ikke så stor rolle om ikke hunden gjør noe annet enn å se på deg eller nærme seg deg, spontant og uten signal. Belønningen for den kontakten kan og skal varieres. (...)
Grunnlaget for kontaktkontrakten er din egen fantasi og engasjementet ditt. Du må forsterke og belønne ønsket atferd, ellers kommer hunden aldri til å øke antall kontakter. Det viktigste er variasjonen, at du ikke belønner på samme måte, men har forskjellige måter å belønne hunden på. Jeg pleier å gi mine kursdeltakere som oppgave å belønne hunden på ti forskjellige måter uten å ty til godbiter - noe som skaper en viss frustrasjon når de kjenner at fantasien svikter.
(..............)
Det er hunden din som skal søke kontakt med deg og ikke omvendt. Hvis du under treningen må hoppe og sprette for at hunden overhodet skal bli aktiv, kommer den aldri mer enn for korte øyeblikk til å oppfatte rosen din riktig. Derfor må du forsøke å finne ut hva som får hunden til spontant å ville ta kontakt med deg."

Greier du å tenkjer ut ti forskjellige måtar å belønne på, utan å bruke godbitar?
----

Elles så har vi hatt ei travel helg med instruktørkurs. Christin har undervist i klikkartrening, Arne i konkurransetrening og vi har prøvd på begge deler. Ikkje enkelt. Men eg fekk meg ei overrasking. Ekko viste at han hadde forstått all treninga på klossen. Han rygga fint inntil meg då eg skulle starte lineføring (og det utan at eg hadde gitt han signal på at han stod skeivt). Dette gjorde han fleire gonger. Kjempebra!

fredag 17. oktober 2008

Feltsøk og agility i flott haustvèr.

I går trente vi i mørke og regn - idag i sol og klart haustver.

I går stilte vi 5 personar med hund for trening i mørkret og regnet på OD. Vi kunne tenkt oss ein plass der vi kunne vore under tak innimellom, så veit du om ein stad, tar vi med glede i mot tipset.
Ekko og eg hadde tidlegare på dagen trent på bakpartskontroll, dvs å kome inntil meg utan å bruke klossen. Heime på stovegolvet forstod han teikninga fort. Nå var eg spent på om han gjorde det på treningsplassen. Og det gjekk faktisk. Eg fekk tips om bare å vri venstre foten forsiktig. Og jammen tok han det og kom inn til. Det er vanskeleg å lære ein stor vaksen hund dette for det er langt bak til bakebeina for meg som skal ha oversikten...
Vi trente og på lineføring. Det er kjedeleg detaljtrening, men må til. Ekko likte ikkje å sjå for mykje på meg. Han fekk vatn i augo.

Siste økt var innkalling. Her var den rosa grisen som skulle vere lokkemiddelet, sterkare enn matmor kvakkunge. Hadde tydeleg hatt ein pause i innkallingstreninga. Må gjere dette oftare for det er jo fart og kjekt for alle partar. Varme blir vi òg.
-----
I dag var det ein heilt annan dag. Vi møtte Anne Lise & Scotty, Torhild & Era og Silje & Pia på retrieverklubben sitt område for å trene feltsøk. Sola skein og alt var bare kos. Her kjem ein serie bilete frå dagen.
"Å eg lige dokker veldigt godt!"Ekko har det som skomakarens barn - det blei ikkje fleire bilete av han i dag. Men han gjorde jobben sin sjøl om han ikkje hadde same susen som på sundag. Det var tydeleg i tredje økt at no var han lei av feltsøk. På "agilitybanen" var det full fart og kjempekjekt!Nokre er retrievarar av fødsel, andre vel å bli det i vaksen alder. Pia tilhøyrer siste gruppe. Og ho hadde tenkt å vise at ho er ein ekte retriever så her var det ei dame som kunne hente fugl til matmor.
"Eg er klar"Der var det ein fuglPå veg innKa syns dokke om stilen?
Boxer eg? Det må vere heilt feil. Eg, den fødte retriever...

