lørdag 31. januar 2009

Spor og trening i skinnande sol.

I dag blei det den store treningsdagen. Godt det var ein vakker vinterdag. Temperaturen låg under null i skuggen, men i sola var det deilig!

Marit og Jan Inge var i Melsheia i går kl 13 for å legge blodspor til Punky. Og samstundes la dei eitt til Ekko. Eg var spent kl 915 då vi skulle gå eit blodspor som hadde godgjort seg i 20 timar i frosten. Dette hadde vi aldri gjort før. Dei få blodspora han har gått før, har ikkje vore eldre enn eit par timar.

Men her var det ein hund som visste ka jobben gjekk ut på. Eg viste han starten og etter det gjekk han kjempefint. Hadde eit par svingar feil, men tok seg kjapt inn. Sporet hadde avhopp og sårleie. Han stoppa fint ved sårleiet og snuste ekstra. Og stor fryd då han fann skanken.

Vi var delt i to grupper i dag. Gruppa mi var Marit, Jan Inge, Silje og meg. Vi var veldig effektive. Punky gjekk eit lang blodspor, Pia fekk prøve Punky sitt. Ho har aldri gått blodspor så det kan vere like mykje Punky sine fotefar ho gjekk i, men fryden var visst stor for det.

Neste spor var ID-spor. Hundane burde vore filma. Dei er heilt yre av iver etter å kome i gang. Ekko skulle gå med bjølle på ryggen for første gong. Det brydde han seg ikkje om. Marit var det falske sporet. Ho stod ute i løypa. Ekko lukta kort på votten til Jan Inge. Han gjekk fort, men såg Marit og sprang lukkeleg bort. Då han ikkje fekk respons, var det tilbake på sporet igjen. No var han ikkje i tvil om kor han skulle. Eg strevde med å følge alle svingane i det tette terrenget. Han går ganske fort. Registrerte at det ikkje var overvèr han brukte. Nasen var i bakken (litt over). Jan Inge blei funnen til stor glede for finnaren! Eit veldig godt utført ID-spor. Hadde sjølsagt gløymt GPSen.
Vi diskuterte i pausen at vi må tenke ut utfordringar i sporet slik at det ikkje blir at dei går på rutinen i staden for lukta. Til dømes så går ofte det falske sporet til venstre og det rette vidare rett fram. Det må ikkje bli til fast rutine.

----
Klokka 13 skulle instruktørane på Siddis hundeskole samle seg for å trene og gje kvarandre råd.
Eg fekk eit tips om kassetreninga til Ekko (trikset vårt). Skal skrive om det når eg har prøvd det ut.

Vi starta med fellesdekk. Faya, Ekko, Punky, Mikkel og Robin. Gjekk veldig bra. Ekko la seg skeivt, men det retta eg ikkje i dag. Første gongen eg kom opp på sida av han, sette han seg opp. Eg premierte ikkje, gjentok bare prosessen og no venta han til kommandoen kom.

Etter det delte vi oss. Eg arbeidde med Elisabeth. Faya trente på dekk der haka skal vere i bakken mellom beina. Ganske stilig. Nederst er det ein filmsnutt av treninga på akkurat det.

Ekko trente på stå og på å ligge med store forstyrringar. Gjekk tilbake til å vente ut stå-en. Han stoppar, men har blitt premiert veldig fort så eg blei påminna at eg må vente han ut litt.

På dekk (bli liggande) frista vi han med tennisballen. Den var ikkje bare lett. No begynte nok både eg og hunden å bli trøytte.

Her har vi dei andre (Arne og Mikkel, Marit, Punky og Christin og til slutt Robin):












Faya trener dekk med haka i bakken:



Nå søv Ekko under skrivebordet. Ikkje akkurat til å undrast over.

fredag 30. januar 2009

Utfordring

Eg les opp til fleire svenske bloggar.Dei har av og til ei utfordring til kvarandre som ikkje krev at du trener hunden. No har eg lyst til å stele ein idè av dei, gjere nokre endringar på den og utfordre nokre av dykk.

Her er oppgåva:
  1. (På datamaskinen). Opne mappa "Mine bilder" (eller ka namnet på den mappa som du har bileta i, heiter)

  2. Her har du truleg mange mapper (eller er alle bileta utan mapper?). Opne den 4. mappa

  3. Finn det fjerde bilete i denne mappa

  4. Legg det ut på bloggen din og skriv om det.

  5. Inviter fire til å vere med på utfordringen. Lenk til dei i bloggen din og la dei få vite at dei er utfordra.

PS. Er dette bilete eit personleg du ikkje vil dele med nokon, så bruk fornuften og ta eit av dei andre. Vi veit jo ikkje at du tok bilete fem i staden ;).

Eg har lagt dei fleste av bileta mine over på ein eigen harddisk, så når eg opnar "Mine bilder" er det fjoråret som kjem opp. Og det bilete som var i 4.mappe var dette:

Trur tittelen bør vere: "mannekraft vs hundekraft". Vi er på fjelltur sommaren 2008 og her er to som ikkje syns dei treng å puste ut i pausen. Eg trur den tobeinte blei overraska over kreftene til den firbeinte.

Eg utfordrar Elisabeth, Gro L., Marit og Anne. Og håper de tek utfordringa!

Fellesdekk

Etter kurs for kvelpar torsdagskvelden, bar det til OD og trening for Ekko. Her var heldigvis Gro, Silje, Kari L og Torhild enno. Dei trente eigne hundar så det var bare å ta ut Ekko og setje igang.

Eg tok fleire repetisjonar på stå. brukte den store pipeballen. Han er kjempeflink til å levere den tilbake for tida så det er fryd å trene med den. Fekk mange flotte stå. Bruker både kommando og premierer kontante stå han tilbyr. Neste er stimuluskontroll.

