torsdag 30. juli 2009

Stakkars meg...

Eg ligg her som slakt i dag. Har vore hjå veterinæren. Eg hatar veterinæren og det burde matmor visst. Når dei stenger meg inne på rommet, blir eg heilt i frå meg. Men dei lurte meg denne gongen òg, så nå ligg eg i senga mi og sløvar.

Du lurer kanskje på kvifor eg måtte til veterinæren? Eg har vore sjuk eit par veker sånn omtrent. Matmor syns eg slikka meg veldig i rompa og så var eg altfor lat. Då eg ikkje orka å vere godmorgonkomite då bestevenen min stod opp, sa ho at no måtte eg sjekkast. Eg prøvde å vise ei piggare side i dag tidleg i håp om at ho skulle avbestille veterinærtimen, men den gong ei.

Eg blei bedøvd mot min vilje og så hugsar eg sånn svakt at dei løfta meg opp på benken. Stønnet til matmor (ho er jammen slapp i musklane, tenkt stønne når ho skal løfte vesle meg), kan eg vanskeleg unngå å få med meg. Neste gong eg hugsa noko, låg eg på golvet og eg var så trøtt, så trøtt. Men med ein gong eg kjente at eg kunne stå på beina, ville eg ut. Matmor lo. Fy henne. Ho skulle kjent på kor vanskeleg det var å stå på beina. Heldigvis greidde eg å kome meg inn i bilen.

I følge matmor så hadde eg betente analsekkar. Det var stappfulle og det kom blod ut. I tillegg hadde visst noko sprukke litt inni der. Det er nok det som gjer veldig vondt. Eg fekk meir antibiotika enn veterinæren nokon gong hadde gitt til smådyr. Dei snakka om at eg var større enn ein kalv. Pøh. Eg er akkurat passe stor.
I to veker framover no skal eg visst gå på smertestillande og på antibiotika. Eg skal nok greie det, bare eg blir frisk.

Men akkurat i dag vil eg bare sove og bli klødd bak øyrene. Heldigvis har vi besøk så eg får kos.

Stakkars meg sukk frå Ekko

fredag 24. juli 2009

Ut på tur - fjell og hav

I går var vi på tur langs gamle hovudveg. Den starta ved Hølland gard på Ogna. I starten var det litt sau og hest, men etterkvart såg vi ikkje fleire, så då fekk Ekko springe fritt ei stund. Vi fann ein
badesko som blei den perfekte freesbee til Ekko. Kasta var så lange og i høgt gras så det kravde ein god del hjernearbeid for funn. Skoen flaut bra òg, så det bar langt ut på vatnet for funn. Etterkvart blei skoen bare tusen bitar...

Dagen starta litt grått, men det blei sol og varmt. Vinden som kom, var bare god og hjelpte på sveitten. Vi gjekk ca 2/3 av turen og bestemte oss for å ta ein topp på slutten i staden for å gå heile vegen. Terrenget var ulendt så vi fekk brukt litt musklar. Men toppen fann vi og utsikt var det.
Gamle hovudveg var ein fint tur og som bonus kan ein kjøpe blomar på Hølland gard med det same. Vi parkerte ved Ogna idrettshall. Då var det ein kilometer å gå til starten. Framme ved Hølland bru hadde det vore muleg for 3 bilar å parkere, men det visste ikkje vi om. På heimvegen parkerte vi dei andre ved brua (ei flott gamal steinbru) og gjekk til bilen. Dette likte ikkje Ekko. Flokken skal vere samla! Men med litt strev blei han med. Raringen.
Etter denne turen lokka havet. Vi tok nærmaste strand. Ogna. Her var det få folk. Dei var heime og åt (kom fleire seinare). Bølgene brusa mot stranda og dei tøffaste bada. Superkjekt syntes Ekko, men han kjefta litt då dei gjekk for langt ut. Då ville han ha dei inn igjen.
Vi fann ei flaske han kunne jakte på. Og det var spennande i bølgene. Blank flaske og frodande sjø. Men han fiksa det kvar gong.




lørdag 18. juli 2009

Bittelitt trening

Alt går i feriemodus her i huset, men vi kom heim onsdagskveld og stilte til trening torsdag. Det var varmt og eg var meir pratesjuk enn treningssjuk...

Vi var 4 ekvipasjar som trente. Ekko fekk prøve seg på luktdiskriminering. Gjekk ganske greit, men utviklar seg for sakte. Bringkobbelmelding gjekk dårleg. Den beste treninga var nok å ligge i buret då eg hjelpte Marit og Punky. Greidde det halvveges... I pausen låg alle hundane ute. Vi skulle trene dei på å slappe av medan vi sat eit stykke borte. No lot eg Ekko ligge laus i buret. Han gjekk ut og bort til oss fleire gonger, men til slutt blei han liggande. Dette må trenast mykje på, kjenner eg. Det er jo ein fordel for ein med bilskrekk å sleppe å havne i bilen heile tida :).

