søndag 28. februar 2010

Mitt sosiale dyr og litt dårleg samvit...

Ferielivet er over. Vi har ikkje trent på noko fornuftig. Bare hatt det godt. Ekko elskar desse sosiale dagane der han blir kost med, "leikeplassen" er rett utanfor døra, han får ønske folk god morgon, sjå til at alle legg seg om kvelden osb. Gode dagar altså. Han forkortar til og med morgonturen for ikkje å gå glipp av det sosial liv. Straks han har gjort sitt fornødne, vil han snu og gå heim igjen.

Eg har sett kor trøytt han kan bli av søk i hagen når eg gøymer godbitane grundig i snøen. Det saman med skikkeleg drakamp får han til å slokne inne.

Arne har snakka om at hundane lærer ka som er lov og ikkje. Og at dei ikkje gjer det ulovlege, sjølv om vi ikkje er der. Eg har erfart at det som er lært i hundebarndommen sit klistra. Hemsen har vore ulovleg område for Ekko. Tidlegare stod det anten ei eske eller to stolar som skulle hindre han i å kome opp. No finnes det ingen hindring. Men i Ekko sitt hovud er det hindring. Han tør ta framlabbane opp til 3. trinn, men baklabbane må stå klistra i golvet. Han står til og med og grin når eg er der oppe og seier at han kan kome opp. Aldri i livet. Desse trinna er farlege. Eg må kome ned. Eigentleg ganske greit, for der er hula til ungdommen. Men morsomt å sjå på kor sterk den usynlege grensa er.
Bileta er frå då han oppdaga at det skjedde noko på taket og at det kunne kome snøballar derifrå. Tenk at vi måtte på taket og måke snø i Bergen! Har gjort det på hyttetak i snørike område før, men på hustak i Bergen?! Ein merkeleg vinter.
Eg må vel setje meg ned og tenkje litt klart over ka eg vil trene på i mars månad. I bruks er det meir eller mindre klart, men i forhold til hjernetrimmen elles.... Trur eg skal vere den som filmar på torsdag :) når alle dei andre viser programma sine. Vi blei utfordra av Arne til å baklengskjede nokre øvingar. Og det har eg altså ikkje gjort. Hm.

tirsdag 23. februar 2010

Ferie er ikkje det verste eg har

Matmor og eg er på ferie. Eg hadde tenkt at det skulle bety full fart og mykje trening, men eg trur eg har tatt feil. Matmor driv på med sånn flytte snø greier. Ikkje spennande i det heile. Eg vil at ho skal kaste ball og triltar ballen til henne heile tida. Heldigvis skjønar ho det og kastar den, men ho blir liksom ikkje med i leiken heile tida. Kjedeligt!

Eg vekkjer henne tidleg for eg syns vi skal vere klar når dei andre står opp. Dei er der jo bare bittelitt før dei går ut dørene. Ho har visst begynt å lure på om eg er ein ekte hund. Ikkje veit eg, men det eg veit er at eg er spesiell. Spesielt vakker, spesielt snill, spesielt dyktig ... ja spesiell.

Av og til gøymer matmor ballen, men eg finn den alltid. Er litt høg snø å arbeide i, men ganske behagelig å tisse i. Treng ikkje løfte labben ein gong.

Eg syns eg luktar ballen

Eg fann han!

Eg blir litt yr av snøen meiner ei. Eg skjønar ikkje koss det går ann å ikkje vere yr. Det er jo så kjekt å hoppe, dra, grave og bråke rundt i dette mjuke. Og så godt som det luktar overalt!
Kom å sjå! Eg trur eg såg noko grønt.

I går måka matmor 2 gonger her og i dag såg det sånn ut. Eg syns det er bra at bilen blir innesnødd. Då må vi jo vere her lenge!

Eg trur ikkje vi kjem til å ha eit nummer på aktivitetskurset. Matmor gidd ingenting. Når vi ikkje er ute, vil ho lese. Eg ligg klar, men ka hjelper det når ho bare seier "så søt du er" og les vidare.

mandag 22. februar 2010

Er Ekko ein hund?