Den økta eg var mest nøgd med, var fellesdekk (aleine). Eg sprang rundt han med ballen, dabba den og styrte på. Det var ikkje alltid han greidde seg, men han tok seg godt inn. Så gjekk eg tom for godbitar. Ka gjer ein då? Jo, legg det inn i treninga. Får han i dekk, går til bilen (med eit auga på han), hentar fleire godbitar og går tilbake. Og Ekko låg som ein gud. Eit stykke i frå han var Timmy og Era ute, men han låg stille. Eg er imponert! Eg må finne fleire utfordringar slik at denne blir bankers i selskapslivet òg ;)

torsdag 29. januar 2009

Hund i kasse

Eg har lyst å bli flinkare til å shape fram atferder og har gitt meg sjøl ei utfordring. Få hunden til å setje alle beina i kassen. Med dei labbane han har, er det ikkje aktuelt med fire labbar i matskåla :). Så altså skal dei i ein kasse. Det har no enda opp med at eg sit på datarommet og grublar og Ekko ligg ved sida av kassen og syns eg er dum som ikkje vil trene meir. Men eg treng hjelp. Han tok kjapt begge frambeina oppi kassen, men gjett ka som kom etter det? Akkurat - rygging inn til sida mi (klosse eller kasse same det, tenkte han vel). Og når eg ikkje premierte det, så blei det mykje frustrasjon. Eg premierte frambeina oppi fleire gonger, men koss eg skal få han til å gjere eit forsøk med bakbeina, er ei gåte. Eg tar med glede imot tips.

Eg skreiv tidlegare om at han hadde begynt å hoppe ved kommandoen stå og ta eit steg framover. Det var jo eg som skapte feilen (brukte leverpostei som premie og den måtte han fram for å hente). No har vi drilla her heime i stova. Med tennisball som premie. Det gjorde susen. Han står som ei søyle og ventar. Ballen kastar eg bak han. Bonus er at han kjem inn med ballen kvar gong :). Så midt i frustrasjonen over baklabbane, koser vi oss med gode "stå".

tirsdag 27. januar 2009

Grunnferdigheiter

Eg får av og til spørsmålet om eg kan sende grunnferdigheitsskjemaet til Canis om igjen for folk har gløymt å lagre det/ har mista det. No har eg lagt det inn under gode artiklar. Og vil du har det med ein gong, sjekk her.

Shaping. Og litt om treninga i går

Eg må innrømme at då Fanny la ut tilbod om shapingkurs på Facebook, tenkte eg meg om to gonger. Men konkluderte med at Stockholm var vel langt borte og lommeboka var tom. Eg skulle så gjerne hatt eit slikt kurs for eg er ikkje flink med shaping. Og akkurat no har eg lyst til å lære Ekko nokre triks. Har du eit litteraturtips eller to, tar eg i mot med takk.
----
I går forflytta vi oss frå parkeringsplassen på Sola vgs til ein grusbane ved Åsenhallen. Der var det lys og kjempegod plass. Ikkje akkurat slik på parkeringsplassen for tida....
Eg trente saman med Ingeborg og Sander. Dei imponerte med flott fri ved foten og dekk under marsj.
Så var det oss:
Stå under marsj
Ekko har begynt å gjere eit hopp når eg seier stå, så det måtte eg slutte med for å dempe hoppet. Han roa det og fekk etterkvart nokre fine stå. Men eg syns ikkje dei er så gode som dei eg fekk i starten. Han har lettare for å ta eit steg fram for å hente godbiten enn før. Altså kastar eg ikkje fort nok.

Fri ved foten
Han snur fint. Eg må trene på ikkje å følge han (det er visst han som skal følge meg...). Avstanden mellom oss er litt for stor. Eg får drille meir på å forflytte meg sidelengs.

Fellesdekk
Her er han blitt flink. Ingeborg ropte på han, vi kasta wubbaen mellom oss, Ingeborg fekk lyd ut av den osv. Ekko reiste seg ein gong då Ingeborg lokka han, men la seg fort igjen. Kjempebra!

Så måtte eg gå. Men folkens: Eg lurer på om vi ikkje i løpet av februar burde ha ein liten runde på nokre øvingar under lydnad klasse 1? Sånn bare for å sjå om det er nokre øvingar ekvipasjane kan etterkvart.

søndag 25. januar 2009

Notater i Hundtränaren for veke 4

Ekko har det ikkje så verst i reisesenga si ;)

Eg sette i starten av veka opp nokre mål. No var det evalueringa av veka. Eg har vore flink til å notere i boka og ser at bare det er med på å halde fokuset oppe. Godt for meg når eg brått vil så mykje anna.

Halve veka har vi vore bortreist. Det betyr at brukstrening har det blitt lite av, men til gjengjeld er det mykje trening på å få kommandoar frå andre folk. Og å vente på at dei skal kome heim frå jobb/skole eller stå opp. Det er visst ganske slitsomt å ligge klar ved trappa med leika/skoen klar. Det er kjempeviktig å ha noko i munnen når det store velkomst/godmorgonritualet skal gjennomførast. Han har allereie vore å lukta ved dørene og med den halen han har, høyres det jo ut som om det blir banka hardt på døra. Så at dei framleis er i senga, er jo eit under :).

Men tilbake til evalueringa.
Finpuss av stå under marsj (delen om å få til stå) går framover. Han er hekta på å trene på det, men eg syns det er vanskeleg å få inn kommandoen. Han bråstoppar på "klikk", men ikkje på "stå", men i går syns eg det såg ut til å sige inn.

Avlevere leike: Det går seinare enn eg tenkte. Nokre leiker kan han avlevere i flat hand (til og med til andre), men ball er vanskeleg. Då står han lenge ved handa og tygg på ballen før han greier å levere. Aller helst vil han levere den på bakken nær meg slik at eg kan sparke den i gang. Men han er blitt betre og det skal inn.

Fellesdekk med ulike uromoment. Her har han blitt veldig flink. Kan ligge lenge og vente, toler å bli lokka på osv. Sidan han var så flink, tenkte eg at vi skulle teste noko av det verste for han, nemlig leik med ball. Vi dabba ein tennisball mellom oss, like ved snuten hans. Eit dabb gjekk, på andre dabbet kom rykningen og så sprakk han. Dette var for vanskeleg. Altså blir det fleire ballutfordringar i veka som kjem.

Kloklipptrening. Trente i byrjinga av veka, men gløymte klotanga då vi reiste, så den treninga står stille. Det eg ser at har utvikla seg, er tolmodet med at eg styrer med labbane hans. Når eg skal tørke av labbane hans før han får kome inn, tillet han mykje meir tørking mellom putene enn før. Det er bra.

Å våge å sleppe hunden laus med andre. Vi har vore i eit miljø der vi ikkje har truffe andre hundar lause denne veka. Utanom på måndag då Punky og han leika med ei rottweilertispe.