I dag hadde Marit og eg ei treningsøkt. Vi hadde tenkt at den skulle vare ei stund, men så tenkte Vårherre det var på tide med skikkeleg reingjering av fylket (det plaska ned) så vi stoppa etter ei stund.

Einaste målet var bringkobbelmelding....
4 gonger frå meg til figurant som siste ledd i kjeden. Første gjekk sakte, men så oppdaga han at det førte til leik å kome til figurant. Dei to neste hadde futt og fart. På den fjerde var han for gira. No måtte han finne pinnar undervegs tilbake til meg.. Inn i bilen

I neste økt var det frå figurant til meg og tilbake. Det gjekk greit, men litt for sakte tempo. Meir iver ut til figurant enn inn til meg. Må jobbe med å få den stødigare.

Og så må eg vel kanskje begynne å sjå på måla for denne våren og planlegge hausten...

torsdag 16. juli 2009

Har Ekko vore i Bergen?

Overskrift i Bergens Tidende: (Ekko sitt kallenamn er Bajas)

Bajas på Torgallmenningen
- Urinerte, skremte kvinner og opptrådte truende.
.....

Mystisk. Eg trudde eg hadde kontroll.....

tirsdag 14. juli 2009

Sommar.... hotell :), bil :(

Denne sommaren blei det ikkje kennel på Ekko, men biltur i Noreg. Trur han lengta til kennelen i blant.

Eg hadde kjøpt nytt bur. Solid og skikkeleg, men litt lågt. Ikkje lett å få eit som er høgt nok for denne staute hunden. Var spent på korleis det ville gå med hund på hotell og i mange ukjente situasjonar.

Vi starta frå Bergen og kjørte på svingete vestlandsvegar. Opp og ned. På slutten av første dag, kom det klynking og etterkvart fortvilte lydar frå buret. Eg stoppa og fekk han ut. Trudde hunden var sjuk. Han pesa ein del, men det var vel varmen, tenkte eg. Ekko nekta å gå inn i buret igjen. Eg måtte flytte all pikkpakk over i buret og plassere han bak førarsetet. På det viset kom vi oss til Skei i Jølster. Her skulle vi ligge på hotell. Det einaste hotellet vi hadde bestilt på var dette. Eg var jo redd for at vi ikkje kom til å få plass på grunn av hunden.

Det viste seg at alle måtte gjennom resepsjonen, ta heisen og så vandre av garde rundt på hotellet. Tenkte på alle hysteriske allergikarane vi finn i Rogaland... Rommet var perfekt for hund, eller rettare sagt romplasseringa var perfekt for hund. To utgangar rett ut like ved rommet. Rett ut i naturen.

Eg hadde tatt med ei gamal dyne han kunne ligge på. Det blei ei trygg seng.

På kvelden diskuterte vi kvifor Ekko hadde reagert så sterkt. Tenåringen sa at han hadde fått vondt i øyrene av trykket då vi kjørte opp og ned i eitt. Ja, kanskje det var det Ekko òg hadde. Vi bestemte oss for å ta det roleg neste dag. Gjekk lang tur og han fekk springe rundt på ei bre. Det var visst kjempekjekt. Snø og is!

Dagen etter rydda eg bilen, tok vekk burdøra og gav han mykje plass. Det hjelpte. Etter det gjekk han frivillig inn og ut av bilen, men peste veldig i periodar. Trudde først det var varmen, men etter ein dag med så kald bil at eg omtrent hadde frostskader, innsåg eg at han nok blir bilsjuk. Stakkars liten :(. Han får melde seg inn i klubben til Maja.

Etter det fekk han kome ut på alle småstopp i tillegg til større pausar. Vi sprang, leika og hadde det kjekt.

Etter det første positive hotellopphaldet, tok vi sjansen på spontanreise utan hotellbestilling. Og det gjekk fint. Det var ingen som reagerte på at vi hadde hund. Åja, sa dei bare og gav oss eit romnummer. Det var til tider ein lang tur gjennom gangar og trapper. Ekko fann heldigvis alltid vegen ut når vi skulle på luftetur.

På hotella oppførte Ekko seg eksemplarisk. Ungar fekk ta på han utan at han hoppa, han stod og venta i trapper slik at folk kom forbi, på rommet låg han roleg på plassen sin osv. Det einaste negative er vel at han er ein rasist... Siste natta låg vi på eit hotell med mange asiatarar på romma rundt oss. Dei var farlege syns Ekko og møtte bjeffe litt.

