mandag 26. oktober 2009

Matmor og 80% PØH!!

Matmor mi er ikkje heilt klok. Lurar på koss elevane hennar har hatt det opp igjennom åra. Ho snakkar om at eg skal ha 80% rett, før ho går vidare. Jommen sa eg leverpostei. Gjett ka eg måtte i dag? Jo, lære å bukke, sitte bamse og snurre. Alt på ein kveld. Her var det ikkje snakk om delmoment, men rett på. Vi skal visst opptre på torsdag med synkronsymjing eller noko slikt.

Programmet i kveld var: gå fot, snurr til venstre, gå vidare, gå på matmors høgre side, snurr, på venstre, sit bamse, innkalling og fot. Tilslutt bukk. Eg kan utgansstilling og litt fot. Og eg kan ingenting for at matmor ikkje har tatt meg med på kurskveldane dei siste vekene. Men eg skal liksom straffast for det. Hm. Og det skal kallast positiv trening??

Først ut var bukking. Det hadde vi tjuvtrent på i går så det ante meg litt ka som kom. Ganske deiligt å strekke seg og setje bakenden i veret. Likte den øvinga. Greidde til og med å gjer det så matmor til Dea fekk hakeslepp. Gjorde det visst akkurat då matmor sa "bukk". Ka så var så imponerande med det forstår eg ikkje, for matmor seier ganske mykje rart og det blir godbitar om ho seier dummen og eg bukkar òg. Men kanskje det var noko med det ordet? Får sjekke det ut.

Så var det snurring. Eg har ikkje heilt sansen for at matmor lener seg over meg. Ho har så mykje kler, men det gjekk betre då ho gjekk på sida og hadde leverpostei. Eg snurra begge retningar. Blei reint svimmel. Eg sprang etter halen min ofte då eg var liten, men då premierte ho ikkje. Kossen skal eg forstå at det no er premie for slikt?

Det verste var då ho ville ha meg til å sitje. Greit det. Kan det. Men så holdt ho handa med godbit framfor nasen og ingenting var godt nok. Eg har jo vore gjennom dette 100 gonger. Det gjeld å sjå bort når ho driv med slikt. Men ho blei visst bare meir og meir frustrert. Skjønar ikkje ka ho vil med det der. Eg kan omvendt lokking, so what????

Skal vi ta det som er læringsregelen hennar vil eg seie at ho no godtok 20% rett før ho gjekk vidare. Og det trur ho skal halde til torsdag? Ha, ha, då har ho gløymt å rekne med meg. Eg har andre planar den kvelden......

søndag 18. oktober 2009

Travel og kjekk helg.

Ei hektisk veke blei avslutta med runderingskurs for nybegynnarar. For første gong skulle vi ha helgekurs i staden for kurs over fleire kveldar. Gro og eg var spent på korleis det ville gå.

På fredagskvelden møtte vi ein kjempefin gjeng på Austrått skole. Vi dynga dei ned med teori.

Laurdag morgon stod dei klar på Sviland (Takk til redningshundane som hadde lånt området til oss). Kari Lie stilte òg opp. Vi starta med kort innføring i ka dagen skulle innehelde. Det var kaldt før sola fekk tak i oss. Hundane som skulle lære rundering var frå 4 1/2 månad til 5 år.

Evita viste korleis enkeltslag med full melding fungerte. Så sette vi i gang med sosialiseringsring. Spennande å sjå korleis hundane løyste den oppgåva. Eit par som hunden likte ekstra godt fekk vere figurantar då vi tok første forsøk på "flying".

Etter matpakkepause i nydeleg haustsol fekk Ekko vise korleis flying fungerer når hunden går direkte i belønning. Han jobba godt, men gav meg ei påminning om at ukjente figurantar møter han altfor sjeldan. Han såg skeptisk på dei og då dei hadde fiskepudding sette han opp eit fornærma fjes. Heldigvis fann dei meir spennande godbitar i lommane...

