Viser innlegg med etiketten konkurranselydnad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konkurranselydnad. Vis alle innlegg

fredag 27. februar 2009

Spennande ID-spor

I dag er våren på besøk. Eit perfekt vêr å trene i. Marit og eg hadde bestemt oss for å trene ID-spor ut frå artikkelen til Anne Lill Kvam om ID-spor. Og deretter ha ei økt med meldetrening. Vi brukte godbitar som slutt i staden for eit menneske. Det løyste ein del utfordringar for oss i dag. Spora blir òg gått rett etter kvarandre (Vi har altså gått opp alle spora FØR hunden kjem ut av bilen).

Ekko sine fire spor var slik:

Spor 1:
Det ekte gjekk rett fram (Marit) og det falske til høyre (meg). Marit la kjempegode godbitar i slutten av sporet sitt.
Ekko var gira og klar for sporgåing. Han lukta på eit lite lommetørkle Marit hadde lagt ut, men verkar ikkje som han kobla. Vi veit at Dea har leika der, Kari har trødd mykje der, men meiner at hunden bør fikse dette. Tar han tilbake til start og då er han ikkje i tvil kor han skal.

Spor 2:
Det falske går rett fram (Marit) og det ekte til venstre (meg). Her feiler han og vil gå framover som sist. Blir stoppa og får lukte ein gong til på votten min. No svinger han til venstre og går fint til slutten.

Spor 3:
Det ekte går til høgre (Marit) og det falske går til venstre (meg). Nå er han tydeleg tent på oppgåva og går det veldig fint.

Så kjem den store utfordringa:
Spor 4:
Nå bruker vi spor 3 om igjen. Bare at denne gongen er det mitt spor som er det rette. Han luktar på votten min og skal altså velge å gå til venstre. Nå har han sjøl gått deler av sporet ein gong før og eg har gått bak og trakka. Vi var veldig spent på om det å lukte på ny gjenstand ville gjere at han tar eit anna val i krysset enn ved forrige spor. Og han var ikkje i tvil. Han går med nasen i bakken og tar alle svingane eg tok. Imponerande!
---
Denne måten å gjere det på var veldig kjekk og skal jammen prøvast ut fleire gonger!

Etter dette hadde vi ei økt med meldetrening. Eg har tatt opp igjen den delen som handlar om å springe frå figurant - til førar - til figurant igjen. I dag har Ekko god fart. Han kjem inn på plass, men så dukkar det opp ein ny variant i dei to siste forsøka: Han legg seg ned ved føtene mine og vil tygge på lausbittet. Heldigvis var han på hugget igjen då han fekk kommandoen "Sitt opp". Det må eg få vekk fort. Men elles var fart og engasjementet bra.

Etter at dei andre hadde dradd (Jan Inge hadde vore i Melsheia og lagt blodspor medan vi trente), tok eg ei økt til med Ekko.

I går kveld måtte eg bare sjå nøye gjennom ka dei krev i klasse D brukslydnad. Og det var som eg tenkte: Viss eg ikkje får lineføringa på plass, kan eg heller ikkje få fleire av dei andre øvingane på plass. Vi hadde ei økt med lineføring på treninga i går. Først gjekk vi sidelengs lang den kvite parkeringsstreken (i mangel av planke) og så gjekk vi litt framover. Marit klikka for meg. Ekko viste takter til å få til nokre fine steg framover. Det låg i bakhovudet i dag.

Men først skulle det trenast på å levere ballar. Med to like tennisballar gjekk det så det suste i dag. Han sprang og han leverte. Men ballen er sterk. Han hadde tendenser til å legge den ein meter frå meg i staden for å levere i handa. Dte fekk han ikkje lov til og heldigvis tok han teikninga.

No var han høgt gira og det var på tide å gå på planken. Og gjett om han gjekk. Å vite at det låg to tennisballar og kjøtkaker i lommen min, var visst verd mykje. Det var bare å snu og ta same ruta tilbake ;). På slutten av den begynte eg å gå framover. Og Ekko gjekk inntil fleire steg!! Då han sklei ut var det ikkje meir enn til 10 cm. Det er jo halvparten av det han gjorde før. DÅ fekk han ball-leik ei stund til.

Altså ei veldig god treningsøkt i dag. Sol, vårvarme og arbeidande hundar!

For dei som lurar - klasse D inneheld:
1. Lineføring
2. Gå framfor i line
3. Fri ved foten
4. Dekk under marsj
5. Innkalling frå sitt
6. Apportering
7. Hopp over hinder
8. Fellesdekk i 3 minutt.

I ein konkurranse må hundane i tillegg konkurrere innan ei av 3 grupper (rapport, rundering og spor) Dvs i klasse D skal vi velge anten budføring+spor, eller budføring+rapport eller budføring+rundering.
Ganske utfordrande for hundane syns eg.

Som de ser av øvingane i klasse D, er det mange som må vente når ikkje lineføringa er på plass. Vi testa apporteringa i går og den gjekk veldig bra.

mandag 16. februar 2009

Effektiv trening og litt fri ved foten av ein meister

Så var det slutt på skikkeleg vinter. Slaps, glatt og regn/ slush var det som møtte oss ved idrettsanlegget på Sola i kveld. Vi var ikkje mange, men spreke ;).

Ekko og eg starta litt trening på grusbanen før dei andre kom, deretter tok Era ein runde der medan dei andre forflytta seg til ein grusbane der snøen/slapset var fjerna. Vi kjørte dit vi òg. Det var Torhild og eg som jobba i lag. Veldig effektiv kveld. Mange og korte økter. Til slutt var vi tobeinte ganske surrete i hovudet. (ikkje bare måtte vi tenke på treninga, men vi forflytta oss ein gong til i løpet av kvelden. Det kom folk på grusbanen. Då kjørte vi til parkeringsplassen vi var på før. No var det 2 (!) lykter på heile området som verka. Det var altså ganske mørkt der).

Ekko trente på fri ved foten. Først var hovudfokus på å sjå på meg i staden for handa mi, så var det "attituden" og til slutt overgangen til å gå framover.

Ekko ser på meg medan han går (og ser ein del ned), men straks klikket kjem, ser han på handa. Vi prøvde andre variantar. Eg sa bra og premierte ved å ta godbiten frå den eine handa over i den andre. Eg drog ut tida mellom klikk og belønning osv. Det som verka best, var å premiere utan å klikke.