Om morgonen var det ein lukkeleg hund som hadde fleire han skulle vekke. Etter ein god tur med meg, fekk han frukost og blei lagt i bilen slik at vi kunne spise vår frukost i fred.

Vi låg på hotell i Skei i Jølster, Åndalsnes, Røros, Lillehammer og Geilo. Over alt blei den firbeinte altså veldig godt mottatt.

Det som var kjekkast for Ekko trur eg at var det å vere saman med sine beste tobeinte vener 24 timar i døgnet. Han likte ikkje når vi skulle gå tur aleine utan dei to andre. Alle skulle vere saman.

Forresten, det aller kjekkaste var visst å kome tilbake til Bergen. Halen begynte å gå då vi nærma oss huset til søster mi. Det var visst så trygt og godt at då han var trøytt om kvelden, gjekk han ned på rommet og la seg utan at det var andre i den etasjen.

Eg fann ut at det var best med bilfri dag så i dag har vi padla, bada og slappa av.

PS: Vi brukte radioane (walkietalkie) som eg har brukt på runderingstreningane i det siste, på heile turen. Kjempefin kontakt mellom bilane. Heilt gratis :)

mandag 6. juli 2009

Sommar........sjø!

Endeleg er det ferie her i huset òg. Eg har vore misunneleg på alle veninnne mine der dei reser rundt og opplever både det eine og det andre medan eg ligg heime og ventar påden travle matmor mi. Men no er det vår tur òg. Og ferie er bading, bading, soling, bading, mat, kos, bading, tur, soving.....

Vil du leike med meg?
Yesssssss!!!!! Eg er klar!
Min pinne! Eg hentar den
Har 'an


Litt vått, men det ordnar eg.....
.....slik

torsdag 2. juli 2009

Hunde is og andre tips i varmen

To gode vener på tur. Det er i slike stunder eg ser at Era er liten. Ja, for det kan vel ikkje vere Ekko som er stor???......

Det er varme dagar og då er det jo godt med nokre kalde tips:

Hunde-is
Du treng:
vatn, forkuler/ pølsebitar/leverposteiklumpar/ andre godbitar
yoghurtbeger eller liknande.
Tøm vatn i begeret, slepp godbitar (forkulene kan gjerne knusast litt) nedi.
Frys alt. Når hunden ligg der og peser på plenen, kan du finne fram isen, ta den ut av begeret og vips så har hunden fått vass-is han òg.

Frosne kongar
Leit fram alle matkongane du har. Stapp godbitar og leverpostei i og legg dei i frysa. Kald og god matrett.

Vatn med smak
Det er ikkje alltid hunden drikk så mykje som du vil. Særleg er det jo viktig at han drikk godt før turar i denne varmen. Då hjelper det å tilsette smak på vatnet. Litt leverpostei i vatnet plar vere suksess. Liker ikkje hunden å sjå leverposteien flyte rundt, kan du jo blande den slik at heile vatnet har smak og farge av leverposteien.

Andre gode tips? Kom med dei.

onsdag 1. juli 2009

Ligge i ro på avstand....

På måndag var det grilling på området. Vi var 4 som hadde både tid og lyst. Fleire var alt reist på ferie.

Treninga for dei tobeinte var å få til varmen på grillen og steike maten passeleg. Utfordringa var større for dei firbeinte.
Etter ei kort treningsøkt (luktdiskriminering, apport og burtening) skulle dei få den største utfordringa for kvelden: Ligge langt frå matmor, i ro medan godluktene spreidde seg rundt dei. Den suverene vinnar var Era. Ho er kjempeflink til å slappe av. Her har du jobba godt, Torhild. Sita greidde seg òg godt, men ho låg nærmare matmor. Den suverene tapar og masekopp var Scotty med Ekko som ein god nummer to. Anne Lise heiv fort gullguten sin i buret. Ekko såg ut tilå greie seg bra, men tolmodet kan han trene på. Det blei ynking og bjeffing på han òg. Inn i bilen. Og då blei det ro.

Etter maten trente vi litt til, men det var varmt for oss alle. Torhild og eg tok oss ein kveldstur. Då verka ikkje hundane slappe i det heile... Mystisk...

Kanskje litt om resultata av treninga:
Apport går kjempefint. Han bit for mykje på dummyen så den må eg trene ekstra på.
Luktdiskriminering. Det går stadig framover med å få han til å setje seg ved sida av egget, men når egget er på avstand så apporterar han det.
Burtrening er det kjekkaste syns Ekko. Labbane er for langt ute viss eg ikkje stiller meg framfor akkurat då han går inn. Ekko vel buret jamnt og ofte under treninga.