Era er klar til eit feltsøk -trur mor....

I fullt firsprang ut. Her er det noko for meg...

Ein slange. Kjekt å ha.

Skulle eg ta den med inn, sa du? Koffor det?

Etter fleire feltsøk, fann vi ut at dei firbeinte skulle prøve den enkle agilitybanen som var på området.

"Dette er enkelt for sånne som meg". Pia i aksjon

"Eg får det til, eg og!" Era " Eg kan ta det roligt" Scotty Så kom vi til hinderløypa:

Elegant hopp, Era, men ho du dreg på, ka held ho på med??

"Hopp"

I lufta

"Gjett om eg syns dette er kjekt?" Scotty i fart

"Eg svever over"

"Klar"

"Over"

Som de skjønar - vi hadde ein flott dag. Skal vi pirke på treninga så treng opp til fleire hundar å trene på avlevering av gjenstandar. Skal eg pirke på min, så er det farten etterkvart som han kjem ut i søket. Den første gjenstanden er kjempekjekkå finne, men det verkar som han tenkjer: "må eg ut ein gong til" når han skal hente gjenstand to.

Deilig å trene på eit område der vi slepp å ha dei i band heile tida.

mandag 13. oktober 2008

Korte og effektive økter

Eg skriv det her og så satsar eg på at det snart sig inn: planlegg minst 3 ulike delmoment Ekko skal øve på kvar veke. Ei av dei skal vere med fart i.

I kveld var vi 6 tobeinte og 6 firbeinte som trente. Eg trente saman med Elisabeth. Vi tok korte økter, noko som var svært bra for Ekko. Han var på hogget heile tida. Faya fekk leike i dag. Ho syns heile verda er skummel for tida. Rare jenta!

Lineføring
Ekko sit ikkje korrekt så eg slutta å la han setje seg inntil meg. Eg starta ved sida av han i satden. Dette for å slutte å premiere skeive sitt. Det var godt å ha Elisabeth i dag. Ho såg detaljane som gjer at det blir feil slik at vi fekk rette dei opp. Eg er blitt flinkare til å vente på at han er klar til å gå vidare etter godbiten, men ikkje flink nok. Eg presterer å gjere godbiten klar FØR eg klikkar osv. Etterkvart greidde eg å få fokus på at han ser på meg og eg klikkar og premierer. Heime begynte Ekko å rygge bakover når eg ikkje fulgte etter han, på treningsplassen skjedde ikkje det. Eg har lært han mykje slurv diverre. Men det var den gongen der eg bare var lukkeleg viss eg fekk hunden til å sitje, til å gå roleg i band osv.. lærte mykje rart då. Trudde jo aldri eg skulle kome dit at eg hadde lyst på det perfekte. Så no må eg slite med å rette opp det.

Vi hadde tre korte økter med lineføring.

Lausbittmelding
Elisabeth sat med lausbittet nære oss. Ekko forstod fort ka dette var. Han kjem fint inn, men blir i ivrigaste laget på å kome ut så utgangsstillingen blir 30 cm framfor meg. Der sit han med lausbittet i munnen og ventar på at eg skal ta det og seie dei etterlengta orda: "Vis mann".
Han hadde ein morsom variant. På veg inn til meg måtte han veldig tisse, altså fann han ein busk å tisse inntil. Bittet var i munnen. Etter det viktige ærendet var gjort, tok han ein tur innom Elisabeth først, før det gjekk opp for han at han jo skulle til meg. Inn kom han og bittet hang framleis i munnen. Han sette seg og leverte lausbittet for å avslutte hjå Elisabeth.

Stå
Eg trente i neste økt på at eg går bakover og han etter. Elisabeth hadde avstandsbelønningen. Ekko stoppar og etterkvart kan eg gå vidare medan han står, eg kan gå mot han, gå til sides osv. Det var tydeleg ei stund sidan han hadde fått kommandoen: "versegod" så han blei forvirra. Men det gjekk fort over.