Attituden til Ekko var veldig fin i kveld. Han gjekk fint ogdå eg fekk opp farten var holdningen vakker. ;).

Torhild klikka då vi trente på at eg skulle vende og gå framover. Vi fekk ein del fine overgangar der han var tett inntil. Det tar ikkje mange stega før han er litt for langt frå meg. Men altså overgangen var fin.

Ekko fekk vise seg litt fram for Torhild. Han imponerte med å bli ståande medan eg gjekk rundt han, dansa litt og drog i bandet. Flink gut!

På slutten hadde eg tenkt å trene på utgangsstilling. Det blei mest tøys. Då ville Ekko bare sjå på Caos og han var tydeleg ufokusert. Alle lydar frå den andre gruppa var nok til å vippe han av pinnen. Då fann eg ut at det var nok trening. Og når eg ser han som søv på saccosekken no, trur eg at det var rett. Han har heilt tatt natta.

Til slutt vil eg vise litt fri ved foten, dekk under marsj, stå under marsj og sitt under marsj. Sjå og lær, seier bare eg :). Linken er frå Maria Hagström sin blogg.

lørdag 7. februar 2009

Kan eg hente nokre treningstips, mon tru?

I dei bloggane eg har eit auga på, begynte det denne veka å dukke opp mykje om Maria Hagström. Spennande, tenkte eg og begynte å sjekke det ut. Konklusjonen er vel at ein gong vil eg òg på kurs med den dama!

Men altså er det noko å lære av å lese bloggar til folk som har vore på kurs? Både ja og nei. Det eg skriv her er jo 3.håndsinformasjon. Det vil seie at først har Maria sagt noko, så har bloggforfattaren tolka noko og så kjem eg og tolkar det som bloggforfattaren har skrive... Men eg tek sjansen på at eg har forstått litt.
Bloggane eg har hatt som utgangspunkt er Klickerklok, Kreativ hundetrening og Kreativ trening
Via den siste bloggen, kom eg borti Hundehjørnet og Svipp og Sejer sin hjemmeside. Altså fem bloggar som skriv om det same kurset.
Ro/passivitet.
Alle skriv om kor viktig det er å bygge verdien for ro/passivitet. Fanny er innom kor dyktige vi klikkartrenarar er til å ha aktivitet, men at vi ikkje er så oppmerksame på balansen mellom desse. Vi er blitt flinkare til å bruke omvent lokkande og forstyrringar når vi trener passivitet. Men vi må vere merksam på at omvendt lokkande lett blir ei hjelp. Det å sitje/ ligge i ro med mange forstyrringar og omvendt lokkande, er ikkje passivt, men ei svært aktiv oppgåve for hunden. Omvendt lokkande er viktig for hunden i starten og til stor hjelp, men det må bort fort. Når vi trener på at dei skal sitje og ligge i ro (bli-øving), gløymer vi eit viktig element: at vi kan stå stille! Og at ingenting skjer på eit minutt eller to. Og så kjem forstyrringa.... Eg kjenner ei som hadde gått i den fella i alle fall ;).
Hundane våre er vane med å få belønning for å vere stille, Kor lenge kan han halde posisjonen utan å få godbitar? (ja ja, Ekko. Det blir litt annleis på fellesdekktreninga på måndag ...)

Er det utvikling i treningsøkten mine?
Maria har poengtert "3-regelen". har det skjedd ei utvikling på dei tre siste øktene? Viss ikkje, ka må eg endre på? Har eg for høge eller for låge kriterie? Fungerer ikkje belønningen optimalt? Skal eg belønne på ein annan måte? Altså eg må evaluere øktene og finne nøkkelen vidare.

Rett og feil
Blir det hunden gjer bare rett, er det for enkelt. Men skal eg feile hunden er det viktig at eg har rutine for det. Det er viktig å lære inn feilsignal og gjere det til ei godt innarbeida og positiv rutine. Så lenge belønningen er meir verd, kan feilsignalet vere positivt lada for hunden.

Kjed saman delmomenta
Det er viktig at vi startar med små kjeder allereie medan hunden er kvelp. Ekko er fire han, men eg er ikkje flink til å kjede saman. Blir ståande og trener på delmoment og når eg prøver å kjede saman så blir det fort heile øvinga. Og då er det jo lett å kjenne at dette kan vi ikkje. Startar vi med små kjeder, byggjer vi òg opp til ein uthaldande hund. Høg belønningskvalitet i slutten av kjeden!
Å arbeide i dei små kjedane gjer oss òg merksame på kor det skortar i dei enkelte moment.

Er hunden kroppsklok eller ordklok?
Sist helg skreiv eg om eit tips Maria Hagström hadde i bloggen sin. Nemleg å sjekke ut øvingar i uvante omgjevnader. Til dømes når hunden ligg som på fellesdekk og du er på avstand, kan du då få han til å krype? Osv. Kan hunden eigentleg kommando-ordet eller er det kroppsspråket mitt som gjer at han veit ka han skal?
----

Eg har fått noko å tenkje på og arbeide vidare med etter denne blogglesinga ser eg.

fredag 30. januar 2009

Fellesdekk

Etter kurs for kvelpar torsdagskvelden, bar det til OD og trening for Ekko. Her var heldigvis Gro, Silje, Kari L og Torhild enno. Dei trente eigne hundar så det var bare å ta ut Ekko og setje igang.

Eg tok fleire repetisjonar på stå. brukte den store pipeballen. Han er kjempeflink til å levere den tilbake for tida så det er fryd å trene med den. Fekk mange flotte stå. Bruker både kommando og premierer kontante stå han tilbyr. Neste er stimuluskontroll.