Måla for neste veke blir nok utvikling av det vi held på med. Pluss at eg har tenkt å finne på eit triks han skal lære seg.

torsdag 22. januar 2009

Presang til matmor, innkalling og rare skapningar

I går fekk eg meg ei overrasking. Vi trente stå under marsj. Vi hadde ein liten pause (eg trengte å tenke litt). Brått sette Ekko seg i perfekt utgangsstilling. Eg tenkte eg får gå framover for å løyse det opp. Han skulle jo ikkje arbeide no. Men her var det ein som skulle vise at han kunne noko anna enn bråstopp. Ekko fulgte med i perfekt fri ved foten. Då greidde eg ikkje å la det vere, svingte, stoppa osv. Han fulgte og sette seg kvar gong eg stoppa. Har aldri sett han så skikkeleg i fri ved foten. Kjempekjekt. Fin presang til matmor :)

I dag har vi vore på tur i fleire timar. På turen har eg trent innkalling. Han kom i fullt firsprang alle gongene. Kjempebra. Og vi har trent på å gå fint i band. Eg måtte telle til 10 for ikkje bli sint. Han, som til vanleg er grei i band, fekk eit eller anna i nasen og sette opp eit tempo utan like. Det blei ganske mykje styr for å roe han ned og få han til å innsjå at det er rask vanleg gange som er tema akkurat no.

Eg fekk meg òg ei overrasking når det gjeld sosialisering/habituering i dag. Mot oss på vegen kom ein mann som gjekk veldig spesielt. Det viste seg at han hadde hatt hjerneslag og sleit med venstresida av kroppen. Ekko reagerte med skikkeleg bjeffing. Han var vanskeleg å få ut til sides for dette var så nifst at han ikkje ville ta godbitar eller følge meg. Men heldigvis kom eg meg til sides og fekk begynt å jobbe. Mannen stoppa då han kom opp på sida av oss slik at vi fekk prate og hunden fekk roe seg. Det er mykje rart som kan vere nifst og farleg gett. Det heile enda i alle fall med at Ekko var roleg, mannen gjekk blid vidare og vi kunne fortsette turen (etter at Ekko hadde stått og sett etter han litt). Litt rart at han skulle reagere slik for vi møter ofte folk i ulike variantar, men men... Stadig nye ting å lære.

onsdag 21. januar 2009

Ekko 4 hundeår!

I dag flaggar vi for Ekko! Fire år eller 32 menneskeår er han blitt.
I presang har eg lova han ny sele. :) Vi er visst storforbrukarar av det.

Lina Sundberg, som har laga "Hundtränaren" avsluttar innleiinga med eit lite dikt. Det kunne vore om Ekko:

En svart hund står framför mig.
Det rycker i tassarna,
tungan hänger snett.
Hon står på helspänn,
med hovudet på sned,
öronen lätt framåtvinklade,
med en blanding av bus
och förväntan i blicken.
Hon ser komplett galen ut!
Matte, matte, matte, matte,
kommer bollen snart?


På fjelltur med mor Alpha sommaren 2005

1 år!

2 år



3 år


GRATULERA MED DAGEN VILLE, VAKRE EKKO!

(PS. Prinsesse Ingrid Aleksandra er heldig som feirer samstundes med Ekko, då blir det flagging for henne òg)

tirsdag 20. januar 2009

Trening denne veka

Målet for veke 4 er:
  1. å finpusse Stå under marsj del 2, dvs sjølve ståen. Truleg få på kommando. Viss eg er nøgd
  2. å jobbe vidare med klotangprosjektet
  3. fellesdekk med stadig fleire uromoment
  4. avlevering av leike
  5. for meg: å våge å la han treffe fleire hundar laus.

I helga har det vore så surt vêr at det har blitt innetrening. Derfor blei det litt trening på punkt 1 og 3.

Vi fortsette med det på treninga i går. Eg hadde med meg litt dum premie, leverpostei. Det dumme var at den kunne eg ikkje kaste mellom beina hans. Og då blei ståen ikkje så god. Han var heile tida klar for å trø framover for å hente premien. Altså var det tydeleg at det var effekt å kaste premien mellom beina på han. Eg prøvde eit par med kommando.

Fellesdekk (aleine) gjekk veldig fint, men han likte seg ikkje heilt på våt asfalt. reiste seg fortare. Kari trødde over han, lokka han og gjekk rundt han. Ekko låg.

Vi tok òg eit par innkallingar i går. Dei gjekk kjempefint. Faya var freisting i midten. Først litt på avstand og passiv, så nærmare og aktiv. Men Ekko kom til meg.

Punkt 2. Klotangprosjektet går seint, men framover. Han aksepterer at eg held labben mellom hendene og tar mellom klørne og på dei. Eg tar òg klotanga borti. Dette foregår kvar kveld før maten.

Punkt 4: Dette er førebels innearbeid. Eg har gått tilbake til start. Først snutetarget i handa og så meir og meir spennande leike som skal leverast. Er ikkje på plass enno.

Punkt 5 er mest til meg. Eg er for redd for sure folk og for at Ekko skal få trøbbel at eg hindrar han i utviklinga. I det siste har han vore saman med Faya og Punky laus. Det har gått kjempefint. I går trefte Marit og eg på ei rottweilertispe på 3 år. Ho, Punky og Ekko storkoste seg i lag. Ekko strålar når han får lov til å springe saman med dei.

lørdag 17. januar 2009

Rundering og ID-spor i sterk vind

Mens det framleis var mørkt og månen lyst på himmelen, kjørte vi til Bore. Det var sterk vind eitt par grader og opphald. I dag var det 5 spreke ekvipasjar som møtte. Det var spennande å sjå at hundane jobba like godt på den sida dei hadde motvind som på den med medvind.

Rundering:
Ekko hadde 7 fine enkeltsslag der ha gjekk rett i belønning. Han sprang ivrig ut og jobba godt. Så var det eit eller anna som forstyrra han og som var svært spennande (eg såg ingenting). Han fòr avgarde med halen til vers. Då han kom inn avslutta eg.

Ka er det å jobbe med etter dagen? Jo, det som foregår rundt meg. Han er ikkje flink til å stille seg i utgangsstilling, altså har vi ikkje trent det så grundig at det er på automaten.

