Viser innlegg med etiketten leik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten leik. Vis alle innlegg

mandag 28. mars 2016

Vi lever enno

Det har vore to travle år med mykje skriving og lesing, men ikkje eit ord her.

Men no prøver eg igjen.

Kva har så Ekko og eg drive med sidan sist? Jo, det same som før. Ekko blir fast trent med rundering og spor. Han elskar å få oppdrag og vil gjerne løyse dei på sin eigen måte. Eg har i periodar prøvd på korleis han kan ha det som pensjonist, men det har han ikkje særleg forståing for. Utan trening blir han rastlaus.

Rundering.
Vi trener stort sett rundering om laurdagane. Som regel plar Ekko springe ut som ein unghund og midt i løpet oppdagar han at han er gamal og må ta det med ro. Men når han kjem fram til figurantane er det kjempegøy med drakamp. Etter nokre slag plar han melde frå til figurantar at han vil ha kos og godbit for å ikkje slite seg heilt ut.
Eg bruker ikkje fastbittet då det stadig blir øydelagt, men eg varierer mellom lausbitt og rett i belønning. Han er aldri i tvil om ka han skal gjere så det er mest dagsformen som pregar resultatet.

Spor.
Den største lukka på jord er å gå spor i utmark. Då kan han gå lenge og gjev ikkje opp. Asfaltspor er passe kjekt. I det siste har han fått blanding av asfalt og gras og det har friska opp sporet.

--
Det å ha ein hund på 11 år er sjarmerande og gjev meg litt grublerier. Han må oftare ut for å tisse enn før. Han er blitt veldig rutineprega. Tidleg i seng og tidleg opp. Hoftene, som eg fekk beskjed om kunne skape store problem for han alt i ungdommen, er ikkje eit problem enno. Men han vil ikkje vere aleine heime. Han vil vere der eg er. Heile tida. Det tyder at han meir enn gjerne vil bu i bilen i staden for å sove i "silkeseng" heime når eg arbeider. Merkeleg skrue.

Ekko lever eit lukkeleg liv der ungane i gata roper på han og klappar og koser med han. Vi møter gamle og unge som har eit forhold til han og som pratar litt med meg òg.






torsdag 1. august 2013

Juli er annleis.

Før eg tok meg ein liten svipptur til Spania, trente vi på asfaltspor. På slutten såg det ut til at nøtta til Ekko kobla seg på.
Men så kom juli med ferie og det late liv. Eller kanskje heller, det alternative liv.

Dagen etter at eg var komen frå Spania og Ekko frå kennelen, var vi invitert på fjelltur. Det einaste eg visste var at eg skulle kjøre til Vatnamo. Der møtte eg turfølget + ein gjeng som skulle bli med til hestane på Øksnevad vidaregåande skole sitt sommarbeite. I det følget var det ein irsk ulvehund og ein spaniel.
Vel framme på sommarbeite dukka det opp tre hestar som fottøyet skulle sjekkast på. Fredelege hestar tykte Ekko så han brydde seg ikkje om dei.

Etter det sa vi farvel til dei andre hundane og folka. Ekko og eg vandra lukkeleg avgarde saman med drevne turfolk med gps og sans for stilause turar.

Det var høgt gras (eg tenkte på orm og hantikker..), klatring på bare fjellknausar (høyrte kor klørne blei slipte). Opp og ned. Målet var å finne den høgaste. Den med best utsyn over Jæren, heiene og havet.

Vi måtte klatre over ein gjerdeklyvar som absolutt ikkje var tenkt på for hundar. Trinna var laga av rettståande plankar (altså utan stor flate å trø på). Ekko var så ivrig og glad for at vi var på tur at han klatra opp.. og ramla ned på andre sida. Uups, tenkte eg. Koss gjekk det med hoftene? Men han rista det bare av seg og venta glad på oss andre.

Litt seinare måtte vi over eit gjerde utan klyvar. Vi tobeinte kunne greie det, men å løfte 55kg.. Heldigvis greidde vi å finne ein liten opning. Ekko begynte friskt, men trekte seg då han såg kor flat han måtte vere. Heldigvis er han glad i mat så han kom seg til slutt gjennom. Neste gong han skulle gjere det same, var det ikkje eit problem, la seg flat og kraup under.

Etter ei god stund møtte vi 4 islandshestar. Ekko begynte å bjeffe på dei. Han var tydeleg redd. Eg prøvde å roe han ned. Ei i turfølget er godt kjent med hest og opna porten. Ho rekna med at dei ville trekkje seg litt tilbake eller bare stå i ro. Men for første gong opplevde ho at hestane ville angripe hunden. Heldigvis var ho rask og klok. Tok Ekko frå meg og fekk han med opp på ein knaus. Eg var bare forfjamsa og halvredd heile dyra, men kom meg heldigvis opp i høgda eg òg. Vi gjekk vidare derifrå medan tredjemann gjekk på grusvegen.
Det viste seg at hestane fulgte etter på grusvegen. Då var det bare å finne ein kjepp og to gjekk mot hestane for å få dei til å gå bakover medan Ekko og eg sprang framover vegen. Heldigvis kom vi oss unna.

