lørdag 14. januar 2012

Sporhunden

Sporet eg la ut 780m, stigning ca 100m

I dag var det rundering på Dale. Eg ville heller gå spor. La GPSen igjen på kjøkkenbenken, men kom jo på at eg hadde eit program på iPhonen som kunne hjelpe. Og det gjorde det, men eg har ikkje heilt funne ut koss eg skal overføre det til bloggen, så eg tok bilete av skjermen i staden. Eg starta ned ved sjøen og fekk fort ei bratt oppstigning. Det var 4 gjenstandar i sporet + sluttpremie. Sporstart var bare markert med at eg hadde sparka litt ekstra akkurat der.

Ekko var superklar då eg tok på han selen. Han nesten drog meg bortover stien. Sporstarten tok han med glans. Der stoppa vi opp og eg tok på han langline. Så sette vi i gang. 
Iveren var kanskje litt i høgaste laget. Farten var ok, men han verka som om det var litt hopp og sprett med å vere på og av sporet. Nasen høg og nasen i bakken. Han satsa litt på oververet? Men det gjekk fort over. Terrenget her var vått. Opp lia var nasen nedi. Første gjenstand (refleksbrikke), snuste han bare på og gjekk vidare. Tok min sving ut av stien med glans. Gjenstand nr 2 (kong) blei markert med å stoppe opp og sjå på den og på meg. Veldig bra.

Vidare innover. No skulle vi opp til ei hytte. På flata før det kom det tydlegvis ein trekk for han drog mot høgre. Då gjekk det opp for meg at sporet litt lenger framme ikkje var så langt unna (sjå kartet). Fekk justert litt. Då bar det fint avgarde opp til hytta og ned på sida. Venta fint då eg bad om å få hoppe ned ein skråning før han (det var i brattaste laget å henge bakpå).
Gjenstand 3 overraska meg at han fann for då trudde eg vi var utanfor sporet, men det var vi altså ikkje.  Neste utfordring var at eg hadde gått ein stad der eg måtte snu og gå tilbake pga at det var for glatt å gå ned. Her jobba Ekko veldig. Han sleit med å finne vegen vidare. Trengte hint om at han måtte snu, men då  var han kjapt på sporet igjen. Men så datt han litt av. Nasen var høg, han verka litt trøytt, men ivrig straks han fekk fert igjen. Og ferten var tydlegvis gjenstand 4 (stor kong). Han leita rundt  og var på veg vidare, trudde eg, så eg tok opp gjenstanden. Men nei, her var det ein som snuste og snuste for å finne noko som tydlegvis skulle vere der. Til slutt begynte han å grave akkurat der eg hadde hatt kongen. Eg måtte legg den ned igjen så han kunne ta den opp. Då var han nøgd og kunne gå vidare.
Sporet Ekko gjekk 850m
Vi kryssa stien og kom til høgt, gamalt gras, mose, vått underlag og ein del stein. Der gjekk han som ei klokke. Veldig bra. Rett før mål satsa han på oververet igjen og sikta litt for langt slik at vi kom inn på der eg hadde gått etter sporet. Heldigvis oppdaga eg det fort og han fekk korrigert kursen.

Eg veit jo at han likar å gå spor, men er imponert over kor godt det gjekk etter så lang pause. 800m og til tider eit veldig blautt terreng. Vi må jobbe med tendensen til å ta snarvegar (sette nasen i lufta og lukte seg til svaret). Sporet tok 25 minutt å gå.

Vi har trent lite på ka han skal gjere når han finn gjenstandar. Eg har mest tatt det etter innfallsmetoden. Sjå ka han vil gjere. Og det han vil er å stoppe og sjå på meg. Flott!

mandag 9. januar 2012

Fullmåne og stjerneklart.. vi måtte bare trene

No overgår vi oss sjølve. Trening laurdag og trening i dag.

I kveld var vi fire ekvipasjar som syntes at fullmåne og stjerner er noko å feire og drog til Sviland for å trene.

Ekko og Sita sprang og varma opp medan Gro Anita og eg prata. Så kom Gry og Kristin og vi var klar.

Kontakt ein mørk kveld. (med svart hund). Ekko var så klar til å trene at han gjorde alt eg bad om. Tren, tren... Så kontaktreninga gjekk veldig bra. Innkomst på kommando og.