Ekko og eg har litt ferie. Det betyr tidleg opp, meiner Ekko. Vi kan jo ikkje gå glipp av ein dag saman. Matmor er ikkje heilt einig, men gjer seg etterkvart. Og det er medan eg ligg der og halvsøv eg har begynt å undre meg på om Ekko er ein hund, eller ein unge i hundeklede. Han oppfører seg i blant som ein unge. Til dømes når eg ikkje opnar døra fort nok eller han vil noko anna enn meg, då står han og trampar med framlabbane. Heilt likt ein unge som trampar med beina for å få viljen sin. Hjelper ikkje det, både trampar han og smågrin.... Og som ungar flest likar han å sove i telt (stoff-buret).

Ellers så har eg begynt å gruble litt over ka som skal vere vårt nummer på aktivitetkurset neste torsdag, men har vel ikkje konkludert. med noko. Treninga er litt hopp og sprett for tida. I går brukte vi tid på å leike i snøen, men fekk trent litt på flat dekk med store forstyrringar. Medan vi trente stod dei beste tobeinte venene hans og laga lydar, ropte på han osv. Først sprang han bort til dei, men då han skjønte at det ikkje blei premiert, greidde han faktisk å gjere det eg bad han om. Måten han tok i mot godbitane, viste at han syntes dette var ei vanskeleg øving. Flinke guten.

I dag skal vi måke snø, slappe av og gå ein tur. Kanskje det blir litt søk etter ballen i snøen.

onsdag 17. februar 2010

Eg er blitt utfordra

Lili (Hvite gjeterhunder) utfordra meg i går og det må eg jo ta på alvor. her er utfordringen eg fekk:

En liten utfordring:
1. Gå inn på bildemappa di"Mine bilder"
2. Velg den 4. eller 7. mappa.
3. Finn frem det 4. eller 7. bildet.
4. Sett inn bildet i et innlegg og skriv litt om det.
5. Utfordre 4 nye, legg ut en link til de du utfordrer og gi beskjed til dem.

Her er det eg fann i mappe nr 7 og bilete nr 7

Biletet tok eg ifjor sommar (ja det kan vere varmt og grønt...). Ikkje så langt frå Preikestolen/ Preikestolhytta har turistforeininga laga 3 basecamp. Denne var telt som var i trea med hengebruer mellom dei. Skikkeleg fasinerande og spennande.

Eg utfordrar:

søndag 14. februar 2010

Viktige element i runderinga og kor er vi?

Eg har nettopp lese artikkelen til Morten Egtvedt i Canis 1/10 og på bloggen . Artiklane handlar om framslag og bakslag i runderinga. Interessant. Den delen eg hengte meg opp i, og som ikkje er det direkte framslaget, er lista han laga av viktige moment i runderinga. I kursiv: kor langt er vi komne.
  1. "Trøkk" og utholdenhet i søket. Godt trøkk, men kan vere endå meir uthaldande
  2. En pålitelig melding. Her er vi i startfase
  3. Figurantsikkerhet (hunden mister sjelden figuranter som den har sjansen til å finne). Førebels sikker
  4. Hunden søker rett og langt nok ut. Langt nok ut, men ikkje alltid rett. Her har eg arbeid å gjere
  5. Bra flying (minst mulig stopp på midtlinja under søket). Veldig god flying
  6. God og positiv styring/kontakt med hundefører på midtlinja. Slik det har vore i det siste, er eg nøgd her
  7. Hunden kommer rimelig kjapt på innkalling (men ikke hvis den har ferten av figurant). Ok her òg
Denne lista er viktig og vi må ikkje gløyme den i jakta på det perfekte framslaget i følge Morten.