Etter mange oppturar og nedturar kom vi fram til den høgste toppen. Her var det vind og utsyn ove rminst 7 kyrkjesokn og sikkert til England (om ikkje jordkloden var rund).

Men så skulle vi ned. Det var bratt. vi kom halvveges, då sa Ekko stopp. Dette var for bratt. Så einige vi to er! Eg var ikkje høge i hatten der eg stod. Opp igjen med oss. Vi vandra vidare. Der såg vi eit vatn, men gjekk fjellkjeden rett i vatnet eller var det noko å gå på der nede. Til vår store glede var det lett å kome seg ned frå den sida vi no var på. Det var ein liten grunne vi kunne gå på slik at vi kom over på den sida vi ville. OG det beste av alt. Ekko kunne få bade!
Siste delen av turen var bare barnematen. Då vi kom til bilen, forlangte Ekko at eg opna slik at han fekk hoppe inni. Han skulle ikkje gå ein meter til!
Turleiaren sjekka GPSen sin og fortalte at vi hadde gått 7,5 km. Det meste i ulendt terreng utan stiar.

Vi trengte to dagars kvil etter det... Men då kom sola og austlendingane. Til Orrestranda med oss. Badeliv, tenkte Ekko. I tillegg var det ein del graving ned til kald sand før han kunne legge seg og nyte det vakre landskapet.

Alt er vakkert og kjekt på jærstrendene. Unntatt: all sanden vi får med oss heim. I sekken, i kleda, i pelsen, i skoa....

Veka etter var det sol og sommar. Vi var på Tau opptil fleire gonger. Kjempekjekt! Bading. Ungar som gadd å kaste ball i sjøen. Og symjing. Ekko og ungane dreiv på og dreiv på. Det var visst himmel på jord. Og at dei etter badelivet hadde lyst til å halde gøymeleiken med han, var toppen. Han var totalt utsliten då han kom heim.

Og torsdagen i same veka, hang halen. Vasshale. Til veterinær og i gang med litt medisin. Han kom seg fort.

Og endeleg fekk vi begynt  å spore igjen. Asfaltspor har vi ikkje gitt opp. Eller har ikkje eg gitt opp. Ekko og eg var ikkje på same trening i alle fall. Han var på her-var-det-mange-kjekke-folk-og-lukter-trening. Eg var på asfaltsportrening. Konklusjon etter 3 spor: Eg prøvde i alle fall. Ekko gjorde ikkje det ein gong. Han snuste kun i asfalten der det var rester av godbit. At han kunne snuse seg fram til ein ny rest, var bare tull. Mykje smartare å løfte nasen og ta overvêr.
Og konklusjon to: vi trener litt på grus og anna neste gong slik at hundane får litt glede tilbake. Så lurer vi dei over på asfalten igjen. Dei andre på treninga var: Lise med to ville flatar og Silje med dei to sære damene sine. ;).

I går hausta han to nye tennisballar. Han har skikkeleg teft. Hoppar inn i hekkar og kjem lukkeleg ut med ein ball. Eg er så glad for at han har slutta å samle på fotballar. Tennisballar tar ikkje så mykje plass på gangen, terrassen, stova, kjøkkenet. Men HMSansvarlege i heimen burde kanskje innføre oppryddingskrav overfor eigaren. Alle ballar som ikkje er i bruk, skal vere i kassen.... Dei er livsfarlege å snofle i.

onsdag 6. april 2011

Triveleg trening i regn

I dag møtte bare Kari L og eg på området. Det fekk nok Evita og Ekko mykje glede av for dei fekk vere ute mykje og trene i lange periodar.

Det plaskregna heile tida så eg tok det meste etter innfallsmetoden. Det blei derfor ein del leik rundt agilitybanen. Ekko er ein reser på bommen. Vippa er visst òg ganske gøy. Særleg når eg får han til å stoppe akkurat i det han skal vippe. Då står han til vippa har kome ned og han kan spasere heilt ned. Førebels er godbiten drivkrafta.
Slalom er best å ta når han byrjar bli trøytt. Når han er ivrig tar han bare halvparten av pinnane. Ikkje lett å få med seg alt når ein er så stor :).

Så blei det litt musemattetrening og diverse stopp på kommando der eg fortset å gå medan han skal sitje, stå eller det eg elles måtte finne på.

Og så blei det tid til leik.
Her er nokre filmsnuttar frå iPhonen. Ikkje direkte proffe, men syner i alle fall ein som tok bommen med glans. Den første er då eg la godbitar på bommen. Skulle vere smart og stå på avstand å filme...
Denne er kjekken på tur over bommen. Opptatt av om matmor er med.

Ellers så har eg eit lite prosjekt på gang som eg vil reklamere for. Nemleg "Nytt liv av daude gror". Frå snø og brunt til full bløming på terrassen. Sjå oppstarten: http://www.oesterhus.net/18151184

torsdag 5. november 2009

Hopp og sprett.