ID-spor
Vi var veldig klar på at sporet skulle ligge slik at han hadde medvind og ikkje motvind. Sporet var ferskt. Ein person gjekk "villsporet". Vi kryssa eldre spor frå alle oss. Ekko snuste på posen med votten til Kari og var straks på hogget. Nasen i bakken og fullt firsprang. Eg gav etterkvart opp å henge med. Trudde jo ei stund at han hadde rota og funne meir spennande ting, men ikkje den karen. Han hadde gjort funn av Kari. Han verka veldig stødig i kor han skulle og ka han skulle. Det er jo kjempebra, men ka eg skal gjere med farten på ferske spor, er ei utfordring. Han roer seg når spora er eldre, men dei ferske krev tydeleg full fart i følge han. Kanskje eg bør gå med kort line i staden for langline? Tips?

Vi kjørte i lag ut av området. Var redde for å sitje fast i sanden i denne vinden. Trur eg har ein trøytt hund i dag.

fredag 16. januar 2009

Vi har flinke hundar.

I dag var det ein kald og fin dag, men med kraftig vind. Eg hadde avtale med Marit om å legge ID-spor på Sviland. Vi var merksam på at vi måtte tenke på vinden slik at overvêrshundane våre ikkje sette nasen i vêret og sprang direkte på figuranten :-). Sporet Marit gjekk til Ekko låg vel ein time. Eg la òg eit blodspor som fekk ligge 1,5 time.

Vi var mange på klubbområdet i dag. Fann ut at alle retrieverrasane var representert (Ekko tar to..). Sterk overvekt på Golden. Det dukka forresten opp en sjeldan goldenvariant....
(Det er Figlia som har maskert seg litt).

Ein merkeleg type til dukka opp, trur dei sa det var ein labrador, men eg er i tvil....

Anne Lise har jo gått inn for bestemoroppgåva med liv og lyst. Og som gode bestemødre stiller ho opp for barnebarna når det trengs. Her er det ein liten skjønnas som trengte bestemor dei første vekene på eiga hand. At ho måtte pakke saman for tobeinte meinte at bestemor trengtes til tobeinte òg, var ein strek i rekninga, men då fekk i alle fall den minste trent seg på ungar i tillegg.

Elles var jo Dea her i tillegg til to andre golden og sjølvsagt fader Scotty.

Men så var det treninga.
Ekko trente på stå under marsj. Det gjekk fint, men han hadde færre frys-stå her enn heime. Det er jo naturleg med tanke på at dette var meir forstyrrande miljø. Vi hadde òg ei fin trening på fellesdekk med forstyrringar. Han fekk oppleve at Marit, Kari og eg skiftesvis tok i bandet og inviterte han med på tur, men han låg. Han blei lokka, men han låg. Ein lokking var for sterk ( Marit ropte på han) slik at han reiste seg. Forstod heldigvis fort at det var ein tabbe, la seg og blei lokka på nytt utan å bite på. Flink til å forstå at "fri" betyr kome til matmor - oppgåva er slutt.

Punky hadde ei fin økt med jakttrening. Dvs hente dummiar som Jan Inge kasta ut. Dette viser eg på film. Vi får ikkje med når Jan Inge kastar alle. Han laga ein lyd akkurat i det han kastar for å få Punky på hogget. Men her ser det henne jobbe kjempegodt for alle fire dummiane.

Så var det spora som godgjorde seg. Først ID-sporet. Kjempespennande å gå eit spor der eg ikkje anar kor eg skal. Vi startar med at Ekko luktar i posen med votten til Marit. Så sette han nasen i bakken og gjekk i sikksakk gjennom skogen. I bra fart. Ei stund syns eg han rota (som om eg hadde peil på det??). Eg ville ha han til å lukte igjen, men han såg bare dumt på meg og jobba vidare. Og jammen var det ikkje ein figurant der han ville! Kjempegodt jobba! Eg er imponert. Hadde tenkt å bruke GPSen, men gløymte å setje den på.

Då Marit skulle få att votten sin, oppdaga eg at den var borte. Ja, ja. Ekko og eg gjekk strake vegen tilbake til sporstart. Eg begynte å gå nedover der eg hugsa vi gjekk og sa "søk" til bajasen. Eit halvminutt etterpå står han med nasen oppi ein svart pose. Fram kjem votten. Ka skulle vi gjort utan dei firbeinte?

Så var det blodsporet. No begynte eg å bli trøytt og hadde lita tid. Typisk nok begynte eg å rote. Greidde ikkje å hugse kor eg la starten. Hadde gløymt at eg tenkte vind her òg. Men etter mykje trasking att og fram langs vegen, fann eg det. Dette sporet burde eg ha merka for eg hugsa ingenting og hadde heile tida ei kjensle av at han gjekk feil. Rett og slett var på villspor. Men kor vilt var det når eg brått ser at han står med skanken i munnen? Det var den GPS-en. No skulle eg så gjerne ha visst om han hadde gått på oppsida av der eg gjekk eller om han fulgte sporet. Ekko var i alle fall nøgd. Og eg syns vi hadde hatt ei god treningsøkt.

torsdag 15. januar 2009

Stilige bråstopp

Foten til Ekko såg så bra ut at eg tok sjansen på ein skogtur i dag. Trur han blei litt skuffa då Faya ikkje stod på parkeringsplassen og venta på han :-). Han har sprunge (hatt sine retrieverrykk: vill i blikket og DEN farten gjennom skogen) og kosegåing ved sida av matmor. Labben såg fin ut.

På turen har vi trent på innkalling og skulle trene litt på "stå", men i skogen ville Ekko kun tilby sitt, dekk, fri ved foten. Og alt gjorde han veldig bra. Men rygging - nei, det driv ikkje han på med langt inni ein skog!

Vi har altså begynt på neste steg under "stå under marsj". Han rygger såpass fint at eg bestemte meg for at det var godt nok. No sit eg på huk og klikker straks han begynner på steget bakover. Resultatet er ganske stiligt. Han er rask på alle, men nokre er sånn at eg mest trur han fraus fast. Førebels foregår det i stova og utan kommando.

onsdag 14. januar 2009

Eit tips og to....

  • Her er gode tips for treninga med fellesdekk/plassliggande. Tipset er tatt frå Maria Hagström, ei dyktig hundedame i naboalandet. Linken finn du her.

  • Ei bok om kvelpar, gratis på nettet. Du trur det kanskje ikkje? Sjekk her.

