søndag 24. juni 2012

Runderingstrening og st.hans

Vi har hatt to kjekke runderingslaurdagar utan at eg har skrive om det. Begge var i Sælandsskogen.
Først var det for 14 dagar sidan. Ingen kunne unntatt Lise og eg. Men Lise hadde to hundar og ein son og med min så blei dei 3 ekvipasjar det. Og då kunne vi rundere.

Eg har lånt vekk lausbitta mine, noko eg trur Ekko ikkje har noko i mot....
Altså blei dei flying og rett i belønning.
Ekko spring fint ut. Han leikar på dei første slaga, så syns han det er godt med godbitar og gjerne at det blir leika med dei.

Denne laurdagen er det Kristin&Hera og Renate&Tinka som har lyst til å rundere. Sidan ingen andre hadde meldt seg til spordagen, så slo eg lag med dei. Vi fekk ei fin, fin runderingsøkt med ivrige hundar.
Ekko sprang hadde 14-15 slag og tunga var langt nede på slutten, men han sprang og sprang. Godt jobba. Det ser ut som om kondisjonen er på veg oppover.
Eg trente ikkje på noko spesielt desse laurdagane. Var bare oppteken av at han skulle krysse nær meg, springe fint ut og finne figurantane. Det vi fekk ekstra denne gongen, var innkallingen. Vi hadde ikkje walkiar. Då måtte vi finne andre metodar. Altså blei hundane ropt på. Ekko reagerer kjapt på meldinga frå meg og kjem som ein rakett. Bra.

Laurdagskvelden drog vi til Tau for å feire St.hans. Kjekt syntes den firbeinte sjølv om han blei lagt i bilen under maten, men å få kose seg i sjøhuset utover natta var visst topp.

Neste dag var det folk som ville leika, ha drakamp og herje. Og i tillegg var det ungar. Finst det kjekkare folk enn ungar? Ekko er salig bare ved tanken. Og han er flink til å reagere annleis når ungane kastar leika enn når vaksne gjer det. Står og tar fint i mot kastet. Til jentungens store glede la Ekko all kraft inn då faren hadde drakamp og ho fekk vere med og hjelpe til.

tirsdag 5. juni 2012

Fine måndagskvelden

I kveld var det pause i aktiviseringskurset.. Gro Anita spurte om det var nokon som ville rundere. Det viste seg at vi blei 7 ekvipasjar. Lenge sidan vi har vore så mange. Og så på ein måndagskveld! Alle hundane fekk gode økter. For oss tobeinte blei det 3,5t i aktivitet. For Gry/Silja og oss blei det ein halvtime til. Bare for kosen. No snorkar bajasen lukkeleg.

Ekko var sistehund ut. Han skulle rett i leik. Her er det litt kondistrening som var tema. Sidan vi var såpass mange, fekk vi tid til å varme opp. For Ekko var det det same som fulle guffe i skogen. Han hadde visst lada opp ei stund. Sprang og nikosa seg. Eg begynte å ane at dette kunne føre til ein trøytt runderingshund. Men samstundes tenkte eg: kondis, kondis. Bare spring du.

Jan Inge var på midtlina. Marit og Kristin var figurantar. Eg hadde tatt med vatn til midtlina. Og heldigvis hadde eg Gry til å bere det for bajasen var tørst under økta.
Han sprang fint ut til dei to første. Eg såg at det var tyngre å springe ut på den eine sida. Det viste seg at trekken hjelpte godt på ei av sidene. Han sprang veldig bra på mange slag (mellom anna var han så ivrig at han stupte under fart på det eine slaget), men det var òg slag der han tydeleg trengte å kome in og få drikke.
På nestsiste slaget rekna vi med at han ikkje ville finne Marit, så vi førebudde oss på eit blindslag. Kristin var klar. Og eg skulle akkurat rope han inn. Då kom meldinga om funn. Bra. han hadde altså ikkje gitt opp, men leita seg fram. Godt jobba. Og full guffe ut til siste slaget.  Då var eg nøgd med kvelden.

Kvelden blei avslutta med tur saman med Gry og Silja. 4 timar ute i frisk luft i tillegg til 3,5t ute som streikevakt. Mykje frisk luft på ei kontorrotte dette.

lørdag 2. juni 2012

Fin dag i Sælandsskogen

Litt over ni var 5 hundar og eigarane klare for ei runderingsøkt. Det var sol, men kaldt. Heldigvis tok ikkje vinden her i skogen. 

sovande i skuggen
Sidan eg hadde lånt vekk lausbitta mine, tenkte eg at han kunne få gå rett i leik. Og Ekko takka for det. Han  var ikkje så veldig gira på leiking heile tida, men til gjengjeld sprang han flott mellom figurantane. Tunga slepte omtrent bakken, men farten var fin. Det var kun ein gong han viste gamle tendensar med å springe 3-4 m ut og så begynne med tissing, grasspising mm. Fekk han då inn. Figurant knekte ei kvist og Ekko var i gang igjen 

Då han var veldig sliten, kom figurantane nærmare. Veit ikkje kor mange slag det blei, men mange blei det i alle fall. Herleg!

Og når ein etterpå kan slappe av på terrassen og hunden snorkar der han ligg i skuggen, er livet ganske så godt.

medan matmor nyt sola