Den økta eg var mest nøgd med, var fellesdekk (aleine). Eg sprang rundt han med ballen, dabba den og styrte på. Det var ikkje alltid han greidde seg, men han tok seg godt inn. Så gjekk eg tom for godbitar. Ka gjer ein då? Jo, legg det inn i treninga. Får han i dekk, går til bilen (med eit auga på han), hentar fleire godbitar og går tilbake. Og Ekko låg som ein gud. Eit stykke i frå han var Timmy og Era ute, men han låg stille. Eg er imponert! Eg må finne fleire utfordringar slik at denne blir bankers i selskapslivet òg ;)

torsdag 29. januar 2009

Hund i kasse

Eg har lyst å bli flinkare til å shape fram atferder og har gitt meg sjøl ei utfordring. Få hunden til å setje alle beina i kassen. Med dei labbane han har, er det ikkje aktuelt med fire labbar i matskåla :). Så altså skal dei i ein kasse. Det har no enda opp med at eg sit på datarommet og grublar og Ekko ligg ved sida av kassen og syns eg er dum som ikkje vil trene meir. Men eg treng hjelp. Han tok kjapt begge frambeina oppi kassen, men gjett ka som kom etter det? Akkurat - rygging inn til sida mi (klosse eller kasse same det, tenkte han vel). Og når eg ikkje premierte det, så blei det mykje frustrasjon. Eg premierte frambeina oppi fleire gonger, men koss eg skal få han til å gjere eit forsøk med bakbeina, er ei gåte. Eg tar med glede imot tips.

Eg skreiv tidlegare om at han hadde begynt å hoppe ved kommandoen stå og ta eit steg framover. Det var jo eg som skapte feilen (brukte leverpostei som premie og den måtte han fram for å hente). No har vi drilla her heime i stova. Med tennisball som premie. Det gjorde susen. Han står som ei søyle og ventar. Ballen kastar eg bak han. Bonus er at han kjem inn med ballen kvar gong :). Så midt i frustrasjonen over baklabbane, koser vi oss med gode "stå".

onsdag 14. januar 2009

Eit tips og to....

  • Her er gode tips for treninga med fellesdekk/plassliggande. Tipset er tatt frå Maria Hagström, ei dyktig hundedame i naboalandet. Linken finn du her.

  • Ei bok om kvelpar, gratis på nettet. Du trur det kanskje ikkje? Sjekk her.

  • Eit par facebookgrupper som kan utvikle seg til å bli gode debattstader for treningsutfordringar er Klickerklok og Lydnad og bruksgruppen. Er du på Facebook, kan desse gruppene kanskje vere noko for deg? Har jo i desse dagar oppdaga at ganske mange er i fjesboka. :-). Veldig kjekt.
Eg måtte bare få litt varme og sommarkjensle...

tirsdag 12. august 2008

Trening med litt haust i lufta

Måndag kveld kjente vi at det ikkje var så varmt som det har vore lenge nå. Vi måtte fram med jakkane ut på kvelden.

Nå begynner det å bli fleire, så det er vel òg eit sikkert haustteikn? Denne kvelden var det Era, Pia, Sander, Faya, Ekko og Maja som skulle trenast. Maja går på pencilin og har operert i foten, men var klar for masse kos og litt arbeid.

I fleire veker har vi hatt fast på programmet: helse og innkaling. I tillegg ønskte eg at vi skulle plukke opp litt frå lydnaden. Vi tok fellesdekk.
Vi fekk vist ein måte å øve inn "fot" på som var spennande. Då viste det tydeleg at Pia hadde hatt stor nytte av treninga på klossen. Ho hadde kjempefin bakpartskontroll.

Helsetrening:
Torhild og Gro var kjempeflinke figurantar. Eg hadde klaga på at Ekko dreiv på med å bjeffe på personar som snakka til meg når vi var ute og gjekk. Skikkeleg irriterande. "Men det kan eg ikkje øve på her for han bjeffer ikkje på dykk." sa eg. Men jammen fekk dei han til det. Han blei ivrig og sprang mot dei. Blei stoppa av bandet. Slutta fort bjeffe og såg på meg - altså fekk han helse. Kanskje han neste gong ikkje skal få kome bort når han har bjeffa? Eller vil det vere å ta for lang læringskjede? Altså at han må greie å sjå på den som kjem i mot utan å bjeffe og deretter sjå på meg før han får helse. Eg tillot denne gongen at han slutta å bjeffe, såg på meg og fekk helse. Noen innspel?

Innkalling:
Vi har gjennomskoda hundane skikkeleg på dette. Dei kjem som ei kula på treningsplassen, så der får dei ikkje trene på det lenger. På torsdag gjekk vi til skogs, i dag var det på sidevegar/andre opne rom. Og alle gjekk i fella (he, he). Altså kan vi bare fortsetje å trene på innkalling! Ekko og eg gjekk tur. Torhild kom ut frå ein sideveg rett ved sida av oss. Det blei så nære at Ekko var hjå henne før eg fekk fløyte. Og han kom ikkje på fløytelåten. Fekk ingen premie verken hjå meg eller Torhild.
Vi gjekk vidare, så dukka Gro opp. Ho ropa og lokka verre, Ekko begynte forsiktig, kikka på meg, eg oversåg han og dermed sprang han. Straks fløyta kom, snudde han, Kjempebra! Slik var han på alle etter det. Til neste gong må eg ha tenkt gjennom ka eg skal gjere med tilbodet han kjem med før han spring ut. Eg hadde ikkje avtalt noko med figurantane denne gongen. Trur eg vil kalle han inn om han ser på meg når lokkinga kjem. Det er jo på ein måte eit spørsmål om å få helse. Så kan eg anten la han springe og helse eller nekte. Då får eg nytt meg av det positive at han tar kontakt før han spring, men samstundes får eg ikkje trent på å kome på innkalling når han er på veg mot noko.

Fellesdekk:
Hundane låg på rad og rekke. Eg gjekk eit stykke i frå og begynte å prate med Elisabeth. Ekko greidde ikkje å ligge lenge så eg måtte bryte den. Gjekk tilbake og trente på kort avstand. Det gjekk veldig fint. Han kjem fint på plass, eg set foten ut for at han skal trene på bein dekk (den er skeiv) og han set seg opp på kommando. Den siste har tendens til å kome litt ut frå fordi han bruker både bakbein og frambein nå han set seg opp. Trente litt på det siste. Går fint når eg står framfor og dekk - sitt går i raskt tempo.

Klossen:
Ekko elskar klossen for tida. Det er så kjekt at han blir gira. Nå går han fint begge vegar, så nå er jo utfordringen å få han til å gå same veg som meg, dvs gå inn til meg. Nå går vi som kompassnåla der klossen er skruen i midten. Tips om korleis eg får han til å forstå det?

