mandag 28. mars 2016

Vi lever enno

Det har vore to travle år med mykje skriving og lesing, men ikkje eit ord her.

Men no prøver eg igjen.

Kva har så Ekko og eg drive med sidan sist? Jo, det same som før. Ekko blir fast trent med rundering og spor. Han elskar å få oppdrag og vil gjerne løyse dei på sin eigen måte. Eg har i periodar prøvd på korleis han kan ha det som pensjonist, men det har han ikkje særleg forståing for. Utan trening blir han rastlaus.

Rundering.
Vi trener stort sett rundering om laurdagane. Som regel plar Ekko springe ut som ein unghund og midt i løpet oppdagar han at han er gamal og må ta det med ro. Men når han kjem fram til figurantane er det kjempegøy med drakamp. Etter nokre slag plar han melde frå til figurantar at han vil ha kos og godbit for å ikkje slite seg heilt ut.
Eg bruker ikkje fastbittet då det stadig blir øydelagt, men eg varierer mellom lausbitt og rett i belønning. Han er aldri i tvil om ka han skal gjere så det er mest dagsformen som pregar resultatet.

Spor.
Den største lukka på jord er å gå spor i utmark. Då kan han gå lenge og gjev ikkje opp. Asfaltspor er passe kjekt. I det siste har han fått blanding av asfalt og gras og det har friska opp sporet.

--
Det å ha ein hund på 11 år er sjarmerande og gjev meg litt grublerier. Han må oftare ut for å tisse enn før. Han er blitt veldig rutineprega. Tidleg i seng og tidleg opp. Hoftene, som eg fekk beskjed om kunne skape store problem for han alt i ungdommen, er ikkje eit problem enno. Men han vil ikkje vere aleine heime. Han vil vere der eg er. Heile tida. Det tyder at han meir enn gjerne vil bu i bilen i staden for å sove i "silkeseng" heime når eg arbeider. Merkeleg skrue.

Ekko lever eit lukkeleg liv der ungane i gata roper på han og klappar og koser med han. Vi møter gamle og unge som har eit forhold til han og som pratar litt med meg òg.