Her bryt han opp eit perfekt runderingsslag i fleire deler (Ekko i kursiv denne gongen òg):
  1. Hunden bør søke minst 50 m rett ut (gjerne litt på skrå framover i tillegg) Vi er nok litt ustabile i kor langt ut vi går, men eg trur han vil gjere det. Bør kanskje begynne å bli meir merksam på avstanden. Han kan bli for langt  på skrå for han greier ikkje heilt å vinkle seg ned mot 90 grader når han passerer meg. Farten er så stor at han retter seg opp eit stykke lenger ute. Eg må finne ein måte å få dette til på.
  2. Hunden må ikke være overdrevent sporfokusert. Her syns eg han har blitt betre. Syns han bruker meir overslaget enn nasen i bakken.
  3. Hunden bør lete bare passe lenge på hvert utslag, og heller trekke inn mot deg rimelig snart hvis den ikke finner noe 50-70m ut (uansett om du roper eller ikke). Vi trener altfor sjeldan på blindslag. No når Ekko har fått opp iveren igjen, må eg hugse å ta det med i planlegginga
  4. Hunden må ha en bra innkalling. Når spornasen har oppdaga dyrespor, er ikkje innkallinga den beste, men på det jamne er den bra.
  5. Hunden må ha lært å trekke korteste vei rett inn til deg på midtlinja (ikke korteste vei inn til stien, og deretter løpe stien fram til deg). Her syns eg Ekko er flink.
  6. Hunden bør ha en bra flying. Ekko elskar flying. Det å jobbe utan å bli avbrutt av meg er toppen :).
Mange framskritt og nokre stopp opp og ikkje la det utvikle seg altså. Punkt 1 og 3 bør eg ha fokus på i ein periode no. Ja, då saman med lausbitt-treninga. Skulle visst trent rundering fleire gonger i veka. Men det var den tida... Får ta det i det tempoet eg kjenner eg kan leve i. Då har eg det bra og då har Ekko det godt. Ei trøytt og irritert matmor er ingen god treningskompis.

lørdag 13. februar 2010

Ei god arbeidsøkt

I dag var det rundering på Sviland. Det var kaldt, men sol som varma. Vi var 7 ekvipasjar. Ekko og eg var siste ekvipasje.
Vi tok oss tid til å prate litt om ka vi ville før vi sette i gang. Eg kom i seinaste laget og var nok ein av grunnane til at vi kom seint i gang med sjølve runderinga. Må lære meg å ta Ekko si vimsing for å unngå bilen med i tidstabellen om morgonen.
Men tilbake til praten. Den trur eg er viktig. Den som skal vere på midtlina får nokre signal om ka folk vil, Den som skal føre hunden får satt ord på det ho tenkjer og få tips om ka ho kan gjere. Mitt mål var: 1 lausbittmelding, figurant bli passiv og Ekko kome frivillig på skrått mot meg.

Vi fekk ein god luftetur før det var vår tur. Gro skulle vere på midtlina, Charlotte og Kari M figurantar. Eg hadde gjeve frå meg 2 lausbitt for å utfordre Ekko litt. Første melding gjekk veldig bra. Hentar, kjem inn, ventar til eg har satt på han lina og gitt han melding. Skal han ha minus på noko så er det utgangsstillingen. Eg kan nok trene på det elementet.

Å starte runderinga med ein lausbittmelding har han gjort fleire gonger. No skulle han gjenta suksessen på andre slaget. Fint ut, henta bittet, sprang forbi meg og ville tydeleg vidare over på neste side. Bittet i munnen heile tida. Blei ropt inn og såg litt forvirra ut då eg ville ha han i utgangsstilling. Men det var ingen problem å springe ut til figuranten då han skjønte teikninga. For meg var dette eit godt signal på at eg må fortsetje med eit par meldingar framover.

Etter dette gjekk vi over til flying. Ekko har ein veldig god fart. Han sprang frå figurant straks denne blei passiv. Han er flink til å skråne mot meg (framdrift), men farten er så stor at han greier ikkje å vinkle seg heilt inn slik at han spring beint ut. Altså blei det nokre bakoverslag. Godt det er utfordringar framleis :).
Alt i alt er eg veldig nøgd med utviklingen.

