tirsdag 23. november 2010

Hunden kan han...

Stakkars Ekko. Matmor har bestemt at denne hausten skal ho ha tid til overs. For han betyr det altfor lite trening....

Men i går overraska vi treningskompisane våre ( sakna dei kjente eg då) med å stille opp på trening.
Eg hadde ikkje lagt ein einaste plan for kvelden. Bare at Ekko skulle kose seg. Men før eg begynte å trene, hadde hjernen kobla inn. Det skulle øvast på fastbitt.

Eg hengte på han bittet. Gro og eg starta. Trur du den der hunden bare hadde venta på at det skulle skje? Akkurat. Han tok det ganske så kjapt. Fann fort ut at det var viktig å leite etter det som hang rundt halsen for å få fiskekake. Flinke hunden! No er det bare å ta tak i dette og få han steget vidare. Må vel stille på trening på onsdag òg då :-)

lørdag 23. oktober 2010

Først tull og tøys så solid arbeid :)

I dag var vi mange på trening. 10 ekvipasjar. 5 nye. 4 av dei frå kurset denne hausten. Kjempekjekt!

Vi delte oss i to grupper slik at dagen kunne bli effektiv. Eg jobba saman med May Karin&Molly, Kristin&Hera, Marina&Kira og Kari&Evita. Vi rakk 2 økter med god matpause mellom øktene. Alltid kjekt med tid til mat, drikke og god prat med trivelege folk.

Første økt:
Ekko var første hund ut. Han er for tida ganske underernært på trening. Matmor har hatt altfor mykje anna å tenkje på. Han var høg frå han kom ut av bilen. Ville leike, bite i bandet, hoppe og tøyse. Eg tok det vel ikkje som noko anna enn at han gleda seg til å kome i gang.

Vi starta. Han sprang flott ut til figurant Kari, henta bittet og kom i godt tempo inn, forbi meg og over til May Karin på neste side. Kom tilbake, tok ein svingom på ei myr og tilslutt inn til meg. Heile tida med bittet i munnen ..... Gjekk nærmare Kari og tok eit kort slag. Dette gjekk passe greit, men pinnane i skogen var ekstra spennande.

På neste side sprang han veldig fint heile løpet. Flott tenkte eg, no er vi i gang. Han stiller seg opp og startar fint på jakta etter Kari, men så var det eit par pinnar på bakken. Du så kjekke dei var! Særleg når matmor kom ut for å hanke han inn igjen. Eg blei meir og meir frustrert over alle sprella han fann på der ute. Kari roa meg litt ned. "Tell til 10". Ikkje alltid like lett når du har lyst å kjefte på bajasen. Eit nytt kort slag. Går greit

Resten  er slik: Gjennomført bra på May Karin og tull og tøys på Kari Unntatt siste i tett skog. På den aller siste med May Karin viste han kjempegod driv framover. Bare det at matmor ikkje hadde flytta seg..... Men han har i alle fall forstått ka eg burde ha gjort :)

2. økt
No var planen minirundering i skogen. Eg var spent. Han var litt høg på veg nedover, men det plasserte han fort i iver etter å kome til figurantane. No fekk eg ei flott økt. Han sprang fint ut, kom inn med bittet, tendens til å ville sette seg. Ikkje lyst til å gje frå seg bittet, han ville ha kommandoen "vis" fort. Gav frå seg bittet og sprang ivrig ut. Kryssa meg fint på veg over til neste funn osb. Dei var synlege. På ein av dei siste var det tydeleg at han ville ha vatn. Han stoppa opp såg seg rundt, oppdaga litt vatn og sprang dit. Var lett å få inn igjen og sende ut. Ei kjempegod økt!

Vi må, som eg har sagt før, trene på å ha tid til å sitje ved start og avlevering av bittet. Ikkje det viktigaste akkurat no. Eg vil ha iveren der. Og så må eg nok roe han ned før start.

