søndag 24. april 2011

God påske!

Matmor mi styrer og regjerer, men i dag er det jammen min tur. Eg har hatt ei flott påske med folk til å kose med meg kvar dag. Lange turar har vi vore på og livet har vore akkurat sånn eg vil ha det. Turane kan du lesa om i http://www.ferdaminne.blogspot.com/ . Dei var veldig kjekke. Matmor meiner eg har sånn barnsleg julekveldfryd kvar gong vi får gjester som overnattar. Første natta vaknar eg mange gonger og etterkvart kjem eg meg ut på gangen for å finne ein sko eg kan vise matmor. Ho blir bare sur og seier eg skal sove, men kjenner ho ikkje godlukta? Eg legg meg ein liten halvtime, men så kriblar det igjen. Kanskje matmor forstår alvoret om eg kjem med ein sko til? Ikkje det, nei. Ja, ja, heldigvis har ho vett til gje seg etter ei stund.

Men så er det jo det at om vi har stått opp så er gjestene litt treige. Vente, vente... Men når dei endeleg vaknar, er det kos og tur. I love it!. Skulle hatt det slik alltid.
GOD PÅSKE ALLE GODE VENER!
Så treige dokke e!

Kjem resten av flokken snart?

På beite

Tid for eit bad

mandag 11. april 2011

Sporkurs i strålande sol

Denne helga har Gro og eg hatt med oss ein flott gjeng som ville lære seg hunden å gå spor. Først var det teori på torsdagen og så var det tid for praksis laurdag og sundag. Og for ei læringskurve på dei 3 flat-ane, 1 golden, 1 labrador og 1 storpuddel!
Dei fekk prøve korte spor, lengre spor, ulike underlag, sporkryssing, sporoppsøk osv.
To lukkelege hundar. Messi og Felix

Gro og eg delte gruppa i to slik at det skulle bli minst muleg dautid. Men litt måtte det jo bli. Hundane trengte kvile dei òg. Og det var jo ikkje dumt med pause når sola skein og selskapet triveleg.

Spirit og matmor testar ut sporfirkanten

Max fann sluttpremien

Hm. Her lukta det godt. Silja i arbeid

Messi konsentrert. Dette sporet krevde alt han hadde lært.



Fleire bilete  finn du her.
Filmsnuttar: 
Gro har sikkert fleire bilete i bloggen sin.

onsdag 6. april 2011

Triveleg trening i regn

I dag møtte bare Kari L og eg på området. Det fekk nok Evita og Ekko mykje glede av for dei fekk vere ute mykje og trene i lange periodar.

Det plaskregna heile tida så eg tok det meste etter innfallsmetoden. Det blei derfor ein del leik rundt agilitybanen. Ekko er ein reser på bommen. Vippa er visst òg ganske gøy. Særleg når eg får han til å stoppe akkurat i det han skal vippe. Då står han til vippa har kome ned og han kan spasere heilt ned. Førebels er godbiten drivkrafta.
Slalom er best å ta når han byrjar bli trøytt. Når han er ivrig tar han bare halvparten av pinnane. Ikkje lett å få med seg alt når ein er så stor :).

Så blei det litt musemattetrening og diverse stopp på kommando der eg fortset å gå medan han skal sitje, stå eller det eg elles måtte finne på.

Og så blei det tid til leik.
Her er nokre filmsnuttar frå iPhonen. Ikkje direkte proffe, men syner i alle fall ein som tok bommen med glans. Den første er då eg la godbitar på bommen. Skulle vere smart og stå på avstand å filme...
Denne er kjekken på tur over bommen. Opptatt av om matmor er med.

Ellers så har eg eit lite prosjekt på gang som eg vil reklamere for. Nemleg "Nytt liv av daude gror". Frå snø og brunt til full bløming på terrassen. Sjå oppstarten: http://www.oesterhus.net/18151184

lørdag 2. april 2011

Varm vind, ivrige hundar og god trening

I dag var vi 5 ekvipasjar i Skjævelandskogen. Gro&Maja, Gry&Silja, May Karin&Molly, Lise&Scott og eg&Ekko. Det var over 10 grader og til tider skikkeleg god vind. Hundane jobba godt på dei ulike oppgåvene dei fekk.

Første økt:
Treningsplan for Ekko: Full melding med lausbitt.

