søndag 23. mars 2008

På tur med Faya

Eg har vore ei veke på kennel. Hadde det ganske kjekt der, men då eg høyrte stemmen til matmor forstod eg at eg hadde lengta veldig etter henne. Det var så vidt eg ikkje sprang gjennom døra! Endeleg var ho her.

Ho har visst vore i Berlin. Det er mange hundar der så eg skjønar ikkje kvifor eg ikkje få vere med. Særleg etter at eg såg bilete av dette skiltet. Det der kunne eg og nokre vener ordna opp i ganske fort.

For å toppe det at eg skulle heim frå kennelen, kjørte vi til hundeskogen. Og der var FAYA og Elisabeth. Så kjekt! Eg sprang og sprang. Og etterkvart forstod Faya at eg var kjekk å leike med. Vi sprang etter kvarandre. Den eine hadde pinne i munnen og den andre prøvde å ta den. Dei tobeinte hadde med godbitar, Faya syns spesielt Aud Venke sine var best ( det syns eg òg). Karbonader av kalkun eller kylling eller ka det var.

Då vi kom opp til eit vatn var det ender der. Det var spennande, men så var det litt dumt òg for det var litt is på vatnet. Verken Faya eller eg hadde lyst til å symje gjennom det. Elisabeth seier at Faya skal drive med tolling, eller var det at ho skulle oppføre seg som ein tulling? I alle fall såg vi ingenting av det. Ho har ikkje heilt fått det med seg at ho er skapt til sånt. Eg er skapt til å melde frå at dei er der, trur eg.

Etterpå sprang vi ned til elva. Her var det ikkje is på vatnet og eg fekk bade. Kaldt, men deilig.

Etter to timar var vi ferdig med runden og eg var ganske trøytt. Det skulle bli godt å kome heim. Heime låg det to bæreposar det lukta Bergen av. Eg sprang gjennom heile leiligheita for å sjå om Randi og Håkon var her. Det lukta jo dei. Men nei, det var visst bare posane som var komne på besøk. Håper dei dukkar opp snart for dei er veldig kjekke.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja eg tror det retta ordet må varra tulling. Det e i hvertfall det eg leve opp te. Det va utrolig kjekt å leka med deg. Tenk at eg ikkje har vågt det før nå. Du e jo knall kjekk å leke med jo. Og så dele me jo så mången interesser. Pinner, bading, løping, spising og sånne ting. Tror nok meg og deg ska ha det masse gøy framover ja.

Faya

Gro sa...

Så flotte bilder fra hundeskogen. Så ut som ein fantastisk kjekke tur for dokker adle samen.
Herlig med sånne fine dager etter alt det drittværet me har hatt tidligere.

hilsen Maja og Gro