Etter treninga gjekk eg ein tur med Ekko. Han var tydeleg småtrøytt for han vimsa i beina mine. Og resten av kvelden har han slappa av. Er visst nøgd med seg sjølv.

mandag 18. oktober 2010

Vi har gått spor og feriert


fmwr.jpg
Morgon på Sviland
Forrige laurdag var vi kun to som møtte til trening. Kari M og eg. Vi bestemte oss då for å gå tur med hundane, legge spor og trene litt meldetrening.

Eg la ei langt spor til Ekko, utan godbitdepot. Det fekk ligge i ein time. Resultatet av sporgåinga var ikkje så imponerande. Han går altfor ofte ute på sidene og med nasen høgt. Var interessant å sjå då vi nærma oss slutten. Han var 2-3 meter ute på sida og eg var spent på om han gjekk forbi. Brått var nasen høg og han snudde seg 90 grader og rett på slutten.

Meldetreninga gjekk veldig bra for begge hundane.

På veg heim, ringte Silje og fortalte at ho hadde fått tak i blod. Vi avtalte å møtast på Sviland sundag kl 11. Tenkte brått på ka folk hadde tenkt om denne samtalen var avlytta? :)

Sundag kl 11 var det ganske folksomt på Sviland. " ekvipasjar trente rundering inne i skogen, Marit og Jan Inge runderte med hundane sine ute på vegen ned mot sandtaket, Kari M la spor. Og altså Silje og eg som skulle legge blodspor.

Ekko hadde ikkje gått blodspor på over eit år, så eg var spent på koss han tok dette. La karbonadebitar i starten og eit par stader undervegs.
Mens spora godgjorde seg, gjekk vi tur. Undervegs møtte vi Kari som lufta Dea og Punky (trudde vi), men oppdaga litt seint at Punky var i arbeidsantrekk der ho kom springande mot oss. Eg fekk hanka Ekko inn. Punky reagerte på ei fløyte, men blei ståande rådvill. Ekko forstod fort teikninga og tok slik fart at båndet brant i handa mi då han rykka til. Eg slapp og inn i skogen for han. Heldigvis syntes han innkallinga mi var like kjekk så han kom fort tilbake :). Snill gut.

Så var det blodsporet. Starta fint. Han tok seg tid til å lukte og spise karbonadebitane i starten, nasen var godt i bakken ei stund og eg tenkte; Yess, dette går fint. Men nei, så kom overvêrshunden fram igjen. Han måtte fleire gonger peilast inn på sporet for lukta av andre spennande saker var visst meir fristande. Siste tredjedel gjekk bra. Då var nasen skikkeleg planta og han visste ka han ville. Hoppa over bekken der eg hadde hoppa og rett på slutten.

Så ka har eg lært: Jo, eg må nokre skritt tilbake igjen. for å få på plass spornøyaktighet. Nasen må i bakken. Det er kjekt med ein god overvêrshund i runderinga, men ikkje i sporet. Og eg vil trene blodspor meir. Det er veldig kjekt.

Litt ferie har vi òg hatt. På torsdag kjørte eg Ryfylkevegen for å plukke opp to kjekke teåringsgutar i Suldal. Dei ville til Bergen. I Bergen har vi gått tur, kost oss og hatt solfylte haustdagar. Ekko har fått mykje kos og er i sitt ess når det er folk rundt han :) (spesielt når dei blir med på tur).


fredag 8. oktober 2010

Korleis taklar hunden å gjere feil?

Eg skal ikkje skrive langt og mykje om om korleis hunden taklar å gjere feil i dag. Kanskje eg skriv om det seinare, men har i kveld lese artikkelen i Canis 5/10 om same emnet. Det er ein del ting der til ettertanke og påminning i treninga vår. Så hermed ei sterk påminning om å lese den.