Tur
Liten luftetur som vanleg på slutten. Han er tydeleg klar over det når Scotty er i nærleiken så der er han ikkje heilt trygg enno. Era fekk slikke han på leppene og han inviterte henne til leik. Han er avslappa når han går ved sida av henne. Faya kjenner han. Dette er viktige turar for oss.

søndag 12. oktober 2008

Med nasen i bakken.

Aller først - eg syns eg har ein veldig flink hund for tida. Hadde det ikkje vore for at han syns andre hundar er til å spise opp av og til, så trur eg jammen han hadde vore perfekt. Så det er jo godt han har litt skavankar...

I dag trente Torhild og eg på feltsøk og spor. Innsatsen til begge hundane våre var strålande.

Feltsøk
Det er lenge sidan Ekko har trent feltsøk. Vi hadde eit lite forsøk i sommar, men då stakk han for det meste av med alt han fann. Det heile blei meir show enn jobbing. Etter det har vi trent meir på å plukke opp og avlevere gjenstandar. Men eg var spent på koss dett ville gå.

Eg trødde opp eit område. Gjekk litt inni. Fekk hunden ut, gjekk ut med tre gjenstandar (øydelagt ball, treapport, tøyleike) og viste dei før eg la dei frå meg inne i området. Ekko hadde fått smaka litt på premien som var kattemat (lærte av Gro). Hunden blei sendt ut med kommandoen "søk felt". Eg sette meg på huk. Hadde ei hand fram for å ta i mot gjenstandane og i den andre handa var det kattemat (pate). At eg ikkje fekk det filma. Det var perfekt! Ekko ut, henta første gjenstand, avleverte, åt litt pate, ut igjen osv. Tre flotte økter og så i bilen ein tur.

Etter bilpausen tenkte eg at det var like perfekt. Men no begynte han å rote meir. Ville tygge på den øydelagte ballen mellom anna. Neste gong prøver eg med ein gjenstand om gongen i økt to.

Det er fasinerande å sjå at begge hundane kjapt oppfatta ruta. Dvs dei kom seg inn i området eg hadde tråkka opp, straks dei var utanfor. Spesielt kjekt var det å sjå på Era. Ho oppfatta òg fort når ho var utanfor og kom seg inn igjen. Det er jo imponerande koss hundane forstår slikt utan at dei er lærte det. Flinke hundar!

ID-spor
Eg fekk Torhild til å gå sikk sakk i skogen før ho skulle gøyme seg der. Eg tok ut Ekko og vi gjekk bortover vegen i retning der Torhild skulle legge igjen ei av leikene til Era. Og der tar kjekkasen opp leika (vi var litt spent på koss det ville gå). Han slepp den rett etterpå og set nasen i bakken. Etter det gjekk det i rasande fart på kryss og tvers til Torhild var funnen. Kjempebra!

Spor
Før vi begynte treninga, hadde vi lagt kvart vårt spor. No hadde det vel godgjort seg i 1,5t. Botnen var typisk skog med mykje granbar. Eg hadde lagt godbit i variert rekkefølge (mellom kvart 2 og 10 fotspor). I dag gjekk Ekko roleg og tok seg tid til å spise godbitar. Han gjekk litt fort ei lita stund, men då såg eg òg at nasen ikkje var så mykje i bakken. Eg stod litt stille og holdt igjen. Då begynte han å jobbe igjen og fann tilbake til sporet. Han fulgte det fint vidare fram til sporslutt. Eit spor eg syns han greidde godt.

Bringkobbeltrening
Vi skulle bruke nasen i dag, men eg greidde ikkje å dy meg sidan eg hadde hjelp. Eg måtte bare trene litt bringkobbelmelding òg. Og den delen eg trente på var: Torhild sit eit lite stykke frå meg. Ho held i lausbittet. Eg skal sende Ekko, han skal hente bittet, kome tilbake for å avlevere og avslutte med å springe til Torhild for å få godbitar. I første forsøk hentar han bittet og kjem tilbake til meg, men i staden for å kome på plass, tar han seg ein runde rundt i kring med bittet i munnen. Vi har nokre mislukka forsøk før det seier klikk i valnøtta. Og etter det blir bittet henta, han kjem på plass og spring lukkeleg for å få karbonadebitar av Torhild (dei var visst fantastisk gode). Eg ser at eg har vendt han til med ei lita rørsle med handa når han skal på plass. Den må eg avlære. Men det vi øvde på: flink hund!

