søndag 28. februar 2010

Mitt sosiale dyr og litt dårleg samvit...

Ferielivet er over. Vi har ikkje trent på noko fornuftig. Bare hatt det godt. Ekko elskar desse sosiale dagane der han blir kost med, "leikeplassen" er rett utanfor døra, han får ønske folk god morgon, sjå til at alle legg seg om kvelden osb. Gode dagar altså. Han forkortar til og med morgonturen for ikkje å gå glipp av det sosial liv. Straks han har gjort sitt fornødne, vil han snu og gå heim igjen.

Eg har sett kor trøytt han kan bli av søk i hagen når eg gøymer godbitane grundig i snøen. Det saman med skikkeleg drakamp får han til å slokne inne.

Arne har snakka om at hundane lærer ka som er lov og ikkje. Og at dei ikkje gjer det ulovlege, sjølv om vi ikkje er der. Eg har erfart at det som er lært i hundebarndommen sit klistra. Hemsen har vore ulovleg område for Ekko. Tidlegare stod det anten ei eske eller to stolar som skulle hindre han i å kome opp. No finnes det ingen hindring. Men i Ekko sitt hovud er det hindring. Han tør ta framlabbane opp til 3. trinn, men baklabbane må stå klistra i golvet. Han står til og med og grin når eg er der oppe og seier at han kan kome opp. Aldri i livet. Desse trinna er farlege. Eg må kome ned. Eigentleg ganske greit, for der er hula til ungdommen. Men morsomt å sjå på kor sterk den usynlege grensa er.
Bileta er frå då han oppdaga at det skjedde noko på taket og at det kunne kome snøballar derifrå. Tenk at vi måtte på taket og måke snø i Bergen! Har gjort det på hyttetak i snørike område før, men på hustak i Bergen?! Ein merkeleg vinter.
Eg må vel setje meg ned og tenkje litt klart over ka eg vil trene på i mars månad. I bruks er det meir eller mindre klart, men i forhold til hjernetrimmen elles.... Trur eg skal vere den som filmar på torsdag :) når alle dei andre viser programma sine. Vi blei utfordra av Arne til å baklengskjede nokre øvingar. Og det har eg altså ikkje gjort. Hm.

4 kommentarer:

Elisabeth sa...

Velkommen hjem. :-) Du trenge ikkje bekymra deg for at du ikkje har noen program te torsdag ennå. For det e fremdeles tid. Om du knake ut ein plan i kveld, så begynne du å trena i mårå. Og vips så e det og i boks. Du trenge jo ikkje gjør det vanskelig da. Det enkleste er ofte det beste.

Gro sa...

Heia. Du er i godt selskap ang å ikkje ha trent. Eg hadde jo tenkt ut og begynt på noe før vinterferien, men det var før vinterferien det, he he. Har kje trent någe eg heller. Tror ikkje eg huske ka det var eg sko gjør, og lappen eg skrev på huske eg jaffal ikkje kor e.....

Kanskje eg får trent noe en av degene i uka på et eller annet. : )

Marit sa...

Godt at dere har kost dere. Apropos ting som er lært inn tidlig. Punky fikk ligge i sofaen når hun var valp, men så ble det plutselig ikke lov:( Hun går i sofaen hver dag når vi ikke ser det. Der stemmer ikke teorien til Arne på Punky.

Aud Venke sa...

Hm. Eg har meir erfaringa til Arne: Ekko fekk sove i senga lenge, han blei aldri jaga ned. Så bytta eg seng og etter to-tre forsøk på å hoppe oppi, er det heilt slutt. Når står han og håper på at eg skal legge det teppet på dyna som betyr velkommen oppi. Han prøver seg ikkje på senga utanom.