Vi delte gruppa i 2. Gro tok 3 og eg 4

Resten av dagen blei det flying til hundane sjangla.

Ekko fekk ein tur etterpå og begge slokna på sofaen....

På sundagen fortsette vi med gruppene. No fekk vi jobba endå meir med flying og litt med enkeltslag.
Det var skikkeleg spennande å sjå utviklingen på hundane. Håpar verkeleg mange av dei begynner i bruksgruppa for her var det talenter i fleng.

Ekko var stort sett i bilen i dag, men hadde fått seg ein god tur om morgonen, pluss litt springing med Evita i skogen før vi begynte. Eg la eit spor til han på morgonen og var spent på koss eit 6 timar gamalt spor ville fungere. Han starta bra, holdt seg til sporet mitt, men begynte brått å rote. Det var lett å lese han for då gjekk det fortare og nasen var høgare. Straks han var på sporet, var han meir konsentrert. Eit spor eg syns det var mykje bra med, men òg ein del ukonsentrasjon. Etter siste tur i skogen slokna vi i sofaen igjen....

Foto 1 &2: Kari Lie

lørdag 3. oktober 2009

På ville vegar....

I dag lurte eg på om eg var heilt normal. Sat inne i varmen med avis og kaffi. Ekko låg og sov og livet var fredeleg. Ute plaskregna det og trea rista av seg blad. Men klokka 9 sette eg i gang med kaffikoking, laga til boksar med godbitar og fann fram anna utstyr. Fekk på meg regnty og Ekko stilte seg glad opp, klar for noko kjekt. Men då vi kom til ytterdøra nede akkurat i det ei kraftig byge slo til, sette han seg. Blikket han sendte meg, sa noko sånt som: "Hallo! Hadde ikkje vi det koseleg heime? Eg vil ikkje dette." Men omsider forstod han at eg meinte alvor og blei med.


På Dale møtte eg fire andre galningar. Dei var alt i gang med å legge ut spor. Eg hadde bestemt meg for å legge sporet sjølv i dag. Ville trene på GPSen. Avgarde med meg. Begynte fint. Lett terreng, litt vått, men pytt sann. Men så rota eg meg opp mot ei stor steinrøys. Såg ingen smart veg utan å klatre litt rundt der før eg omsider kjem meg av og inn i skogen igjen. Kryssa litt bekkar, oppdaga flasker på ein del tre (tydeleg nokon som vil ha sevjesaft?). Endeleg fann eg den perfekte plassen til godbitboksen min. Pakka godt med våt mose rundt i håp om at hundar på tur ikkje skulle finne den. Sporet var 854m langt og tok 30 minutt å legge.


Gjekk vidare og la eit spor til. Det var i lettare terreng, kryssa hovudstien ( og dermed ein del menneske og hundelukter) før det blei avslutta i nærleiken av sjøen. Det var 288m og tok 10 min å legge.


Tilbake til bilen og til dei andre. Vi fann oss ein gapahuk og fekk dermed ly for regnet slik at kaffien og matpakka kunne nytast. Eg skifta regnty. Sånn moderne greier taklar ikkje skikkeleg regn er erfaringa mi. På med gamaldags Helly Hansen. Det viste seg at dei andre hadde lurt på kor eg blei av og hadde ringt etter meg. Godt eg blir passa på. Fekk ordre om å ha mobilen med på neste runde. Eg kunne jo brekke foten.