3 ulike måtar å takle feil på:
1.Vente til hunden tilbyr rett atferd og så klikke
2.Time out
3. Hjelper hunden

Ka er best?

søndag 3. oktober 2010

Runderingskurs

 Denne helga har Gro og eg hatt grunnkurs i rundering i regi av retrieverklubben.
Vi skulle etter planen ha ei gruppe på maks 8 ekvipasjar, men greidde ikkje å seie nei til nr 9,10 og 11. "Heldigvis" måtte nr 11 trekke seg slik at vi kunne dele dei i to like store grupper. Marina og May Karin kunne bli med og hjelpe til begge dagane. Takk til dei. Kari L og Evita viste korleis ei feridg melding såg ut på laurdagen. Og eg og Ekko viste ei minirundering.

På torsdag hadde vi teori. Ikkje enkelt å halde seg på det enklaste når vi så gjerne vil fortelje alt :).

Vi skulle vere på Skjæveland. Eit kjempebra område når det skulle bli masse regn og vind. Inni skogen var det både lunt og lite regn.

Eg må innrømme at den gjengen vi hadde på dette kurset var imponerande gode. Lenge sidan eg har hatt ei gruppe der hundane tok systemet så enkelt som desse. Nå gjeld det bare at dei står på vidare framover for her var det hundar som verkeleg kan bli gode runderingshundar. Dei får jo sjå etterkvart om dette er noko dei vil konkurrere i eller om det er noko dei vil gjere på hobbybasis.

 Vi starta med sosialiseringsring. Det var spennande å sjå kor ulikt hundane reagerte på den gjengen som sat i ring i skogen. Vi fekk eit godt bilete av ka dei likte og ka dei syntes var nifst.

Deretter var det å prøve seg på flying. Og her viste talenta seg fort. Det tok ikkje lang tid før alle hadde forstått teikninga. Og så glade hundane var der dei sprang frå ein figurant til ein annan via matmor/far.

Vi fekk òg sjekka at nasen var på plass då vi testa dei i overversøk. Særleg søket på sundag viste hundar som det sa klikk hjå då dei fekk ferten av menneske i skogen. Kjempebra!

På slutten av helga fekk dei trent litt på apport. Det er ikkje bare enkelt å lære inn så eg lenkjer til artiklane som ein òg finn i høgre marg her i bloggen.

Nå håpar eg bare at dei vaknar tidleg på laurdagane og vågar å stille opp. Vågar dei det, så får dei i alle fall all hjelp dei treng frå folk som tek hundelivet lite alvorleg og der latteren sit laust. Vi har til og med festar der vi set opp seriøse mål for neste periode. Evalueringa av måloppnåinga er det i periodar verre med....

Her kjem artiklane og lenkjer til filmsnutt:

Bileta som illustrerar teksten kjem i tilfeldig rekkefølge, men er alle frå denne helga.


 

lørdag 11. september 2010

Våt, men triveleg trening

Då eg kom til Sviland i dag, hadde Gro fått opp teltet. Godt var det for i periodar var slusene opne.
Vi var 6 ekvipasjar i dag. Vi var ikkje heilt klar i klesvegen fann vi ut. Det er så lenge sidan heile oljehyret sist var i bruk. Men med latter og god stemning fekk vi både opp varmen og stemningen.

Gro ville ha ein eigen røykeavdeling så ho fekk slått opp halvtaket på teltet. Marina og eg såg på. Skikkeleg underhaldande :). Deretter blei det tid for strategiplanlegging og litt kaffi før vi tok oss saman og kom oss ut i regnet (som sjølvsagt høyrtes verre ut enn det var).