I kveld var det siste framføring av vår flotte synkrone sak. Ekko snurrar når eg fører med godbit, han har nokre få tilfelle av bamse og er ein reser på bukking. Og eg gjekk same vegen som dei andre :-).

Etter det var det agility. Det var kjempegøy syntes hunden min. Han blei heilt gira. Først delte vi oss i to og trente på 1/2parten av løypa. Så sette Arne det heile saman. Ein og ein hund skulle gjennom løypa med færrast muleg stopp.

1+ 2.runde:
liten tunnel, slalom, hopp, stor tunnel, hopp og hopp.
Her skulle vi ha hunden på venstre side og halde god fart. Ekko sette seg fint. Eg tok av bandet så begynte vi. Første tunnel (her holdt Arne i starten for det er eigentleg ikkje plass til Ekko inni denne tunnelen så det blir trekkspel) er Ekko gjennom på eit blunk. Full fart mot slalom. Denne er trang (litt for kort mellom pinnane). Ekko tar to før han svinger. Vidare til hopp, så tunnel, så skulle det ver hopp, men her blir han for kokt. Han begynner å bite i bandet eg har hengande over skuldra. Vi må ta hoppet på nytt. Då går det bra.

I 2.runde har eg lært og lar bandet ligge igjen på bakken før vi startar. No er han ivrig og har stor fart. Slalomen kjem litt brått på han. Får ikkje den heilt til, men er i farta vidare til dei neste postane. Eg spring ivrig med han for her er det fart :-). Veldig bra!

Siste runde skal vi snu løypa og altså springe med hunden på høgre side og dirigere den vidare frå post til post. Merkeleg nok såg det ikkje ut til å påverke Ekko i det heile at eg var på feil side. Unntatt då vi skulle ta slalom for då måtte eg få han over på venstre. Han var då så gira at det måtte trenast litt kontakt før eg fekk til litt slalom.

Eg må trene på slalom og arbeide endå meir med å roe Ekko ned mellom kvar runde for dette er tydlegvis noko han blir høg av. Det positive med det er at han blir med på alt og har ein fart som er kjempefin.

Torsdagane er topp og Arne har lova oss meir agility. Det har vi ingenting i mot....

mandag 31. august 2009

Litt meir spor

Inspirert av laurdagen, la eg ut eit vel 300m langt spor til Ekko i dag. Det gjekk i variert terreng. Eg gjekk med GPSen på meg for å trene på å bruke den. Eg la ut godbitar ved starten, nokre få undervegs og ein boks med godbitar på slutten. To sløyfer blei brukt. Ei i starten og ei på slutten. Sporet fekk ligge ein time før eg gjekk det.

Ekko tok fort sporopptak, han gjekk i passe tempo og var lett å lese. Når nasen var i bakken, var han på sporet. I blant var nasen i veret. Då rota han som regel og prøvde seg på overvêr. Greidde som regel å plukke det opp igjen. Sleit litt der eg hadde gått langs vegen i staden for å krysse, men fann til slutt krysspunktet. Ser det er vanskeleg å gå sitt eige spor for eg trør fort ei ferskare lukt der eg ikkje skulle trødd. Slutten fann han greit, men det var faktisk med nasen i veret. Kan det vere at boksen med karbonadebitar gav frå seg ei godlukt?

Konklusjon på sporet er at eg med fordel kan arbeide med å få han meir nøyaktig. Han er veldig flink når nasen er i bakken, men dei der pausane opp for å bruke oververet må eg gjere noko med.

Medan vi venta på at sporet skulle eldast, trente vi på fellesdekk (6 hundar). Det gjekk veldig bra. Litt fri ved foten og eit par meldingar. Dei gjekk òg fint.

Heilt til slutt eit stort JIPPI! Då Ekko var ferdig med sporet, gjekk han med langlina på til vi kom inn på området. Der ser eg Silje og Pia eit stykke nede på området. Vel å ta av Ekko langlina og begynner å gå. Ikkje direkte mot dei, men nedover. Ekko og Pia stopper og måler kvarandre. Pia hadde visst full punk i følge Silje. Ekko spring bort til henne, demper litt og inviterer til å springe med. Og Pia blir med. Kjeftar litt på han, men spring etter. Slik leiker dei litt, så går dei litt og et gras, spring litt til og tuslar til slutt ved sida av kvarandre. Gjett om Silje og eg var glade?

onsdag 1. april 2009

Blodspor, meldetrening og leik

Måndag var det første samling med bruksgruppa på området vårt. Eg hadde bestemt meg for at det var meldetrening som skulle vere i fokus. I tillegg ønska eg eit blodspor.

Jan Inge la eit lang og godt blodspor for meg. Her var det vinklar, sårleie, avhopp osv. Det fekk ligge i nesten 2 timar før vi gjekk det.

