mandag 9. august 2010

Tid for trening

Eg har tenkt å setje opp 3 treningsmål for hausten. Det kjem sikkert fleire, men 3 kvardagsbehov eg skulle ha trent på, vil eg setje opp. Men så langt har eg ikkje kome.

I kveld møtte eg Silje og Torhild i sola på OD. Eg tok ut hunden og hadde bestemt meg for at han skulle vise meg ka han kunne så skulle eg velje derifrå. "God" treningstaktikk....

Han viste sitt, dekk, stå. OK tenkte eg. Det blir å trene på å gå frå dekk til stå og reagere korrekt på kommandoar. Det gjekk stort sett fint, sjølv om eg til tider ikkje stod framfor han. Han slit litt med overgangen mellom dekk og stå. Vil legge inn ein sit her. Men det går stadig betre :)

Etterkvart utvida vi til fri ved fot i ulikt tempo med innelagt stå under marsj. Hm. Han kan ikkje sving til venstre.... Men stoppe og bli ståande kan han. Prøvde å utvide til avstandskommandering, men det forstod han lite av. Kom springande til meg for å gjennomføre kommandoen.

Avslutta kvelden med å trene på "gå på teppet" altså legge seg på teppet og bli der. Frista han med ball og liknande. Gjekk veldig greit. Eg treng denne øvinga i kvardagen. Særleg når vi er på besøk hjå andre.

Ellers ser eg at han må trene endå meir på å gje frå seg leika på kommando. Når han blir ivrig høyrer han ingenting....

Kjempetriveleg trening!

Litt til Alpha

Det dukka opp nokre bilete av Alpha som eg bare måtte ha i bloggen :)
Flott dame


passar på den badande villstyringen

På tur
Mor og son

lørdag 7. august 2010

Kor gamal er hunden?

Eg har ein lapp hengande på veggen. Har tenkt å kaste den, så det er best eg skriv det ned.

I følge Specific (hundefôrfirma) er alderen til åhunden slik:
Hund - menneskealder:
3mnd - 3 år
6mnd - 7 år
9mnd - 11 år
1  år - 14 år
2 år - 20 år
3 år - 26 år
4 år - 32 år
5 år - 38 år
6 år - 44 år
7 år - 50 år
8 år - 56 år
9 år - 63 år
10 år - 70 år
11 år - 77 år
12 år - 84 år
13 år - 91 år
14 år - 98 år
15 år - 105 år

søndag 1. august 2010

Språkkurs - del 2

Eg lova for lenge sidan at eg skulle skrive om dag 2 på språkkurset i juni. Det begynte eg på og eg venta på bilete frå andre. Dei kom ikkje, men til slutt fekk eg eit av Arne. Så her kjem teksten eg skreiv i juni:

Andre dag og hannhundane stod for tur. Ekko har  vore veldig flink med andre hundar i det siste, men eg var jo litt spent då det viste seg at det bare var småhundar som var på banen. Ikkje akkurat det eg hadde tenkt. Men men. Vi hoppar i det. Vi stilte oss opp. Eg slapp han og begynte å gå. Det første møte var med ein dvergpincher (?). Dei lukta på kvarandre og gjekk kvar til sitt.

Hund nr 2 var ein dansk-svensk gårdshund. Ung. Den sprang mot Ekko og då blei det lyd. Det hørtes fælt ut. Og eg gjekk bare vidare... Hadde fått tydeleg beskjed frå Arne at vi bare måtte rope på hunden viss vi fekk lov av Arne eller Siri. Og ingen av dei sa noko. Alt løyste seg og hundane gjekk vidare.

På filmvisninga etterpå såg vi forskjellen mellom desse møta. Den første var roleg, snuste. Og det same gjorde Ekko. Den andre kom framfor Ekko og hoppa opp mot snuten. Då ville Ekko ha han ned og i ro. I arbeidet med å få han rolege og til å ligge mellombeina til Ekko, blei det lyd. Det eg syns var så rart var at Ekko hadde munnen igjen og brukte haka til å prøve å halde han nede. Heldigvis løyste alt seg av seg sjølv, men eg var jo ikkje høge i hatten då det skjedde. Ekko lagde ingen lyd trur eg.

Å sjå filmen var godt for då blei det heile rolegare og mindre voldsomt. Ekko var roleg då han kom bort til meg.

Eg skulle nemne bøker om emnet:
Hefta til Arne så klart (eg håper dei blir bok snart)
Turid Rugaas: På talefot med hunden
Klikkertrening og dempede signaler

Lilholms Alpha Alope, til dagleg Krøllalpha/ Alpha

Det siste året har vi diskutert Alpha og helsa hennar fleire gonger. Hoftene hennar var ikkje verdas beste, HD grad E, men i fleire år har det ikkje sett ut til å bry henne mykje. Dette siste året har ho litt for ofte villa gå kort tur (og då er det snakk om kort tur). Dyrlegen fann kreft på henne. Men så var det denne livsglade hunden som struttar av glede når du møter henne, hopper som ein unghund av fryd osb. Ikkje lett å avgjere ka ein skal gjere.

Men no i sommar, den 30.juni, tok Berit (som har hatt hovudansvar for henne dei siste åra) dei tunge stega til veterinæren. Så no har ei skikkeleg sjarmerande krølledama reist til hundehimmelen. Krøllalpha var fødd 24.03.01, altså blei ho 9 år.

---

Alpha kom inn i verda mi 2.april 2004. Då var ho 3 år. Eg hadde så mange planar, men fann ikkje miljø å vere aktiv i. Jo fann turområder, men eg ville trene. Sjekka Retrieverklubben, men der skulle ein anten vere kvelp eller ha ein del erfaring. Og Alpha og eg var nye i lag. Det var ein nedtur.

På hausten dette året skulle Alpha bu hjå eigaren sin. Ho skulle til Danmark for å vise kor vakker ho var. Frå før av var ho både NUCH og SUCH så det var dette som mangla for å bli nordisk skjønnhet :). Der nede fekk hundane ein augesjukdom. Altså skulle dei haldast borte frå andre hundar. Eigar ville då ha Alpha heime hjå seg. Og der var ho til uti november. Endeleg fekk eg hente henne. Då viste det seg at ho hadde latt seg sjarmere av ein ung cheasapeake bay retriever som òg budde der.
I jula gjekk ho der og vralta...
21.januar 2005 fekk ho 17 kvelpar. Og ein av dei var altså Ekko. Svak som eg var, tykte eg det kunne vore kjekt for Alpha å få med seg ein av kvelpane heim... Der skaffa eg meg litt av eit arbeid!

Etter eit år med latter, gråt og fortviling, tok storesøster Berit på seg å ha Alpha hjå seg. Eg fekk konsentrert meg om Ekko. Av og til har eg tenkt på koss livet ville vore om ikkje Alpha hadde reist til eigaren den gongen...
Eit er i alle fall sikkert: eg hadde neppe møtt den flotte treningsgjengen eg møtte gjennom Siddis hundeskole og bruksgruppa i retrieverklubben.