torsdag 30. juli 2009

Stakkars meg...

Eg ligg her som slakt i dag. Har vore hjå veterinæren. Eg hatar veterinæren og det burde matmor visst. Når dei stenger meg inne på rommet, blir eg heilt i frå meg. Men dei lurte meg denne gongen òg, så nå ligg eg i senga mi og sløvar.

Du lurer kanskje på kvifor eg måtte til veterinæren? Eg har vore sjuk eit par veker sånn omtrent. Matmor syns eg slikka meg veldig i rompa og så var eg altfor lat. Då eg ikkje orka å vere godmorgonkomite då bestevenen min stod opp, sa ho at no måtte eg sjekkast. Eg prøvde å vise ei piggare side i dag tidleg i håp om at ho skulle avbestille veterinærtimen, men den gong ei.

Eg blei bedøvd mot min vilje og så hugsar eg sånn svakt at dei løfta meg opp på benken. Stønnet til matmor (ho er jammen slapp i musklane, tenkt stønne når ho skal løfte vesle meg), kan eg vanskeleg unngå å få med meg. Neste gong eg hugsa noko, låg eg på golvet og eg var så trøtt, så trøtt. Men med ein gong eg kjente at eg kunne stå på beina, ville eg ut. Matmor lo. Fy henne. Ho skulle kjent på kor vanskeleg det var å stå på beina. Heldigvis greidde eg å kome meg inn i bilen.

I følge matmor så hadde eg betente analsekkar. Det var stappfulle og det kom blod ut. I tillegg hadde visst noko sprukke litt inni der. Det er nok det som gjer veldig vondt. Eg fekk meir antibiotika enn veterinæren nokon gong hadde gitt til smådyr. Dei snakka om at eg var større enn ein kalv. Pøh. Eg er akkurat passe stor.
I to veker framover no skal eg visst gå på smertestillande og på antibiotika. Eg skal nok greie det, bare eg blir frisk.

Men akkurat i dag vil eg bare sove og bli klødd bak øyrene. Heldigvis har vi besøk så eg får kos.

Stakkars meg sukk frå Ekko

3 kommentarer:

Faya sa...

off da Ekko :-( Det hørtes nå ikkje kjekt ut. Eg og sleit med det greiene der og ein gong, og det e ikkje noe godt. Og det hørres ut som om du har fått det verre enn ka eg hadde det. Offameg...
Håpa du blir friske fort nå. Så kansje me kan springa og ha det gøy samen ein dag.
Sov søtt resten av kvelden og hils matmor og sei hu må gi deg godt med kraftbein i tidå framover.

Faya

Ekko sa...

Eg får ikkje lov til å spise sånt enno. Det skal visst bare vere ting som gjer det lett å gå på do. Eg er skjelven enno, men får skjeva med leverpostei fleire gonger til dagen. Mystisk....

Gro sa...

Stakkars deg Ekko. Koffer ska me nå ha de der dumme kjertlane bak der??
Syns der e så mange så får problemer med de.....

God bedring og skjeva med leverpostei hørtes godt ut. Her går det bare på ris og fisk for tiå. Har hatt et par dager med litt spying, men e bedre nå.

Her hjemma skjer det någe igjen, de har masse kler liggane utøve et bord. Syns de har holdt på sånn kver gang me har kommet hjem eg....
Har visst ikkje så mye tid te meg når de holde på med disse klenå heile veien. tror nok det betyr at eg snart må på kjøretur i den der bilen igjen....sukk.