Meldetreninga - tja det har jo alltid vore eit lite sjansespel for Ekko går fort lei. No starta eg på trinn 2: Delmomentet "Vis" med lausbitt. Her sit Ekko i utgangsstilling, får bittet og skal springe til figurant på kommandoen "vis". Det går perfekt. Vi går til delmoment 3: Ta bittet hjå figurant og returner til førar for så å få påvise. Eg tok òg eit forsøk på heile runddansen. Men då var det nok syns Ekko og såg seg rundt (Scotty hadde pipeball, naboeigedommen hadde småhundar osb). Artikkelen og filmen til Canis bør nok lesast nøye ein gong til for dette skal vere på plass før eg set det inn i runderinga. Artikkelen finn du her.

Deretter tok vi ei lita økt med apport. Eg fekk låne metall apporten til Punky. Ekle greier syns Ekko, men tar den i munnen. Han plukkar den ikkje opp frå bakken, men eit par centimeter over. Hentar treapport og begynne rå tygge rett før han er i utgangsstilling. Har litt å jobbe med der ser eg.

Så var det sporet. Dette er kjekt syns Ekko. Og han er sporsikker. Går veldig bra (ein stad rotar han litt, men tar seg fort inn). Sårleie markerer han, men ikkje eg for eg er for langt bak i lina. Han lar seg ikkje distrahere av avhopp. Alle vinklar går fint. Dennen gonge hang eg bare på slep (holdt igjen) ein gong, men det betyr ikkje at han gjekk seint, bare at eg småsprang. Som Jan Inge sa: "Ekko er ein sporsikker hund, men skulle han bli brukt for å få tak i eit skada vilt, var det få jegerar som kunne følge han. Det måtte vere Bjørndalen (skiskyttaren)". Så no tenkte eg at eg skulle få tak i Bjørndalen for det er vel enklare enn å få Ekko til å gå sakte :-).

Trefte jo på Arne og sa at det var litt for høg fart i sporet. Og då får eg jo passet påskrive: "Du har ikkje gjort skikkeleg grunnarbeid". Plagsomt med slike folk som treff blink stadig vekk. Han meinte eg måtte tilbake til pølsesporet og arbeide for at hunden stoppa ved alle pølsebitane. Deretter sjeldnare pølser,men med fokus på tempoet. Han har jo heilt rett, men det er så kjedeleg med pølsespor. Men skal eg ikkje alltid måtta vente på at sporet er mange timar gamalt, så må eg til pers igjen. Pølsespor, here we come!
----

For tida er det ein spennande diskusjon i bloggen til Håkon Groven. Han tar for seg det same som vi har diskutert, nemleg leik. Skal vi forlange leik, korleis skal vi avslutte osv. Les og tenk. Ka syns du? Dette kan bli eit spennande tema framover.

søndag 16. november 2008

Bort med snillisme og inn med krav!

Er det nokre som trur at eg er litt sein i avtrekkaren og les Rune Gerhardsens kamptalar nokre år forsinka, så tek de feil. Eg har vore på kurs med Fanny Gott.

Denne helga har Fanny Gott og Thomas Stokke frå Klickerklok hatt kurs med 12 ekvipasjar og fleire observatørar. Ekko og eg var aktive deltakar. Eg var på den gruppa som fekk Fanny som instruktør.

På laurdagen hadde vi ein presentasjonsrunde der vi skulle seie noko om måla våre og ka vi ville jobbe med. Var ikkje heilt førbudd på å ha tenkt gjennom ka eg ville jobbe med. Tenkte vel eg kom til eit ferdig program. Men etter som presentasjonen gjekk framover, var det tydeleg at det var bruksfolket som sat her. Og det Fanny oppsummerte med og som vi alle trena på, var kjempegreit for meg. Ho tok oss allereie då ei lita stripe for at vi set oss for låge mål.

Burleiken
Første utfordring var burleiken. Eg var litt spent på den for Ekko har eit litt traumatisk forhold til bilburet. Han har blitt mykje betre i det siste, så eg var, som sagt, spent. Stoffburet vi har på kjøkkenet, er han godven med så eg reknar med at det bare er litt innsats så er burleiken på plass òg i bilburet. John tok fleire bilete av oss under treninga. Kjempekjekt. Dei skal eg bruke ved eit seinare høve, men her er han i alle fall frivillig liggande i buret.

Vi brukte mykje av pausetida til å trene han inn i buret. Det var på veg til å bli svært så negativt. Eg bestemte meg då for å la han gå i bilen mellom kvar økt på sundagen. Dette er noko han er trena på, så det gjekk greit. Men eg skal trene inn at han spring frivillig inn i buret på treningsplassen etterkvart. Ei skikkeleg praktisk øving å ha med seg.

Vi trente saman med Karin, John og Trofast. Trofast hadde tydeleg vore på kurs før, så han kunne det der med buret.

Øktene skulle vere på 3 minutt. Der er ikkje eg flink på treningsplassen. Blir fort for lange økter.