Tur:
Maja, Pia, Era og Ekko gjekk tur med eigarane i bånd i kveld. Det er sakte tur der det skal trenast i å ha hundar rundt seg utan å bry seg, det skal luktast, tissast på same flekkane, lærast å gå med slakt bånd osv. Så det er ikkje lange turen, men viktig for oss. Ekko er hekta på godbitane mine så eg trur han syns det er litt krevande å ha alle hundane rundt seg. Er veldig glad for at vi har fått til desse turane for eg ser treninga hjelper han. Til dømes gjekk vi rundt Mosvatnet med ein annan hund på laurdag. Då var det heilt Ok for Ekko at han ikkje skulle gå først hele tida. Han kunne gå bak og ved sida.

onsdag 16. april 2008

Bakpartskontroll

Den firbeinte har vore på kennel og den tobeinte på jobbreise, så her har vore lite trening. Men det er jo godt at nokon saknar bloggen vår når det går ei veke utan respons :-)

Forrige torsdag trente vi hopp og vendingar. Her har vi litt av kvart å arbeide med. Sjølve hoppet går greit ( kanskje det bør vere høgare - det eine gjekk han bare over ...), men vi må trene på kontakten mot hoppet og det å hoppe når kommandoen kjem, ikkje før og ikkje etter.

Bakpartskontrollen er det verre med. Eg har nok slurva ein del der. Så no må eg tilbake til veggen og vinklar. Det kom tydeleg fram då vi skulle prøve oss på vendingar. Ein hund som er tett inn til meg og som omtrent ligg som ein C rundt meg når eg vender, var kanskje planen, men Ekko låg meir som ein L eller ein annan "hard" bokstav. I følge treningsbibelen (s445) skal hunden følge meg når eg snur meg rundt min eigen akse. Ja, ja. Her er vi heilt i startgropa:
  1. Ekko sit fint ved sida av meg.
  2. Eg tar eit steg og vrir meg litt (og må hugse at ansiktet skal den vegen eg snur meg og ikkje på Ekko (vanskeleg)).
  3. Følger Ekko med så klikkar eg.

Her var vi i alle fall forrige fredag før han reiste på feriekoloni, så eg satsar på at vi er omtrent der nå òg. Målet er at hunden skal følge meg og vere i riktig posisjon sjølv om eg snurrer rundt meg sjølv. Hovudet skal altså vere ved foten min heile tida. Bakpartskontroll er kjedeleg syns både eigar og hund så her må vi ta eit tak og premiere skikkeleg.

mandag 10. mars 2008

Eg har fått ny ball!.. og så har eg trent litt

Det har vore ei travel helg syns matmor. Det syns ikkje eg. Vi har vore på kurs. Arne i Siddis hundeskole skulle lære henne å vere medhjelpar på atferdskursa han har. Så skulle dei heldigvis øve litt. Eg trudde eg skulle bli verande i den der bilen i to dagar. Det er ikkje det kjekkaste eg veit akkurat. Då eg kom ut, tok eg dei for meg, lente meg inntil og jammen fostod dei at det var kos eg ville ha. Masse kos.

Eg har forresten lært noko nytt i helga. Det er folk på jobben. Frå nå av skal det bli forbode å reise på jobb utan at eg er med - i alle fall i helgene -. Mor syntes så synd på meg som måtte bu så mykje i bilen (ho skulle jobbe etter treninga) at eg fekk bli med inn. Og der var det jo fleire som kunne kose med meg. Eg kunne snuse litt og så fekk eg litt tid til å sjekke forholda rundt i kring. Og takk til den som hadde lagt igjen maten sin på eit fat. Litt tørt var det, men kjempegodt smakte det. Trur øverstkommanderande begynte å tenkje på at eg kanskje skulle trene på å vere på jobb og ligge i ro. Ja til det første og tja til det siste. Det kan nok ta litt tid og 1000 godbitar å trene det inn.

Men til viktigare saker:
Faya sjå ka eg har? Heilt lik ballen din bare litt større. Det passar jo sidan eg er litt større enn deg. Vi fann han på dyrebutikken ved IKEA slik som Elisabeth sa. Eg har brukt han på trening i dag. Heilt topp! Vi trente stå under marsj med den.

Elles trente vi på rygging. Eg syns det er nok med 4-5 skritt. Ingen vits i å overdrive. Men det er vi visst ikkje heilt einig om. Vi trente òg på fri ved fot. Eg er blitt ganske god, men nokon må lære matmor å snu mot venstre. Det blei bare tull. Men mot høgre og å setje meg kvar gong ho stoppar, gjekk fint.

Eg blei sur på sjefen i dag. Ho leika med Pia mens eg sat i bilen. Sånt skulle ikkje vere lovleg. Ho skal leike med MEG. Heldigvis gjekk det opp for henne at vi hadde leika for lite så på slutten blei det Kvakki ei stund og drakamp med kong ei stund. Eg vil ha ei økt med leik kvar gong!

Til alle som lurte på koss Kvakki ser ut, her er han:

onsdag 5. mars 2008

Kor langt er vi komne - eigentleg?

Ute er det drittvêr og inne sit eg og ser på eit skjema over grunnferdigheiter og eit om klasse 1. Kor langt er Ekko og eg komne - eigentleg? Eg er i frustrasjonshumør. Vil at det skal vere noko eg kan skrive flyt/ godkjent på. Alt er så påbegynt. Det er som om eg manglar dei siste byggeklossane i arbeidet. Det å avslutte alt det som er i gang.
For å ta grunnferdigheitene først:
  1. Fokus - godt i gang på alle underpunkt, men er noko flyt?
  2. Targeting - her var det meir ulikt. Må jobbe meir ser eg. Post-it lappen har eg sløva med, men med resten kan eg seie eg er godt i gang
  3. Sit - godt i gang på alt, men er noko under stimuluskontroll?
  4. Bakpartskontroll - her har eg ein lang veg, men det er påbegynt.
  5. Utgangsstilling - litt å jobbe med her òg
  6. Galopp mot fører - øvd ujamnt på denne, men er passe Ok.
  7. Gå+ sjå opp (fri ved fot) - under arbeid
  8. Ligg - eit stykke til der er under stimuluskontroll
  9. Stå - Stå frå ligg er blankt ark for Ekko og meg
  10. Bli (holde posisjonen)- manglar det lille ekstra som gjer at eg kan seie at det er under kontroll.
  11. Doggie-zen - har ikkje prøvd alle former enno
  12. Holde fast - her er han ganske flink, men ikkje heilt i flyt
  13. Slipp - ikkje flink på å slippe ved passivitet. Men ellers bra
  14. Kryp - Lite øving på dette
  15. Hals - ingen trening
  16. Hopp - reknar med at det går lett så vi har trent lite
  17. Luktdiskriminering - trent lite på det. Kanskje det er noko eg burde arbeid med inne i dette vêret?
  18. Spor - vi er i startgripa. er komne til at det ikkje treng ere pølsebitar i alle spor.
  19. Oppsøke figurant - runderar som ein gud....

