søndag 22. april 2012

Runderingskurs med kremhundar

Lena og Ludo
Bruksgruppa i retrieverklubben inviterte til runderingskurs med Gro og med som instruktørar. Det har vore fleire runderingskurs i området i det siste så vi var spente på kor mange som var interesserte.
Roar og Felix
Vi endte opp med to golden og ein parson russell terrier. Saman med eigarane gav dei oss ei flott helg i Skjævelandsskogen.

Først var det litt teori i sola, så var det sosialiseringsringen. Alle hundane ville leike, men nokre ville meir enn andre. Og ilderen til Gro var superpopulær. Særleg hjå Torkjel. Han ville eigentleg ikkje forlate figurant som hadde så kjekk ei leike. Vi bytta til og med figurant med same leika. Det var tydeleg at dette ikkje handla om figuranten, men leika. Anders må bare ut å handle.

Oj! Kor blei den der leika av? Anders og Ludo
Ekko viste flying og enkeltslag med melding. Så var det å hive seg i det. Alle tre hundane tok flying på ein-to-tre. Enkeltslag fungerte og fint. Eit par er meir van med at dei ikkje spring frå mor/far sjølv om det kjem lyd og liknande frå skogen. Då dei skjønte teikninga, var det ikkje vanskeleg å få dei ut.

Dei fekk prøvd synlege figurantar, skjulte figurantar, lydpåverknad, synspåverknad og fert.

I dag fekk alle prøvd seg på oververssøk. Vi starta med god vind, men regnet kom og vinden blei laber. Den skifta retning, men hundane fiksa det. Alle markerte tydeleg og gjorde flotte funn.

Eg er så klar...
No er det bare å kome seg opp på laurdagane og stille på trening. Treningsplassane og ansvar finn de her.
Torkjel var ein sputnik på fart.
Eg greidde faktisk ikkje å få eit godt bilete av han, men her fyk han forbi.

mandag 16. april 2012

Trø matmor på foten


I kveld var det første kurskveld i aktivitetskurset vi i bruks har sett i gang. Instruktør er Ghita Fossum.

Først skulle vi begynne på eit triks slik at Ghita kunne sjå korleis vi lærte inn ei øving og korleis vi premierte rett atferd.
Siste delen var lydnadsøving.

Gry og eg jobba i hop. Silja skulle lære 8-tal. Det tok litt tid før det gjekk opp for oss at det var slalom vi dreiv på med. Men etterkvart var vi inne på det. Silja er jo kjempeivrig. 

Eg hadde fått ein fiks idé om at eg skulle lære Ekko å stå på føtene mine. Ein del frustrasjon blei det, men jammen kom labben etterkvart ganske ofte. Han ville helst ta sin venstre på min venstre, men tok teikninga sakte, men sikkert. Var glad eg hadde tjukk dress på meg for labben starta langt oppe på leggen i blant. Målet er å få han til å stå med begge beina på føtene mine og så skal eg gå framover og bakover.... Vi får no sjå kor langt eg kjem. 

Siste del var lydnad. Eg ville jobbe med stå. Dvs at vi går og han får kommandoen stå og eg går vidare. Gjekk tilbake til start. Der eg går føre og han kjem etter. Det funka flott med avstandsbelønning så eg kunne gå fort over til neste steg.

Nå er det bare å trene, særleg på trikset til neste gong. Kjekt å ha eit mål igjen.

lørdag 14. april 2012

Effektiv treningsøkt

I dag var det kun Lise &Scott og Gry &Silja som skulle trene på Sviland i dag. Vi var einige om å ta to korte økter i staden for ei lang. Det viste seg å vere kjempebra for alle tre hundane. Dei arbeidde effektivt, ivrig og godt.

1.økt.
Ekko fekk flying med vekt på fart og passeringar. Farten var god heilt til han han hadde eit ærend inntil eit tre. Han såg direkte på figuranten, men måtte bare så voldsomt på do... Sprang deretter til figurant.
Passeringane er svært fine. Dei er tett med meg. Og i dag var han svært ivrig etter å kome seg over på andre sida.

2.økt.
3 gode meldeøkter. Deretter fleire rett i leik, eller det blei godbit for han var sliten der han måtte spring opp og ned fjellsida. Tunga hang langt ute, men iveren var stor.

Vi stoppa etter det. Det var kjempekjekt å sjå kor ivrige alle tre hundane var i dag. Og kor konsentrert dei jobba.
Silja trener på full melding.

Scott trener på siste del av meldinga

mandag 9. april 2012

Påsketur

Eg er først. Komme dokke?

Vakkert landskap
 Langfredag hadde vi planlagt ein fin påsketur til Reinaknuten i solskinnet. Då vi parkerte, fekk vi oss ei overrasking: Det låg 5-6cm nysnø i fjellet. Men vi gjer oss ikkje så lett. Det var lett å sjå at vi var først ute på tur denne dagen. Ingen spor. Ekko fekk lov til å springe og kose seg. Vi andre hadde nok med å finne løypa.
utsyn mot havet
Sola skein og dagen var flott. Då vi hadde vandra ein times tid, fann vi oss ei solhole og slo oss ned.  Vi trudde vi eigde heile fjellet aleine, men jammen dukka det opp fleire folk som ville ut i solskinnet og som lo av snøen og vandra i veg.
Det flotte med denne turen er at det er utsyn mest heile tida. Vi gjekk ikkje til topps denne gongen, men hadde ein flott tur ute i fleire timar,
Løypa er merka. 
Det kan jo hende det er noko spennande under snøen...

torsdag 5. april 2012

Påskespor

Vi har trent innimellom. Mellom anna litt spor, men eg har gløymt å skrive om det. Ja, ja, her kjem i alle fall gårsdagen.

Ekko og eg hadde ei treningsøkt/leikeøkt på området medan sporet låg ein times tid.

Eg hadde gått eit spor på 700m, 4 gjenstandar og variert terreng. Krysse asfalt, hogstområde med det underlaget det gjev, myrlendt, tørrgras, grus og barmark.

Begynte på sporet då det var gått ein time. Det var kanskje i snauaste laget for eg såg at han hadde ein tendens til å gå ved sida av sporet. Ferten var tydlegvis der òg. Første gjenstand kom fort. Den gjekk han forbi. Han mista sporet midt i hogstfeltet, men jobba seg godt innpå igjen. Neste gjenstand blei snust på. Eg var kjapp til å skryte og premiere. Han ville helst vidare. Verka som om gjenstanden var litt forstyrrande i det kjekke sporet.

Så eit langt stykke med kryssing av grusveg, litt myr og krysse ein bekk før 3 gjenstand. Den blei tydlegare markert. Så bar det avgarde i høgt tempo. Her var det visst godt med lukt. Eg blei varm i sola og tunga til Ekko hang langt ute. Men her skulle det sporast. Fjerde gjenstand låg i bratt skråning. No var det bare å stå løpet ut. Siste utfordring var faktisk å finne premien på slutten. Eg hadde sett ein boks oppå ein haug med tømmer. Ekko snuste veldig langs bakken. tok lang tid før han sette nasen høgare. Men då var lukka der og premien gjekk ned på ein-to-tre.

Framover må eg trene meir på å markere gjenstandane.