Fri ved foten
Neste treningsutfordring var fri ved foten. Første del var kjent for Ekko, nemleg å gå framover når matmor går bakover. Men så kom det nokre oppgåver som eg må trene på. Gå bakover med lange steg. Altså som om eg går fri ved fot framover. Eg kan gjerne halde eit høgare tempo enn det eg har tendens til (hm.. trur eg har høyrt den kritikken av Arne òg...). Når hunden ser på meg (det treng ikkje vere augekontakt) og går beint, klikker eg og premierer med godbit ved mi venstre side. Eg set òg opp farten slik at han må springe for å nå godbiten. Det var ei kjekk øving.

Etterkvart skulle eg bare premiere når Ekko såg mot venstre sida mi, så at han gjekk nære den. Deretter skulle eg vende (anten på den tradisjonelle måten, eller ved å ta eit steg mot høgre og gå framover). Eg prøvde med den nye. Gullguten gjekk strålande ved sida av meg. Trur all treninga på klossen har gjort han mykje meir medviten om bakparten sin.
Det som er viktig er at eg har trent på å få han til å gå beint, kontakten og attitude (utstrålingen, stilen) FØR eg vender. Det er jo greit å trene dette når hunden er framfor. Då ser eg han jo.!

Fellesdekk
Fanny brukte å trene inn fellesdekk aleine, utan alle hundane på plassen. Det ho starta med er å gjere hunden stødig på kommandoen "dekk/ligg". Startar med å få hunden til å legge seg, så litt omvendt lokking, gå i frå, få andre folk til å snakke til den, lokke, ta i bandet osv osv. Det er bare fantasien som stoppar ka vi trener på. Hunden skal til slutt kunne ligge stille heilt til han får ny kommando. Ekko kom til at eg kunne friste med ei leike utan at han skifta posisjon. Og det var til og med den nye, kjekke leika. Nøgd med den.

Eg måtte gå før tida på laurdagen, så etter at eg hadde reist var både klossen og innkalling på tapetet. Heldigvis skulle Squid(kvelpen til Fanny) få seg ei økt med "klossen" på sundagen. Den har eg filma.

Sundagen starta med fleire spørsmål og svar. Eg lurte mellom anna på korleis dei brukte "fri" som kommando. Hjå Fanny tyder det: Du kan nå gå ut av posisjonen. Hundane plar få ein godbit når dei gjer det. Denne deler ho ut ved sida si, altså kjem hundane ofte fram til henne når dei er ferdig med elementet dei var i. Ho bruker nok meir "versegod" når det er lov å springe fritt, spise godbitane langs bakken osv.
Vi bør tenkje gjennom ka det er vi vil ha kommando på. Ka treng du? Td er det jo praktisk at ein hund kan tisse på kommando. Ikkje alltid vi har tid til å vente til den finn den rette busken... Leiker skal til dømes ikkje takast før kommandoen "ta den" kjem.

Eg fekk nokre tips om det å trene inn pinnane i sporet. Skriv om det når eg skal begynne på det i treninga vår.

Når hunden ikkje gjer det som er rett, den slurvar kanskje. Ka då? B Bailey sa visst at vi skulle stille oss to spørsmål:
- ka tener hunden på å gjere rett? (belønningskvalitet..)
- ka kostar det å gjere feil? (Tapar hunden noko særleg. Eller tener han det fort inn igjen?)

Eit anna spørsmål er jo om det eg gjer fører til at det blir betre? Viss ikkje, bør eg ikkje endre på noko?

Apport
Vi starta innlæringa av apporten med å få hunden til å gripe rett bak hoggtennene. For å få til dette måtte vi få hunden i jaktleik. Dvs få hunden til å gripe om leika OG halde den. Nokre hundar treng litt tid med leik før ein kan begynne på sjølve øvinga. Her har vi Dea som på perfekt vis grip og held fast gjenstanden Kari held framfor seg. Dea legg trykket på flott på bakparten og sig til slutt ned i sitjande stilling. Akkurat som programmert.
Når vi har fått dei til det, kan vi prøve å sleppe taket forsiktig i gjenstanden og gripe den igjen. No skal ikkje hunden slippe taket når du gjer det. Slepp den taket, lag litt ablegøyer med gjenstanden. Jippi du vann!. Etterkvart skal du kunne drive med mykje forskjellig utan at han skal slippe. No har hunden fått eit godt grep.

For å få ein hund som leverer tydeleg i handa, er det smart å trene inn. Det gjer du ved å trene inn target i handa. La hunden sette snuten i handa, klikk, godbit. Deretter skal ein gjenstand vere i munnen når han gjer det same. Hunden skal ikkje sleppe før du seier "takk". Kroppsspråket ditt kan fortelje om det er ein levering av gjenstand i handa eller om det er utgangsstilling du vil ha. Men det kjem etterkvart.

Budføring
I brukskonkurranse har vi budføring. Her skal vi få hunden til å gå mellom førar og ein figurant. Vi startar med å klikke straks hunden ser mot figuranten ( det er figuranten som klikkar då). Hunden spring til figurant og får godbit. Snur han og går mot eigar. Nytt klikk. Osv.