Etter at alle var ferdig, tok vi ein pause i sola og oppsummerte ka tankar vi hadde etter denne runden. Greit å skrive ned nokre ord om ka tankar ein fekk seg.

For å verkeleg setje prikken over i-en på denne fine dagen, så fekk eg første kaffikopp på terrassen i dag. Det går mot vår.


Bileta i dag er tatt med mobilen medan eg var figurant. Og dei to siste då eg lufta Ekko før det var hans tur.

tirsdag 9. februar 2010

Det blir lysare!

Det er så fantastisk med desse solskinsdagane. Eg får gått tur før mørkret kjem og tek oss. I dag kom eg heim kl 16 og skifta kler i ein fart. Her skulle vi ut og fotoapparatet måtte med. Vi oppdaga litt forskjellig på turen:
Vi møtte 4 ridgebackar

Og vi bur sentralt..

Det var ein hannhund som dukka opp. Dei målte kvarandre, men bestemte seg for å gå kvar sin veg. Eg turde ikkje gå nærmare for å ta biletet.

Og jula varer heilt til påske? Eller er det her nissen bur?

eller dei underjordiske?

Her kjem villdyret. Vidder er til for fart, fart, fart!

Sola lagar skugge. Klokka er 17 og lyset har tenkt å vere her ei stund til.

Bjørka solar seg og ventar på våren

Den vakraste av alle :-)

fredag 5. februar 2010

Fotballtalenta stig fram..

På aktiviseringskurset trente vi shaping. Eg skulle vidareutvikle fotballspelaren Ekko, frys på musematte og halde apporten og sjekke kommando. Trente saman med Gro og Maja og Elisabeth og Faya.

Faya hadde ikkje vore her på ei stund og treng litt tid til å kome i treningsmodus. Men etterkvart gjekk det veldig bra. Kan bli ein habil fotballspelar den dama der.

Maja prøvde seg òg som fotballspelar. Ikkje like kvass på ballen, men hadde eit talent etter det vi såg.

Ekko viste at vi hadde trent litt. Han fekk fleire snutepass med fart. Trente på at han skulle få fart på ballen og touche to goner før klikket. Eg sleit litt med å klikke på rett tid. Det blei fort rett etterpå. Men med sylskarpe blikk frå Gro og Elisabeth fekk eg fart på klikket og han fart på ballen.

Å få Ekko til å fryse på musematta, er i grunnen ikkje det vanskelegaste, men å få han til å endre måten han landar på matta er utfordringen. Det er labbar og snute på same tid. Slit med å få vekk snuten. Førebels går det dårleg.

Apporten er ok, men stakkars godguten. Han blei ledd av. Eg skulle teste om kommandoen "takk" var inne. Den måten han avleverte apporten på var visst ganske så morsom. Verka nesten som han kasta opp. Helst ville han gjere det heilt inntil meg. Kommandoen er altså ikkje på plass, men kvifor denne brekkøvinga? Er det ein måte å prøve å levere den i handa mi? Må få det vekk, men underhaldande var det.

Konklusjonen på treninga: Vi skulle kanskje satse på eit hundefotball-lag?

torsdag 4. februar 2010

Kveldstur i nysnø

Tysdag etter probøemhundtreninga tok eg Ekko med på kveldstur. Det var kome mykje nysnø. Landskapet var stille og vakkert. Mobilen var heldigvis med..

mandag 1. februar 2010

Fire tøffingar på trening

Lenge tenkte eg at det blir bare Ekko  og eg som kjem til å trene i snøveret, men der dukka jammen Kari og Dea opp.
Prøvde meg med mobilkameraet i kveld òg. Alle strekane er snø. Og Dea treng i alle fall ikkje lykt, sjå kor ho lyser!!


Kjekt å trille ball i snøen, like eins litt apporttrening og leik. Blei ei kort, men intensiv økt + tur. På slutten hadde eg ein kvit hund :-)