fredag 30. november 2007

Doggie-Zen

Ja så måtte eg til pers og trene litt meir på denne Doggie-Zenen som eg ikkje likte. Eg trudde instruktør Karin og eg var gode vener, men dei to siste torsdagane har ho slått til med heilt teite ting. Ho burde skjerpe seg. Først var det å sitje mens eg gjekk og no dette her. Det første gjekk forresten ganske greit når eg bare fekk sove på det eit par dagar. Men dette her. Matmor seier det er kjempegod fokustrening.
Vi har altså øvd i bitte litt til idag, men eg trur at mor ville hatt hjelpar for det hadde utfordra meir. Så på måndag, folkens, må de nok i gang.
I dag har vi øvd på dette viset:
Eg sit framfor matmor, ho har godbitar på ryggen. Fram kjem det ei hand som luktar godt. Sjølvsagt ser eg etter handa. Då forsvinn ho. Så må eg stirre på matmor igjen, handa kjem fram igjen og eg kastar meg mot maten, men ho var raskare. Eg tok ein kjapp på plass - det plar bli suksess og godbitar. Og når sant skal seiast var dette ein av dei beste og kjappaste på plass eg har imponert med på lenge, men hjelpte det? Ho overser meg og stiller seg istaden framfor meg. Eg ser henne djupt inn i augene. Der kjem handa, eg kjenner musklane er klare og leer litt på pupillen, men greier å holde fokus. Og jippi! Endeleg er maten min! Dette greier eg faktisk opp til fleire gonger, men då må eg ha pause for dette er krevjande hjernearbeid.

I morgon er det runderingstrening. Det er mykje kjekkare enn dette tullet her. Kva er eigentleg poenget? Fokustrening liksom. Eg blei heilt tussete i hovudet av det eg. Men eg skal vise Karin eg. Viss ho trur ho skal psyke meg ut med alle desse dumme oppgåvene, må ho tru om igjen. Eg skal nok få det til. Så lett slepp ho ikkje unna. Men Karin - er det sant at du har sagt at vi skal trene på dekk mens vi går òg? Ka blir det neste??

Vi har forresten sett på ein filmsnutt om klasse 1 i lydnad. Den hunden var flink. Kan eg verkeleg kome dit? Filmen finn du her. Faya er flink til å gå og sjå på føraren. Eg liker ikkje det. Eg vil sjå på alt rundt meg. Men så har ikkje matmor trent på det heller då. Eg er klar for trening mange timar til dagen eg, men ho heng etter gett.

torsdag 29. november 2007

Avspaseringen er over


Men du og du kor deilig den var..... Litt travelt å ha så mange menneske eg skal passe på, mange som roper "Ligg!" kan nå enn det er. Trur det har med mat å gjere for det var stadig eit slikt rop viss eg var i nærleiken av bordet. Er det noko godt dei et?


Eg måtte sjekke mange etasjar før eg kunne legge meg til ro om kvelden, pluss at eg kjente eit behov for å ta ein ekstra runde i løpet av natta. Blei litt sliten av det, men ka gjer det når avspasering betyr at ei av menneskesengene var i passande hundehøgde?
I dag har eg vore på trening og øvd på doggie-zen. Eg syns til vanleg at dette er superkjekt, men denne varianten var bare frustrerande. Må la den synke ned og kanskje tillate litt trening på den i morgon før eg skriv om denne terginga som eg syns det var.

mandag 26. november 2007

Grunnferdigheiter

I dag har det vore fantastisk vintervér. Snø er spennande. Eg måtte ut for å spise, snuse og leike. Eg trur luktene er ekstra sterke i sånt vér.

Eg har oppnådd mange av måla mine for denne veka allereie: Matmor har laga kjempegode godbitar, eg har fått ein del, men sjølvsagt ikkje nok. Eg har fått henne med på fotballkamp og leike i snøen. Det har vore lite doggie-zen, men veka er lang.