Då spora hadde lege i nærmare ein time, skulle vi avgarde. Ingen orka å vente særleg lengre i haustveret. Eg lurte på om eg skulle ta spor nr 2 først. Det var kort og kunne vere eit trenespor før det voldsomme. Men sidan det lengste var det første vi møtte, tok eg det. Eg hadde denne gongen ikkje lagt godbitar i sporet. Ekko har gått roleg i det siste så eg tok sjansen. Ved sporstart har eg ein hund som er veldig klar. Avgarde med oss. Tempoet er aukande og eg strever litt med å henge bakpå i det ujamne terrenget. Sidan eg ikkje har fulgt sti, er det heller ikkje lett å hugse akkurat kor eg har gått, men eg ser at han i blant tar nasen i veret. Altså bruker overvêr som hjelp. Ikkje alltid like smart når ein går spor. Det går ganske greit opp mot steinrøysa ( då eg sjekka GPSen ser eg at det er litt relativt kor bra det gjekk. Nå går nok truleg han nærmare sporet. Det er eg som har GPSen og eg tar nokre kutt på løypa. Problema dukker opp då vi kjem til dei store steinane som eg klatra opp på. Det er ikkje likt Ekko å la vere å klatre så eg lurer heller på om ferten av spora mine er veldig utydelege. Det var fleire kraftige byger etter at eg hadde gått der. Herifrå ser eg i alle fall på heile han at no veit ikkje han kor han skal. Han prøver fleire variantar, tar baksporet mellom anna. Ikkje gjer eg saka lettare heller for eg traskar jo òg rundt og det er mi lukt han skal finne. Eg lar han leite fritt i området og bruker sjøl GPS en for å finne retningen. Det eg ikkje er klar over er at vi ikkje har kome oss skikkeleg opp i ura, vi juksa litt. Og eg må innrømme at eg er flinkare til å lese papirkart for dei kan eg snu etter retningen. Må tydeleg trene på å lese GPSen. Etter mykje virring, har Ekko ferten av noko. Nasen i bakken. Eg stoler på han og heng meg på. Ser på kartet at vi kryssa sporet, men gjekk det ikkje. Langt om lenge fann vi slutten. Eg slo Av GPSen. Vi hadde gått 1,3 km og brukt dobbelt så lang tid som då eg la det... Skikkeleg villspor!


Spor 2 gjekk greit, men no var eg trøytt. Eg fulgte dårleg med på kroppsspråket til Ekko. Han kryssa hovudstien for tidleg og valgte eit bakspor eit kort stykke utan at eg oppfatta det. Men han kom seg inn på sporet og fann slutten denne gongen òg. For å avslutte eit hardt arbeid, gjekk vi til sjøen og han fekk bade. Nå skein jo til og med sola!

Her er sporloggen frå hovudsporet. Kvitt er det eg gjekk først og gult er det Ekko og eg går. Får vel seie at vi hadde ein triveleg tur ute i skog og mark i dag. Skulle dette vore alvor så er jo trøysta at han fann slutten etter mykje om og men. I dag var tempoet for høgt så eg må fortsetje med godbitar i sporet innimellom.

Shaping.

På kurset til Arne skulle vi drive med shaping. Fram med eska. Kor mykje hadde eg gjort sidan i vår? Ingenting. Ekko tok det raskt. Han blei tydeleg på hjørna.

Så var det å shape han opp i stolen. Fekk låne Arne sin for den er stødigare enn min. Det var lett å få han oppi stolen, men han strevde med å sitje. Halen var i vegen heile tida.

Vi jobba saman med Anen Lise og Scotty. Han sleit litt med at Faya lukta dame for tida, men når fokuset var på plass, gjekk det så det suste.

Apport fekk eg ikkje trent på.

Konkurransen i kveld var å gå til Arne sa sitt. Der ramla vi fort ut gett. Ekko høyrer sitt, ser på meg og begynner sakte på prosessen. Ingen god taktikk når andre smeller rompa i bakken.

Har trent på eska heime etter torsdagen. Nå blei han veldig klar over at nasen skulle i eit bestemt hjørne. Han jobba godt, men då eg slutta å premiere hjørnet og ville ha han over på neste, var det mykje frustrasjon. Blei ikkje ferdig med det, men han er på veg mot neste hjørne. Prøver i alle fall litt. Helst vil han tilby rygging, dekk osv når eg ikkje premierer det hjørnet han set snuten i. Morsomt å trene på når det regnar ute.