Ekko var andre hund ut så vi fekk oss ein fin tur i skogen før vi blei kalla inn. Vi skulle fortsetje med minirunderinga (Canis 6/09) som vi begynte på sist veke.
Ekko har jo vist at han kan systemet i bringkobbelmeldinga, men han mistar heile farten og gløden han har i flyinga. Denne måten å trene inn meldinga ser ut til å få med farten og gleda han har når han søkjer.
Minirundering er rundering i miniatyr. Figurantane står ca 4-5m ute og er fullt synleg. Ekko sit ved sida av meg og får kommandoen "runder" når han er klar. Ut til figurant, hente lausbittet, inn til meg, på plass, ut til figurant og belønning. I dag var belønninga leik og frolic. Kommentaren frå figurantane var at godbitane var kjipe. Og eg kunne sjå det. Då han var så sliten at leik ikkje var tingen, mista han òg gløden etter å bli premiert. Fy skam meg. Betre belønning neste gong.

Det som er fint med denne minirunderinga er at vi får perfeksjonert meldinga utan å ta heilt knekken på hunden. Det er lett å feile hunden utan at han har sprunge 49m (evt 99m) før han blir feila. No ser eg at det er ok å ta runden ein gong til utan belønning.
Neste steg er å drille på dette på fleire slag.Vil ha det skikkeleg drilla inn før eg lar han få ta heile runderinga (50m ut, melding, 50m inn, ta med seg førar ut til figurant osb).

Etter at alle hundane hadde fått sitt, åt vi litt mat og tok med oss dei firbeinte på ein liten luftetur i det fri. Deretter var det å få ned det våte teltet. Heldigvis var det opphaldsver akkurat då :).

No søv helten. Og ute er det, vått, vått, vått. Byen blir skikkeleg reingjort.

lørdag 4. september 2010

Meldetrening

Endeleg kom vi oss på trening!

Tidleg oppe denne laurdagen. Vi skulle heilt til Seland for å rundere. Eg var litt spent på treningsformen til Ekko etter så lang pause, men det viste det seg at eg ikkje trengte å bekymre meg for. Han var treningsklar til tusen.
Vi kom litt seint i gang for vi venta på Marina, men då det viste seg at ho hadde bomma på kommune og retning fann vi ut at det var best å begynne :)
Gro hadde fått eit tips om at det stod noko i Canis om å sette meldetreninga inn i runderinga for hundar som er så glad i "flying" at melding er ein nedtur. Dette tipset ville eg forsøke å prøve ut. Må finne teksten å lese den nøye òg.

Treninga blei då at figurant var synleg, ca 7 m unna. Hunden skulle ut og hente lausbittet, inn å levere og så ut for å bli premiert. I denne formen skulle ikkje eg bli med ut på påvisning. Eg skulle bli igjen på midtlina.
Ekko sprang ivrig ut, kom tilbake, har litt problem med å hugse at han skal setje seg. Har visst veldig lyst å springe ut fortast muleg. Ivrig ut straks ordet "vis" kjem. Eg forflyttar meg framover. Figurant bli passiv, Ekko passerer meg og spring rett over til neste figurant for å hente lausbittet. Inn for å levere og  ut igjen for påvisning. Dette gjekk så det suste. Veldig kjekk måte å få meldetreninga kjekk for ein som syns at det var litt mas og så mykje kjekkare å springe frå side til side. Må prøve meg meir på det.

Vi fekk tid til å prate ein del i dag :) Kjekt det òg. Eg ville litt tidleg heim for å nyte sollivet på terrassen. Det var deilig!

Påminningar for meg etter denne økta:
- utgangsstilling
- sitt ved melding

torsdag 2. september 2010

Og der forsvann august

Eg skulle så gjerne ha skrive at vi er godt i gang med treninga for hausten. Men det er altså ikkje sant. Det har vore så mykje anna som har teke fokus at Ekko har fått minimalt. Men eg har i alle fall prøvd å gje han nokre lange turar og sosiale opplevingar. Det siste er tydlegvis det viktigaste for han. Vi var på hyttetur og då ville han heller vere igjen saman med dei andre enn å bli med meg. For dei som kjenner den sterke morsbindinga denne hunden har, skjønar kanskje kor viktig menneske og sosialt liv er for min firbeinte sambuar. Skjønar han jo godt då hyttelivet betydde springe laus, bli kost med, få god mat, grave i jorda, bade osb...