Hadde tenkt meg ein luftetur i området etterpå, men skogen blei etterkvart full av sopp-plukkarar så det var best å kome seg heimover.
Takk for treninga, Torhild. Veldig kjekt!

lørdag 11. oktober 2008

Brukshundtrening - endeleg

Etter ei regnfull natt var vi klar for skikkeleg rundering i fint haustvêr. Vi var 6 hundeeigarar med tilsaman 7 hundar som skulle til pers.

Rundering
Ekko blei først sendt ut på enkeltslag. Han sprang fint ut, særleg på den sida der det var eit lite drag i lufta. Det blei mykje trim for meg sidan eg skulle ut å hente han kvar gong.

I dag var det mykje diskusjon om midtlina og ka er beint ut. Eg må innrømme at når eg ligg ute syn seg alltid at dei på midten er lengre framme enn meg, men viss eg flyttar meg får eg beskjed om at eg går for langt fram. Det er nesten som eg trur krumminga på jorda er på Sviland....

Etter matpausen (var smart og tok med kaffi og matpakke i dag), la eg eit spor. Det skulle ligge til vi var ferdig med runderinga.

Andre økt fekk Ekko bruke flying. Han spring fint ut, kryssar ved sida av meg. På slutten rota han litt, men med ein liten lyd tok han seg inn. Var tydeleg trøytt. Rett før skulle eg ha fått figurantane nærmare slik at vi kunne fått fleire slag.

Eg syntes runderinga gjekk veldig bra i dag. Nå skal det øvast på lausbittet heime og på treningane framover.

Ser de nøye på dette første bilete, finn de figuranten. Hundane har sine utfordringar. Neste bilete er Kira som har funne Silje.

Dei tre neste er Figlia som runderer. Gro er på midtlina.

Spor
Eg hadde lagt ut eit spor som var ca 300m. Botnen var variert: bardekke, vått og fullt av haustblad og høgt gras. Eg hadde lagt godbitar i sporet. Varierte mellom kvart 2-7 steg mellom kvar godbit. Det var fleire svingar i løypa. Vi skulle òg krysse ein sti.

Ekko gjekk roleg og plukka opp kvar godbit i starten. Eg hadde merka sporet dårleg, men trur han nokre gonger låg litt på sida av sporet, men såpass lite at han hadde lukta. Etterkvart sette han farten opp og tok ikkje godbitane i sporet. Eg trur det var ved overgangen til høgt gras. Det kan vere at dei då var vanskelegare å få tak i og at lukta av meg òg var høgare oppe i graset slik at nasen ikkje var så langt nede i bakken. Den kryssande stien brydde han seg ikkje om. Siste delen holdt han sporet perfekt.

Konklusjon: Ekko er flink til å spore, men eg må jobbe med tempo og følge med på kor endringane skjer.

Etter at vi var ferdige, dilta eg bak Gro & Maja for å følge med korleis Maja gjekk sporet. Det var eit utfordrande spor ho gjekk.

Etter ei stund kom ho av sporet og styrte litt med å kome seg inn på. Neste bilete er då ho akkurat har fått ferten av sporet igjen.
På slutten var ho ikkje i tvil. Her skulle ho rett opp.
Det var kjekt å sjå ei Maja som ikkje gav opp same kor mykje på villspor ho til tider var. Dette er tydeleg noko ho likar.

Eg var veldig nøgd med treninga og innsatsen til den firbeinte då eg kjørte heim. Nå kan vi kvile resten av dagen. Det er jo fortjent ;-).