Gå framfor i line/ framsending
Dette var ei vanskeleg øving. Det er heilt utruleg kor flinke hundar vi har når det gjeld å beundre oss. Ekko sat, stod, la seg osv. Alt med blikket mot matmor. Og denne gongen var oppgåva å sjå ein annan veg...
I denne bruksøvinga skal hunden gå framfor oss. I klasse D og C skal det vere framfor i line, i B og A skal dei gå framfor oss, kunne galoppere mot ei gruppe for så å fortsetje i sakte tempo forbi. Alt dette framfor oss...

Men altså starten på øvinga - få hunden til å vende blikket framover. Vi fann ut at utgangsstillingen var til god hjelp. Særleg viss han såg framover før han sette seg ;-). Vende hunden blikket framover, kast godbit mellom øyrene på den (og klikk). Her var det ein fordel å klikke like etter at godbiten hadde forlatt handa og var i lufta. Den var kjempevanskeleg for oss tobeinte. Poenget er at vi ikkje treng ein hund som snur seg for å sjå etter godbit. Fortsett slik og premier om han ser framover etter å ha spist første godbit. Til slutt skal du ha ein hund som går beint framfor oss.

Dekk.
Ekko ville ikkje presentere dekk medan eg gjekk bakover. Han slo til med stå og sitt (+pluss utgangsstilling i mengder. Mange dagar med det gjer sitt..). Fekk då tips om å få til kjappe dekk utan at eg rygger. Med leika bak på ryggen, blei det opp til fleire flotte før vi måtte slutte for helga.

Mens alt dette føregjekk framfor nasen på Dea, viste ho at ho kunne det her med å slappe av i buret mellom øktene. "La hundar og menneske gå forbi. Eg bryr meg ikkje."

---
Vi var som nemnt først, delt i to grupper. Og den gode treningsgjengen har vore fordelt på begge gruppene så no reknar eg med mange flotte innspel i framtida.

Det eg sit tydeleg igjen med er at eg er for snill. Ekko får godbitane for lett. Eg må auke kriteria. Han kan få til mykje meir og i kjappare tempo enn det eg ofte trur. Eg håper logg skrivinga fører meg framover meir medviten. Ser at i ein trøytt kvardag blir eg altfor lite reflektert. Å trene hund er jammen ein heildagsjobb...

Her har vi Fanny som lærer Squid klossen.

tirsdag 16. september 2008

Eg er hekta....

Eg er hekta på klossen. Veit ikkje kvifor, men eg må bare stå på den. Blir heilt i hundre når matmor legg den på golvet. Det er SÅÅÅÅÅÅ kjekt å trene med den.

I dag har eg flytta bakbeina i full fart inntil matmor. Men så fekk eg ikkje godbit. Ka var det? Eg grein og trødde henne på foten (ho hadde ikkje sko he, he), men hjelpte det? Nei. Blei så sur at eg sette meg. Og vips der kom det godbitar og mykje godord. Rare greier. Det skjedde om igjen og om igjen. Eg er framleis litt usikker på om eg skal sette meg eller om det er like greit å stå. Syns eg kunne fått kost meg litt med reserfart med bakbeina, dunke i foten til matmor og så godbit. Det er jo superkjekt.

Men trur du ho har sansen for sånt. Nei, ho fekk det for seg at eg skulle gjere eit eller anna eit stykke frå klossen. Då sa eg stopp. Eg stilte meg opp på klossen. Her skal det jobbast, ikkje slik tull og tøys, takk! Eg fekk viljen min mot at ho fekk eit par superflotte på plass utan klossen (ho sa ikkje kommandoen, men eg skjønte jo at her kunne eg kanskje innkassere ein godbit eller to sidan ho bare stod der rett opp og ned).

I kveld har eg spist ei heil pølse. Måtte jobbe for den, men det var gjer ingenting. Matmor hadde pakka pølsebitar inn i matpapir og gøymt dei rundt ikring. Måtte leite voldsomt så nå må eg kvile.

Ein sleik frå Ekko

onsdag 7. mai 2008

Sol og lite trening

Det er nydelege dagar. Vi burde nytta dei til mykje trening, men det blir litt tur der eg gløymer å trene på at Ekko skal sitje kvar gong vi stoppar. No må eg skjerpe meg. Han har òg fått møte ukjente ungar. Då går det mange godbitar for å få han til å la vere å hoppe.
Det er tydeleg at det er godt å ligge ute, nyte sola og snuse inn luktene.
Men det er forferdeleg å vere hund når vi grillar og måltidet tek tid. Eg må nok trene han meir på det å vente. Det blir til tider litt for mykje masing.

Her er Ekko i storslag. Han fekk verkeleg kjenne på kreftene sine. Tyngda godt på bakbeina. Han er ganske flink til å sleppe når vi ber om det, men litt vanskeleg er det når han er altfor engasjert i å dra. Trener han på å vente med å begynne til eg seier versegod.

lørdag 5. april 2008

Eg har vore på utstilling...