Vi har ikkje trent på noko spesielt denne månaden, men Ekko har trent på tolmod, venting og litt kloklipp.

Eg filosoferer ein del over det å ha ein jobb som krev 150% (minst) og ein hund som treng kondisjon, trening og sosialt liv. Kanskje det ikkje kan fungere i lengda? No har eg dårleg samvit både for jobben og for hunden. Korleis eg skal få til ei betre løysing, veit eg ikkje enno. Kom gjerne med innspel og idear

mandag 9. august 2010

Tid for trening

Eg har tenkt å setje opp 3 treningsmål for hausten. Det kjem sikkert fleire, men 3 kvardagsbehov eg skulle ha trent på, vil eg setje opp. Men så langt har eg ikkje kome.

I kveld møtte eg Silje og Torhild i sola på OD. Eg tok ut hunden og hadde bestemt meg for at han skulle vise meg ka han kunne så skulle eg velje derifrå. "God" treningstaktikk....

Han viste sitt, dekk, stå. OK tenkte eg. Det blir å trene på å gå frå dekk til stå og reagere korrekt på kommandoar. Det gjekk stort sett fint, sjølv om eg til tider ikkje stod framfor han. Han slit litt med overgangen mellom dekk og stå. Vil legge inn ein sit her. Men det går stadig betre :)

Etterkvart utvida vi til fri ved fot i ulikt tempo med innelagt stå under marsj. Hm. Han kan ikkje sving til venstre.... Men stoppe og bli ståande kan han. Prøvde å utvide til avstandskommandering, men det forstod han lite av. Kom springande til meg for å gjennomføre kommandoen.

Avslutta kvelden med å trene på "gå på teppet" altså legge seg på teppet og bli der. Frista han med ball og liknande. Gjekk veldig greit. Eg treng denne øvinga i kvardagen. Særleg når vi er på besøk hjå andre.

Ellers ser eg at han må trene endå meir på å gje frå seg leika på kommando. Når han blir ivrig høyrer han ingenting....

Kjempetriveleg trening!

Litt til Alpha

Det dukka opp nokre bilete av Alpha som eg bare måtte ha i bloggen :)
Flott dame


passar på den badande villstyringen

På tur
Mor og son

lørdag 7. august 2010

Kor gamal er hunden?

Eg har ein lapp hengande på veggen. Har tenkt å kaste den, så det er best eg skriv det ned.

I følge Specific (hundefôrfirma) er alderen til åhunden slik:
Hund - menneskealder:
3mnd - 3 år
6mnd - 7 år
9mnd - 11 år
1  år - 14 år
2 år - 20 år
3 år - 26 år
4 år - 32 år
5 år - 38 år
6 år - 44 år
7 år - 50 år
8 år - 56 år
9 år - 63 år
10 år - 70 år
11 år - 77 år
12 år - 84 år
13 år - 91 år
14 år - 98 år
15 år - 105 år

søndag 1. august 2010

Språkkurs - del 2

Eg lova for lenge sidan at eg skulle skrive om dag 2 på språkkurset i juni. Det begynte eg på og eg venta på bilete frå andre. Dei kom ikkje, men til slutt fekk eg eit av Arne. Så her kjem teksten eg skreiv i juni:

Andre dag og hannhundane stod for tur. Ekko har  vore veldig flink med andre hundar i det siste, men eg var jo litt spent då det viste seg at det bare var småhundar som var på banen. Ikkje akkurat det eg hadde tenkt. Men men. Vi hoppar i det. Vi stilte oss opp. Eg slapp han og begynte å gå. Det første møte var med ein dvergpincher (?). Dei lukta på kvarandre og gjekk kvar til sitt.