  • Eit par facebookgrupper som kan utvikle seg til å bli gode debattstader for treningsutfordringar er Klickerklok og Lydnad og bruksgruppen. Er du på Facebook, kan desse gruppene kanskje vere noko for deg? Har jo i desse dagar oppdaga at ganske mange er i fjesboka. :-). Veldig kjekt.
Eg måtte bare få litt varme og sommarkjensle...

tirsdag 13. januar 2009

Det starta så kjekt, men så blei det visst vondt

I dag har vi vore på tur med Elisabeth og Faya. Fryden er stor når dei får springe i skogen. Og når dei på toppen av alt finn litt vatn, er lukka fullkommen! Dei er ekte vasshundar! Og når det i tillegg var sol og litt blå himmel var dei tobeinte òg smilande.

Faya er så lita at ho kan symje, medan Ekko stort sett kan gå rundt i vatnet :).

Her gjeld det å vere klar for Elisabeth skal kaste ein pinne. Trur Faya har tenkt at det svarer seg å stå nærmast den tobeinte...
Men den der langbeinte Ekko, han er alltid først..


Kor blei pinnen av?

Trur pinnane var så våte etter alt regnet at den sokk. Det blei i alle fall få seiersrundar med pinnen i munnen for Ekko.

Etter badet trengs det litt risting.

Så var det å springe vidare inn i skogen, gjørma og nokre bekkar.

Men brått la Ekko seg ned. Han ville ikkje ta i mot godbit, men ville ha trøyst. Vi fekk han til å reise seg, men han var ikkje mykje pigg. Vi gjekk roleg vidare. Han sprang ikkje, men verka etterkvart betre. Så nærma vi oss eit område han veit at det er kaniner. Då sprang han litt, men stoppa like fort. No verka det som han halta. Eg undersøkte labbane, men såg ikkje noko. Han skalv. Då bestemte vi oss for å ta kortaste vegen til bilen. Eg tok han i band eit stykke for at han skulle gå ekstra roleg og ikkje bli frista til å springe. Stakkars store, vesle Ekko. Då Faya sprang rett forbi han med pinne i munnen, reagerte han ikkje ein gong. Til vanleg er jo det den beste måten å invitere han til leik.

Her heime ser eg ikkje meir til haltinga, men han er slapp. Legg hovudet på låret mitt og vil ha kos. No kryssar eg fingrane for at det er noko som fort går over.

lørdag 10. januar 2009

Eg vil ikkje gjer det sånn, sa Ekko...

... og dermed drog han sin veg med lausbittet (det skal han ha, han held godt på den delen av oppgåva).

Men litt tilbakespoling:

I dag måtte eg låse opp på skolen for eit kurs Arne skulle ha. Det starta med full alarm - ein person hadde gått inn før alarmen var slått av. Omsider kom eg meg avgarde til Sviland og rundering. Ekko blei liggande i bilen ganske lenge. Då det var hans tur hadde eg tenkt 2 slag med lausbitt og resten direkte i belønning. Men hadde eg tatt dette opp med den firbeinte? Visstnok ikkje, for han hadde tenkt å hente lausbittet og springe litt rundt ( måtte ut i nokre naudsynte ærend mellom anna). Han blei hanka inn. Og eg var ikkje blid (det var det der med å halde på smilet ....). Syns heile han var uroleg (han kasta opp i går og magen har vore i ulag), så eg sendte han ut på flying. Guten skulle i alle fall få springe og gjere ein jobb, så fekk heller matmora få opp humøret såpass at ho kunne gje kompliment til sjarmøren. Flyingen gjekk fint, han sprang flott og vi blei vener ;).

Vi var mange på trening i dag, mellom anna blei nokre brukt til ID-spor. Rekna ikkje med at vi rakk meir enn denne økta. Men Gro lokka. Dermed fekk eg fire kjempefine slag i skogen. Først starta vi med at han såg Gro springe ut, fekk lausbittet i munnen og kommandoen "vis". Prima. Så tok vi tre slag der han skulle ta heile løpet. Gro sprang, Ekko sat i heilspenn og venta på kommandoen: "Runder". To av slaga var flotte. Det tredje var heilt ok, men farten var sløvare. Det var bra at vi fekk trent på dette på denne måten i dag. Kanskje Ekko fortener ein kort pause frå meldingstreninga no? Eg må i alle fall ta inn over meg Morten sine ord om at hunden ikkje bør gå direkte frå bilen og ut i sporet. Å få kome ut litt før, hjelper.

---
Eg var figurant på Maja i dag. Og det må eg seie var ein fryd. Gro brukte vegen som midtline. Då måtte Maja krysse elva for å finne meg. Ho hadde heller ikkje hjelp av spora mine for eg gjekk jo ikkje på hennar side av elva. Og Maja, den forsiktige dama som lenge har strevd med eit par slag før ho gjekk lei, holdt koken. Trur ho var hjå meg 4 gonger, det betyr jo minst 7 slag! Ho arbeidde skikkeleg for å finne meg kvar gong. Eg er imponert! Du har verkeleg fått til noko med henne, Gro!

---
I morgon skal eg sjekke om programmet for denne veka er i boks. Og setje opp nytt program for neste. Har lese artikkelen i Canis om kloklipp om igjen og skal ha det på programmet dei næraste vekene. Tenk om eg kjem ut med ein hund som liker kloklipp ;)

fredag 9. januar 2009

Her var det mange tips!

Når vèret er grått, kan det jo vere kjekt å trene inne....
Her er nokre tips i ein valpekursfilm frå Silva Trkman. Tenkte eg skulle begynne med - ja nå kan de lure :)

I dag blei det melding ;)

I dag er det grått, grått, grått. Hadde ikkje lyst til å trene, men så var det avtalen då... Eg kom meg no avgarde. Heldigvis greier eg å notere i "Hundtränaren" kvar dag. Og der står jo programmet eg har for denne veka. Det er forresten rart kor vanskeleg det er å setje seg ned og notere. I alle fall. Liten treningsiver, men klart i hovudet at tema for denne veka er:
  • stå under marsj/ rygging
  • meldingstrening
  • fri ved foten.

Så då er det jo bare å setje i gang. Ekko viste lite treningsinteresse då vi kom til området. Men det endra seg undervegs. Heilt sikkert overføring frå meg. Første økt var stå under marsj/ rygging. Litt ukonsentrert, men rygger OK.