Sidan eg har ein flott retrieverblanding så kan ikkje vi stille ut. Og det er jo bra for dei andre hundane for han hadde slått dei i støvlane så vakker han er :-).
Men i dag skulle eg altså vere tilskodar og oppmuntrar til Faya og Scotty med matmødre. Diverre gløymte eg fotoapparatet i bilen den første delen så verken Punky, Scotty eller den einaste curlyen blei fotograferte, men eg håper Elisabeth sender over eit bilete til meg.....

Elisabeth gjekk med begge hundane. Anne Lise sat i bakgrunnen og var absolutt ikkje i storform. Lungebetennelse er ikkje å spøke med. Scotty er flott å sjå på, men han syns jo at det meste rundt seg er meir spennande enn det han skal gjere. Men han greidde sakene sine bra. Fekk kommentar om at det var "mye" hund. Og som Anne Lise sa: "Det er sant, eg fekk mykje hund for pengane".

Faya har mista det meste av pelsen og er nok ikkje på sitt vakraste i dag, men ho var tydeleg utstillingstrent. Stod fint, gjorde alt ho skulle. Til og med tannvisinga gjekk perfekt. Silje og eg var jo "objektive" observatørar og vi syns jamen at Faya var blant dei finaste til og med utan pels. Eit par av dei som kom øverst var jo nesten litt tjukke. Men ingen ville høyre på oss. Og vi konkluderte vel med at vi forstod lite av kva dei såg etter.

Det var eit eige studium bare det å sjå på deltakarane. Ikkje alle hundane er trente positivt og det viste i blant. Ein hund kraup til og med då eigaren bøygde seg ned for å ta henne opp. Men mange flotte var å sjå. Det var mest liv i "flat"ringen. Kanskje eigarane er like entusiastiske som hundane? Eg såg lys flatcoated retriever for første gong. Den var heilt ekta, men dei hadde ikkje lov å stille han ut. Skikkeleg fin var han ( eller ho). Flatcoated i kroppen og mørk golden i fargen.

Då våre kandidatar var ferdige for dagen, gjekk eg ut til ein eg hadde dårleg samvit for - Ekko. For å rette det litt opp hadde eg kjøpt eit lite IQ-spel til han.

Men før vi prøvde IQen, blei det ein liten tur og litt trening. Vi trente på fri ved fot. Det gjekk ganske bra. Vending til venstre er heilt bak mål, men han gjekk fint og hadde god kontakt. Han sette seg kvar gong eg stoppa. Bra!
På plass går òg fint, men han har nokre skeive sitt i blant. Det same er dekk. Då syns han at eg bør halde meg på plass så han legg ein labb over foten min. Innkalling frå sitt gjekk fint. Tok samstundes nokre økter der han fekk lausbittet på veg inn på plass. Tar det villig og held det til eg seier takk. For å vere innom det meste, tok vi òg ein bolk der eg rygga og hadde den berømmelege ballen på ryggen. Eg gav ingen kommando. Han gjorde holdt når han ville. Og dei var fine.

Vi avslutta med leik og litt avlevering av gjenstandar i handa. Sola skein og eg var strålande nøgd med treningsøkta.

mandag 10. mars 2008

Eg har fått ny ball!.. og så har eg trent litt

Det har vore ei travel helg syns matmor. Det syns ikkje eg. Vi har vore på kurs. Arne i Siddis hundeskole skulle lære henne å vere medhjelpar på atferdskursa han har. Så skulle dei heldigvis øve litt. Eg trudde eg skulle bli verande i den der bilen i to dagar. Det er ikkje det kjekkaste eg veit akkurat. Då eg kom ut, tok eg dei for meg, lente meg inntil og jammen fostod dei at det var kos eg ville ha. Masse kos.

Eg har forresten lært noko nytt i helga. Det er folk på jobben. Frå nå av skal det bli forbode å reise på jobb utan at eg er med - i alle fall i helgene -. Mor syntes så synd på meg som måtte bu så mykje i bilen (ho skulle jobbe etter treninga) at eg fekk bli med inn. Og der var det jo fleire som kunne kose med meg. Eg kunne snuse litt og så fekk eg litt tid til å sjekke forholda rundt i kring. Og takk til den som hadde lagt igjen maten sin på eit fat. Litt tørt var det, men kjempegodt smakte det. Trur øverstkommanderande begynte å tenkje på at eg kanskje skulle trene på å vere på jobb og ligge i ro. Ja til det første og tja til det siste. Det kan nok ta litt tid og 1000 godbitar å trene det inn.

Men til viktigare saker:
Faya sjå ka eg har? Heilt lik ballen din bare litt større. Det passar jo sidan eg er litt større enn deg. Vi fann han på dyrebutikken ved IKEA slik som Elisabeth sa. Eg har brukt han på trening i dag. Heilt topp! Vi trente stå under marsj med den.

Elles trente vi på rygging. Eg syns det er nok med 4-5 skritt. Ingen vits i å overdrive. Men det er vi visst ikkje heilt einig om. Vi trente òg på fri ved fot. Eg er blitt ganske god, men nokon må lære matmor å snu mot venstre. Det blei bare tull. Men mot høgre og å setje meg kvar gong ho stoppar, gjekk fint.