Hund nr 2 var ein dansk-svensk gårdshund. Ung. Den sprang mot Ekko og då blei det lyd. Det hørtes fælt ut. Og eg gjekk bare vidare... Hadde fått tydeleg beskjed frå Arne at vi bare måtte rope på hunden viss vi fekk lov av Arne eller Siri. Og ingen av dei sa noko. Alt løyste seg og hundane gjekk vidare.

På filmvisninga etterpå såg vi forskjellen mellom desse møta. Den første var roleg, snuste. Og det same gjorde Ekko. Den andre kom framfor Ekko og hoppa opp mot snuten. Då ville Ekko ha han ned og i ro. I arbeidet med å få han rolege og til å ligge mellombeina til Ekko, blei det lyd. Det eg syns var så rart var at Ekko hadde munnen igjen og brukte haka til å prøve å halde han nede. Heldigvis løyste alt seg av seg sjølv, men eg var jo ikkje høge i hatten då det skjedde. Ekko lagde ingen lyd trur eg.

Å sjå filmen var godt for då blei det heile rolegare og mindre voldsomt. Ekko var roleg då han kom bort til meg.

Eg skulle nemne bøker om emnet:
Hefta til Arne så klart (eg håper dei blir bok snart)
Turid Rugaas: På talefot med hunden
Klikkertrening og dempede signaler

Lilholms Alpha Alope, til dagleg Krøllalpha/ Alpha

Det siste året har vi diskutert Alpha og helsa hennar fleire gonger. Hoftene hennar var ikkje verdas beste, HD grad E, men i fleire år har det ikkje sett ut til å bry henne mykje. Dette siste året har ho litt for ofte villa gå kort tur (og då er det snakk om kort tur). Dyrlegen fann kreft på henne. Men så var det denne livsglade hunden som struttar av glede når du møter henne, hopper som ein unghund av fryd osb. Ikkje lett å avgjere ka ein skal gjere.

Men no i sommar, den 30.juni, tok Berit (som har hatt hovudansvar for henne dei siste åra) dei tunge stega til veterinæren. Så no har ei skikkeleg sjarmerande krølledama reist til hundehimmelen. Krøllalpha var fødd 24.03.01, altså blei ho 9 år.

---

Alpha kom inn i verda mi 2.april 2004. Då var ho 3 år. Eg hadde så mange planar, men fann ikkje miljø å vere aktiv i. Jo fann turområder, men eg ville trene. Sjekka Retrieverklubben, men der skulle ein anten vere kvelp eller ha ein del erfaring. Og Alpha og eg var nye i lag. Det var ein nedtur.

På hausten dette året skulle Alpha bu hjå eigaren sin. Ho skulle til Danmark for å vise kor vakker ho var. Frå før av var ho både NUCH og SUCH så det var dette som mangla for å bli nordisk skjønnhet :). Der nede fekk hundane ein augesjukdom. Altså skulle dei haldast borte frå andre hundar. Eigar ville då ha Alpha heime hjå seg. Og der var ho til uti november. Endeleg fekk eg hente henne. Då viste det seg at ho hadde latt seg sjarmere av ein ung cheasapeake bay retriever som òg budde der.
I jula gjekk ho der og vralta...
21.januar 2005 fekk ho 17 kvelpar. Og ein av dei var altså Ekko. Svak som eg var, tykte eg det kunne vore kjekt for Alpha å få med seg ein av kvelpane heim... Der skaffa eg meg litt av eit arbeid!

Etter eit år med latter, gråt og fortviling, tok storesøster Berit på seg å ha Alpha hjå seg. Eg fekk konsentrert meg om Ekko. Av og til har eg tenkt på koss livet ville vore om ikkje Alpha hadde reist til eigaren den gongen...
Eit er i alle fall sikkert: eg hadde neppe møtt den flotte treningsgjengen eg møtte gjennom Siddis hundeskole og bruksgruppa i retrieverklubben.

onsdag 21. juli 2010

Ulveblikk? Hundeblikk?