Neste økt er melding. Med den elendige meldinga på torsdag, gjekk eg halvhjarta til jobben. Marit fekk med seg litt pinnekjøt og lausbittet. Ho skulle vere synleg figurant. Kjente på måten Ekko satt at han var veldig klar (måtte nesten halde han igjen). Ein flott melding. Alt riktig, men eg måtte gje han ein lyd akkurat då han tok bittet. Han får så lyst til å snuse samstundes.

På neste forsøk gøymte Marit seg. Like godt slag. Så eg vågde meg på 3. òg. Det har jo vore tabben i det siste. Han spring ikkje like ivrig ut, men gjennomfører eit fint slag.

Etter bilpausen fekk han rygge litt igjen. No ryggar han bra sjøl om eg går bakover.

--

Eg frustrerer meg over at han er så lite flink til å levere gjenstandar han liker veldig godt så eg tok ei økt med enkle gjenstandar. Han leverte i handa mi både det eine og det andre. Eg vågde meg på den kjære ballen. Kasta og guten leverte. Her skulle eg ha stoppa for ved kast 2, kom han ikkje tilbake. Eg begynte å gå vekk frå hunden. Sette meg i blant ned med handa open. Han kom nærmare og nærmare, men ikkje bort. Siste gong eg sette meg ned, la han ballen 1 meter i frå meg. Eg sat. Kjente tolmodet var på grensa til eit eller anna. Men der tok han jammen ballen opp og leverte. No skulle eg ha premiert med ei anna kjekk leike, men så smart var eg ikkje. Eg kasta ballen igjen slik at det ikkje blei straff å levere. Den kom ikkje inn igjen, men då lot eg han bare gå med den utan at eg viste interesse i det heile. Til slutt la han den i frå seg. Dette MÅ eg jobbe med (har sagt det før òg).

---

Heilt til slutt har eg lyst til å tipse om eit innlegg i bloggen til Fanny. Om negativ straff, time out, leik osv. Mykje klokt her.

Rygging, freistingar og ingen melding.

Torsdagkveld var det mørkt og regn i lufta. Ikkje rart vi blir sjuke: Ein dag frost og snø, neste regn...

Det var bare Anne Lise, Torhild og eg som var klar til å trene kl 1830. Vi bestemte oss for å ha ein hund ute om gangen. Etterkvart kom Silje, men sidan systemet vårt med ein hund i 3 minuttsøkter var så effektivt, så fortsette vi med det. Då hadde vi jo mange figurantar ledige ;).

Ekko starta med to økter med rygging. Det går ganske så bra. Han ryggar sjøl om eg òg ryggar. Etter ei stund vil han heller vise utgangsstilling, men tar seg inn igjen. No må eg nok snart sjekke ut neste steg.

I tredje økt skulle vi ha meldetrening. Anne Lise var figurant. Ekko sprang ut, men like ved Anne Lise var det visst gode lukter i bakken. Eg henta han inn for å starte på nytt, men no sprang han direkte til luktflekken. Vi gjorde tre forsøk, alle like mislukka. Då blei premien ein tur i bilen.

Fjerde økt var å bli frista. Torhild hadde latt Era stå ved seg medan to figurantar kasta og trilla ein tennisball mellom seg. Ekko skulle prøve det same, men eg tok ut vår ball. Diverre tenkte eg ikkje så smart akkurat då. Det er yndlingsballen og kan få han heilt gira. Og då Torhild fekk den til å lage lyd, var det null kontakt emd Ekko. Han ville ha den ballen. Vi bytta til tennisballen (trengte jo ikkje starte med lista på 2,40...). Han trengte tid på å lande, men etterkvart fekk eg han til å vere ved meg, sjå på ballen og tilbake på meg for godbit. Dette var ei nyttig øving, skal bruke den igjen. Scotty og Pia gjorde ein imponerande jobb her. Dei viste sjølkontroll til tusen ;).

Femte økt var innkalling. Den gjekk fint.

Og aller siste økt var tur med damene (Scotty var gått heim, så Ekko fekk ha damene sine i fred).

PS: Gjett kven som tok med seg ballen inn i går kveld? Akkurat - Ekko.

tirsdag 6. januar 2009

Lærte Ekko noko i 2008?

Inspirert av alle kavalkadane som dukkar opp rundt nyttår, har eg tatt bloggen for meg og sett gjennom den. Ka gjorde vi i 2008? Og lærte vi noko?

Månadsoversikten er uinteressant for mange av dykk, men er laga for at eg skal ha ei oppsummering. Ser at det som er både styrke og svakheit hjå meg, kjem tydeleg fram: Eg er igangsetjar og ikkje avsluttar... For å gjennomføre alt eg set i gang, treng eg ein plan... Godt vi har fått "Hundtränaren" og at måla for halvåret er sett opp ;). Ein del av momenta bør gå fortare enn det har gjort i 2008.

Kort oppsummering av året:
Bruks:
Ekko har gått frå ikkje å halde lausbittet særleg til å bli veldig stødig på det. Han er på veg til å bli stødig på melding òg. Men førebels kun på trening, ikkje i reell situasjon... Vi trener nå på alle delmomenta i meldinga

I runderinga har han gått frå flying til enkeltsslag. Har prøvd blindslag, men lar det nå ligge til han er stødig med meldetreninga. Vi har òg eit par treningar der han får teste overvêrssøk.

Feltsøk: Begynte såvidt på dette i vår, men fortsatte i oktober og framover. Han er ikkje stødig på dette. Levering kan bli betre, det same kan iver etter å hente gjenstandar.

Spor: Går frå pølsespor til ID-spor, blodspor.

Grunnferdigheiter og lydnad:
Utgangsstilling: Utruleg kor lenge ein kan rote med bakpartskontroll og utgangsstilling?!. Klossen gjorde susen og no er utgangsstillingen ganske så stødig . Bakpartskontrollen har utvikla seg mykje dette året.

Fellesdekk: Her trente vi kun fellesdekk når fleire hundar er med. Fanny lærte meg at det er like viktig å trene aleine på det. Hunden skal tole ganske mykje på fellesdekk. Så no er han blitt ganske flink på å ligge under forstyrring.

Vente på signal: På same måte som fellesdekk.

Apportering: Ekko kunne apportere før 2008, men denne våren lærer han å halde fast same ka galskap vi finn på.

Sleit i vår med forskjellen på "fri ved foten- fokus" og "ut på tur fokus". Dette ikkje problem på slutten av året.

