tirsdag 27. april 2010

GPS-sporet med nokre utfordringar

På laurdag var det strålande sol og  6 damer hadde tatt med seg hundane for å spore dei litt på Dale.

Eg hadde heldigvis hugsa GPS-en slik at eg hadde ein sjanse til å lese sporet etterpå.
Sporet blei på ca 850 m. (Rødt: Det sporet eg gjekk. Gult: Det sporet Ekko og eg gjekk) og tok 22 minutt å gå.

Det var eit stykke å gå til sporstart. Vi gjekk forbi fleire andre spor, møtte hundar på veg tilbake etter sine spor. Men Ekko var heilt uinteressert. Heilt til han slo mot høgre. Og heilt rett, det var vår sporstart. Imponerande. Eg må sjekke det meir ut. Var det tilfeldig eller er han så sikker?

Starttempoet var i høgaste laget. Vi hadde fått eit tips om at Anne Lise og Scotty hadde kryssa sporet vårt. Og der såg eg blodflekkar (dei gjekk blodspor). Då spora Ekko av og blei blodhund. Dette sporet ville han finne!. Det var å hanke han inn, få tilbake fokus og få han inn på vårt spor. Heldigvis hadde eg stått i ro der han starta villsporet så det var bare å peke i bakken så var han i gang igjen.

Han gjekk ein del med nasen i bakken, men det var ein del overvèr kunne eg sjå. Han tok rett og slett snarvegar for å gå inn på sporet lenger framme. Han hoppa over nokre svingar. Kanskje det eg får igjen av å ha ein runderingshund: Der skal han jo bruke overvèret.

Vel halvveges mista eg lina og han fekk eit forsprang. Det var tydeleg i eit område det hadde gått dyr for no var nasen i bakken og farten høg. Og det var ikkje i mitt spor... Eg fekk han inn til meg. Sette meg ned og fekk roe han. Då var han ikkje vanskeleg å få på sporet igjen. Etter det gjekk han stødig. Han gjekk til og med ut på luresporet mitt (eg måtte tisse undervegs då eg la sporet). Skjønte at dette sporet ikkje gjekk vidare og kom tilbake for å fortsetje sporet. resten gjekk glatt.

Så ka har eg å jobbe vidare med?
  • farten i sporet varierar for mykje
  • overvèr
  • komme seg rett inn på sporet (dette lukkast han med og eg vil sjekke om det er tilfeldig.)
  • Vi ventar på at sporet skal bli gamalt nok.
    Kaffi og ein god prat
    På tide å gå sporet meiner Anne Lise og Kari. Evita er i alle fall klar.
    Kari og Dea er klar

søndag 18. april 2010

Litt oppdatering.

Vi har trent i det siste sjølv om det bare ser ut som om eg har sett på kvelpar.

Dette får bli ei oppsummering og litt blikk på treninga.
Måndagstreningane:
Meldetrening. Ekko jobbar godt, men har for sakte tempo frå funn og inn til eigar. Han kan prestere å tisse på turen, snuse litt, men han er heile tida klar over at han må ha med seg  lausbittet. Eg må arbeide med farten i den delen og utgangsstillingen.
Slalåm. Han greier fleire om eg brukar fingeren som target, men tar eg den vekk har han tendens til å hoppe over eit par på vegen. Her må eg nok jobbe meir i detaljane. Spesielt kor og når eg premierar.

Hopp: Ekko hoppar med fryd. Eg må arbeide med avleveringa av godbit slik at ikkje det siste hoppet blir skrått inn mot meg. Han hoppa òg gjennom ein rokkering, men syns de tvar like greit å hoppe over den :)

Spor: Eg la ut eit langt spor på Sviland sist måndag. Det fekk ligge vel ein time før vi drog avgarde. Ekko var ivrig frå han skjønte ka vi var på veg til så her var det ein som ikkje var så veldig interessert i å vente på meg... God, men litt for ivrig start. Fulgte spora mine fint. Ser etterkvart ut som om han går på sida av sporet. Kom utav det i blant, men då blei nasen høg og han kom seg fort på sporet igjen. Han verkar til tider ganske så vimsete at eg lurer på om det er mitt spor, men han er tydeleg ikkje i tvil.
Vi møtte ein av redningshundane midt i sporet. Koss går dette tenkte eg. Dei snuste på kvarandre og Ekko kom tilbake til meg og fortsette å spora. Kjempebra. Han rota då vi skulle gå langs ein veg (her hadde det gått hundar før oss), men fann fort fram til kor vi skulle inn i skogen igjen. Fann enkelt slutten, men heile det siste stykket gjekk han eit stykke ved sida av sporet utan å verke forvirra av det.
Med sportreninga er det å jobbe meir med fart og nasen i sporet. Sjølv om eg ikkje kan ta han på å virre seg vekk. Han verkar sikker på seg sjølv :)

Laurdagen:
Rundering: Ekko har fin fart, kryssar fint og har driv framover. No er det arbeidet med detaljane, dvs lausbittet som må til. Og det går ganske greit framover. Løypa vi laga denne gongen med skikkeleg sving i, dvs at hunden måtte to gonger ut på same side. Det tok dei greit alle. Ekko var ikkje spesielt fokusert på lausbittet denne gongen så etter 3 slag stoppa vi og fortsette med flying.

---
Her er litt frå andre si trening. Eg kommenterer til det eg ser på bileta.

Først ut er Scotty. Elisabeth spring med Scotty. Han har fin kontakt med henne (ho har godbit i handa). Ka Anne Lise gjer med den handa ho har rett ut, veit eg ikkje heilt. Ser ut som om ho vil gje han eit ekstra hinder/ bjelke å gå på?
Ivrig i hoppet og flott over, men trenger litt ryggen som hjelp tilå sparke frå til nedslaget.
Dette kan bli ei flott øving, Anne Lise, men koffor den handa? Kjem ikkje den bare til å forvirre han? Er spent på ideen bak.



Silje og Pia jobba med slalåm. Då eg såg på bileta, gjekk der eit lite lys opp for meg. Slik går Ekko òg. Sjå på Pia. Ho har aldri blikket framover mot neste hinder, men mot Silje. Her er det ei som ventar godtbit/ støtte og oppmuntring på vegen. Både Silje og eg må nok gjere noko med premieringa.

Torhild og Era. Her er det tydeleg ka som skjer når vi ikkje får premiert framover, men hunden forventar å få det hjå matmor. Eigentleg øydelegg det heile hoppet hennar. Det blir betre når Torhild byrjar å kaste godbiten framover.

torsdag 15. april 2010

Bella møter Selma

På måndag dukka Elisabeth opp med den vesle isbjørnungen sin (islandsk fårehund). Og for ein vakker hund! Vi smelta heile gjengen. Her er møtet mellom Bella og bulldogen Selma :).
Eg har prøvd å vere streng, men det var så mange eg skulle ha vist. Her kjem i alle fall ein del...
Hei, eg heiter Bella

Eg tar fart og kanskje kjem feita?

Oooppss - ho kom jo!


Ho var nå ganske søt

Ka heiter du?

Eg har det kjekt!

I farta

Komme du?

Eit kyss til deg

Og ein klem frå Selma

Nå er eg blitt ganske så tøff !

mandag 5. april 2010

Selma og Vicky

Selma (snart 7 mnd) og Vicky (12 veker) fekk kose seg på området før vi andre begynte å trene. Eg greidde ikkje å velge med hard hand så her kjem det mange bilete av ein engelsk bulldog og ein welsh springer spaniel. Ikkje alle er like store blinkskot, men at hundane hadde det kjekt er vel ingen i tvil om :).