Vi er i gang igjen

Skal seie tida har gått fort. Eg har ikkje tatt meg tid til å blogge her på ein månad.

Dei siste tre vekene har eg skrive i Ferdaminne om ferieturen til USA. Men no er vi tilbake i trening igjen. Henta Ekko på måndag og kjørte rett til området vårt på Sviland. Her var gjengen og Ekko var i storform. Dette var kjekt! Han ville trene heile tida. Vi trente på apport. Hente og avlevere. Litt slapp avlevering, men stor iver for å hente.

I dag har vi trent saman med Marit, Jan Inge og Elisabeth. Målet mitt var å fortsetje med apporten. Halde på iveren og få til litt betre innkomstar. I tillegg skulle det trenast på buret.

Ekko fekk ny leike til drakamp i dag. Det var storveis. Han kunne gjere mykje for den :). Iveren var her framleis. Skult apport òg kjekt, men eg har slurva for mykje med å halde apporten til eg seier takk. Det blei betre, men eg er ikkje nøgd.

Buret går så det susar. Han spring inn. Eg fekk lokke og han ligg fint medan andre trenar og eg kan gå i frå han. Må trene meir på det så det blir stødig. Ikkje heilt til å stole på enno. Ekko har ikkje lyst til å ha pause. Han vil trene heile tida så her måtte det trenast litt på å vere passiv.

Vakre Bella
Heime er Ekko veldig kjælen og roleg. Han storkoste seg med å kome heim etter langtidsferie. Gata måtte overvåkast nøye. Alle luktene sjekkast ut.

Faya trener


Faya trener
Vakre Faya

Fart


Ekko har ballen. Faya måtte gje tapt


Punky på veg inn

mandag 21. juni 2010

Ein sundagstur til Bryne

Utan hund, men med fotoapparat, reiste eg til Bryne for å møte ein gjeng som var like glad i å fotografere som eg. Eit glimt frå ka eg oppdaga gjennom linsa finn du her.

lørdag 19. juni 2010

God meldetrening

I dag møttest vi på Sviland. Eg forsov meg og kom ganske så heseblesande, men Silje hadde kaffi og då ordna det meste seg :).

Fokuset for tida er meldetreninga. Vi starta med at begge figurantane gira han opp med leik, så var det meldinga. Eg kjørte full melding.Ekko var gira, sprang ut til Gro og kom i flott tempo inn igjen til meg. Han storkoser seg med jaktleiken og Gro er ein veldig god figurant for han. På den andre sida var Kari L. Det var spennande å springe til henne òg. Ho gjev også alt i leiken med han, så Ekko storkoser seg :).
Vi sette meldinga inn i sjølve runderinga. Det gjekk fint heilt til hanblei så tørst at han prøvde myra. Den var det ikkje mykje vatn i, men fysj som hunden lukta! Eg tok han med til elva, men han er jo så høg at det bare er labbane som blir vaska. Då eg kommanderte sit og dekk i ein kulp såg han bare dumt på meg. Må visst lære han det.

Alle hundane (Ekko, Pia, Evita, Dea og Maja) jobba godt. Det var rett og slett ein fryd å sjå dei alle.

Etter pausen hadde Kari, Gro og eg meldetrening. Ekko var bare halvveges kobla på. Han syntes graset var mykje grønare enn alt anna. Maja og Dea jobba godt.

Ka må eg hugse til neste økt:
  • flytte meg framover
  • halde giret på hunden
  • godbitane må vere gode.
  • få, men gode slag. Slutt medan leiken er god :)

søndag 6. juni 2010

Språkkurs - del 1

Endeleg fekk eg òg med meg det berømte språkkurset til Arne i Siddis hundeskole. Fleire gonger har eg prøvd å få det med meg, men alltid la dei kursa i helger eg ikkje kunne. Men denne gongen.... Eg fekk ikkje med meg teorien på fredagen, men eg reknar med at mykje av det var kjent stoff.