Eg blei sur på sjefen i dag. Ho leika med Pia mens eg sat i bilen. Sånt skulle ikkje vere lovleg. Ho skal leike med MEG. Heldigvis gjekk det opp for henne at vi hadde leika for lite så på slutten blei det Kvakki ei stund og drakamp med kong ei stund. Eg vil ha ei økt med leik kvar gong!

Til alle som lurte på koss Kvakki ser ut, her er han:

fredag 18. januar 2008

Innlæring av apport

På treninga med Siddis hundeskole denne torsdagen skulle vi lære hundane å gripe apporten og halde på den. Det er visst mange som slit med det. Hm. Ekko er visst ein typisk retriever for det er ikkje det å gripe og halde den som er utfordringa. Nei, vi må finpusse andre deler av øvinga. Ekko held meir enn gjerne apporten, han går òg inn i drakamp for å halde på den. Sjølve framgangsmåten for å lære det, har Gro skrive så bra i bloggen sin så for dei som vil vite meir om det, trykk her. Eg konsenterer meg om det delmomentet Ekko må fokusere på, nemleg å levere ved ordet "Takk".

Eg avlærte han det då det viste seg at eg hadde lært han at når eg tok fram handa skulle han levere. I lang tid har vi heller trent på at han skal halde på apporten om eg kjem fram med mat, drar i den, dunkar i den osv. For han er "klikk" signalet på at han kan sleppe. Det kan det jo ikkje vere alltid, så no er det tid for å få inn kommandoen.
Eg har trent med leiker og andre ting enn apportbukken/ lausbittet fordi han skulle få vekk fokuset på tingen og over på oppgåva. Vi testa ut det å halde fast først. Den første tingen eg brukte (bein av skinn m/knutar) var passe interessant å halde på. Den kunne eg visst få gratis. Men etterkvart forstod han at eg ikkje hadde så veldig lyst på den, men at eg heller ville ha litt drakamp. Då tente han. Han holdt fast: eg drog, eg dunka, eg vifta med armane.... Då eg tok på gjenstanden og sa takk, slapp han. Flink gut! Testa ikkje om han var like konsentrert viss eg fann fram maten. Det har eg testa i andre samanhengar, så det får eg ta som repetisjon.

Han plukker opp apporten, men eg skal ha kort avstand for å få sikker levering. Det blir det neste treningsmomentet mitt.

Elles har vi leika. Han elskar drakamp. Eg har lyst til å bruke det i runderinga i morgon (viss ikkje den ventande stormen kjem og tar oss...) og måtte sjekke om han greier å slutte leiken når folk ber om det. Eg får ikkje heilt til det med å bli passiv. Han oppfattar det ikkje og eg slit med å få det til når 50 kg vil dra. Vi skal nok øve på det òg, men i mellomtida fungerer i alle fall ordet "Takk".

Det siste vi trente på på torsdag, var target med fingen. Han følger gjerne den, men blir ikkje med på overføringa. Så her har eg ei utfordring til.

torsdag 6. desember 2007

Fri ved fot 2

Vi har vore på trening i dag òg. Og det blei meir fri ved fot. Eg går ganske mange skritt og ser opp på herskarinna i heimen. I dag har dei byrja å pirke. Ikkje nok med at eg skulle sjå opp, men eg skulle gå beint òg. Og når Kari var med som assistent, la dei merke til både det eine og det andre: Eg gjekk skeivt, eg hadde ein tendens til å ta eit ekstra blikk mot handa på ryggen og gå mot den osv. Så det endte med at mor gjekk bakover, eg gjekk framover og stirde på henne, og Kari stirde på meg. Litt av ein gjeng! Mor konsentrerte seg om kontakten, Kari klikte når eg gjekk beint. Effektivt. Og premien var mange gonger at eg fekk leike! Kjempekjekt! Eg begynte å trø matmor på beina i iveren etter leika i ein periode. Likte den varianten ( kanskje det er den måten ho skal slanke meg?...).
Leiken blei avslutta med at mor skulle bli passiv. Det er ikkje lett når eg vil ha drakamp. Men Karin meinte at viss dei tobeinte greidde å få litt av leika mellom beina, ville vi firbeinte forstå at det er slutt på leiken. Til vanleg er eg ganske skarp, men eg trengte tid på den. Eg drog så matmor nesten gjekk ned i kneståande. Men etterkvart skjønte eg teikninga. Ikkje kan ho bruke det til slankekur heller, for eg fekk godbit for å sleppe (voff, voff). Eg blei faktisk ganske trøytt etter eit par økter med dette, hardt å nistirre på tobeinte.

I dag sendte Morten i Canis ut ny blogg. Den var visst midt i blinken for oss som skal lære bringkobbel. Så no skal det lesast litt før runderinga på laurdag. Ikkje det at eg er klar til å begynne med kobbelet enno. Eg har det førebels bare som pynt rundt halsen. Ganske stilig.