Figurantane var Gry og Gro. Ekko starta ivrig. God fart ut til figurant, hentar bittet, god fart inn og reserfart ut til premien. Ordet "Vis" er magisk, trur eg. Neste slag like godt. 3.slag byrjar han å springe rolegare inn til meg med meldinga, men første og siste del har god fart. Slik held han på til eg stoppar.
Konklusjon: Ingen problem med å halde på bittet, arbeidet med å få opp farten på strekket inn med melding må fortsetje. God fart på han på alt det resterande.

Andre økt:
Planen var å fortsetje som i første økt, men så var det den flotte vinden vi hadde... Skulle eg ta sjansen på å ha overvêrssøk med melding? Han hadde aldri gjort det, men erfaringa seier at Ekko kan ta ting på sparket.
Ok. Vi la ut 3 figurantar med god avstand. Ekko og eg gjekk. Han fekk fort fert av første. Slapp han og såg han forsvinne innover i skogen. Såg tydeleg når han slår inn på sterkt overvêr. Får beskjed om melding og går nærmare. Ropar slik at han veit kor eg er. Inn kjem Ekko med bittet. Flinke guten! Sender han på vis. Hentar han og tar han med meg igjen. Så var det å finne nr 2. Ekko ser ut som han går og snusar, men så byrjar han å bli interessert. Bare passe. Eg slepp han. Han er passe interessert på å gå. Men så ser det ut til at han innimellom får fert for då går farten opp. Og brått snur han og set opp farten. No er han sikker på at det er noko der ute. Og igjen inn med melding. Blir sendt ut på "Vis" og i fullt firsprang for å leike med Lise.

Så var det 3. May Karin. Gro ber meg la han gå laus sjølv om han ikkje verkar interessert i anna enn eit spor i bakken. Vi går sakte. Ekko vimsar og verkar fjern eit stykke framfor meg. Men så skjer det som er like fasinerande kvar gong: Brått er nasen høg og farten aukar. Her er det noko. Og der var May Karin. Hentar melding. Reagerar på walkielyd og vil tilbake til henne. Men held bittet og kjem mot meg straks eg ropar. Fin innkomst og påvisning denne gongen òg.

Eg er skikkeleg nøgd med begge rundane. Det er visst bajasen òg for han har stort sett sove det meste av tida etter at vi kom heim. Deilig for oss begge :).

På Skjæveland har mauren begynt å bygge hus så det går mot slutten av sesongen for oss tobeinte her, men det gjekk fint i dag.

fredag 1. april 2011

Endeleg onsdagstrening

Ja, endeleg var vi på området ein onsdagskveld saman med andre i bruks. Ekko var i storform. Endeleg trening på skikkeleg vis.
Eg hadde 2 mål: trening på bli på kommando og meldetrening.

1. Bli-kommandoen
Eg tok med meg 4 kjegler og stilte dei opp slik det blei ein firkant. Ekko og eg gjekk fot rundt. Så gav eg han kommandoen "Sitt". Då skal han sitje til eg er tilbake frå min runde rundt firkanten. Han sat. Slik fortsatte det med "sitt", "Dekk", "Stå" i fleire omganger. Ekko var kjempeflink. Vi skal øve på at han ligg og står i retningen. Han er veldig på skeiva, men det hadde eg ikkje fokus på. Han tok kommandoen og låg i ro.

2. Meldetrening.
Etter kurset med Tone har eg tenkt at eg skal gå eit trinn tilbake på treninga på lausbittmelding. Likar ikkje farten han har frå figurant og inn. Altså trente vi på det. Gro er perfekt figurant. Ho får fram skikkeleg iver i leiken. Ekko blei heilt gira. Stor fart ut, ok fart inn og ekspress fart tilbake til Gro :). Gode økter. Her er artikkel om innlæring av bringkobbelmelding

3. Agilityhund?
Bonus i kveld var litt trening på agilitybanen. Skulle prøve han på å gå opp stigen, så bortover flata og ned igjen. Ka var problemet, sa Ekko og gjorde det utan at det trengtes trening. Han tok til og med vippa. Eg burde ha stoppa han før sjølve vippet, men han var så snar. Må trene på den. Kjempegøy. Kanskje han er agilityhund i tillegg til brukshund? Godguten.

Når vi ikkje trener så er han på jobb i kontrolltårnet eller koser seg i heimen:
Full kontroll

Er det nye folk som går der?

Morgonkos er tingen. Koffor må matmor på jobb?