Tja, skal eg bestemme meg for å halde fokus på noen av desse slik at det kan kryssast av for flyt i løpet av våren - eller skal vi bare vere sånn halvveges i all æve? Ikkje det at eg trur at når det er lært, er vi ferdige med det. Men det er noko med å seie at det har vi litt kontroll på.

Tar vi for oss klasse 1 i lydnad ( som inneheld mange av grunnferdigheitene) blir det slik:

  1. Visning av tenner - her prøver eg meg med godkjent. Dette plar vere enkel sak for Ekko.
  2. Fellesdekk i to minutt - han ligg litt skeivt, vi har aldri prøvd i 2 minutt, blir av og til litt usikker når eg går bak. Eg trur han vil fikse 2 minutt snart. Han bryr seg lite om hundane rundt. Det er vi to som trener som er fokuset.
  3. Lineføring - denne har vi starta på om att. Og han gjer god framgang
  4. Fri ved foten - sjå over
  5. Dekk fra haldt - delmomenta er trent på, men øvinga er ikkje sett saman
  6. Innkalling frå sitt - plar gå fint
  7. Stå under marsj - delmomenta er trent på, men øvinga er ikkje sett saman
  8. Hopp over hinder - lenge sidan vi trente på det. Men no når det går mot lysare tider får vi sette i gang med hopptrening

Veit ikkje om eg kjem til å stille på ein konkurranse nokon gong. Er jo ikkje heilt trygg på ka som skjer når ukjente hundar dukkar opp. På trening ser han ut til å bry seg lite om det kjem nye, men ka veit eg. Men same ka det blir, det hadde vore kjekt å fått til alle øvingane.

Ja, eg ar nok å øve på ser eg etter denne oppsummeringa.

mandag 25. februar 2008

Kontakt- kontakt

Etter ei frustrerande trening forrige torsdag, var det godt med ei god arbeidsøkt igjen.

Første økt for Ekko var å halde kontakten medan eg rygga bakover og han gjekk framover. Det gjekk kjempefint. Eg fekk til og med snudd meg utan at han mista fokus. Neste økt fortsette vi med det same. No hadde vi til og med vendingar utan at fokus forsvann. Eg ser at det er smart med korte økter for han har lett for å begynne å sjå seg rundt om eg held på lenge. Eit tydeleg signal til meg om at eg skal fortsette med dette i korte økter og auke lengden etterkvart.

Faya skulle trene hardt på tannvising. Eg skulle vere dommaren. Ho starta med å rygge då eg kom, men etterkvart så stod ho og tillot at eg stod over henne og bretta opp leppene. Ja, ho greidde til og med å sitje i ro då det blei krevd av henne. Elisabeth prøvde å halde ei ope hand med godbitar i nærleiken av henne, og Faya forstod kjapt at skulle ho bli servert måtte ho stå stille og la dommaren kladde på henne. Ved ordet "versegod" var ho kjapt framme. Kjempebra!

Eg ville halde fram med kontakt, men med ein variasjon. Nå måtte han stå medan eg gjekk eit skritt i frå og så tilbake. Enda til slutt opp på sida. Tydeleg konsentrasjonsarbeid for han.

Siste økta fekk han det same, men med den kjekke pipeballen til Faya. Eg gav ikkje kommandoen stå, han bestemte når han skulle stå. Og for ein kontakt eg fekk! Heile kroppen er stiv av spenning der han trør meg på skoa og stirrer meg i augene. Kor er ballen? No greidde han å stå og bli ståande. Og for ein fart det blir i denne treninga!
Men stakkars Scotty, han greidde ikkje å tenkje på anna enn at han òg vil ha ball. Han stakk av frå Anne Lise og rett i rompa på Ekko. Ekko tok det fint, det var verre med meg for eg var redd for at det skulle kome ein smell. Men alt gjekk av i likaste laget.

Elisabeth var frustrert over at Faya ikkje tok kontakt under springmarsj i forrige veke. I dag viste hunden at det der var ho klar til å fikse, bare matmora trente på det.

tirsdag 19. februar 2008

Ganglag og sprettromper

Eg har gode dagar. Står opp om morgonen, sjekker skolukta i gangen og veit at gjestene ikkje har reist enno. Jippi! Det blir mykje kos i dag og. I går greidde eg å lokke dei ut på tur med innlagt rundering. Lurer på ka eg skal finne på i dag? Det einaste minuset med dei, er at dei søv så lenge om morgonen. Eg blir sliten av å ligge klar og vente.

På kvelden var det trening. Dei tobeinte hadde bestemt seg for at vi skulle gå gjennom heile klasse 1. Det var lenge sidan sist vi hadde prøvd på det. I det siste har vi jo mest halde på med triks og detaljar. Dei visste nok at vi ikkje kunne dette, for dei gjekk gjennom øvingane utan å rette på så mykje. Bare snakka saman etterpå. Eg veit nok ka dei sa om meg. Utover det at dei beundra kor fin eg er, så syns dei nok at eg er konge på tannvising. Eg syns jo at eg var flink på resten òg eg. Gjekk fint, småsprang når eg skulle, mor svingte litt rart av og til, men det er jo ikkje min feil.
Etterpå forstod eg at eg ikkje gjekk så fint likevel. Eg hadde visst gløymt det vi øvde på i juleferien. Skjønar ikkje dette eg. Eg gjekk sånn som eg får premie for når vi går tur. Kvifor er det feil sånn plutseleg? Dei sa noko om at eg i konkurranse måtte gå tett inn til førar, sjå opp på henne heile tida. Eg skal nok få til det, men korleis skal eg vite forskjell på når det er bra at eg går roleg ved sida av henne utan å sjå opp, og når eg må sjå opp? Det der må eg tenkje på.
Eg trur det er nok for meg så får matmor ta seg av tenkinga rundt resten. Trur det var vendingar og siste del av stå under marsj ho hadde tenkt å sjå på.

På slutten hadde dei funne ut at Faya og eg skulle trene på "dekk- sitt opp". Det blei litt mas og dei snakka om sprettromper. Kan vi noko for at vi tar eit ekstra hopp med rompa når vi skal frå dekk til sitt? Elisabeth gjekk heim og sjekka bibelen ("Lydighetstrening i teori og praksis") og påstår at det ikkje står om sprettromper der heller. Kanskje dei aldri har sett sånn flotte hopp før??

onsdag 23. januar 2008

Treningstips?

Eg sit og tenkjer på kva som er neste steg i treninga på kjekkasen. Medan eg tenkte, fann eg ein artikkel om 15 reglar for effektiv klikkartrening av Morgan Spector. Den var frå 2005, men gjeld vel enno. Ein av reglane var: TENK, PLANLEGG OG GJØR DET. Ja, det er sikkert fornuftig og eg har jo kome litt i gang ved å skrive både tankane før eg begynner og oppsummering etterpå. Men her skulle det tydeleg vere plan for kvar økt. Har ein veg å gå der.....

Ein annan god regel var å ta opp treningsøktene på video. Han trener nok sjeldan i Noreg på vinteren for det er lite som ville ha kome fram i mørkret på Sola. Men det var kanskje ein god idé å ta med videokamera når det byrjar å lysne. Alle gode idrettsfolk studerer jo i ettertid kva som var smart og dumt etter at jobben er gjort. Ikkje før hadde eg tenkt tanken så såg eg at Fanny Gott hadde lagt ut ein liten filmsnutt der ho er på tidleg stadium i trening av kvelpen Pi, 7mnd. Vi får sjå litt fri ved fot, stå når førar går baklengs, og til slutt signalkontroll. Du finn den her. Ser jo det smarte i å filme seg for eg reknar med at Fanny heller ikkje var strålande nøgd med alt og ser ka ho skal arbeide vidare med. Eg fann òg gode tips :-). Td. så kjekt det såg ut med premien å få hoppe og sprette etter at jobben var gjort.

10. september 2007 trente Faya og Elisabeth fri ved fot. Det er den einaste treninga eg har filma. Nå Elisabeth - har de blitt betre? Eg tar nytt opptak når det byrjar å lysne, men i mellomtida får vi kose oss med denne vesle snutten.

mandag 7. januar 2008

Treningsrapport måndag

Matmor som fører ordet i dag òg:
Vi er i gang med måla for veka.
I dag har vi vore å trening saman med kjernen på måndagstreninga. Det er kjempekjekt kvar gong. Tobeinte får skravle hund og firbeinte får mykje fokus.
Evaluering etter treninga:
  1. Tannvising. Ekko sit fint, lar dei ta på seg og sjå på tennene, men held ikkje utgangstilling heile tida. Vil reise seg undervegs. Det er når det er 3 "dommarar". Kanskje ein går heilt enkelt?
  2. Fellesdekk. Til tider var han bare halvmeteren frå nærmaste hund, men han holdt fokus og låg fint. Eg blei litt uroleg når eit par av dei andre hundane begynte å reise seg, men Ekko bare såg bort på dei og låg vidare. Kjempeflott. Eg må trene på at han ligg beint. Han legg seg ned skeivt og sit skeivt når han reiser seg opp. Men flott utgangsstilling.
  3. Lausbitt. 3 flotte opp-plukk av lausbitt og levering med på plass. Den 4. var meir rotete. Han kan få litt meir fart og tryggleik i kva han skal gjere. Elisabeth var kjekk figurant som det tydeleg var topp å springe til etter levering av lausbitt.

Eg syns Ekko fekk til mykje i kveld. Den som må lære seg å stoppe i tide, er eg. På alle punkta er han stødig og gjer det meste heilt fint i starten, men så held eg på for lenge... Det er jo så kjekt...Det gjeld faktisk alle punkt. Eg trur det er nok med maks 2 "dommarar" på tannvising. Han bør jo lukkast på minst 80%.

Når det gjeld apportering som fleire strever med så er det link til ein artikkel om framgansmåte her i høgre marg ( under gode artiklar). Den har nokre tips til oss som har det travelt med å nå målet i blant.

Så må Ekko få kome til litt:

Jammen på tide! Trur ho overtek bloggen snart! Eg syns det var kjempekjekt i kveld. Mor må jo bare bli glad når ho ser meg ligge der heilt i ro, sjølv om det er uro rundt meg. Ho skulle bare visst kor mykje eg tenkte på makrell i tomat. Nok om det, mor har fortalt om treninga. Men eg vil fortelje om det vanskelegaste målet: Å møte andre hundar og vere grei. I går møtte vi ein mor kjenner. Han har 3 hundar, den eine ein unghund ( er ikkje eit år enno). Han spurte om ikkje vi ville bli med å gå tur. Mor var skeptisk, men slo til. Eg fór ut av bilen og rett på ungjenta. Gjett om mor blei nervøs? Eg veit ikkje ka som gjorde at eg stoppa, kanskje mor til ungtispa? I alle fall fann vi tonen. Ho og eg sprang og sprang. Detvar kjempekjekt. Eg var heilt sliten etter turen og mor var strålande blid.

PS: Eg driv fortsatt og imponerer med å hoppe inn i bilen utan tvang.

fredag 4. januar 2008

Kvardagen er i gang

Ute er det storm. Det blei ikkje lange turen syns eg, trur mor ville inn litt fort. Det er godt å vere i rytme igjen, men eg saknar det å vere godmorgon komite etterkvart som dei stod opp. No ringjer klokka altfor tidleg. Eg er ikkje heilt klar.

Men det kjekke er jo at vi har begynt på fellestrening igjen. Elisabeth hadde med seg julekaker så det blei litt fest. Vi trente:
  • Tannvising. Den første "dommaren" oppførte eg meg perfekt med, den andre måtte eg bare reise meg for å helse på, den tredje det same og den fjerde gjekk fint. Dei kan ta på meg, sjå på tennene mine - alt det er bra. Men eg har så lyst til å endre sittestilling, reise meg opp undervegs osv.
  • Innkalling. Eg var nesten perfekt, men så var den største utfordringa ei tube med leverpostei mot ei leike framme hjå mor. Eg sprang for drakampen med henne. Det skulle kanskje vore meir utfording, td at det ar ein fristande hund langs løypa. Men verken Pia eller Era fekk stå der og friste. Dei tobeinte meinte at det kunne kome konflikter både mellom den eine og den andre.... Men etterkvart må eg trene med at det er ein hund på halvvegen.
  • "På plass". Eg sette meg og Torhild og Silje sjekka om det var beint. Dei var ganske kritiske syns eg. Eg som syns eg var blitt så god. Heldigvis trøysta dei med at dei bare dreiv med pirk for eg sat veldig fint. Matmor er i pirkehjørna for tida så eg sveittar i veg.
  • "Fri ved fot". Julepirkinga hadde effekt: Eg gjekk mykje beinare og meir inntil mor enn før jul. Jippi!
  • Eigentrening var å imponere med å hoppe frivillig inn i bilen kvar gong. Matmor blei heilt hysterisk av glede. Det var litt kjekt...

Sidan turen i dag blei kort, skulle vi trene på "Skjems du?". Eg forstår lite ka ho vil. I byrjinga tar eg labbane over snuten for å få vekk teipen. Då klikkar ho. Etterkvart syns eg det blir heilt tullete og tenkjer at det sikkert er ein av dei der testane ho har, så eg går tolmodig rundt med teip på nasen og bukkar, sit og finn på mykje rart, men ikkje det ho vil premiere. Rart. Elisabeth har sagt at ho sette teipen heilt ytterst på nasen. Ka er forskjellen spør nå eg? Kan han ikkje bare henge der så kan eg drive med mitt? Men ho har visst ikkje gitt opp enno. Hadde det bare vore logisk ka ho ville, så hadde eg sjølvsagt hjelpt henne....

Til slutt blei ho så imponert over at eg låg stille og stirde på henne (eg var frustrert over at ingen av mine forslag til ka vi kunne gjere med teip på nasen, fekk gehør) medan ho drakk kaffi og åt kaker at eg fekk ei julekake ( Premien var god så det trur eg at eg fortset med...).

I morgon er det rundering i storm og kanskje regn. Kan bli spennande.

søndag 16. desember 2007

Tida går jammen fort

Det er på tide med evaluering av veke 50. Vi har jo såvidt begynt på den syns eg.
Matmor evaluerer:
  1. CDen med nyttårslydar er spela, men Ekko reagerer framleis ein del. Eg liker ikkje tanken på romjula. Her i området er dei så søkkandes rike at dei sender opp rakettar kvar dag frå 3. juledag ( dei har faktisk alt begynt) til langt ut i januar. Det er eit romjulsmareritt. Eg kryssar fingrane for at D.A.P og CDen gjer nytten, men kjenner meg ikkje trygg.
  2. Fri ved fot begynner å bli ei mare. Eg får ikkje til overgangane. Ekko går ut til sides når eg går ved sida av, men han går perfekt når eg går bakover. Har fått tips om å øve han på å ha meg klistra inn til seg. Eg skal stille meg tett inn til, dytte litt i han og gjere han trygg på at dette er noko vi får premie for å halde ut. Han skal omtrent gå med hovudet klistra inn til foten min.
  3. Bakpartstrening er det blitt lite av.
  4. Litt har vi øvd på lausbittet. Han plukkar det opp frå bakken, kjem inn med det, men er ikkje hundre prosent på det å kome på plass med bittet i munnen.

Måla for veke 51 blir dei same. Ved fri ved fot konsentrerer eg meg om nærleik. Og kanskje eg burde begynne å tenke på nokre triks han kan lære i jula :-)?

Ekko evaluerer og set mål:

Enkelt og greit: Måla i forrige veke var perfekte og vi fortset med dei ( godbitar, leik, godbitar...).

tirsdag 11. desember 2007

Frustrert fri ved fot

Nå har vi øvd og øvd på at eg går framfor matmor og kikkar på henne. Der går eg som ei kula. Held stø kurs (mor sjanglar til tider syns eg... ikkje heilt stødig på bakpartskontroll på seg sjøl kan ein seie..). Og då skal jo neste steg vere at ho svingar meir slik at ho til slutt går framover ved sida av meg. Men då går alt galt. Eg trør ut til venstre, vil ikkje gå heilt inntil (må jo ha litt avstand for å sjå godt) og begynner å sjå meg rundt i staden for å halde på det beundrande blikket. Ho testa ut i dag at ho får meg inntil seg viss ho held bandet stramt og held ein godbit framfor seg. Men stoppa heldigvis med det for det er lokking og luring, ikkje klikkartrening.



Eg har bevist for henne at eg kjapt kan ta både sitt, dekk og stå når ho går bakover så no trur eg ho legg dette litt dødt og flyttar fokuset til den berømmelege bakparten min. Det blir nok på plass inntil vegg, rygging og andre kjedelege aktivitetar framover. Får satse på spennande godbitar og at Karin finn på noko kjekt på kurset på torsdag.



Matmor har forresten funne ein kjekk plass eg kan springe for fullt utan at ho treng å bekymre seg for andre hundar (ho er jo stadig redd for at eg skal angripe). Vi finn fram seint på kvelden, så spring vi begge to og har det kjempegøy! Neste gong syns eg ho skal ta med ein ball så kan vi verkeleg slå oss laus.



I dag har eg vore figuranthund. Eg blir ganske sliten av det for det er mykje å gjenta seg sjølv, men det er kjekt òg. Får jo godbitar..................



Og så har vi trent på å gå inn i bilen. Merkeleg nok så liker eg ikkje det. Merkeleg fordi eg veit jo at det ofte betyr at vi skal på trening, besøke kjekke folk eller gå tur når vi skal i bilen. Men det hender jo det betyr 4 timar bilkjøring eller bli igjen i bilen når matmor besøker andre. Eg trur det bare er det dumme eg tenkjer på, for eg liker ikkje å gå i bilen. Men viss noen andre enn matmor fylgjer meg, ja då hoppar eg inn i full fart. Det er jo trass alt min bil og eg viser den stolt fram til alle andre.



Her er eit glimt av meg der eg prøver å halde roen medan mor spelar den grusomme CDen. Eg syns ho gjentek den ofte. Liker betre CDane med julemusikk. Ho har forresten kjøpt D.A.P. Det skal visst hjelpe mot bråk det òg.

torsdag 6. desember 2007

Fri ved fot 2

Vi har vore på trening i dag òg. Og det blei meir fri ved fot. Eg går ganske mange skritt og ser opp på herskarinna i heimen. I dag har dei byrja å pirke. Ikkje nok med at eg skulle sjå opp, men eg skulle gå beint òg. Og når Kari var med som assistent, la dei merke til både det eine og det andre: Eg gjekk skeivt, eg hadde ein tendens til å ta eit ekstra blikk mot handa på ryggen og gå mot den osv. Så det endte med at mor gjekk bakover, eg gjekk framover og stirde på henne, og Kari stirde på meg. Litt av ein gjeng! Mor konsentrerte seg om kontakten, Kari klikte når eg gjekk beint. Effektivt. Og premien var mange gonger at eg fekk leike! Kjempekjekt! Eg begynte å trø matmor på beina i iveren etter leika i ein periode. Likte den varianten ( kanskje det er den måten ho skal slanke meg?...).
Leiken blei avslutta med at mor skulle bli passiv. Det er ikkje lett når eg vil ha drakamp. Men Karin meinte at viss dei tobeinte greidde å få litt av leika mellom beina, ville vi firbeinte forstå at det er slutt på leiken. Til vanleg er eg ganske skarp, men eg trengte tid på den. Eg drog så matmor nesten gjekk ned i kneståande. Men etterkvart skjønte eg teikninga. Ikkje kan ho bruke det til slankekur heller, for eg fekk godbit for å sleppe (voff, voff). Eg blei faktisk ganske trøytt etter eit par økter med dette, hardt å nistirre på tobeinte.

I dag sendte Morten i Canis ut ny blogg. Den var visst midt i blinken for oss som skal lære bringkobbel. Så no skal det lesast litt før runderinga på laurdag. Ikkje det at eg er klar til å begynne med kobbelet enno. Eg har det førebels bare som pynt rundt halsen. Ganske stilig.

mandag 3. desember 2007

Fri ved fot 1

Vi har vore på trening. Kjekt. Men kaldt syns dei tobeinte. Frost på bakken.

Tannvising og helsing gjekk ganske fint. Eg slit mest med å sitje i ro når folk kjem bort for å helse. I dag har eg ikkje hoppa på nokon!

Første steg mot Lineføring/ fri ved fot er i gang. Vi har starta på nytt med "Gå og se opp" ( grunnferdigheit nr 7). Eg er litt gira på å setje meg mens eg går ( har jo liksom fått det inn nå..). Men i dag var det ikkje det som var tingen. For å få sikker og tydeleg fri ved fot ( der eg går og ser opp på henne ( det er ikkje måte på kor mykje beundring ho treng)), har vi fått tips om at det er dei første stega som er viktigast. Vere nøye i starten ( det gir mange godbitar så det liker eg) og gå sakte fram. Eg kan det jo nesten. Målet er at eg går ein 7-8 meter med blikket festa på henne før ho vender litt på seg og går ved sida mi. Eg skal bli like god som Faya så bare vent.

Tunnelen sprang eg gjennom. Den er litt kort, men gjer nytten. Slalom var vanskeleg, eg blei litt gira og ville bare leike og bite i bandet. Stressa, sa mor og tok meg med tilbake til bilen.

CDen med bråk har vore på - eg trur ikkje eg snakkar om han ein gong. Ikkje musikk etter min smak for å seie det slik.

Mitt mål nr 2: Lokke godbitar ut av flest muleg - det har eg greidd med glans! Mykje godt i kveld både frå den eine og andre.

fredag 30. november 2007

Doggie-Zen

Ja så måtte eg til pers og trene litt meir på denne Doggie-Zenen som eg ikkje likte. Eg trudde instruktør Karin og eg var gode vener, men dei to siste torsdagane har ho slått til med heilt teite ting. Ho burde skjerpe seg. Først var det å sitje mens eg gjekk og no dette her. Det første gjekk forresten ganske greit når eg bare fekk sove på det eit par dagar. Men dette her. Matmor seier det er kjempegod fokustrening.
Vi har altså øvd i bitte litt til idag, men eg trur at mor ville hatt hjelpar for det hadde utfordra meir. Så på måndag, folkens, må de nok i gang.
I dag har vi øvd på dette viset:
Eg sit framfor matmor, ho har godbitar på ryggen. Fram kjem det ei hand som luktar godt. Sjølvsagt ser eg etter handa. Då forsvinn ho. Så må eg stirre på matmor igjen, handa kjem fram igjen og eg kastar meg mot maten, men ho var raskare. Eg tok ein kjapp på plass - det plar bli suksess og godbitar. Og når sant skal seiast var dette ein av dei beste og kjappaste på plass eg har imponert med på lenge, men hjelpte det? Ho overser meg og stiller seg istaden framfor meg. Eg ser henne djupt inn i augene. Der kjem handa, eg kjenner musklane er klare og leer litt på pupillen, men greier å holde fokus. Og jippi! Endeleg er maten min! Dette greier eg faktisk opp til fleire gonger, men då må eg ha pause for dette er krevjande hjernearbeid.

I morgon er det runderingstrening. Det er mykje kjekkare enn dette tullet her. Kva er eigentleg poenget? Fokustrening liksom. Eg blei heilt tussete i hovudet av det eg. Men eg skal vise Karin eg. Viss ho trur ho skal psyke meg ut med alle desse dumme oppgåvene, må ho tru om igjen. Eg skal nok få det til. Så lett slepp ho ikkje unna. Men Karin - er det sant at du har sagt at vi skal trene på dekk mens vi går òg? Ka blir det neste??

Vi har forresten sett på ein filmsnutt om klasse 1 i lydnad. Den hunden var flink. Kan eg verkeleg kome dit? Filmen finn du her. Faya er flink til å gå og sjå på føraren. Eg liker ikkje det. Eg vil sjå på alt rundt meg. Men så har ikkje matmor trent på det heller då. Eg er klar for trening mange timar til dagen eg, men ho heng etter gett.