Innkalling: I løpet av året blir han betre på dette. Begynner å bruke fløyte.

Vendingar: Forslaget til ein metode for å få til dette, fungerte ikkje for den tobeinte. La det vekk.
Kryp: Påbegynt i 2008

Håndtering: Påbegynt, men der har vi lang veg

Target utan å spise opp heile fingeren ser det ut til at han etterkvart fiksar

"Fri"-kommandoen kjem inn i november, det same er "feil". Begge orda set fart på treninga.

Stå under marsj, dvs å få til eit bråstopp gjer vi mange ulike forsøk på utan at eg syns vi lukkast. På slutten av året er vi i full gang med ny vri

Kvardagen:
Ekko er blitt enklare å leve med. Han er framleis ein hund med problem når han møter andre hundar, men han har fleire og fleire situasjonar han fiksar.

Konklusjon:
Ekko har ikkje bare blitt eldre og rolegare i 2008, han har lært litt òg. Ein del har gått seinare enn det burde. Ser eg i løpet av året er gjennom mykje av det same, men prøver ulike metodar (særleg utgangsstilling og bakpartskontroll). Litt av skulda får ein legge på at den tobeinte har vore sliten og i periodar sjuk.
Eg syns eg har fått betre grep på ein del av læringa, men håper eg både får med meg lærdom frå andre via kurs og erfaringsoverføring i 2009.

Så var det månad for månad:
Januar
I følge bloggen, regna det mykje denne månaden. Vi går på kurs og trente på:
  • Target. Han tar target fint, men er lite flink på targetoverføring
  • Apport. Det gjeld å få hunden til å halde på apporten og til å ta eit fast grep i lausbittet. Trener på at han skal halde fram til kommandoen: "Takk"
  • Rundering: Flink på flying, men kan kome nærmare meg på midtlina. God på overvêr.
  • Sitt på avstand. Her strever vi for Ekko kjem bort til meg før han set seg.
  • Bakpartskontroll. Mykje rygging.
  • Utgangsstilling. Vi prøver og prøver, men stadig er dei skeive
  • Fri ved foten. Han går korte økter nær meg.
  • Innkalling. Eg er middels interessant
  • Stå på kommando. Vi bruker Doggie Zen for å få "frys-stå". Passe nøgd med resultatet
  • Startar sundagsgruppe i bruks.

Februar

  • Hunden lærer å rygge.
  • Musemattetarget
  • Slit med å få hunden til å ha ulikt fokus på "ut på tur" og "fri ved foten"
  • Stå på kommando
  • Rundering: Halde fast lausbittet og påvise (Delmoment i bringkobbelmelding), blindslag
  • Apport: Ekko har blitt kjempeflink til å halde fast.
  • Vi prøver å få til kjappe dekk og sitt.
  • Triks: Skilje tesortar, ta på seg halsbandet...

Mars

  • Spor: Går gode pølsespor
  • Hopp: Vi begynner med hopp over hinder. Her manglar vi fokus rett før hoppet
  • Rundering: Enkeltslag
  • Innkallingstreninga går bra
  • Slit bakpartskontrollen. Rygginga til hunden byrjar å bli irriterande på meg. Det er alltid det som er tilbodet når han skal slå til.
  • Bandtreninga har ført fram. Han går fint i band.
  • Utgangsstillingen: Blir lagt vekk for ei stund. Slit for mykje med bakpartskontrollen
  • Korleis få flyt på det vi trener på?

April

  • Begynt på instruktørkurs
  • Bakpartskontroll. Eg er frustrert over at vi ikkje utviklar det vidare på torsdagstreninga/kurset
  • Mykje diskusjon om når vi skal setje på kommando. Nokre av oss gjorde det for tidleg og no har vi gått i den andre grøfta - det er aldri godt nok for ein kommando.
  • Gruppa trener på at hundane skal passere kvarandre i band
  • Spor: Ekko gjekk sitt første ID spor med glans og iver!
  • Vendingar: Dette blir bare tull. Må finne ein annan måte å lære det enn den eg fekk tips om her.
  • Torsdagsgruppa (kurs) blir delt i to

Mai

Månaden har mykje sol og siste del er så varm at vi må utsette treninga til seint på kvelden. Eg sluttar på torsdagskurset.

  • Innkalling: Går mykje betre
  • Kryp: Første forsøk.
  • Feltsøk: Første forsøk
  • Spor: No lange spor utan pølsebitar. Litt raskt tempo, men bra.
  • Sitje når matmor stoppar opp. Denne er ikkje gjennomført skikkeleg
  • Utgangsstilling: Det kan vere omtrent overalt bare det er i nærleiken av matmor, meiner Ekko
  • Apport: Held framleis fast sjøl under store freistingar. Bra.
  • Ligge fint når vi er på besøk hjå andre. Det er vanskeleg det...
  • Dekk-sitt opp. Altfor mange skeive.

Juni

  • Første skikkelege overvêrssøk.
  • Feltsøk. Nytt forsøk
  • Spor: eit par gode ID-spor
  • Apport: Første gang metallapport. Ekkelt, syns Ekko
  • Kryp: Får til litt, men liker det ikkje på asfalt
  • "Gå bak": Begynt trening med at hunden skal gå bak meg i nedoverbakke (skog), trapper ol.

Juli

Det er ein varm månad

  • Innkalling: Nå trener vi med freisting i midten.
  • Helsetrening
  • Apportering av ulike gjenstandar som ligg strødd på bakken
  • Burleiken
  • Avlevering av gjenstandar
  • Spor: Ekko har for høg fart
  • Bakpartskontroll. Nå prøver eg noko nytt, ein klosse for å hjelpe han med den der bakparten
  • Vi begynner å gå fellestur med hundar i band etter trening

August

  • Helsetrening. Han er no blitt flinkare til ikkje å hoppe på folk når han helsar
  • Prøver vidare "fri ved foten", men er frustrert
  • Innkalling: No er forstyrringane blitt større. Han er flink
  • Bakpartskontroll: Ekko er gira på klossen.

September

  • Bakpartskontroll: Han flytter seg inntil meg når han er på klossen
  • Lineføring: Får det ikkje heilt til
  • Håndtering: Meir enn tannvsning. Ønskjer at folk skal ta på Ekko
  • Eg trener spesielt på at eg skal få til å premiere rett
  • Target utan å spise fingeren min
  • Utgangsstilling. Styrer med rygging inntil vegg

Oktober

Vi begynner med fredagstrening.

