Om oss


Denne bloggen skulle vere Ekko sin. Der synet på trening og kvardagen skulle sjåast frå vinkelen hans. Men etterkvart som tida har gått, har matmor blanda seg meir og meir inn. Så no får begge bli presentert:

Ekko
Den firbeinte først:
Den 21. januar 2005 blei: Alpha, Bravo, Charlie, Delta, EKKO, Foxtrot...... og så vidare til Qubeck fødd. Eg er altså nr 5 og fekk bli med mor Lilholms Alpha Alope ( "Krøllalpha") og matmor då det var på tide å skilje lag med søskena mine.

Alt gjekk ikkje etter programmet det første året, men så tok mor kontakt med Siddis hundeskole, Alpha reiste til Tau og matmor og eg skulle finne ut av livet saman.

Eg er ein rein retriever, dvs blanding av curly og chesapeake.. sjeldan vare for å seie det sjølv. Eg elskar brukshundtrening. Rundering er kjempekjekt! Å trene lydnad kan vere kjekt, men eg syns i blant det blir mykje terping.
Må, for å bli som matmor vil, ha ekstra trening for problemhundar. Målet er å bli kjekk og grei overfor alle, ikkje bare dei eg liker.

Den tobeinte heiter Aud Venke
Eg hadde tenkt å ha eit hundeliv der kvardagen skulle vere å gå tur i Sørmarka osv. Trene inn litt kvardagslydnad og elles ikkje så mykje meir. Eg gjekk trass alt på jobb. Men det var før Ekko overtok kontrollen over livet mitt. Han var ingen enkel kvelp. Var vel meir det eg ville kalle for hyper. Sov lite, blei sjeldan trøytt og sleit meg omtrent ut. På toppen av alt begynte han å vise aggressive trekk. Då eg var på grensa til å levere han frå meg, tok eg kontakt med Siddis hundeskole. Her fekk eg lære litt om at guten er usikker og det var jo eit meir likandes ord. Rart ka ord gjer med kjenslene.

Vi sette i gang med klikkartrening. I starten var vi litt forvirra begge, men etterkvart fekk vi sansen. Vi blei eit lag vi to, eit sterkt lag som skulle fikse dette! Fikse det har vi ikkje gjort enno, men eg har lært å håndtere det på andre måtar. Og det går framover i alle fall.

Og ikkje bare lærte eg å klikke, eg møtte mange spennande hundefolk, fekk gode treningsvener både i lydnadstrening og brukshundtrening. Nå består dagane våre av at Ekko kviler hjernen medan eg er slit min ut på jobb og etter jobb er det hund, hund, hund! Ja så litt anna òg innimellom.

Utan Ekko hadde eg aldri møtt så mange kjekke hundefolk og lært så mykje om hund.

Hundeinteressa har ført til:
2011:

  • Instruktør sporkurs Retrieverklubben
  • Instruktør runderingskurs Retrieverklubben
  • Runderingskurs med Tone Larsen, instruktør ved NRH. Arr, Retrieverklubben
  • Instruktør problemhundtrening - Siddis hundeskole
  • Sekretær og kasserar i brukskomiteen i Retrieverklubben

2010:

  • Sekretær og kasserar i brukskomiteen i Retrieverklubben
  • Instruktør runderingskurs Retrieverklubben
  • Instruktør sporkurs Retrieverklubben
  • Instruktør Siddis hundeskole problemhunder

2009
  • Deltar på aktiviseringskurs med Arne Aaresstad, Siddis hundeskole, som instruktør
  • Runderingskurs med Tone Larsen, instruktør ved NRH. Arr. Retrieverklubben
  • Instruktør Siddis hundeskole (valpekurs og problemhundtrening)
  • Sekretær og kasserar i brukskomiteen i Retrieverklubben
2008:
  • Hundeinstruktørutdanning ved Siddis hundeskole
  • Helgekurs i konkurranselydnad med Fanny Gott og Thomas Stokke
  • Instruktør på Retrieverklubbens runderingskurs for nybegynnarar
  • Medhjelpar/førar med figuranthund på trening for hundar med problematferd
  • Helgekurs Siddis hundeskole om problematferd hjå hund
  • Kasserar i brukskomiteen, Retrieverklubben avd Rogaland
2007:
  • Kurs med Turid Rugaas om dempande signal
  • Medlem av brukskomitèen til Retriverklubben avd Rogaland
2006:
  • Kurs for hundar med problematferd
  • Kurs i klikkartrening ved Siddis hundeskole ( heilårstrening)
  • Sporkurs, Retrieverklubben avd Rogaland
2005:
  • Vidaregåande kurs 1. Retrieverklubben avd Rogaland
  • Kvelpekurs. Retrieverklubben avd Rogaland


Ingen kommentarer: