onsdag 5. mars 2008

Kor langt er vi komne - eigentleg?

Ute er det drittvêr og inne sit eg og ser på eit skjema over grunnferdigheiter og eit om klasse 1. Kor langt er Ekko og eg komne - eigentleg? Eg er i frustrasjonshumør. Vil at det skal vere noko eg kan skrive flyt/ godkjent på. Alt er så påbegynt. Det er som om eg manglar dei siste byggeklossane i arbeidet. Det å avslutte alt det som er i gang.
For å ta grunnferdigheitene først:
  1. Fokus - godt i gang på alle underpunkt, men er noko flyt?
  2. Targeting - her var det meir ulikt. Må jobbe meir ser eg. Post-it lappen har eg sløva med, men med resten kan eg seie eg er godt i gang
  3. Sit - godt i gang på alt, men er noko under stimuluskontroll?
  4. Bakpartskontroll - her har eg ein lang veg, men det er påbegynt.
  5. Utgangsstilling - litt å jobbe med her òg
  6. Galopp mot fører - øvd ujamnt på denne, men er passe Ok.
  7. Gå+ sjå opp (fri ved fot) - under arbeid
  8. Ligg - eit stykke til der er under stimuluskontroll
  9. Stå - Stå frå ligg er blankt ark for Ekko og meg
  10. Bli (holde posisjonen)- manglar det lille ekstra som gjer at eg kan seie at det er under kontroll.
  11. Doggie-zen - har ikkje prøvd alle former enno
  12. Holde fast - her er han ganske flink, men ikkje heilt i flyt
  13. Slipp - ikkje flink på å slippe ved passivitet. Men ellers bra
  14. Kryp - Lite øving på dette
  15. Hals - ingen trening
  16. Hopp - reknar med at det går lett så vi har trent lite
  17. Luktdiskriminering - trent lite på det. Kanskje det er noko eg burde arbeid med inne i dette vêret?
  18. Spor - vi er i startgripa. er komne til at det ikkje treng ere pølsebitar i alle spor.
  19. Oppsøke figurant - runderar som ein gud....

Tja, skal eg bestemme meg for å halde fokus på noen av desse slik at det kan kryssast av for flyt i løpet av våren - eller skal vi bare vere sånn halvveges i all æve? Ikkje det at eg trur at når det er lært, er vi ferdige med det. Men det er noko med å seie at det har vi litt kontroll på.

Tar vi for oss klasse 1 i lydnad ( som inneheld mange av grunnferdigheitene) blir det slik:

  1. Visning av tenner - her prøver eg meg med godkjent. Dette plar vere enkel sak for Ekko.
  2. Fellesdekk i to minutt - han ligg litt skeivt, vi har aldri prøvd i 2 minutt, blir av og til litt usikker når eg går bak. Eg trur han vil fikse 2 minutt snart. Han bryr seg lite om hundane rundt. Det er vi to som trener som er fokuset.
  3. Lineføring - denne har vi starta på om att. Og han gjer god framgang
  4. Fri ved foten - sjå over
  5. Dekk fra haldt - delmomenta er trent på, men øvinga er ikkje sett saman
  6. Innkalling frå sitt - plar gå fint
  7. Stå under marsj - delmomenta er trent på, men øvinga er ikkje sett saman
  8. Hopp over hinder - lenge sidan vi trente på det. Men no når det går mot lysare tider får vi sette i gang med hopptrening

Veit ikkje om eg kjem til å stille på ein konkurranse nokon gong. Er jo ikkje heilt trygg på ka som skjer når ukjente hundar dukkar opp. På trening ser han ut til å bry seg lite om det kjem nye, men ka veit eg. Men same ka det blir, det hadde vore kjekt å fått til alle øvingane.

Ja, eg ar nok å øve på ser eg etter denne oppsummeringa.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Me har vel egentlig langt igjen alle. Men fortvil ikkje. Me ska klara detta. Om du ikkje klare å stille med Ekko, så kan det jo henda at du har ein ny hund om 10 års tid som ikkje spise andre hundar. :-) Men eg tror det at om me jobbe godt, så ska me klara detta. Det kan henda at det blir noen år te. Men me ska klara detta. Husk det at målet e å kunne gjennomføra det. Ikkje full pott. Og når me bestemme oss for når og hvor me knuse te, så tror eg det e lurt at me har ein del treningsøkter på den plassen fyst.

Ikkje mist motet. For detta ska me klara.

:-)

Aud Venke sa...

Har ikkje mista motet, men er litt frustrert over at eg har så lite struktur over treninga. trur eg må ha eit nykk med struktur ei stund slik at eg kan seie - jo det der kan me!

Anonym sa...

Forstår godt ka du snakke om. Men må vel innrømma at du e vel den som har mest struktur av oss alle. :-)

Gro sa...

Heia Aud Venke

Kjenner meg veldig godt igjen i det å ha påbegynt mye, men ikke være helt i mål på noe. Dvs. få det som kalles flyt og stimuluskontroll. Føler at eg i starten var alt for kjapp med å sette kommando på øvelser, men nå er det nesten for gale andre veien, he he. Og ka er flyt, eg tror det må være litt individuelt eg. Tror aldri Maja vil klare ti - femten repitisjoner på et minutt eller hva det nå var som var "kravet". Hu er alt for treig te det, og går for fort lei. Kanskje me må sette oss egne mål og krav og av og til si at noe er godt nok til å kunne sette kommando på en øvelse?? Men men om målet ligger laaangt frem i tid, må vi jo huske på at hvis vi (både hund og eier) har det kjekt under selve treningen er vel det iallefall det viktigste. Men ja struktur e me visst ikkje så flinke te någen av oss, he he.

Hilsen Gro og Maja

Aud Venke sa...

Eg er einig med deg Gro. Eg trur eg må sette mine krav til ka som er godt nok akkurat no. Ekko tilbyr heller ikkje mange av det same rett etter kvarandre. Men han tilbyr nokre. Og ha det kjekt på trening er det viktigaste. Men eg trur òg at det blir kjekt om eg arbeider meg framover for då kan eg setje saman fleire øvingar og få litt fart på sakene.

Aud Venke