  • Feltsøk. Begynner treninga på avlevering og å finne gjenstandar
  • ID-spor. Går eit par vellukka ID-spor
  • Håndtering
  • Bakpartskontroll
  • Lausbittmelding.
  • Sportrening
  • Stå under forstyrringar

November

Eksamen - hundeinstruktør

  • Nå trener vi alle delmomenta i lausbittmeldinga
  • Fri ved foten, men vi får det ikkje heilt til. Får innspel på Fanny-kurs. Det hjelper
  • Bakpartskontroll: Bruker drakamp til å få Ekko til å bruke bakparten i kampen
  • Utgangsstillingen får ein drillperiode. Lærer inn feilmelding. Noko som fører til at han blir flink til å rette opp.
  • Innkaling
  • "Fri" kommando. Løyser opp ei øving
  • Fellesdekk: Trene ligge i ro same ka.
  • Apportering vedlikehaldt. + trening på avlevering

Desember

  • Utgangsstillingen blir bare betre og betre. Treninga inntil vegg slutta eg med. Treninga via klossen gav òg eit medvit om kor han skulle vere ved utgangsstilling. Tar både svenske og tradisjonelle innkomstar.
  • Lausbittmeldinga blir trent som ei heil øving.
  • Feltsøk: Strever med mangel på iver
  • Rundering: Enkeltslag. Desse går fint.
  • Stå under marsj. Bruker Rygging aktivt for å få han til å få bråstopp.
  • Fellesdekk: Bli liggande under alle forstyrringar
  • Vente på signal: Bli sitjande under alle forstyrringar
  • Innkalling.

mandag 5. januar 2009

Då var vi i gang igjen

Første måndag i 2009 og gjengen var klar. Det var mange minusgrader ute så påkledningen var deretter. Anne Lise og eg trente i lag.

Vi greidde å halde oss til planen for kvelden (god start på året!).

Stå under marsj (rygging)
Ekko rygga, blir litt uroleg når eg ikkje premierer fort nok. Han fiksar at eg rygger, men dette må finpussast denne veka. Har som mål å bli "ferdig" med dette momentet for å gå vidare i neste veke.
Hadde to økter med dette.

Meldingstrening
Første melding var med synleg figurant. Sprang fint ut. Etter at han hadde henta lausbittet, trengte han ein lyd for å unngå at ein spennande pose skulle få merksemda. Men då sprang han fint inn. Trengte ikkje å rette seg opp ved utgangsstilling (for første gong??). Sprang fint ut på kommando.

Neste var med skjult figurant. Eit veldig godt slag.

Siste med skjult figurant. Her sprang han ikkje så ivrig ut. Eg måtte ta eit par steg, men då sprang han. Elles eit fint slag.

Nytt denne gongen er at alle utgangsstillingane var fine.

Fri ved foten
Denne har hatt lang "ferie". Trente spesielt på overgangen frå at eg rygger til at eg går ved sida av han. Gjekk veldig bra.

Konklusjon: Litt ferie hadde ikkje gjort skade. Ekko var ivrig og arbeidslysten. Og gjekk lett i bilen. Litt pinnekjøtt i buret gjorde susen ;)

Til slutt gjekk Torhild, Anne Lise og eg tur med våre firbeinte.

søndag 4. januar 2009

Eit latmannsliv

Godt nyttår, folkens! Eg overlevde marerittet. Trur eg blei bedøvd av fotsveitten til dei tobeinte. Hadde gøymt meg under bordet då det small som verst.

Det nye året har starta veldig roleg, syns eg. Det blir mest soving og kosing. Så no er eg klar for litt trening snart. Eg finn fram sko og vottar til dei tobeinte, men må vente så lenge på at dei skal bli klar til å kome seg ut på tur, at eg sovnar i mellomtida.


Eg las i avisa at Brann skulle starte oppkjøringa til ny sesong i morgon, så eg fann fram ballen og har begynt å drible litt. Det skal i alle fall ikkje stå på meg. Eg var klar til å hjelpe Viking i heile fjor, men trur du dei forstod kor dyktig eg er? No har Brann fått ny trenar, så eg satsar på at han ser på forsvarsspel på ein ny måte. Eg stiller gjerne på ei treningsøkt...

Nyttårsbjeff frå Ekko

torsdag 1. januar 2009

Vi kom oss inn i 2009 utan den store skjelven


Sola skin ute og alle er avslappa inne. Vi kom gjennom nyttårsfeiringa (i alle fall det som har vore til no) på den aller beste måte.
Eg hadde grudd meg til dette døgnet. Reiste heimanfrå for naboane mine lir av rakettomani eller noko slikt. Det plar smelle i nokre døgn. Det begynte å smelle tidleg her òg. Eg kjørte til ein skog og der fekk han springe fritt. Då sola var på veg ned, drog vi heim. Heldigvis hadde dei lameller og persienner her vi var, så vi fekk stengt lyset godt ute.

Vi bestemte oss for at vi skulle sitje ved spisebordet heile kvelden. Først god mat så brettspel og prat. Ekko syntes dette var godt. Då smella kom , kraup han under bordet. Og då det gjekk mot årsskiftet låg han slik at han hadde beina våre tett rundt seg der han låg under bordet. Og i motsetnad til i 2007, var det ingen skjelving og grining. Han sov sikkert ikkje, men kroppen var roleg.

Kl 0130 turde eg ta han med meg ut i hagen. I det fjerne høyrte vi smell, men naturen krevde sitt og dermed greidde han å kome seg til første busk. Og den blei vatna... i litervis........ Etter dette stod vi litt ute. Gav han godbitar då smella i det fjerne kom. Dette var visst ok. Men det var godt å kome inn.

Ser noko av det same i kveld. Han vil ikkje lenger enn til i hagen etter at det blir mørkt. Det er ikkje trygt der ute i verda.

Men altså: dette var eit framsteg så stort at eg aldri hadde trudd det skulle skje. Kan det vere at eg òg må takke for at ein del rakettar blei forbode?? Ekko hadde i alle fall ei nyttårsafta til å leve med. Og brettspelet var kjempegøy. "Ticket to Ride" anbefales.

PS: Skulle gjerne fått han lenger enn hagen for luktene han sprer rundt seg der han søv under salongbordet, er ganske så intense...... ;)