fredag 5. februar 2010

Fotballtalenta stig fram..

På aktiviseringskurset trente vi shaping. Eg skulle vidareutvikle fotballspelaren Ekko, frys på musematte og halde apporten og sjekke kommando. Trente saman med Gro og Maja og Elisabeth og Faya.

Faya hadde ikkje vore her på ei stund og treng litt tid til å kome i treningsmodus. Men etterkvart gjekk det veldig bra. Kan bli ein habil fotballspelar den dama der.

Maja prøvde seg òg som fotballspelar. Ikkje like kvass på ballen, men hadde eit talent etter det vi såg.

Ekko viste at vi hadde trent litt. Han fekk fleire snutepass med fart. Trente på at han skulle få fart på ballen og touche to goner før klikket. Eg sleit litt med å klikke på rett tid. Det blei fort rett etterpå. Men med sylskarpe blikk frå Gro og Elisabeth fekk eg fart på klikket og han fart på ballen.

Å få Ekko til å fryse på musematta, er i grunnen ikkje det vanskelegaste, men å få han til å endre måten han landar på matta er utfordringen. Det er labbar og snute på same tid. Slit med å få vekk snuten. Førebels går det dårleg.

Apporten er ok, men stakkars godguten. Han blei ledd av. Eg skulle teste om kommandoen "takk" var inne. Den måten han avleverte apporten på var visst ganske så morsom. Verka nesten som han kasta opp. Helst ville han gjere det heilt inntil meg. Kommandoen er altså ikkje på plass, men kvifor denne brekkøvinga? Er det ein måte å prøve å levere den i handa mi? Må få det vekk, men underhaldande var det.

Konklusjonen på treninga: Vi skulle kanskje satse på eit hundefotball-lag?

2 kommentarer:

Elisabeth sa...

Tror du må få filma den avleveringa. Då e det kansje lettere å se ka ein kan gjør for å få det vekk.

Og når det gjelder den musematta.Korfor kan ikkje snuten varra der samtidig som beina? Har det noe å si?

Aud Venke sa...

Dei skal jo stå i frys over lengre tid etterkvart. Og no har han lært at labbar og snute skal på matta før han skal sjå opp. Og det er altså ikkje det han skulle ha lært seg...