Matmor sine mål er det litt skralare med om eg skal seie det eg meiner.
Nr 1. Fokus - her er eg med
Nr 2. Eg imponerte henne med å hugse alt frå treninga på torsdag. Sette meg stadig vekk medan ho rygga og eg gjekk framover. Nå kan ho krysse av på godt i gang på punkt 3.2 i skjemaet for grunnferdigheiter.
Nr 3. Gå i band. Her gjer eg det vanskeleg for henne. Eg har det så travelt, må fort fram. Og når eg veg ein del kilo, skjønar eg at det er ei utfordring for henne. Men førebels har ho ikkje funne nøkkelen til å få meg til å forstå at vi alltid går med slakt band. Og eg er ikkje imponert over metodane hennar, få av dei ville eg påstå er klikkarvenlege. Ho byrjar alltid med å stoppe når eg dreg, gje frå seg ein grei lyd og eg plar slakke litt. Men ikkje alltid. Når freistingane blir for store, fiksar eg ikkje det. Og då blir det fort at ho dreg meg bakover, og av og til kjem det noe i røysta hennar som fortel at ho er lei seg. Det er dumt, men eg greier liksom ikkje å la det vere. Er det noen som har tips til matmor eller meg? Skriv ein kommentar ( sjå nedanfor).
Nr 4. Eg har gått forbi få hundar i dag. Det gjekk godt, men ein gong fekk matmor panikk. Eg fann holet i gjerdet og kom meg ut for å helse. Eg var på eit treningsområde matmor trudde ho hadde kontroll over, men eg visste om eit hol i gjerdet ho ikkje visste om. Då fekk eg gjort det tydeleg for henne at innkallingstrening må det meir til av. Eg såg panikken i augo hennar, men ho greidde å lokke meg inn igjen. Utan at eg fekk gjort utfall. Godt var det.
Nr 5. Tja "sitt" har det vore lite mas om. Litt "På plass", litt "Dekk", men du og du for eit mas på "stå" og "stopp". Vi har vore på skogstur med mange små bekkar og liknande vi måtte hoppe over. Og eg låg jo først i løypa og hoppa. Då brølte ho stopp. For ho er jo ei sinka, ho hoppa jo ikkje når eg gjorde det. Men eg stoppa stadig vekk eg, så eg trur ho blei passe nøgd. Det var forresten kjekkare når ho hoppa først og ropte "hopp" rett etterpå eller samtidig med at ho hoppa.
Nr 6. Innkalling, sjå over
Nr 7. Viss dette er treningslogg, så ja, men ikkje viss det skulle vere i boka.....

Elles har matmor tenkt mykje på at vi ikkje må gløyme å trene på grunnferdigheitene i vår iver etter å få til dei ulike øvingane i klasse 1. Eg trur eg er einig med henne. Det er ganske kjekt når ho blir imponert over det eg får til, og det er jo lettare når vi held på med noko eg kan litt og må justere litt. Men vi skal nok greie alle øvingane i klasse 1. Men om vi tør stille på konkurranse..... tja vi får sjå. Eg trur ho har lese ein artikkel som konkurransetrening, som minna henne på det ho faktisk meiner er viktig. Vil du lese den du òg, trykk her. Alle artiklane ho viser til, finn du òg under artiklar i høgre marg ( i tillegg til at du kan trykke på dei undervegs i innlegget).

Sidan eg gjorde det så bra på sitt under marsj baklengs, trur eg ho utvider med sitt på avstand. Vi får sjå om den går like bra.

søndag 25. november 2007

Treningsplan veke 48


Ei ny veke står for døra og med den store planar for treninga. Matmor har avspasering - det betyr at vi kan trene mens det er lyst ute og at ho kan utsette litt jobb til det blir mørkt. Eg trudde at avspasering var at vi gjorde det vi hadde mest lyst til heile dagen? Men det betyr i alle fall at ho ikkje skal avgarde på jobb og la meg vere aleine heime i mange timar. Så for meg kan ho kalle det ka ho vil, bare vi er i lag mesteparten av dagen.

Matmor har sine mål, og eg har mine:

Matmor sine:
  1. Fokus

  2. Sitt under marsj baklengs

  3. Gå finare i band

  4. Gå forbi andre hundar ( med avstand) utan utfall

  5. La kommandoane sitt og dekk få pause.

  6. Innkalling

  7. Føre treningslogg

Altfor mange mål meiner eg. Her er mine:

  1. Matmor har kjempegode godbitar

  2. Eg får ofte smake på dei

  3. Eg får leike - ofte

  4. At ho bruker Doggie-zen på treninga for det er tøft syns eg

torsdag 22. november 2007

Vi satt mens vi gjekk

Merkelege greier på kurset i dag. Eg er litt usikker på ka matmor ville, men eg fekk i alle fall godbitar viss eg sette meg mens vi gjekk. Det skulle skje utan kommando. Strevde litt med den der, gett. Men tok sakte teikninga. Eg får skulda på plaskregn og vind. Mor sa at det var kurssjefen som sa at vi skulle trene på det og då går eg ut frå at det var nyttig. Stoler meir på henne enn på mor når det gjeld smarte treningstips.