Så var det meldetrening med kyllingstykke som premie. Det gjorde susen. Kjapt ut til Gry for melding, inn til meg for å melde. Då har han det så travelt at han set seg framfor meg, men sit i ro med bittet i munnen til eg har "kladda" ferdig. Og full firsprang ut til premien. I dag var det ikkje leik. Han har ein fot som han har klynka på eit par gonger. Meldingane var veldig fine. Eg kan pirke på detaljen om at han kan stoppe eit steg før, nemleg ved sida av meg, men i dag var det farten og tolmodet (å vente på kommando: vis) eg ville ha tak i. Han kom i fint driv inn til meg òg. Han har til vanleg ein tendens til å dempe farten på veg mot meg, men det hjelper med oppmuntrande tilrop.

Etter dette hjelpte eg Gry med meldetreninga. Silja er jo ein fryd! For ein fart og iver. Og i dag oppdaga eg at ho ikkje trengte mange godbitane. Når figurant blei jaktleika, var det heilt topp. Må teste det ut på runderinga.

No ligg Ekko og søv. Det er eit eller anna gale med foten for den blir slikka og han er forsiktig når han trør. Ikkje lett å sjå ka det er. Alt er jo svart på den der bajasen. Vi får sjå i morgon.

lørdag 7. januar 2012

Rundering? Var det ikkje skogstur vi var på?

Første laurdagstrening i det nye året. 7 hundar skulle få prøve seg. Punky, Scott, Nicole, Vichy, Ekko, Maja og Kira.
Ved at vi var mange, fekk vi tid til å varme opp hundane. Ekko fekk springe og kose seg før det var vår tur. Eg burde kanskje tatt eit par signal på arbeidslysta då eg ikkje fekk respons på fløyting under oppvarminga. Det plar vere fart over innkomsten då. Men ikkje i dag.

Figurantar i dag var Jan Inge og Marina. Eg hadde tenkt litt for lite på koss vi skulle starte så då midtlinesjefen, Gro, spør om vi skal ha rett i leik eller full melding, svarar eg melding.

Ekko rotar på vegen ut. Snusar og er framleis på skogstur. Han er døv på begge øyrene. Men omsider kjem han avgarde. Kjem fint inn med meldinga og ut igjen. Leiker bra!

Neste slag like sløv start. Spring villmann i skogen. Figurantane blir synlege og nærmare. Det hjelper litt. Går etterkvart over direkte i leik for å sjå om det hjelper. Men ikkje særleg. Luktene i bakken er sterkare enn figurantane.
Eg kjenner eg blir sur på han.Denne Ekkoen har ikkje eg sett på eit år minst. Kor var den ivrige hunden som hentar lausbittet og gjer det han skal? Ja, ja. nokre skritt tilbake før vi er i gang igjen.

I ettermiddag har han vore uroleg og masete, men har no slokna. Rare hunden.

Eg får bruke helga til å tenkje ut ka som skal ha fokus neste veke.

onsdag 4. januar 2012

Nytt år

Ekko og eg har levd eit avslappande liv i jula. Kiloa har lagt seg rundt magen på begge :). No er vi klar for eit nytt år med nye sjansar.

Ekko er veldig klar. Han vil bli kvitt nyåret så fort han bare kan. Eg trudde han var blitt betre i forhold til rakettar sidan det gjekk så fint 2010/11, men det var nok det at huset var fullt av folk og det var ekstra lite fyrverkeri det året. Denne gongen tok nabolaget på Sandsli igjen. Det var utsal på ICA, Plantasjen og Biltema og her støttar folk nærbutikkane.... Det small frå 30/12. Heldigvis var eg akkurat ferdig med god skogstur då første smellet kom 30/12. Men på kvelden nekta den firbeinte å gå langt frå huset.  31/12 gjekk greit til ca kl 14. Etter det var det aldri trygt å gå lenger enn til hagen og frå kl 18 ikkje ut i det heile meinte Ekko. Han var uroleg heile kvelden, men greidde seg ved å ligge under bordet medan vi spelte brettspel kl 24. Han drakk mykje og det endte jo som det måtte. Bøy i knea og tissing på stovegolvet. At eg sette ei bøtte under, reagerte han ikkje på. Såg heilt fjern ut.

1.dag nekta han å gå langt frå huset. Det lukta svovel og brått kom smella. Morgon og midt på dagen går greit, men kveld er nifst. Til og med etter at vi kom heim til Stavanger. Men i går kveld gjekk vi tur rundt Mosvatnet med veninnene hans (Pia og Era). Då var alt ok. Så får eg håpe ingen sender avgarde eit smell i kveld.