Laurdagen starta med litt meir teori om ka vi kan sjå viss vi lærer oss å lese hunden. Vi fekk sjå fleire opptak av hundar i helsesituasjonar, både med menneske og dyr.
Og så var det tispene sin tur. No skulle vi opp på taket på Jærhagen og la to og to hundar møtast. Dette blei både filma og fotografert. Eg blei heilt fascinert av ei grå grand danoir tispe på 7-8 mnd. Ho såg til tider nesten ut som bambi på isen. Men med all denne kroppen, hadde ho eit godt språk og kunne lese dei andre tispene.
Vi hadde òg ein runde med at hundane fekk helse på 1 og 1 person.

Det var spennande å sjå på film og til tider i sakte kino ka som skjedde mellom hundane. Ka signal dei sendte ut, koss den andre reagerte osb. Utruleg kor stivt og stille dei går for ikkje å forstyrre den andre i snusinga i baken og andre aktuelle stader. I følge Bente så søkjer dei "inside information" ;).

Litt teori:
Hundane bruker mykje kroppen sin til å formidle. Kroppsspråket; lyd, kroppskontakt, lukt. Dei bruker språket til å samarbeide (?) (vi veit eigentleg ikkje), unngå konfliktar, fjerne/ halde unna konkurrentar, fjerne/ halde unna truande individ, fortelje at dei er venlege eller at dei vil halde avstand osb.
Dominans:
Ingen hundar er pr definisjon dominante, men det er settingen som gjer dette naudsynt: Rangordning i konkurransesituasjon (mat), rangordning blant dei som lever saman. MEN då er det ikkje snakk om menneske - dyr, bare dyr av same kjønn.
Kvelpar er underdanige  i forhold til foreldre og eldre dyr (men for eit tolmod vaksne dyr har med kvelpar..)

Dempande signal:
Rolege bevegelsar, sjå bort, frys, snuse osb....

Avstandssignal:
blåse seg opp, lage lyd (knurring), vise tenner, stirre osb...

Språket til hunden kan fortelje oss om den er trygg, usikker/redd, offensiv, defensiv, ka det kan forventast at den kjem til å gjere, om den ønskjer kontakt, om den har det bra...

Aggresjon:
Ingen hundar er aggressive, men dei kan setjast i ein situasjon som gjer dei til det: Forsvar av seg sjølv, forsvar av ressursar (mat, pinne..), redsel. For å få ein redd hund til å fungere må vi setje i gang tiltak mot redsla, ikkje bare det ytre skal slik ein viss Tv-kjendis gjer. (skulle så gjerne hatt den videosnutten der C. Milan lærer hunden å gå med halen opp. Kan ein eller annan gje meg lenkja?). Faren ved bare å fjerne det ytre, til dømes knurringa når han er redd, er at angrepet kjem utan knurring neste gong.

Dette var kort. Turid Rugås har skrive veldig bra om dette. Eg skal kome tilbake til litteratur i neste innlegg for då skal eg ta for meg Ekko sine møte med ukjent hundar. Vil bare ha bileta frå Bente B. før det.

Det var ekstra spennande at vi fekk sjå alt to gonger med ulikt videokamera. Dei gongene det blei konflikt var det mest lyd og alt gjekk fort over. Filminga av møtet med menneske var òg spennande. At det så tydeleg viser kor lite/stor interesse dei har for menneske og kor mykje rart vi gjer i slike situasjonar, er eit studie verd.

Nedanfor litt situasjonar frå tispedagen på laurdagen. Eg sit på lang avstand og har ikkje god zoom så det er kanskje litt uklart når  eg har forstørra det så mykje opp som det eg har gjort. PS: Bileta av hundane er i rekkefølge.