Men over til viktigare saker. Godbitane mine! Skjønte du likte dei Skotti. Til dei tobeinte: Ta ein pakke grillpølser (eller andre). Kutt opp i terningar. Matmor delte kvar pølse på langs i fire og kutta deretter i små terningar. Legg alt på eit steikebrett ( bruk gjerne bakepapir), dryss kvitlaukspulver over ( det gjer susen, syns eg). Inn i omnen. Den skal vere 250 grader. Steik i ein halvtime sånn cirka, så set den tobeinte ein rørepinne eller noko anna i omnsdøra slik at godluktene kjem ut og plagar livet av deg. Samtidig skrur ho omnen ned til ca 80 grader. Så lot matmor meg pinast i ca 45 minutt til før ho skrudde av omnen ( først sjekka om dei verkar tørre) og lot alle godsakene ligge i omnen med døra på gløtt til dei var avkjølte. Forstår de at eg grein? Det var lenge å ligge framfor omnen og vente på å få smake.

onsdag 21. november 2007

Lite bakpart, mykje godbitlukt

Matmor drog meg optimistisk ut på tur. Her skulle vi trene langs vegen. Men ho gløymte å sjekke veret. Etter 10 minutt plaskregna det og ho hadde ikkje regntøy. Det blei ein våt spasertur ( men lang - ho skal ha den).

Vel innomhus blei det litt bakpart. Eg rygga og ho gjekk der med ein ball på ryggen. Ganske kjekt for ho kasta den ofte. Elles strever ho med ein lang artikkel på svensk om bakdelskontroll . Det blir lenge til ho forstår den, så eg kan slappe av.

Litt "på plass" har det òg vore. Kvifor ho alltid stiller seg nokre centimeter frå veggen, er ei gåte, men det har visst med bakparten å gjere det òg.

Matmor har tørka pølser i steikeomnen og det har utfordra meg enormt, så mest tid i dag har eg brukt på eigentrening.
Måla var:
1. Få matmor på kjøkkenet.
2. Få henne til å lukke omnsdøra heilt opp.
3. Få henne til å ta ut nokre godbitar og gje dei til meg.

Eg begynte med å ligge fint ved steikeomnen. Virka ikkje - ho gjekk på arbeidsrommet.
Forsøk 2: eg stod i kjøkkendøra og klynka. Virka ikkje - ho blei sur
Forsøk 3: eg grein litt. Virka litt - ho reiste seg frå stolen og kom ut for å sjå. Men gjekk igjen
Forsøk 4: eg spring inn på arbeidsrommet, legg hovudet på bordet og ser bedande på henne. Eg er søt seier ho. Som om det var målet?!
Forsøk 5: Eg spring att og fram mellom arbeidsrommet og kjøkkenet. Trur dette virka for ho reiser seg og går ut på kjøkkenet, opnar opp og tar ut nokre pølsebitar. Å du og du for ei lukt! Pølser med kvitlaukssmak!

... eg blei lurt. Det viste seg å vere starten på harde forhandlingar. Eg drog fram den eine kunsten etter den andre: Sitt, dekk, hovud på skakke, bjeff, kyss.... Ho drog fram kloklipptanga. Går det ann å vere så rå?! Ho veit eg hatar dette. Eg såg lenge på ho, men innsåg at slaget var tapt og stakk fram ein labb. Javel så vann ho, men eg holdt igjen nokre klør. Ho skulle ikkje få det så lett. Ingen klør bak, flest på høgre labb og pølsebitar bare eg låg i ro når ho kom bort i venstre labb, blei forhandlingsresultatet.
Pølsene var kjempegode. Eg gler meg til kurset i morgon. Satsar på mange godbitar då. Lurer på ka vi skal lære denne gongen..

tirsdag 20. november 2007

Trening for nærmaste framtid


Matmor har blitt så merksam på at eg viftar med rompa akkurat som det passar meg, så no blir det å gå langs vegg og gjerde ( det er kjedeleg det) til ho blir nøgd. Så var det visst tannvising og vendingar som ikkje heller var perfekt. Men vi startar med bakparten. I morgon.
I mellomtida får de bare beundre meg.
Det heiter forresten ikkje medhjelpar, men figuranthund.

Nå er vi i gang

Det var Thelma som gjorde utslaget. Så fin side som ho hadde. Eg var jo bare imponert. Og her hadde vi gått og tenkt på å skrive treningsblogg lenge, men ingenting blei gjort.

Planen er at vi skal få til å skrive litt om gleder og sorger i treninga. Og ikkje minst om det vi lærer undervegs. Det skal vere Ekko sin blogg, men sånne skriveglade matmødre plar jo blande seg inn...

I dag skal vi vere medhjelparar på problematferdstrening. Hundar som slit litt, blir fort litt skjelvne når dei treffer meg så stor og flott som eg er. Dei skulle bare visst, ja ja dei får forresten av og til vite det og. Eg greier ikkje alltid å vere like roleg. Må liksom bare fyke ut og angripe litt.. Matmor blir forferdeleg lei seg. Eg ser det, men greier eg å la vere... av og til i alle fall. Matmor trur at det å trene og trene på det, vil gjere meg tryggare. Eg trur det eg òg. Bare vent - ein vakker dag. Då fiksar eg alle ukjente hundar, trur eg....